www.emblemsbygda.net

Velkommen innom

 

Nettstaden www.emblemsbygda.com vart skikkeleg populær, når den vart lansert for nokre år sidan. Om lag to millionar treff vart det, før leverandøren vart kjøpt opp. Dei nye eigarane makta dessverre ikkje å få tekstane og bilda til å fungere skikkeleg i sine datasystem. Etter ein pause, prøvar eg meg derfor på ny frisk på ei ny plattform. Håpet er at dette vil fungere betre, og verte ei god nok løysing for framtida. Men om det er neppe mogeleg å få plass til like mange bilde som før. Det vil framtida vise.

 

Eg håpar at dokke er tolmodige i den første tida. Det vil dessverre ta tid å få alt opp å gå. Det er uhorveleg med tekst, bilde og designløysingar som skal bearbeidast, eller skrivast heilt på nytt. Men den som ventar på noke godt....

 

Gardstekstane er henta frå bygdeboka frå 2019. Dei er no på plass som ein start, og bildealbum vil komme gradvis. Etter kvart vil samtlege tekstar verte justert og omskreve  med oppdatert informasjon frå etter 2019 også. Det vil nok ta tid, men steg for steg vil det meste komme på plass att, om enn med ny web-addresse. Den kan det vere greit å lære seg med det same: 

www.emblemsbygda.net 

blir vår nye heim dei komande åra. Gløym heller ikkje Facebookgruppa vår, som heiter 

"Gamle bilder fra Emblem"  

 

Bøker som til no er skrevne 

Trykk på bilda av bøkene, om du ønskar å kjøpe frå vår samarbeidspartner

ARK Moa

Trykk på "ARK Moa" teksten over denne for å finne den siste årboka vår.

Bøkene kan også bestillast heim til di postkasse, eller i din lokale bokhandel

Inntektene går til å trykke nye lokalhistoriske årbøker frå Emblemsbygda

Det neste prosjektet er skulehistoria for skulane Emblem, Hatlehol og Flisnes 

Etter kvart vil fleire av tekstane finne seg ein plass på denne nettstaden også.

 

 

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt med oss

www.emblemsbygda.net

Om oss

Nettstaden Emblemsbygda.com er berre ein del av historieprosjektet vårt. Ta gjerne turen innom "Gamle bilder fra Emblem" og "Gamle bilde frå Emblemsbygda" på Facebook, eller sjekk ut bygdeboka og årbøkene våre frå Innaumnesingen Forlag