Klikk her for å legge til tekst.
Om matrikkelgarden Hesseberg
Hesseberg er no det austlegaste bruket i Ålesund kommune. Garden tilhøyrde Skodje kommune fram til 1916. Då vart garden ein del av Borgund, og seinare Ålesund, ved kommunesamanslåinga i 1968. Bakgrunnen for flyttinga var ein kongeleg resolusjon datert 29. oktober 1915. I tidlegare tider har garden vore temmeleg isolert, med utmarksområde mot både Magerholm i vest og Heggebakk i aust. Det var lite selskapsliv mellom desse gardane, sjølv om Magerholm, Hesseberg og Skodje i lang tid var del av same Borgund Prestegjeld. Det vart lenge arbeidd med planar om bilveg frå Magerholm til Hesseberg. Planane vart nemnd i avisene få år etter samanslåinga, men vegen stod ikkje klar til bruk før 1949.
Borna måtte tidlegare til Glomset for å gå på skule. Då budde dei heimanfrå i anten ei eller to veker av gongen. Brukarane på Hesseberg hadde pliktarbeidet sitt på vegen i Dragsundet. Til kyrkje måtte dei frå gamalt av reise heilt til Skodje. Kyrkjeferda kunne ta til allereie på laurdagskvelden, med overnatting på Glomset. Det vert fortalt at hessebergfolket ikkje hadde eigne kyrkjebåtar, men måtte tinge seg skyss frå brukarar i området kring Valle og Flåte. Frå 1916 vart Borgund ny soknekyrkje for Hesseberg, men dei drog nok helst kortaste veg til Sykkylven, på den andre sida av fjorden, før bilvegen kom. Denne kyrkja var ei tid også deleigar på Hesseberg. Du kan lese meir om det i avsnittet om eigarane.
Gardsnamnet kan kome av «esja» eller «hesja», som er eit gamalt ord som vart nytta om visse mjuke steinslag, eller skiferhaldig stein. I følge Ivar Åsen si ordbok, vart «Esjeberg» nytta som fellesord for fjell som inneheldt slike steinslag. Ein veit ikkje kor gamalt bruket er, for der er ingen fornfunn registrert på garden, men det er funne spor av
menneske heilt attende til steinalderen på Magerholm, så der har nok vore menneske i dette området lenge. Det er meir usikkert om dei har budd akkurat her. Hesseberg er omtala i skriftlege kjelder først i 1603, men er i 1647 oppført som kyrkjegods. Det kan tyde på ein relativt høg alder. Saman med gardsnamnet kan ein tidfeste den første ryddinga av garden til om lag vikingtid. Garden har truleg alltid vore skild frå grannegardane i aust og vest. Hessebergstranda er også nemnd i eit sagn om Heilag-Olav sitt matskrin. Det vart samla inn av Peder Fylling.
Bruka ligg lunt til på eit platå mellom sjøen og fjellet. Skog har dei som regel hatt nok av. Opplysningar frå 1723 kan tyde på at også Hesseberg-folket tok del i dei store skogøydingane på 1600-talet. Dei må i så fall ha vore tidleg ute, for skogen kom raskt attende, og ein veit ikkje av at der har vore torvbrenning på garden. Det var eit slit å få tømmeret ned til sjøen, og saga, men veden har vore godt å ha med seg i færingen på veg til byen for å byte i naudsynte varer som ein sjølv ikkje kunne produsere. Kring 1900 kunne dei tene mellom 7 og 8 kroner per favn med ved, slik at dei fekk med seg ein mjølsekk heim.
Dei kunne ikkje leve av gardsdrifta åleine. Derfor vart fiske ei naudsynt attåtnæring. Alle brukarane har drive fiske «utaføre», men ingen av dei hadde eigne storbåtar til havfiske. Alle gardane hadde laksenot og gode lakseplassar. På 1800-talet tok dei også til å tørke fisk for sal. Kvart bruk hadde sine eigne fiskeberg til dette formålet, og mykje vart seld vidare til Oscar Larsen i Ålesund. Han hadde slektsforbindelsar til Emblemsbygda og mellom anna Akslagjerdet.
Eldre opplysningar om bruka
I 1603 var det berre eit bruk på Hesseberg, men allereie 1607 vart garden delt i to like store bruk. Kring 1800 vart plassen «Bryggå» delt frå bnr. 1 Oppigar og skyldsett som eige matrikkelbruk i 1883. Ved sjøen nedanfor Nerigar låg der ei tid ein husmannsplass som heitte Kristivika. Denne plassen vart nedlagd etter nokre år.
1723: Brennved og litt små-furuskog «til gaardens fornødenhed» Ei lita kvern. «Noget tungdvindt til høe, men temmelig viss til korn».
1803: Garden har skog til «huus fornødenhed», har sommarbeite for krøttera i utmarka og på setra, og har årviss kornavling.
Det vart slutt på «isolasjonen» når der kom busstransport til byen frå Magerholm 1928, og veg til Hesseberg i 1947 som vart klar for busskøyring 1949. Vegstrekninga vart utvida austover til Heggebakk og Skodje 1962. Med den nye tida vart det mogeleg å levere fersk mjølk til meieriet, og å tene nokre kroner ekstra på dyrking og sal av bær frå eigen hage.
Dei to hovedbruka, Oppigar og Nerigar, har tuna sine oppe på flata. Det verkar ikkje som om dei har hatt felles tun eller teigblanding. Der er heller ikkje nyare spor av utskiftingar, slik som ein fekk i resten av bygda frå 1800-talet. Gardane har hatt kvar si kvern i elva nedanfor Nerigar, og vasskraft til å drive treskemaskinene. Det har vore gode markar for korn på Hesseberg. Det kan også ha vore årsak til at ein valde å rydde gard såpass langt frå dei andre gardane i området. Korndyrkinga tok slutt etter den andre verdskrigen. Det var ikkje nok slåttemark på innmarka i eldre tid, så dei måtte drive utmarkslått både ovanfor og nedanfor tuna. Nerigar hadde ei løe ved fjorden der dei lagra høy til løa på tunet var tom. Lauv og ospeskav vart også nytta. Hesseberg-gardane hadde sommarfjøsar som vart nytta fram til jonsok. Då vart dyra sendt lenger opp i lia mot Hessebergsetra. Dei hadde både sel og fjøs på setra, men det vart ikkje drive slått der. Mjølka vart bore heim kvar dag. Stølsdrifta tok slutt etter den andre verdskrigen. Det var stundom tungt å drive innhausting på Hesseberg. Plassefolket hadde ikkje råd til hest, så dei måtte bere høyet og bruke spade i staden for plog. På Nerigar hadde dei hest, men fleire stader var innmarka så bratt at dei måtte bere høyet på ryggen i staden. Då kunne hesten lunte bak og nappe i høybøra.
Det var grunneigarane sjølve som bygde telefonlinja si utover til den manuelle telefonstasjonen på Hjellhaugreset i Emblemsbygda. Dette var medan telefonverksemda var privat. Det mest vanlege var å nytte «stolpar på rot», der ein såg seg ut høvelege tre i traséen og saga av greinene, før dei festa isolatorane til linja i stammen. Slik vart det gjort også på Østrem. Rett som det var kunne linja verte skada, når det var vinter eller styggevér, og dei naturlege stolpane svaia i vinden. Telefonbestyrar Karl K. Nedregotten kunne fortelje om fleire gongar med feilsøk i Hessebergstranda mot Glomset, for å rette signalfeil. Ein gong hadde nokon forsøkt å skøyte telefonlinja med hyssing. Då var det ikkje så rart at ein fekk trøbbel. I våre dagar er det veg mellom Magerholm og Valle. Mange vel denne snarvegen austover frå Valle, på veg frå anten ferga eller indre bydel, sjølv om den ber preg av å vere gamal og slitt.
Eigarar
Hesseberg har vore kyrkjegods frå mellomalderen. Prestane i Ørskog og Ørsta eigde kvar sin halvpart 1647. I 1723 var det Sykkylvskyrkja og «Marie Prebende» på Giske som eigde Hesseberg. Den tidlegare husmannsplassen Bryggjå var den første som vart sjølveigd gard kring 1900. Etter denne tida vart alle bruka sjølveigde småbruk. Dette kan du lesa meir om under kvart bruk.