LUDVIKPLASSEN
Nedlagd husmannsplass under bnr. 5 Antonesgarden, også kalla «Reiten»
Ludvig Gregorius Ingebrigtsson Valle(7) (1844-1928) var snikkar og dampskipekspeditør, gjerne kalla «Auskjer-Ludvik». Han var bror til 6027 Ole Ingebrigtson Valle(7), på Ystebøen, Emblem(5). Ludvig kom frå «Hatlen», Valle(7), og fekk delt frå ein husmannsplass lengst vest i utmarka 1865. Området heitte då «Reiten» og «Storketeigane», så det var ikkje ustelt mark han fekk. Det høyrde også med eit lite sjøstykke. Ludvig betalte 35 speciedaler for å få bygsle plassen, og 1 speciedaler i årleg leige. Han hadde også 5 pliktdagar i onnene på Antonesgarden. Området har seinare fått namna «Ludvikdalen», og «Ludvikplassen» etter han. Ludvig gifta seg 1870, i Sykkylven med, (Anne) Lovise Petersdotter Riksheim(12) (1834 -1909). 1910 gifta han seg opp att med Karen Sofie Petersdotter Klokk (1857-1916), frå Ånehjellen. Dei fekk ikkje så mange åra saman. Det starta ikkje så godt for den nye husmannen i Emblemsvågen. Han måtte låne pengar frå Klaus Emblem, og ein handelsmann i byen, med pant i den nybygde stova si. Det makta han ikkje å betale attende, så i 1868 vart det eksekusjonsforretning på plassen. Av eigendelar kan nemnast hus, ku, 4 sauer, færing og fiskeutstyr. Etter kvart gjekk det betre, og Ludvig dreiv som snikkar attåt drifta av plassen. Ekspeditør på dampbåten var han óg. Der var då ingen dampskipskai, så lossinga måtte foregå ute på fjorden. I lasta kunne det vere både levande dyr, og sirupstønne på fleire hundre kilo. Alt vart rodd ut dit dampen hadde ankra opp, og det var krevande ved den lunefulle Flisfjorden. 1917 gifta Ludvig seg for tredje gong, med Johanne Marie Thoresdotter Lied(216c, Aspefloten) (1872-1941). Ho vart døypt på Stranda. Sjølv om namnet «Reiten» vart nytta i 1910-teljinga, så var det nok stort sett namnet Ludvikplassen som vart nytta på folkemunne. Husmannsplassen vart nedlagt då enka etter Ludvig døydde i 1941, men namnet lever vidare i gatenamnet «Ludvikdalen», i det eldste byggefeltet lengst aust på Flisneset. Den tidlegare husmannsplassen er no sprengt ut og erstatta av eit nytt bustadfelt.
a) Berte Jensine 1862-1949 Berte 1906 g.m. enkem. Johan Edvard Colbens. Ville(6) frå Hjørundfjord. Ho var Lovise si dotter med Bornaa Bornaasen Aasen, frå Grytten.
b) Ingeborg Anne Nicoline 1871-1933 1894 g.m. Vilhelm Andreas Vilhelms. Gåseidnes(1), Familien budde først i Emblemsvågen. Etter det på Kårstad, Ratvik(3) 1900, og Klokkersund(1) i 1910. Når Ingeborg døydde 1933, var ho busett på Tunheim, Gåseid.
c) Peter Martinus f.1875 1896 g.m. Marie Kristofa Eline Eliasd. Furnes(2). Familien budde på Kårstad, Ratvik(3) 1900. Han var snikkar.
d) Tomas Martins. Lied 1900-1973 1925 g.m. Oline Karoline Josefine Petersd. Strømmen, busett på Emblem. Han var steinarbeidar, og Johanne sin son med Martinus Jørgensvåg, Volda.
e) Olav Johans. Lied 1909-1979 1938 g.m. Emilie Jonasd. Myklebust(327a), frå Valldal. Han skreddar i Sykkylven, og Johanne sin son med husmann Johan Eliass. Lied(230).