Det heile starta som eit prosjekt på Facebook 2010. Gradvis kom store delar av bygda med på dugnaden.

Vi byrja med å leite etter gamle bilde, og finne tak i namna. Ikkje alle var medlemmar der, så det vart

etablert ein enkel nettstad også. Omtrent to millionar treff på nettstaden vitna om ei stor interesse der ute.

www.emblemsbygda.com vart ein populær møtestad og snakkis.

 

Så kom idéen om å oppdatere den gamle bygdeboka frå 1960-talet. Det var eit "hårete mål" å ta fatt på,

utan ei kommune, historielag, eller pengar. Men vi ga oss ikkje der. Normalt rekna ein nokre millionar kroner

til slikt, men på rein idealistisk basis klarte vi å få bygdebokprosjektet rimeleg godt i hamn. No var det ikkje berre gardbrukarane si historie som vart oppdatert. Borna deira fekk óg vere med i tekstane. Det tok omtrent ti år å 

fullføre. Innaumnesingen Forlag vart etablert for å stå som ansvarleg for trykking og salg til bokhandlarane.

Det vart ein suksess, takka vere vår viktigaste samarbeidspartnar ARK Moa, som makta å selge 150 bygdebøker!

 

Etter 2019 har fokuset vore å samle meir av bygdehistoria mellom to permar gjennom Innaumnesingen Forlag.

Inntektene frå eventuelle overskot går til å koste trykking av den neste boka, samt beskjedne kostnader til rekneskap

Samtlege bøker er med andre ord skrevne, redigert og klargjort for trykk på heilt idealistisk grunnlag. 

Salget avgjer kor mange årgangar med årbøker som vil bli gitt ut framover. 

 

Nokon vil kanskje undre seg på kvifor ein satsar på bøker no til dags. Tanken er at ei bok med ISBN vil

bli teken vel vare på av Nasjonalbiblioteket for framtida. Historieprosjektet vil dermed ikkje stogge opp 

med enkeltmenneske eller manglande betaling av ein nettstad. Bygdehistoria krev å få leve lenger enn

det. Tilfeldigheiter har gjeve oss mange av bilda og historiene, før dei siste som visste gjekk bort.

DEN ARVA MÅ VI TA VARE PÅ FOR FRAMTIDA