
Gamalt hus som står igjen ved Kristenplassen. Foto: Svein Ove Østrem 2006
Bnr. 9 Krissenplassen
Delt frå bnr. 2 Magerholmvika, også kalla Vigedal og Joplassen.
Trykk her for å finne ut omtrent kvar plassen låg
Sonen til 121 Ole Martinus Knutson Magerholm(II) (1803-1880) gifta seg 1829 med 111b Christi Halvorsdotter Magerholm(1) (1809-1887), frå bruk I på Magerholm. Han kan ha vore brukar ei tid i Magerholmvika, Magerholm(2), og budde til slutt på Ytrebøen, Magerholm(6). Sjå brukar 132 der. Ole oppretta fleire av husmannsplassane i Magerholmvika. Kona, Christi, fekk Magerholmvika i arv etter far sin, så dei sat rimelig godt i det økonomisk. To av sønene vart husmenn på Magerholmneset og Krissenplassen, medan tre av dei andre borna vart brukarar i Magerholmvika. Han dreiv neppe Krissenplassen sjølv, men delte den frå Magerholmvika i 1840-åra. Han er mest kjend som «Parat- Ole». Du kan også finne meir om borna hans under brukar 151 i Magerholmvika ovanfor. Sjå også Ytrebøen/ Paraten lenger fram i denne boka.
Anders Axelsen Brandal (1818-1899) vart døypt i Lom og budde nokre år i Ålesund, før han kom til Krissenplassen 1846. Han gjerda inn plassen mot vest og sette opp den første stova. Den flytta han truleg med seg til naboplassen Pe-haugen, nærare sjøen, like vest for Magerholmvika seinare. Det vert fortalt at han også dreiv ein overnattingstad på sjølve Magerholmen frå 1855. Det kan vere i tidsrommet mellom husmannskontraktene på Krissenplassen og Pe-haugen. Han hadde visst berre eit auge, og kunne sitte oppe om nettene for å fortelle skrøner i timesvis til dei losjerande. I kring 1860 fekk han husmannskontrakt på Pe-haugen, og i 1867 starta han kalkbrenneri saman med den seinare brukaren på denne plassen, 163 Kristen Olson Magerholm, og 1 2 3 Claus Magerholm(1) på hovedbruket. Sakførar Ludvig Daae på Solnør gard skaut inn kapital til to omnar, lager, kai og båt. Dette leigde han så ut til dei tre drivarane. Det vert fortald at drifta tok slutt etter ein orkan før 1900 som raserte heile anlegget. Då flytte han til Blindheimsneset og starta nytt kalkverk der, like før han døydde. Anders vart gift med Oline Marthe Thorsdotter Frøysa(6) (dp.1811-1884). Det er mogeleg at det kan ha vore orkanen i 1885 som øydela verksemda på Magerholm. Du kan lese litt meir om han som brukar 166 på Pe-haugen litt lenger bak i denne boka.
a) Anna Birgitte 1843-1923 tok over bnr. 3 Pe-haugen under Magerholmvika.
b) Anne Sofie f.1846 1875 g.m. fiskar Johan Laurits Ananiass. Vågnes(16), busett Buholmstranda 1875. Nemnd som fadder i Ålesund 1885.
c) Ole Andreas f.1848 1876 g.m. Ane Randine Karlsd. Sandvik(2), frå Sula. Smeddreng i Ålesund 1865, Han kalla seg Akslen 1875.
d) Thore Britanus Johannes 1853-1873 ugift tenestedreng.
Jon Jonson Brekke(3) (1820-1865) kom frå Innvik. Han gifta seg 1856 i Ørskog med Berte Eliasdotter Myrset(2) (1820-1877), og dei dreiv bruket frå 1856 til 1865. Ho døydde som enke på Østremsreiten. Jon sette opp stove og skulle, ifølge kontrakta, få lov til å ta ut tømmer for å bygge resten av husa, mot at gardeigaren fekk eigedomsrett på dei. Då han døydde fekk Berte likevel husa som sin eigedom, så neste brukar måtte bygge seg nye hus.
a) Anne Oline Marie f.1858 til USA 1877, som ein av dei første frå dette distriktet.
Endre Syvrin Pederson Riksheim(10) (1840-1884), frå Høgebakken på Riksheim i Sykkylven, gifta seg 1865 med Lovise Marie Carlsdotter Dypvig(9) (f.1841). Han dreiv plassen i berre eit år, frå 1865 til 1866. Familien flytta videre til Buholmstranda, der Endre vart nemnd som huseigar med etternamnet Pedersen og var skibstømmermann i 1875. Familien flytte til Ålesund og tok opp att etternamnet Riksheim. Lovise er nemnd som enke hos bror til Endre på Gåseid(9) 1910.
a) Petrine Caroline f.1864 Endre var enno ugift og budde framleis heime 1875.
b) Carl Johan 1867-1868 Fødd på Buholmstranda. Døydde 1 1/2 år gamal.
c) Ingeborg Marie Christine f.1869 fødd på Buholmstranda. Nemnd 1875
d) Peder Gustav Nikolai f.1872 fødd på Buholmstranda. Nemnd 1875.
e) Emma Laurine Andrea f.1874 fødd på Buholmstranda. Nemnd 1875.
f) Emil Ingeman 1877-1878 fødd i Ålesund.
g) Inga Elisa f.1879 fødd i Ålesund.
h) Mariane Nikoline f.1882 fødd i Ålesund.
Kristen Johan Olsson Magerholm(6) (1843-1932) er sonen til Ole Martinus Knutson Magerholm(II), som er nemnd som brukar 151 i Magerholmvika, og 132 på Yterbøen/ Paraten, Magerholm(6). Ole var også den som skal ha oppretta denne husmannsplassen. Kristen er den som har gjeve dagens namn til plassen. Han gifta seg i Borgund 1868 med enka Johanne Martha Olsdotter Nedre Skodje(3) (1822-1897). Husmannsplassen vart då kalla «Joplassen», og fekk no namnet «Vigedal». I 1898 gifta han seg om att med Marthe Nicoline Joachimsdotter Andestad(3) (1858-1926). Han slapp innfestingsavgift, mot å sette opp nye hus, men la kår til 161 Berte og betalte 2 speciedaler så lenge ho levde. Deretter vart det 3 speciedaler per år. Kristen var aktivt på jakt etter mineral som kunne utnyttast til å tene pengar på. I 1867 starta han kalkbrenneri på Nygjerdet, saman med naboen 160/ 166 Anders Axelsen Brandal, 123 Claus Magerholm(1) og sakførar Ludvig Dae på Solnør gard. Dae kjøpte Nygjerdet, og kosta alle hus, infrastruktur med to kalkomnar, lager, kai og fraktebåt mot å leige det heile ut til dei tre drivarane for 200 kroner per år. Dei dreiv i omlag 20 år før ein orkan raserte alt og stogga drifta. Kristen arva ikkje denne plassen etter far sin. Både «Kristenplassen» og Magerholmvika vart seld på auksjon til Lars Straumgjerde frå Sykkylven.
a) Johan Bastian Andestad f.1882 1900 ugift matros på dampbåt. Omkom. Marthe sin son med Johan Lars. Klokkerhaug(3).
1935 vart Krissenplassen skyldsett til 55 øre, fekk bruksnummer 9, og vart lagt inn under Pe-haugen av brukaren der, Peder Magerholm. Plassen er i dag eigd av borna Solveig Johanne Magerholm (f.1952) og Per Borge Magerholm (f.1955). Solveig gifta seg 1969 med Bjørn Harald Hjelme (f.1950), frå Flisnes. Dei bygde hus omtrent der tunet i si tid låg.
a) Svein Børre f.1969 2012 g.m. Kai Wang, bygde hus på plassen.
b) Frøydis Annette f.1973 2001 g.m. Sindre Engeseth Olsen Hjelme, bygde hus på plassen.
c) Lennart f.1975 2006 g.m. Lise Hjelme, busett ved Spjelkavik.