Bnr. 1 Magerholm
Trykk her for å finne garden på kartet
Peder var ein av to brukarar på Magerholm i tidsrommet 1603 til 1625. Så langt attende som dei skriftlege kjeldene rekk, har garden vore delt i to. Enka gifta seg truleg opp att med neste brukar.
a) Ingeborg f. ca.1590? 1617 g.m. 03 Anders Størkers. Hesseberg(1), brukar Nerigar, Hesseberg(1).
b) Peder tok over bruket.
c) Lars tok over seinare.
Enka etter Peder gifta seg opp att med Størker Jogulsen. Dei dreiv bruket i tidsrommet frå 1625 til 1635. Ein veit ikkje av nokon born frå dette ekteskapet.
Stesonen Peder Pederson Magerholm(I) tok over bruket 1635, og dreiv garden i 25 år. Han må ha dreve godt, for i 1640-åra fekk han bygsel på begge bruka på Magerholm. Om lag 1650 vart Magerholm delt i to att. Det verkar ikkje som om det var økonomiske årsaker. I 1656 betalte Peder krøtterskatt for hest, 8 kyr, 6 geiter og 2 sauer på bruk I.
Lars Pederson Magerholm(I) tok over bruket etter bror sin. Det er mogeleg at han var ein del yngre, men nokon ung mann kan han ikkje ha vore. Lars dreiv bruket i 1660-åra.
Halvor Larsen dreiv bruket frå om lag 1670 til 1691. Han kan ha vore sonen til 114 Lars Clemetson Magerholm, på bruk II på Magerholm. Sjå meir om Lars lenger ned i denne teksten.
Tosten (f.1660) dreiv bruket frå 1691 til 1740. Han gifta seg med ei som heitte Ane. Begge er nemnde i 1701-teljinga. 1736 kan det vere den same Tosten som gifta seg med Elen Bendixdotter Indre Beite(1) (ca.1687-1767). Ved giftermålet vart han nemnd som enkemann Tosten Ebbesen. Om det er snakk om same Tosten, så var Ane truleg død kring 1735. Ho døydde på Hesseberg. Der er ho nemnd som mor til Jens Knudsen (f.1712). Han gifta seg til Oppigar på Hesseberg(2). Tosten kan ha gått bort ein gong mellom 1740 og 1746, for Elen gifta seg om att i 1746 med enkemann David Otthesen (ca.1671-1748). Han døydde på Korsnes.
a) Povel 1693-1758 1) 1716 g.m. enke Synneve Olsd. Synes(3).
2) 1750 g.m. Rachel Rasmusd. Skjong(I). Povel var husmann på Synnes.
b) Ebbe 1694-1704 Døydde 10 år og 3 veker gamal.
c) Halvor 1699-1728 ca.1721 g.m. Marthe Pedersd Giskeødegård, men ikkje i Borgund prestegjeld. Brukar Giskeødegard(1).
d) Lars 1700-1741 1725 g.m. Berete Størchersd. Aase(6), brukar Åse(6).
e) Jens Knuds. dp.1712 Sonen til Elen og Knut Erichs. Gangstad(1), Vatne. Knut dømd 1711 for leiarmål, og nemnd at ho hadde minst to uekte born til. Jens bygsla Nesvik(1) i 1757, Kipper- Wiig i 1759 og Håhjem(3) i 1767.
f) N.N.
Bygdeboka for Vatne nemner at Elen hadde to uekte born til. Desse to har vi ikkje klart å finne fleire opplysningar om. Derfor nemnd som «N.N.» her.
g) N. N.
h) N. N.
Ein veit ikkje kvar Peder Olson Magerholm (ca.1670-1751) kom frå. Begge forloverane var frå Glomset, så det er mogeleg at også han kom frå Skodje, og kanskje Glomset? Peder hadde tidlegare vore tenar hos Castberg som eigde Magerholm. Peder kalla seg Magerholm då han gifta seg på Skodje med Giertru Knudsdotter Nonsvik (1698-1774) i 1725. Skiftet etter han i 1752 var på 90 riksdalar. medan gjelda var på 10. Han hadde hest, 5 kyr, 6 sauer, 3 geiter, fleire båtar, mykje fiskevegn, 5 tønner havre, 19 våger klippfisk og 1/2 tønne med tjøre. I tillegg eigde han 1 kvernhus. Gjertrud sat att med jorda ei stund. Utover 1700-talet byrja fisket å verte betre enn det hadde vore i lang tid. Skiftet etter Peder vitnar også om det.
a) Anne dp.1726-1782 1753 g.m Elling Hanson Brunstad (11), brukar Brunstad(11).
b) Kari dp.1729-1785 1759 g.m. 118 Ole Knuts. Magerholm(II), brukar Magerholm(II).
c) Ole dp.1732-1791 tok over bruket.
d) Daarthe dp.1736-1774 1774 g.m. Jakob Peders. Rødset(1). Han er registrert død 1779 på Jyljebøen, Sula.
Sonen Ole Pederson Magerholm (dp.1732-1791) var også Lagrettemann i 1773. Han gifta seg 1770 med Guri Jacobsdotter Heggebakk(2) (dp.1741-1788). I skiftebuet etter Guri kan ein lesa at dei hadde hest, 6 kyr, 4 sauer og 5 geiter. Videre eigde dei gevær, kvernhus og part i ein åttring. Verdien på buet var 82 riksdalar, medan gjelda var på 30. Det meste av gjelda var til handelsmenn. Då Guri døydde, sa han opp bruket og vart tenar hos naboen Jakob Torsen på Magerholm(II), som dreiv heile bruket samla i nokre år. Guri hadde også ei søster som heitte Anna. Det er mogeleg at det var ho som døydde på Magerholm i 1788, 46 år gamal. Kanskje budde ho hos søster si på Magerholm den siste tida.
a) Petrine dp.1771-1825 tok over bruket.
b) Gjertrud dp.1774-1843 1) 1823 g.m. enkemann 518f Morten Ols. Nedregotten(3), brukar Håhjem(4).
2) 1836 g.m. Mons Lars. Sandvik(1) frå Sykkylven, brukar Håhjem(4).
c) Martha dp.1777 Kanskje den samme som gifta seg 1812 på Dyrkorn(Ø,3) med Bertel Anders. Dyrkorn(Ø,3) 1812. Han var «bordarbeiderman», busett Aarstad ved Bergen.
d) Dorthe Jacobine 1781-1822 1812 g.m. Niels Ivers. Sperre(3), brukar Sperre(3), Ellingsøya.
Svigersonen Lars Larsson (dp.1755-1803) tok 1793 opp att drifta på bruk I. Det er mogeleg at han kom frå Frøysa(8) i Sunnylven og var svoger til forlovaren sin, 541Guttorm Paulsen Nedre- gotten(2). Lars gifta seg 1793 med Petrine Olsdotter Magerholm(I) (dp.1771-1825). Dei dreiv bruket til 1803. Det var fleire frå Endrebruket i Lars familie som også slo seg ned på Emblem. Av søsken til Lars finn ein 541 Margreta Larsdotter, som gifta seg i Guttormgarden, Nedregotten(2). Ho var mor til 489 Niels Zachariassen ved Østremsjøen. Ei anna søster var 531 Laurentze Larsdotter, som gifta seg på Skaret, Nedregotten(1). I tillegg kom 465 Rasmus Larsson i Steinsgarden, Østrem(4), 153 Lars Martinus Larsson i Magerholmvika og 222 Lars Petter Larsson på Akslagjerdet, Akslen(2), frå samme Endrebruket, men dei er frå eit seinare ætteledd på den garden.
a) Gurri Oline dp.1795-1865 1) 1832 g.m. Lars Ols. Vestre(2), brukar Vestre(2).
2) 1849 g.m. Torsten Olaus Rasmuss. Sollid(N,1) frå Ørskog.
b) Lars Carolus dp.1798 var tenar på Alnes(8) 1817. Seinare matros, nemnd i Bergen i 1838.
c) Mallene 1800-1801 Døydde 14. veker gamal.
d) Lars 1802-1802 Dødfødd.
e) Peder Martinus (Lars Martinus) dp.1803 1831 g.m. Nicoline Berthine Henrichsdatter i Bergen. Ho nemnd som enke 1865. Han døypt Peder Martinus, men kalla seg Lars Martinus seinare.
Enka Petrine Olsdotter Magerholm(I) (dp.1771-1825), gifta seg om att 1805, med den tidlegare soldaten Ole Frantzon Selviig (dp.1768-1813). Han er døypt i Volda, og der er han også nemnd som tenestekar og «national soldat» på Kile 1801. Det gjekk ikkje så bra med Ole. I 1813 etterlot han seg eit fallitbu. Petrine og borna levde seinare på kår i Magerholmvika. Ho fekk ei ku, 2 sauer, 3 vågar bygg, 3 vågar havre og 1/2 våg potet. Petrine hadde også 12 dagers arbeidsplikt på Magerholm om våren, og i slåttonna.
a) Ole Andreas dp.1806-1806 Døydde ei veke gamal.
b) Ole Andreas Fredrik dp.1808 Han melde flytting til Bergen 1826.
c) Anne 1812-1812 Tvilling. Døydde 8 dagar gamal.
d) Martinus dp.1812-1889 Tvilling. Enkemann busett på fattighuset i Bergen 1875. Døydde på «De søfarendes Fattighus» i Bergen.
Jens Jensson Heltne (dp.1771-1838), frå gnr. 45 i Luster, kjøpte 1814 heile Magerholm og Mager- holmvika for 542 dalar. Han lånte 200 av desse frå handelsmann Heide, og betalte attende allereie det påfølgande året. Det har vore spekulert i om han var haugianer, som brukaren etter han. Det vert fortalt at Jens var ein stri kar, som stadig var i konflikt med naboane. 121 Knut, på Magerholm(II) er den han var mest i krangel med. Kvart år hadde dei saker oppe i forlikskommisjonen. Fleire av sakene gjekk til vanleg rettergang, noko som truleg påverka Jens si beslutning om å selge gardane til ein annan sogning allereie i 1820. Jens gifta seg 1813 med Gunhilde Pedersdotter Vigedal (dp.1793- 1881) frå Luster. Han tok imot tilbodet om å ta over kåret på Morken i Luster frå den neste brukaren, Halvor Pederson, og flytte heim att. Halvor gav truleg dette tilbodet for å roe ned konfliktene på Magerholm. 1816 betalte Jens 7 speciedalar i sølvskatt.
a) Petrine ca.1813 Gift i Vigdalen ved Luster i Sogn.
Halvor Pederson Fortun (ca.1776-1865), frå Morken i Jølster, kom hit etter gardkjøp på Rellingen i Norddal 1815, og kjøp av «herregården» Apalset i Ørskog 1818. Han budde nok for det meste på Apalset og hadde hovedresidensen sin der. Halvor var ein velståande mann, som eigde fleire bruk på Sunnmøre. Kåret sitt frå Morken, gav han vidare til den forrige eigaren på Magerholm, 110 Jens Heltne. Han gifta seg 1807 med Siri Torchildsdotter Flichie (dp.1781-1854), og kjøpte Magerholm 1820. Han døydde på Apalset i Ørskog, men er nemnd som død på Magerholm i forbindelse med arveskiftet. Du kan lese meir om etterslekta på Magerholm under brukar 122 lenger bak i denne boka.
a) Peder 1808-1852 Fekk sonen Halvor Severin 1832 med Ragnhild Iversd. Masdal frå Vartdal. Halvor drog til Amerika 1888. Peder døydde på Apalset.
b) Christie 1809-1887 1829 g.m. 121a Ole Martinus Knuds. Magerholm(II), seinare busett på Magerholm(6), kalla Paraten og Ytrebøen. Vart kalla «Parat-Ole».
c) Torkild 1812-1844 tok over bruket. Sjå brukar lenger ned i teksten.
d) Johannes 1814-1869 1840 g.m. Ingeborg Olsd. Klokk(Ca), brukar Klokk(Ca). Den siste som vart fødd på garden Morken
e) Anne Marie 1817-1881 1840 g.m. Mads Elias Knuds. Magerholm(II), smed i Ålesund. Ho fødd på Relling, Norddal.
f) Marte 1820-1878 1841 g.m. Handelsborger Martin Torkilds. Brudevold(1), Ørsta. Familien budde i Ålesund. Ho fødd på Apalset.
g) Christen 1823-1903 1849 g.m. Guri Susana Monsd. Vik(3), Sykkylven, brukar Vik(3).
h) Hanna Berte 1826-1856 1853 g.m. Ole Andreas Ramuss. Vestre, fødd Sandvik(1) i Ørskog. Brukar Håhjem(4) på Skodje.
BRUK II
Clemet var registrert som brukar i 1603. Kor lenge han hadde vore bygselsmann er ukjent, men han dreiv bruket til han døydde ca.1610. Ein veit ikkje kven han var gift med, eller om ho gifta seg opp att. Det er i alle fall ikkje truleg at ho dreiv garden heilt åleine i om lag 10 år, før borna kunne ta over. Ein veit derimot, med rimeleg sikkerheit, at gutane delte bruket mellom seg kring 1620.
a) Jakob ca.1600-1640 tok over bygselen saman med bror sin ikring 1620.
b) Lars død før 1640 tok over bygselen saman med bror sin ikring 1620.
a) Clemetz ca.1625 tok over bygselen seinare.
Sønnene Jakob Clemetson Magerholm(II) (ca.1600-1640-åra), og Lars Clemetson Magerholm(II) delte bruket mellom seg ca. 1620. Jakob levde lengst av dei to og døydde som spedalsk. Om lag på samme tid som Jakob døydde, tok naboen Peder Pederson på bruk I over bygselen på bruk II også. Sjå meir om han lenger fram i boka.
Heile bruket
Sonen til Peder Pederson Magerholm(I) tok over bruket etter stefaren sin 1635. Han dreiv gard i 25 år og må ha drive godt, for i 1640-åra fekk han bygsel på dette bruket på Magerholm også. I kring 1650 vart Magerholm delt i to att. Det verkar ikkje som om det var økonomiske årsaker, for i 1656 betalte Peder skatt for hest, 8 kyr, 6 geiter og 2 sauer. Sjå også brukar lenger opp i denne teksten.
Clemetz Jakobson Magerholm(II) (f.ca.1625) var sonen til 113. Han dreiv garden frå om lag 1650 til 1691. I 1658 skatta han for ein hest, 3 kyr, 5 geiter og 4 sauer. Dette var litt mindre buskap enn på nabobruket.
a) Karen 1653-1736 tok over bruket
Svigersonen Peder Olson Våtmyr(1) (1661-1702) kom frå Sykkylven, og er nemnd i 1701-teljinga. Han gifta seg med Karen Clemetzdotter Magerholm(I1) (1653-1736). Dei dreiv bruket frå 1691 til 1702.
a) Ole f.1693 Innrullert i militæret ved den Store Nordiske krig.
b) Peder 1695-1717 Drukna ved Flisnes. Kanskje han var med postbåten, eller eit skyssoppdrag frå Magerholm.
c) Eli 1698-1728 Døydde 29 1/2 år gamal.
d) Isach 1698-1772 rydda gnr. 2 Magerholmvika i følge bygdeboka for Borgund. Sjå meir om han som brukar der.
Enka Karen Clemetzdotter Magerholm(I1) (1653-1736) gifta seg på ny, med Knud Olson (1675- 1758) i 1703. Dei fekk 33 å i lag. Knud var 20 år yngre enn Karen. Han gifta seg på nytt 1737 med Giøri Larsdotter Furmyr (1698-1758). Ho kom kanskje frå bnr. 2, kalla Pe-garden på Furmyr. Arve- skiftet etter dei 1759 var på 92 riksdaler. Dei hadde gjeld på 17 riksdaler til Jens Hesseberg, i Kiper- vika, for kjøp av båt. Vidare vart det nemnd 7 kyr, 9 sauer, 6 geiter, 1 kvern, 2 tønner tjøre, never og forfalne hus på bruket. Knud hadde då dreve garden i lang tid frå 1703 til 1758. På denne tida var fisket ikkje av det beste til å leggje seg opp kapital, men skog til reparasjon av husa skulle der ha vore nok av.
a) Ole dp.1704
b) Eli dp.1729 Knud si dotter med tenar Jertrud Hansd. Han var då ein gift mann.
c) Anne dp.1738-1744 d) Ole dp.1740-1785 Første dotter med Giøri i sitt andre ekteskap.
d) Ole dp.1740-1785 tok over bruket
e) Aleth dp. 1743-1772 var ugift. Døydde 29 år og 3 veker gamal.
Sonen Ole Knudson Magerholm(II) (dp.1740-1785) gifta seg 1759 med 106b Kari Pedersdotter Magerholm(I) (dp.1729-1785) frå nabobruket. Dei dreiv garden frå 1758 til dei begge døydde i 1785. Dei vart gravlagde med 4 dagers mellomrom. Kyrkjeboka gjev ikkje svar på årsaka. Kanskje var det ein smittsam sjukdom.
a) Knud dp.1761-1783
b) Pernille dp.1764
c) Anne dp.1766-1837 1803 g.m. Henrich Nilss. Olsvik(I), brukar Olsvik(1).
d) Jon p.1770-1833 1802 g.m. enka Massi Raphaelsd Alnes(1), brukar Alnes(1).
Paul Knutson bygsla bruket 1784. Det er usikkert om han dreiv garden. Ein veit ikkje kvar han kom frå, men han kan vere Paal Knudson Blomvik(2) (dp.1748-1799 som er nemnd på Storholm 1787, og på Bjørge frå 1790, til han døydde i 1799. Det er derfor mogeleg at han dreiv bruket frå 1784 til 1787. Det korte tidsrommet kan forklare kvifor ein veit så lite om han.
Jacob Thorsen (ca.1755-1830) bygsla heile Magerholm 1787. Det samme året gifta han seg med Guri Nielsdotter Nonsvik(1) (dp.1753-1825). Ein veit ikkje sikkert kvar Jacob kom frå. Det er mogeleg at han vart fødd i Ørskog prestegjeld. Der er to aktuelle kandidatar: Jacob Toresen Tue (dp. 19/1 1755) og Jacob Toresen Øvre Lande(42a) (dp.16/3 1755). Jacob dreiv bruk I til 1793, og sidan kun bruk II til 1803. Dei fekk kår hos neste brukar
a) Tore dp.1788 Døypt i Sykkylven. Nemnd ved arveskiftet i 1825.
b) Petrine Olava dp.1790 1826 g.m. enkemann Samund Jonsen Nonsvik(1), brukar Nonsvik(1), Skodje. Han var døypt Ytrevik(1).
c) Lars dp.1793 1) 1830 g.m. 030a Synneve Pedersd. Hesseberg(3).
2) 1839 g.m. Marte Severine Isaksd. Myrset(2), Sykkylven. Ho dotter til Birte Hesseberg(2). Han dreiv Hesseberg ved andre giftermålet, nemnd i 1865-teljinga som brukar på Bryggå, Hesseberg(3).
Knud Olson Nordre-Kalvatn (dp.1761-1846) gifta seg 1803 med Birte Johanna Knutsdotter Hesseberg(1) (dp.1771-1851) frå Nerigar, Hesseberg(1). Dei hadde bygsel på garden frå 1803 til 1830. Då slo Halvor Pederson Fortun (ca.1776-1865), frå Morken, saman dei to bruka til ein gard. Knud fekk kår og rett til å bu i stova på bruk II, der også brukar Jacob Toresen, fekk bu livet ut. Knud hadde vore i stadig konflikt med den tidlegare eigaren og brukaren, ens Heltne, på bruk I. Kvart år hadde dei saker i forliksrådet der fleire endte som rettsaker. Knut fekk etter kvart tilbod frå Jens om å overta eit anna bruk som Jens eigde, men det vart ikkje slik likevel. Det blei slutt på kranglinga då Halvor kjøpte begge bruka. Jens fekk overta kårretten til Halvor på garden Morken i Luster i Sogn. 1816 betalte Knud 2 speciedaler i sølvskatt.
a) Ole Martinus dp.1804-1880 1829 g.m. Christie Halvorsd. Magerholm(1), seinare eigar og brukar i Magerholmvika, og Ytrebøen/ Paraten, Magerholm(6). Sjå meir om dei der. Ole vart kalla «Parat-Ole».
b) Knud Martinus dp.1807-1884 1848 g.m. enke Anne Marthe Larsd. Akslen(1), opphaveleg fødd Gjørva(3), Geiranger. Brukar på Pe-Haugen, Magerholmvik(3). sjå meir om dei der.
c) Mads Elias dp.1810-1872 1840 g.m. 111e Anne Marie Halvorsd. Magerholm(1), brukar Rødset(1). Smed i Ålesund. Anne døydde i Ålesund før flyttinga til Rødset.
d) Isaak 1813-1813 Døydde 2 veker gamal.
HEILE MAGERHOLM
(NB! Samme som nemnd lenger oppe i teksten som drivar av bruk I, når garden var delt i to bruk)
Halvor Pederson Fortun (ca.1776-1865), frå Morken i Jølster, kom hit etter gardkjøp på Rellingen i Norddal 1815, og kjøp av «herregården» Apalset i Ørskog 1818. Han budde nok for det meste på Apalset og hadde hovedresidensen sin der. Halvor var ein velståande mann, som eigde fleire bruk på Sunnmøre. Kåret sitt frå Morken, gav han vidare til den forrige eigaren på Magerholm, 110 Jens Heltne. Han gifta seg 1807 med Siri Torchildsdotter Flichie (dp.1781-1854), og kjøpte Magerholm 1820. Han døydde på Apalset i Ørskog, men er nemnd som død på Magerholm i forbindelse med arveskiftet. Du kan lese meir om etterslekta på Magerholm under brukar 122 lenger bak i denne boka.
a) Peder 1808-1852 Fekk sonen Halvor Severin 1832 med Ragnhild Iversd. Masdal frå Vartdal. Halvor drog til Amerika 1888. Peder døydde på Apalset.
b) Christie 1809-1887 1829 g.m. 121a Ole Martinus Knuds. Magerholm(II), seinare busett på Magerholm(6), kalla Paraten og Ytrebøen. Vart kalla «Parat-Ole».
c) Torkild 1812-1844 tok over bruket. Sjå brukar lenger ned i teksten.
d) Johannes 1814-1869 1840 g.m. Ingeborg Olsd. Klokk(Ca), brukar Klokk(Ca). Den siste som vart fødd på garden Morken
e) Anne Marie 1817-1881 1840 g.m. Mads Elias Knuds. Magerholm(II), smed i Ålesund. Ho fødd på Relling, Norddal.
f) Marte 1820-1878 1841 g.m. Handelsborger Martin Torkilds. Brudevold(1), Ørsta. Familien budde i Ålesund. Ho fødd på Apalset.
g) Christen 1823-1903 1849 g.m. Guri Susana Monsd. Vik(3), Sykkylven, brukar Vik(3).
h) Hanna Berte 1826-1856 1853 g.m. Ole Andreas Ramuss. Vestre, fødd Sandvik(1) i Ørskog. Brukar Håhjem(4) på Skodje.
Sonen Torkild Halvorson Magerholm(1) (1812-1844) gifta seg 1841 med Olave Jetmundsdotter Lade(2) (dp.1816-1870), frå Velledalen. Ho vart anklaga for å vere trollkjerring ved konfirmasjonen, men vart frikjend. Torkild gav kår til både far sin og Knud Olsen. Når han døydde vart bruket taksert til 328 speciedaler. Faren budde for det meste på garden Apalset i Ørskog, og døydde der.
a) Halvard 1843-1921 Ugift. Kjøpte Heljegarden, Vik(1) i Sykkylven 1861 frå onkelen, Ole Andreas Rasmuss. Håhjemsvik, og tanta Hanna Berte. Budde ei tid hos halvbroren 123a Thomas Carolus på bnr. 13 Myrane, under Auregarden, Emblem(9), før han flytte attende til Magerholm og døydde der som ugift fattiglem av bronkitt.
Enka Olave Jetmundsdotter Lade(2) (dp.1816-1870) gifta seg 1845 på ny, med 6010c Claus Ingebrikt Gullach Olson Emblem(1) (1820-1907), frå Negarden. Dei dreiv bruket frå 1845 til 1877. 111 Halvor sat framleis som kårmann, men 121 Knud fekk rett på det pliktarbeidet som husmennene tidlegare svara til Halvor. Claus vart no ein velhalden mann og eigde etter kvart fleire andre gardar i Emblemsbygda. Det var til god hjelp når svigersonen, 6129 lærar Knud Furseth, ville rydde seg gard på Emblem. Han fekk kjøpe parsellar frå fleire av gardane som Claus eigde ved «Neste Legane».
a) Thomas Carolus 1846-1907 1869 g.m. Karen Helene Larsd. Emblem(9), Auregarden. Dreiv Auregarden før dei tok kår, og delte frå kårplassen «Myrane», Emblem(13). Fekk ingen born.
b) Oline Susanne 1848-1930 1874 g.m. Lærar Knud Andreas Carlsen Furseth(172b). Fekk skilt ut nytt bruk frå fleire av gardane på Emblem. Fekk namnet «Nybø», eller «Fursetgarden» på folkemunne.
c) (Ingeborg) Jensine 1851-1935 tok over bruket.
d) Berthe Caroline Petrine 1854-1943 1879 g.m. lærar Ole Andreas Eriksen Heggebakk(1). Kjøpte Heljegarden, Vik(1) i Sykkylven, som stebroren Halvard eigde. 1875 tjenestejente på bakeriet hos søskenbornet, Ole Ols. Emblem(1), i Molovegen, Ålesund.
e) Hanna (Anna) Caroline 1857-1940 1891 g.m. Carl Johan Bernt Carolussen Honningdals- nes(1), brukar Honningdalsnes(2), Skodje. Kalla seg Anna. Selde bruket til svogeren, og budde til slutt som enke på Magerholm frå om lag 1910.
f) Caroline 1860-1949 1890 g.m. Ole Andreas Martinus Amunds. Velle(1+2), brukar Tynes(5), Sykkylven. Gjekk lærarskulen på Helland, Vestnes etter 1879, men arbeidde nok ikkje som lærar.
Svigersonen Lars Carl Peter Danielsen Honningdal(1) (1856-1929), son til (Peter) Daniel Hesseberg(1), var brukar frå 1877 til 1924. Han sette opp husa på garden som framleis står der. Gamlehuset stod ovanfor, og gamleløa like nedanfor dagens hovedhus. Karoline Ødegård, fødd i Magerholmdalen, minnes at gamleløa brann på 1890-talet. Faren sprang ned for å hjelpe å slokke. Lars gifta seg 1876 med (Ingeborg) Jensine Clausdotter Magerholm(1) (1851-1935). Ingen av borna tok over bruket, så dei valde å selge bruket mot å få kår på sine eldre dagar. Salget inkluderte husmannsplassen i Magerholmdalen, så daleplass-folket måtte flytte derifrå. Lars var bror til Petrine Christofa, og gift på Skaret, Nedregotten(1). Onkelen til Jensine, Ole Elias Olson Emblem(1), frå Negarden levde også sine siste år på Magerholm. Lars og Jensine flytte til Ytrebøen bnr. 6, og nytta det som kårbruk resten av livet. Les meir om dei der som brukara der også.
a) Karl Olavius 1877-1883 drukna 13. mars, 6 år gamal. Han skulle besøke eit eldre par nede på Magerholmen, og skulle gå over nokre steinar dit. Dei fann han seinare drukna
b) Karl Olavius 1883-1956 Ugift. Brukar 135 «Ytrebøen», Magerholm(6), etter foreldra sine.
c) Kristofa Olave 1885-1909 Ugift. Tenar på Tynes(5) hos tanta, Caroline, i Sykkylven 1900. Seinare busett på Magerholm(1). Døydde av Tuberkulose.
d) Daniel Kristoffer 1888-1962 Fiskar. Arbeidde i USA frå 1911. Fekk dottera, Dagny, med Kristofa Olivia Johannesd. Heggebakk(1), som budde ei tid på Magerholm. Han busette seg i Vancouver, Canada og døydde der.
Karl Martinus Severinsen Engeseth(317) (1865-1942), frå Dalsbygda i Norddal, kjøpte garden 1924. Familien hadde da seld seg ut av firmaet «Møller», som dreiv fleire trandamperi på Vestlandet og i Nord-Norge. Engeseth-slekta frykta for bankinnskota sine, og satsa på landbruk i staden. Magerholm var av dei største gardane i distriket. Karl måtte både låne pengar hos sin gamle bankforbindelse i Bergen, og ta inn søskena som medeigarar. Det var derfor viktig å få med skogen i Magerholmdalen på kjøpet. Magerholm er framleis i den same slekta. Karl gifta seg 1889 med Oline Marta Hallstad (150b) (1869-1940), frå Dalsbygda i Norddal, og dreiv gard der først. Karl gjekk i kompaniskap med doktor Weiberg-Aurdal, og bygde den første fergekaia i tre langs Magerholmen mot førsterett på arbeid der for eiga slekt. Ei av oppgavene var å tilpasse fergelemmen til ferga med handmakt.
a) Sevrin 1890-1986 1916 g.m. Thora Olsd. Kaldhusseter(209a). Dei tok over farsgarden Engeset(318) når foreldra flytta til Emblem.
b) Hjalmar Eilif 1894-1957 tok over bruket.
c) Martin Oskar 1903-1972 emigrerte til Minnesota 1926. Kalla seg då «Engseth».
Sonen Hjalmar Eilif Engeseth(317b) (1894-1957) var fiskar og skreddar. Han gifta seg i Norddal 1922, med Johanna Petersd. Hojem (1898-1968), frå Vadsø by. Det hadde samanheng med at familien var medeigarar i «Møller» til om lag 1924. Firmaet hadde fleire trandamperi i Nord-Norge, med god kontakt mellom landsdelane. Han fekk skøyte på 2/3 av bruket i 1953. Hjalmar kjøpte ut søskena sine for 12000 kroner. Den siste tredjedelen hadde han arva sjølv i 1952. Johanna starta opp kafédrifta på fergekaia. Det vert fortalt at Bardosen (kalla med etternamnet sitt), ein ung mann busett i Magerholmvika, hadde drøymt om den gode «Mor Monsen» kaka til Johanna når han var på sjøen. Vel heime i Ålesund, tok han bussen rett inn til Magerholm og kjøpte heile kaka. Problemet var berre at det nærma seg helga, og det var fleire som også ville handle kake på kafeen. Bardosen kom frå Finnmark, og hadde minst ein bror der.
a) Olaug 1923-2016 1944 g.m. Harald Frøystad, busett Bølandet. Mor til Rune Frøystad, som er nemnd nedanfor.
b) Karl Johan 1924-1924 døydde 2 veker gamal.
c) Inger-Johanne 1925-2011 g.m. Trygve Iversen, busett i Molde.
d) Kirsten 1928-2001 1949 g.m Leif Ingvald Aasebø, busett Magerholm.
e) Solveig Marie 1930-1999 1956 g.m. med Ottar Per Heggdal, Steinshavn.
f) Olaf Kåre 1932-2002 Ugift. Tok over bruket.
g) Hjalmar 1934-2021 tok over bruket seinare.
h) Harald 1937-2012 g.m. Barbra Svenson, Sverige.
Sonen Olaf Kåre Engeset (1932-2002) fekk skøyte på garden 1960, frå mor si, for 7000 kroner. Han var ugift. I 1982 vart tomt til nytt gatekjøkken ved fergekaia delt frå. Nevøen, Rune Frøystad, fekk overdrege garden frå Olaf, og tok over sagbruket ei tid. Han dreiv skogen og bygde seg nytt hus ved tunet. I Olaf si tid vart det investert i ny transportveg til Magerholmdalen, og reiskap til tømmerdrift. Ein periode budde Sverre Otto Ytreberg (1935-2005), frå Spjelkavik, på garden. Han var ein svært dyktig trekkspelar og trommeslager. Mange huskar nok at han titt og ofte steikte vafler til hesten.
Broren Hjalmar Engeset (1934-2021) var verge for bror sin, Olaf Kåre Engeset. Han er pensjonert fergekaptein og navigatør, med lang fartstid i MRF, som no er del av Fjord1-konsernet. Han starta karriera med å hjelpe til med trelemmen på fergekaia ved garden, Hjalmar fekk då tilnamnet «Millimeteren», for han var flink til å beregne nøyaktig kor høgt lemmen måtte hevast når ferga kom. Han vart etter kvart matros på ferga «Trygge», før han tok videre utdanning. Hjalmar gifta seg i 1956 med Gerd Indgjerd (f.1935) frå Trøndelag, og dei busette seg i nybygd hus ved tunet. Karriera avslutta han som skipper på bilferga «Tresfjord» på Moldefjorden i 1996. Han kjøpte ut nevøen, Rune Frøystad, og tok over farsbruket i 2005. Dottera Grete Engeseth tok etter kvart over hovedhuset på garden, men Hjalmar fortsatte ei tid til som grunneigar.
a) Grete f.1956 tok over bruket
b) Per Oluf f.1960 2000 g.m. Vårill Adolfsen, busett på Magerholm.
c) Helen f.1965 tidlegare g.m. 575b Jan Asle Nedregotten(8). Sambuar med Ole Bjørn Skogen, busett i Sykkylven.
Dottera Grete Engeseth (f.1956) flytta heim att frå austlandet, og tok først over hovedhuset på garden. Våren 2019 tok ho over bruket, og har også starta opp att med gardsdrift. Ho var tidlegare gift med Arne Johan Havnen (f.1954), frå Ålesund, og seinare sambuar med Per-Inge Sylte. Grete har interessert seg særleg for kunst- og tekstilhistorie, samt dei gamle møblane og brukskunsten som framleis er å finne på garden. Ho har utdanning som interiørkonsulent og er dagens grunneigar.
a) Elling f.1974 busett Magerholm
b) Helene f.1976 2006 g.m. Espen Olesen, Fremmerholen, busett Oslo.
c) Magnus f.1981 sambuar med Renate Nesse Sulesund, busett Hatlane.
d) Malin f.1995 sambuar med Stein Erik Larsen, Bud, busett Trøgstad.