Bruket vart frådelt Knutgarden bnr. 1 i 1712. Før den tid hadde det kun vore eit gardsbruk i Emblemsvågen frå reformasjonen. Ein finn namna på brukarane først frå 1603. Det er mogeleg å lesa meir om dei under bnr. 1 Knutgarden. Det kan verke merkeleg å dele opp Emblemsvågen i ei tid der brukaren i Knutgarden sleit med å få endane til å møtast, reint økonomisk. Halvard Sjursen Emblemsvåg makta heller ikkje å betale tiende. Om det var gardeigaren, Peter Finde Astrup, eller brukarane sjølve, som ville ha denne delinga er uviss. Det er likevel verdt å merke seg at den første brukaren i Antonesgarden var svigersonen til Halvor. På den tida måtte ein ha ein leveveg, i form av ein gard, eller husmannsplass, før ein kunne gifte seg. Sjur og Randi gifta seg det same året som bruket vart delt. Dette var ei tid der folketalet vaks, og det vart vanskelegare å finne seg eit ledig bruk. Det kan såleis ha vore ei praktisk årsak til denne delinga. Det vart dessutan fleire hender i arbeid, og det kan verke som om det vart lettare å greie seg også. Mora, og stefaren til Randi, fortsette å drive den andre halvdelen av garden i nokre år til.
Sjur Torsen (d.ca.1716) vart gift 1712 med Randi Halvorsdotter Emblemsvåg(1+5) (1689- 1744). Dei dreiv bruket frå giftermålet, til Sjur døydde 1716. Enka gifte seg opp att med neste brukar.
a) Thore dp.1714-1719 døydde 5 år 7 veker og 3 dagar gamal.
Enka Randi Halvorsdotter Emblemsvåg(1+5) (1689-1744) gifta seg opp att 1717, med ungkar Jakob Rasmusson Emblemsvåg(7) (ca.1677-1754), frå Plassevågen. Dei dreiv bruket til 1743. I arveskiftet etter Randi hadde dei hest, som dei truleg delte med Knutgarden, 4 kyr, kvige og sau. Det ser ut til at dei klarte seg brukbart.
a) Berite dp.1718-1784 1) 1747 g.m. 238 Ole Thyges. Akslen(4), frå Høla, brukar Akslen(4).
2) 1750 g.m. enkemann Ole Larsen Furnes(1), brukar Akslen(4).
b) Rasmus dp.1722-1755 tok over bruket.
c) Halvor dp.1725-1797 1748 g.m. Anne Siversd. Eikenosøydegard(3), brukar i Framigar, Eikenosøydegard (3). Sonen, Halvor vart seinare brukar i Knutgarden, Emblemsvåg(1).
d) Siri dp.1728 vart ikkje nemnd i arveskiftet etter mora.
e) Anne dp.1731-1775 1768 g.m. Jens Nils. Hoff(I), brukar Bjørge(2). Det var halvdelen av garden der tanta, Inger, gifta seg.
f) Daardi dp. 1734 ikkje nemnd i arveskiftet etter mora.
Sonen Rasmus Jakobson Emblemsvåg(5) (1722-1755) gifta seg 1743, med Anne Jonsdotter Røssevoll(3) (dp.1711-1780). Dei dreiv bruket frå 1743, til Rasmus døydde 1755. I arveskiftet etter han var overskotet på heile 150 riksdaler. Rasmus hadde 4 kyr, 2 kviger, sau og geit, færing, kvern og naust. Han hadde også 23 vågar med tørrfisk, verd 10 riksdalar, og ein båt som vart bygd på garden. Det kan tyde på at han hadde høveleg treemner til båt også. Enka gifta seg på nytt med neste brukar.
a) Jacob dp.1743-1801 1768 g.m. enke Maren Pedersd. Alnes(3), brukar Alnes(3). Flytte til Klokkarsund, der Jacob døydde.
b) Torsten dp.1744-1803 1) g.m. N.N.
2) 1774 g.m. enka Ingebor Rasmusd. Østrem(2) frå Larsgarden, brukar Humlen(6).
c) Gunild dp.1746 tok over bruket etter kvart.
d) Randi 1748-1748 døydde 14 dagar gamal.
e) Jon dp.1750-1765 døydde 15 år og 2 mnd. gamal.
f) Synneve dp.1753-1814 g.m. enkem. Ingebrigt Larsen. Husmannsfolk u/ jord 1801, brukar Haugen(1), Fiskarstrand.
Enka Anne Jonsdotter Røssevoll(3) (dp.1711-1780) gifta seg opp att 1756, med Hans Arnesson (Sul-)Ødegaard(1) (1733-1787), frå Hareid. Dei fekk ingen born. 1784 tok han over i Plassevågen, og gifte seg på ny med enka Marthe Jensdotter Hatlen(Y,1) (1720-1791), som opphavleg vart fødd på Synnes. Halvbroren til Hans, Salomon, brukar Blindheims-Breivik(1+2).
Svigersonen Ole Ebbeson Emblem(8) (dp.1744), frå Ebbegarden, gifta seg 1771, med Gunille Rasmusdotter Emblemsvåg(5) (dp.1746). Dei dreiv garden frå 1770 til 1786
a) Morten dp.1772-1772 døydde 7 veker gamal.
b) Karen 1773-1847 døydde på Blindheim.
c) Ragnhild dp.1775
d) Martha dp.1778-1779 døydde 1 1/4 år gamal.
e) Sivert Martinus dp.1781
f) Hans dp.1783-1790 døydde 6 år gamal.
Jens Andersson Skjortenes (dp.1751-1787) kom opphaveleg frå Stranda. Han vart fødd på Langlo, men familien flytte til Skjortenes, i Stordalen, ikring 1755. Jens hadde ei søster, Birhe, brukar i Ebbegarden, Emblem(8). Han gifta seg 1786 i heimbygda, med Johanne Erichsdotter Fram-Fausa (134b) (dp.1752-1825), og bygsla i Emblemsvågen det same året. Johanne si søster, Anne Erichsdotter, er nemnd på Øvste-Aksla, Akslen(1) frå 1792 til 1794. Jens og Johanne fekk kort tid saman. Han omkom på havet, og vart gravlagd 28. mai 1787.
Enka Johanne Erichsdotter Fram-Fausa (134b) (dp.1752-1825) gifta seg på nytt 1788, med Ole Mogensson. d.y. Hundeide(1) (1758-1823) frå Sykkylven. Dei dreiv bruket i tidsrommet 1788 til 1820. Ole vart forhørt etter «Borgundopprøret» i 1816, der Stephen Stephenson Emblem vart henta ut av fengselet i Kolvika. Han forklarte at han var motvillig med, og fekk derfor ein mild dom. Bror til Johanne var Hans Erichson, som var brukar på Øvste-Aksla, og seinare husmann på Martaplassen i Østremsvika.
a) Jens Carolus dp.1789-1789 døydde 7 veker gamal.
b) Ingebor Martina dp.1790-1790 døydde 8 dagar gamal.
c) Ingebor Cathrine Marie dp.1792-1831 1814 g.m. ungkar Ole Pauls. Festøy(2), brukar Festøy(2).
d) Helena Andrina dp.1796-1863 tok over bruket.
Svigersonen Anders Rasmusson Røyrhus (1795-1875) kom frå Hjørundfjorden. Han forlova seg 1820 med Helene Andriana Olsdotter Emblemsvåg(5) (dp.1796-1863). Ho døydde som spedalsk. Anders gifta seg på nytt 1864 med Isachine Olave Olsdotter Akslen(4) (1819-1896), frå Høla. Ho døydde som legdskone på Nedregotten. Kanskje var dette hos dottera? Anders dreiv bruket frå 1820 til 1849.
a) Ole Johanes dp.1821
b) Rasmus Emmanuel 1822-1858 tok over bruket seinare.
c) Johanne Maria f.1824
d) (Ole) Johan Andreas 1826-1906 1849 g.m. 024d Ane Gurine Ludvigsd. Hesseberg(2), brukar Hesseberg(2).
e) Ingeborg Marie 1828-1881 1851 g.m. Rasmus Ols. Søvikhaug, Øvre-Søvik(3), brukar «Hatleholen-Ytre», Hatlehol(2).
f) Elen Johanna 1830-1906 1860 g.m. Ole Andreas Ols. Stokkereit, busett Buholmgata, Ålesund 1900. Elen døydde i Bergen.
g) Ingeborg 1833-1892 døydde som fattiglem i Ålesund.
h) Hellene 1838-1838 døydde 6 dagar gamal.
i) Eline Olivia Birgithe Marie f.1866 ugift husholderske i Guttormgarden, Nedregotten(2) 1900.
Sonen Rasmus Emmanuel Andersson Emblemsvåg(5) (1822-1858) gifta seg 1848, med Massi Eriksdotter Bjerke(5) (1822-1849), frå Hjørundfjorden. Ho døydde i barselseng, 26 år gamal. Året etter sa han frå seg bygselskontrakta, etter kun eit år som brukar.
Antonius Britanus Johanesson Spjelkaviknes(3) (1825-1920) er den som har gjeve namn til garden. Han gifta seg 1849 med Maren Beate Larsdotter Nedregård (1826-1889). Dei dreiv garden frå 1850 til 1886.
a) Lovise Marta 1849-1924 ugift. Nemnd som fosterdotter hos besteforeldra på Nedregård 1865. Var pleier for spedalske i Bergen, og døydde sjølv som spedalsk.
b) Johan 1853-før 1896 1882 g.m. Sara Amalia Kristiansd. Nygaard frå Davik. Flytta til Ålesund. Ho er nemnd som enke i «Torv Gade» 1900.
c) Lars 1853-1907 1880 g.m. (Berthe) Maria Johanne Eliasd. Spjelkavikgjerde(5), brukar Spjelkavikgjerde(5). Flytte til Ålesund 1883. Lars døydde der. Maria emigrerte til Canada, og Seattle, der ho døydde i 1937.
d) Ole Andreas 1855-1933 1882 g.m. Caroline Petrine Knutsd. Skarbø(1), busett som brukar i Olevågen, Eikenosvåg(2). Flytte til Ålesund 1885. Vognmann i Ålesund 1900, og enkemann 1910.
e) Maren Johanne Karoline 1859-1897 tok over bruket.
f) Amalie Sophie f.1866 1888 g.m. Kristoffer Olavius Lars. Søvik(2), brukar i Søvika.
g) Peter Andreas f.1869
h) (Hanne) Anna Karoline Marie f.1872 1) 1901 g.m. Ole Martinus Larss. Fylling(6).
2) 1905 g.m. Knut Ragnvald Harald Hanss. Steinsvik, busett i Langevåg. Fekk 1899 sonen Anton med Joachim Thomas Peder Johanss. Emblem(2), frå Garsendhaugen, som døydde ved fødselen.
Svigersonen Severin Kornelius Martinus Rasmusson Kvalen (1856-1952) kom frå Rovde. Han flytte til Borgund 1885, og gifta seg det same året med (Maren) Karen Johanne Karoline Antoniusdotter Emblemsvåg(5) (1859-1897). Ho døydde i barsel då dottera Karn vart fødd. Severin dreiv bruket frå 1886 til 1939. Han gifta seg opp att 1899, med Anne Eline Johansdotter Emblem(2) (1865- 1943), frå Garsendhaugen.
a) Marie Anna Sofie 1887-1983 1905 g.m. Hellick J. Glaim. Dei fekk 7 barn og eit fosterbarn. Budeie då ho emigrerte til Amerika 1904. Først til tanta i Clarkfield, deretter St. Paul og Minneapolis.
b) Anton Ragnvald Peter 1890-1992 tok over bruket.
c) Sofie Karoline Emilie 1894-1963 tok over bruket seinare i lag med far sin.
d) Karn Lovise Josefine 1897-1975 1922 g.m. målarmeister og lakkerer Leon Ørbeck, busett Oslo.
Sonen Anton Ragnvald Peder Emblemsvåg(5) (1890-1992) var fiskar og tømrer. Han emigrerte 1911 til Minnesota, der han tok etternamnet Emblem. Anton vart først gift i 1929, med svenske Mathilda Klingsberg. 1973 gifta han seg opp att med Viola Myrtle Conger (1903-1999). Anton var fleire gongar attende til heimbygda, og fekk besøk i USA også. Han var ven med mellom anna sambygding og handelsmann Karl Iverson Furseth, som dreiv handelslag på Høybråten i Oslo, og besøkte han der. Anton døydde i Portland, Oregon 1992.
Søstera Sofie Karoline Emilie Emblemsvåg(5) (1894-1963) tok over bruket, etter bror sin, ein gong etter 1938. Ho var ugift, og dreiv det saman med far sin. Då dei ikkje klarte å drifte bruket lenger, overlet dei Antonesgarden i 1950 til søstersonen.
Søstersonen Odd Ørbeck (1920-1985) var vel vand med gardsarbeid. Han hadde vore der, saman med broren Arvid (1922-1988), for å hjelpe bestefaren og tanta si om sommaren. Arvid emigerte til Amerika. Odd gifta seg 1959 med Helga Johanne Ødegård Eikenosøydegard(3) (1926-1977), frå Framigar. Det vart på denne tida mindre vanleg å klare seg på gardsdrifta åleine. Dei fleste tok seg derfor arbeid i kommuna. Odd hadde derimot fått opplæring i lakkering frå far sin i Oslo, og fekk seg arbeid med dette, på «Ødegårds Karosserifabrikk», hos svigerfaren, Ole Ødegård, i Puskhola. Helga var dotter til Karoline, som vaks opp i Magerholmdalen. Odd og Helga bygde seg nytt hus på garden, og Odd dreiv også litt med kunstmåling på fritida. Eit av motiva frå 1943 er av «Severinbuda». Det finn du att under Garsendhaugen bnr. 2 på Emblem, litt lenger fram i denne boka.
a) Linda Karin f.1960 tok over bruket saman med broren.
b) Ole Leon f.1961 tok over bruket saman med søstera.
Sonen Ole Leon Ørbeck (f.1960) er ein av dagens to grunneigarar, og sambuar med Anne Irene Lilleeide (f.1964). Han tok over huset etter foreldra sine. Saman med søstera og naboane starta dei 2017 å dele opp markane i Emblemsvågen til nye bustadfelt.
a) Eirik f.1992 sambuar med Linn Strømsnes, frå Ålesund, busett i bygda.
b) Anders f.1999 busett ved tunet.
Linda Karin (f.1960) gifta seg 1988, med Roar Opsahl. Ho er den andre av dagens to grunneigarar. Dei reiv det gamle våningshuset, og sette opp eit nytt hus, dels inspirert av det gamle. Saman med broren, og naboar, starta dei 2017 å dele opp markane i Emblemsvågen til nye bustadfelt.
a) Sunniva f.1990 busett Ålesund.
b) Sondre f.1993 busett på garden.