Bnr. 11 SJURSGARDEN

 

 

Knud Jonson er den første brukaren ein veit namnet på. Han dreiv bruket frå 1603 til 1617. Sjursgarden var erkebispegods før reformasjonen, og vert omtala i Aslak Bolt si jordebok frå 1440. Garden hadde tidlegare vore verdsett til «3 1/2 matabol», som er ei gamal eining for ei viss mengde smør og mjøl, som skulle betalast av brukaren. Dette vart seinare revidert til bygsling, mot ei årsleige på 1 laup smør. Då eigde erkebiskopen meir enn berre Sjursgarden, for når danskekongen tok over det gamle erkebispegodset på 1600-talet, var det kun en fjerdepart att. Resten hadde kome over i privat eige. Sjursgarden var den delen som kongen framleis eigde, og Knud måtte derfor betale landskylda si til kongen.

 

Ingvald Eriksen var den neste bygselsmannen. Han dreiv garden frå 1617 til om lag 1645. Han overlet bruket til sonen.

a) Sivert  f.ca.1620  tok over bruket.

 

Sonen Sivert Ingvaldson Emblem(11) (f.ca.1620) dreiv garden til 1690. Han skatta for hest, ukse, 6 kyr, 3 geit og sau i 1658. Han er også nemnd som «Siur», så gardsnamnet kan vere frå hans tid.

a) Ingvald  ca.1646-1720   tok over bruket.

 

Sonen Ingvald Sivertson Emblem(11) (ca.1646-1720) gifta seg med Malene Gundersdotter (ca.1645- 1720). Han dreiv garden først saman med far sin, før han tok over heile bruket i 1690-åra, og dreiv garden til 1705. Det kan verke som om der skjedde noko i 1720. Ingvald og Malene vart gravlagde samstundes. På samme tid vart også Ole Ingebrigtsen Emblem, på 52 år, og Marthe Arnesdotter Emblem, på 52, ført til sin siste kvilestad. Ole var kårmann i Auregarden. Marthe er det enno usikkert kvar ho kom frå.

a) Kari/ Karen  ca.1677-1740   1) 1702 g.m. Peder Ols. Brusdal(1), brukar Brusdal(1).

                                                     2) 1710 g.m. «danemand» Jetmund Ols. Brusdal.

b) Brith  d.ca.1737  1728 g.m. soldat Povel Elefs. Slettebakk(1), Skodje, brukar Slettebakk(1).

c) Gunder  f.ca.1680  var tenar hos enka i Steinvågen 1701, og 1704 hos borgar Smidt på Giskeødegård, saman med Ingebrigt. Ols. Emblem(9).   frå Auregarden. Ole seinare brukar her i Sjursgarden.

d) Hans  f.ca.1684   er nemnd som «suag over Livet». Innrullert 1704, i Bergen avd.1. Tente då hos Giertrud Badenhaupt i Spjelkavik. Fekk sonen Lars 1706 med Synneved, tenar Utigard, Eikenosøydegard(1).

e) Jon  1691-1729   tok over bruket.

 

Sonen Jon Ingvaldson Emblem(11) (1691-1729) tok over bruket 1705, og dreiv fram til 1729. Han gifta seg 1710, med Anne Størkersdotter Blindheim(8) (ca.1676-1746).

a) Siur  dp.1711-1776   1741 g.m. enke Matilde Olsd. Vedde(2), brukar Vedde(2).

b) Brit   dp.1712-1749   1738 g.m.  Jørgen Anders. Østrem(3), Abrahamsgarden, brukar Østrem(3). Ho døydde i barsel.

c) Anne  ca.1715-1750  1748 g.m. Otthe Larss. Østremsreit(1), brukar Grimstad(1).

d) Hans  dp.1717-1742  drukna 24 1/4 år gamal. Han er registrert med jamnaldring Ole Ols. Nakken, som også drukna. Kanskje var dei i same båt.

e) Didrich  dp.1720  vart ikkje nemnd i arveskiftet 1746.

f) Ole  dp.1722-1766  1749 g.m. Aleth Pedersd. Brathaug(1+2), brukar Brathaug, Sula.

 

Enka Anne Størkersdotter Blindheim(8) (ca.1676-1746) gifta seg om att 1731, med Axel Axelson Nedregotten(I) (1701-1755). Det er ikkje noko spor etter born frå dette ekteskapet. Axel gifta seg opp att med Malene Gregoriusdotter Røssevoll(1) (1710-1797) i 1747. Det er mogeleg at Axel har vore brukar frå om lag 1831, og til han døydde i 1755. Skiftebuet etter Anne var på 128 riksdaler, med ei gjeld på 56. I arveskiftet er det også nemnd hest, 7-8 kyr, naust og kvern.

a) Anne  dp.1749-1812  tok over bruket seinare.

b) Birthe  dp.1752-1773  var ugift.

 

Enka Malene Gregoriusdotter Røssevoll(1) (1710-1797) gifta seg 1756, for andre gong, med Ole Ingebrigtson Emblem(9) (1725-1785), frå Auregarden, Emblem(9). Han hadde tidlegare vore tenar på Giskeødegård i 1704, saman med Gunder frå dette bruket. 1769 skriv presten at dei levde skikkeleg og kjærleg, men at dei hadde få bøker. Dei tok kår hos svigersonen i 1779.

a) Anne 1758-1778 Døydde 20 1/3 år gamal.

 

Svigersonen Niels Olson Akslen(4) (dp.1747-1781), frå Høla, gifta seg 1780 med Anne Aksels- dotter Emblem(11) (1749-1812). Dei fekk ikkje lange tida saman. Giftarmålet var i november, og allereie 2. april det, påfølgande året, vart Niels gravlagd. Anne dreiv bruket åleine i litt over eit år, før ho gifta seg på nytt.

a) Niels  1781-1850 tok over bruket seinare.

 

Enka Anne Akselsdotter Emblem(11) (1749-1812) gifta seg om att 1782, med Peder Olson Rødsethatlen. Nok ein gong vart ekteskapet kortvarig, og Peder døydde etter 5 år. Der var lite buskap etter han på garden, for arveskiftet nemner berre 2 kyr og 4 geiter. Han dreiv vel kanskje mest med fiske i staden.

a) Ole Peders. dp.1783-1797 Døydde 14 år gamal. Han var registrert som dreng.

 

Enka Anne Akselsdotter Emblem(11) (1749-1812) gifta seg opp att, for tredje gong, med Colben Larsson Lyshol (1745-1824) i 1789. Han vart fødd på Vinsnes(B) i Ørskog, og dei dreiv bruket i nesten 10 år, til 1798.

 

Sonen Niels Nilsson Emblem(11) (dp.1781-1850) gifta seg 1800, med Inger Larsdotter Nedregotten(2) (1771-1846), frå Guttormgarden. Dei dreiv bruket mellom 1798 og 1826. I 1849 gifta Niels seg opp att med enka Ane Marthe Olesdotter Øie(1) (dp.1783-1855), som hadde vore gift og busett i Tykjegarden, Røssevoll(3). 1807 hadde dei hest, 5 kyr, 5 ungfe, 5 sauer og 8 geiter på garden. I deira tid som brukara, brann to av bruka i klyngetunet ned ei natt i 3-4 tida. Dei var då del av eit felles tunklynge, så resten av bruka til matrikkelgarden Emblem var også i fare for å stryke med. Nils lova at dersom sjursgardshusa vart berga, så skulle han gje ei ku, eller ta til seg eit fattig born. Husa vart berga og han tok til seg ei jente frå Ole Akslen(4) i Høla, men ho døydde etter kort tid. Det kan ha vore Mallene Siverine Akslen(4) (dp.1815). Ho var tvilling. Brannen må difor ha vore ikring 1815 og før sonen, Ole, gifte seg 1826. Anne Ellingsdotter Emblem fortalde at Nils og Inger budde i eiga kårstove då ho var ung. Sjursgarden hadde tunet sitt ovanfor Steffågarden. Gamlehuset på denne garden står framleis, så det må ha vore i bakken nedanfor huset til Eli Marie og Harald Reiten. Sjursgarden må med andre ord ha vorte flytta lenger vest og nedanfor Steffågarden etter utskiftinga, i Andrine Christiane Arnesdotter Nedregotten si tid på garden, medan kårstova stod att på sin opphavelege plass.

a) Ole Andreas  1800-1831  tok over bruket.

b) Ellen Emte Malene  1802-1803   døydde 16 veker gamal av koppar.

c) Lars Martinus  1804-1844  1832 g.m.  Jørgine Elisa Andrea Andersd. Dragsund, frå Volda. Brukar Hatlehol Ytre, Hatleholen(3).

 

Sonen Ole Andreas Nilss. Emblem(11) (1800-1831) gifta seg i 1826, med Andrine Christiane Arnesd. Nedregotten(1) (1799-1862), frå Skaret. Dei fekk ingen born, og Ole døydde kun 31 år gamal, 5 år etter. Andrine kjøpte Sjursgarden for eigne pengar. Slikt var ikkje vanleg den gongen, men ho hadde tent hos skrivar Knud Carl Krogh, i Hamna («Skrivarhamna») på Sula. Mykje tydar på at ho hadde lært eit og anna om økonomi og investeringar der. Etter den tid budde både Krogh, og den nye skrivaren Joachim Gotsche Holmboe, i Sjursgarden, når dei hadde oppdrag i nærleiken. Andrine fekk også registrert nye kjøp heime, framfor å reise til den nye skrivargarden «Fredsberg», ved Nørvasundet. I 1827 skreiv Ole ut bygselsbrev på Inste Åkerneset, der far til Andrine, Arne Ellingson Aakernes, opphaveleg kom frå. Det ser ut til at ho kjøpte ut garden med pengar ho tidlegare hadde arva etter han. Beløpet var i alle fall om lag det samme.

 

 

Enka Andrine Christiane Arnesdotter Nedregotten(1) (1799-1862) gifta seg om att 1833, med Knud Olson Kyrkjebø(1) (1795-1838), frå Lassegarden på Sula. Knud vart etter kvart ein av dei rikaste i distriktet, og Andrine var ikkje noko ringere. Dei reiste mellom anna ikring og kjøpte opp gardar på auksjon. Ved eit høve vart fleire av desse tingleste på ein og same dag. Krona på «eigedomsverket» vart kjøpet av Giske kapell, for 100 speciedaler i 1834. Knud delte eigedomsretten med bror sin, Johannes Olson Kyrkjebø, som dreiv garden Teigene på Hareid. Det vart fortalt at at det tok over ei veke å samle inn årsleiga frå bygselsmenn og husmenn.

a) Andreas Ole Johan  1834-1922   tok over bruket seinare.

b) Lars Karolus  1837-1846   døydde 9 år gamal.

 

Enka Andrina Christiane Arnesdotter Nedregotten(1) (1799-1862) gifta seg ein tredje gong, med Lars Kristianson Viddal(7) (1812-1876) frå Hjørundfjorden i 1841. Det samme året finn ein ei rekkje tingleste dokument på gardskjøp. Ho drukna ute på fjorden ved Valldalen 15. juli 1862, saman med 6 andre. Frå nokre av kjeldene kan ein lese at dei var på veg til land frå dampbåten. Lars var visst også med, men overlevde. Han gifta seg 1864 om att, med enka Johanne Maria Jensdotter Godø(8) (1824-1878), som vart fødd i Ebbegarden, Emblem(8). Når stesonen, Ole, var gamal nok til å ta over, flytta Lars og Johanne til naboplassen Skorene, Emblem(10), der dei vart husmenn under enka i Auregarden. Dette kan verke rart, sidan Lars hadde nok av pengar og eigedom, men det er mogeleg at overføringa av garden var ein del av avtalen som Andrine hadde organisert, i god tid før ho døydde. Andrine hadde nemleg vore tenar for sorenskrivar Krogh, og hadde lært eitt og anna frå han. Folk i bygda brukte knebukser med rosa hoseband på hans tid, og skinnhatt når dei var på sjøen.

 

 

Sonen (Andreas) Ole Johan Knudson (1834-1922) vart kalla «Sjurs-Ole» på folkemunne. Som foreldra sine, var også han ein høveleg rik mann. Ole selde fleire av gardsbruka, som dei hadde kjøpt, men beheldt gardane gnr. 20 Brevik (bnr. 1 og bnr.2), og gnr 54 bnr. 10 Raudeberget heile livet. I tillegg selde han sin fjerdepart av kyrkja på Giske til kyrkjelyden. Den parten hadde han arva etter far sin. Han gifta seg i Ørskog kyrkje 1860, med Anne Petrine Pedersdotter Valde(1) (1840-1881), frå Glomset. Nokre år før giftermålet, kjøpte han også Larsgarden, Østrem(2), frå postmester Tonning i Ålesund. Den gav han seinare i gåve til sonen Lars. Det kan nemnast at han arva Inste Åkernes frå mor si. Det var der morfaren kom frå. 1316 Jacob Aakernes er også fødd der. Han kjøpte garden etter nokre år som bygslar, før han selde garden, og flytta til Hansgarden på Flisnes.

a) Andrea Marie Lovise  1862-1937  1885 g.m. Ole Christian Ellings. Humlen(1), brukar Humla(1). Ho vart kalla Andrine ved vigsel og død.

b) Knud Lauritz  1866-191  tok over bruket.

c) Lars Karl Joakim  1870-1952  1896 g.m. Karen Marie Vilhelmine Hansd. Holmeset(1). Han fekk Larsgarden, Østrem(2), i gåve av av far sin og vart brukar der. Fekk 1895 dottera, Olivie, med Lovise Hovden frå Sykkylven. Ho gifta seg seinare med enkemannen Fredrik Lars. Emblem i Negarden, Emblem(1). Ho hadde vore tenestejente der.

d) Johanne Elisa  1874-1946  1894 g.m. Laurits Edvart Larss. Skjong(1), brukar Skjong(10).

 

Sonen Knud Lauritz Olson Emblem(11) (1866-1917) tok over halve Sjursgarden, og halve hoved- huset, medan faren eigde resten. Knud gifta seg med Lovise Marie Rasmusdotter Blindheim(2) (1862-1915) i 1888. Familien vart fleire gongar råka av ulukke. I januar 1894 døydde begge borna av difteri. Når den yngste dottera, Agnes, var 8 år gamal, døydde Lovise og kun to år etter døydde også Knud Lauritz. 19 år gamal måtte Olaf ta over gardsdrifta, saman med dei eldste søstrene sine. Dei fekk tildelt onklane sine som verger, men fortsatte å bu på bruket med bestefaren, «Sjurs-Ole», som framleis eigde halve garden. Anna var eldst, og måtte ta mora sin plass, som husmor på garden. Knud sin halvpart vart fordelt på borna i arveskiftet 1917. Når Sjurs-Ole døydde, fekk dei også kjøpe ut denne delen frå slekta si i 1923. Olaf hadde odelsretten, men søstrene dreiv bruket åleine frå 1923. Agnes var då gamal nok til at han kunne søke lykka i Amerika, som så mange av jamnaldringane.

a) Lovise Anna Karoline  1889-1894   døydde av difteri.

b) Olaf Ragnvald Peder  1891-1894   døydde av difteri.

c) Anna Olivie Mathea  1894-1989  1940 g.m. enkemann Karl Emil Martin Karolus. Sunde(1), brukar Sunde på Sula.

d) Olaf Ragnvald Peder  1898-1970  tok over halve bruket etter foreldra sine 1917.

e) Magda Leonora Mathilde  1900-1985  1931 g.m. Karl Solevåg, bygde hus ved garden.

f) Ragna 1902-1986  1925 g.m. Karl Bernhard Peters. Søvik i Hamnsund kirke, brukar Lygarden, Søvik.

g) Agnes Caspara Petra 1907-2004  1934 g.m. Ingvald Olai Ivars. Flø frå Syvde. Dei fekk utskilt parsellen «Lunheim», nede ved den gamle bygdevegen i 1937. Der bygde dei hus og løe. Ingvald slo markane i Sjursgarden ein periode. 

 

 

Sonen Olaf Ragnvald Peder Emblem(11) (1898-1970) tok først over drifta av den halvdelen av Sjursgarden, som faren dreiv. Søskena fekk si arv som pant i garden, fram til Olaf kunne betale ut deira del i pengar. Når Agnes var gamal nok, drog han til Amerika i 1923. Ved avreisa lova han å kome heim att, men slik vart det ikkje. I San Pedro, California, gifta han seg 1935, med Wernie Judge. Ekteskapet varte ikkje, og han miste både huset og det meste av sparepengane sine. Heime gjekk søstrene å venta på han, og særleg Agnes. Eldstesøstra, Anna, var den som vart buande lengst på bruket som forpaktar. Ho gifta seg først i 1940. Sjursgarden vart aldri slått saman til eit heilt gardsbruk att. Etter 1923 vart bruket ytterlegare delt opp i mindre bitar. Det vart etter kvart bestemt at søstrene skulle få kvar sin gardpart. Ragna og Magda fekk sine tomter i 1933, medan Agnes fekk delt frå sin del til eit småbruk i 1937. Anna fortsette å bu i huset fram til krigen, og fekk sin del nokre år seinare. Etter 1940 vart huset leigd ut. Det hadde torvtak, og datt ned på 1950-talet, etter at det vart ståande tomt ei tid. I dag er tunet grodd att. Stabburet og løa står framleis, men er i særs dårleg forfatning. Gardpartane er vidare stykka opp i hustomter, der fleire tilhøyrer etterslekta. Resten av garden overlet Olaf direkte til nevøen Ove Arne Flø.

 

Søstera Agnes Caspara Petra Knudsd. Emblem(11) (1907-2004) gifta seg 1934, med fiskar Ingvald Flø (1900-1985), frå Syvde. Årsaka til at dei vert nemnd her, er at deira part av garden var den einaste som vart nytta som småbruk etter 1940. Den fekk namnet «Lunheim», bnr. 33 i 1937. Dei slo markane, og dreiv dermed delar av Sjursgarden etter at Anna flytta i 1940. I dag er småbruket lagd ned og hovudhuset seld og bygd om betydeleg.

a) Ivar Oddmund  (1938-2023)  tok over bnr. 33, Lunheim. Busett ved tunet.

b) Leikny Kjellaug  f.1940   1975 g.m. Per Einar Johnsen Engesmo, busett på bruket

c) Ove Arne  (1943-2023)  tok over Olaf sin gjenverande gardpart.

 

Sonen Ove Arne Flø (1943-2023) er gift med (Helga) Marit Lomsdalen, og busett i Bærum. Han tok over den delen av Sjursgarden som omfattar sjølve tunet og hovedbølet. Det vart delt frå bustadtomter til søskena, Ivar og Leikny, i 1969. Onkelen Olaf Ragnvald Peder overlot sin del av garden direkte til Ove, som framleis er grunneigar på bruksnummer. 11.

a) Ivar Jan  (1968-2023)  var busett i Bærum.

b) Tone Marlen f.1971  g.m. Tor-Edvin Helland. Busett i Oslo.

 

Broren Ivar Oddmund Flø (1938-2023) fekk rett på løa og jorda til «Lunheim», bnr. 33, etter foreldra. Leikny tok over hovudhuset. Han gifta seg med Oddrun Kvasnes(4) (1940-2025) i 1963, og busette seg i eige hus ved tunet. Det gamle hovudhuset var seld til Aneta Katarzyna Binczyk i 2013. Det er no bygd om betydeleg.

a) Elisabeth   f.1966  2000 g.m. John Folkedal, busett Kopervik.

b) Jenny-Ann  f.1967  er busett i Oslo.

c) Inger-Oline  f.1969  er sambuar med Terje Haugli, busett på Fornebu.