Bnr. 2 Oppigar
Trykk her for å finne garden på kartet
I 1603 finn vi Peder Erichson Hesseberg som eigar av heile Hesseberg. Allereie i 1607 vart garden delt i to gardsbruk. Det eine var Nerigard, bruksnummer 1, og det andre var Oppigard med bruksnummer 2. Begge bruka fekk då nye bygselmenn. Medan Nerigard no skulle drivast av Størker Justsen, så skal vi i staden følge rekkefølga på Oppgigard, som byrja med Peder Eriksen. Når Peder døydde i 1630-åra, vart dei to hessebergbruka slegne saman att ei kort stund. I 1650 vert det notert i dei skriftlege kjeldene at enka sat att med bruket. Det er sjølvsagt vanskeleg å fastslå med sikkerheit kven dette var, men det kan vere ei viss moglegheit for at dette kan ha vore enka etter Peder Eriksen. Samstundes er det uklart kvifor garden vart sammanslegen med Nerigard i 1630.
a) Synneve ca.1664-1751 1706 g.m. enkemann 819 Joen Joensen Røssevold(3), brukar Røssevoll(3).
b) Anne d.e. ca.1679-1729 1711 g.m. 836 Aslach Aslachsen Røssevold(5) i Pe- garden, Røssevoll(5).
c) Ole ca.1684 17 år ved 1701-teljinga. Soldat i 1713.
d) Anne d.y. ca.1686-1713 1710 g.m. 6079 Ingebrigt Ols. Emblem(9), brukar Auregarden, Emblem(9).
e) Erich ca.1697-1737 Tok over bruket.
a) Maria 1720-1742 Ugift.
b) Karen 1726-1806 1759 g.m. Ole Steensen Østrem(4) frå Steinsgarden på Østrem, brukar Østrem(4).
c) Oluf dp.1724
d) Peder 1728-1742 Døydde 13 år og 8 veker gamal.
e) Ingeborg dp.1732-1804 1758 g.m. Nils Nilsen Neberg, Bergen, busett i Ingebrigtsgarden(1), Fiskerstrand.
f) Knud ca.1737-1809 1) 1758 g.m. Marte Olsd. Ytresæter(1), Stordalen.
2) 1785 g.m. Guri Rasmusd. Hjelde, Voll, Rauma.
3) 1786 g.m. Berthe Jetmundsd. Holt(1), Stordalen. Brukar Ytresæter(1), med
etternamnet Sæter, i 1809.
Niels Larsen (ca.1688-1742) kan ha kome frå garden Lied på Stranda. Sjå brukar 140 der i bygdebok for Stranda. Han gifta seg 1730 med Gyri Olsdotter Stavseng(120f) (1700-1767), fødd på Stranda, og var brukar frå 1734 til 1742. Når han døydde, tok føderådsenka Magrethe (sjå 018 og 020 ) over garden igjen, før ho og to av borna døydde litt seinare det samme året. Gyri gifta seg då på nytt våren 1743 med neste brukar 020, som var enkemann etter Margrethe. Ein måtte være minst to vaksne for å klare alt gardsarbeidet, så det er usikkert om giftermålet først og fremst var av praktisk art. Dei fekk ingen born saman. (sjå meir under neste brukar)
a) Giertru dp.1734 Fødd på Hesseberg. Tok over bruket.
b) Birthe dp.1738 Kanskje ho som var hushalderske på «Borgund fri- og fattigskole» før 1753, og forelska seg i lærar Ingebrigt Glomset. Dei fekk seinare bot på 18 riksdaler for leiarmål.
Enka etter Erich Erichson, Margrethe Pedersdotter Hesseberg(2) (ca.1692-1742), Glomset(Ø,2) hadde gifta seg opp att 1738 med ungkaren Jens Knudson (1712-1775), døypt på Gangstad(1). Han er nemnd som formyndar på Gudmundset(1) i 1758. Då ho døydde, seint på året 1742, gifta Jens seg opp att 1743, med føderådsenka Gyri Olsdotter Hesseberg(2), som før var gift med Jens si mor, Elen Bendiksdotter, budde også på Hesseberg, før ho døydde 80 år gamal 17. februar 1767. Den 5. juni det same året vart han på ny enkemann. Jens gifta seg opp att etter få månader med enke Anne Paulsdotter i 1767. Ho var tidlegare gift på Nordigar, Håhjem(3), og dei flytta dit. Jens kalla seg «Hoiem» ved dåpen til Marte i 1769. Anne gifta seg, som tredje gongs enke, med Stener Pedersen Nedrevoll, frå Ørskog, før dottera Marte tok over etter giftermålet i 1792.
a) Paul Jakobs. 1760-1790 Fødd på Håhjem. Anne sin son frå første ekteskap.
b) Jakob Jakobs. 1764-1767 Fødd på Håhjem. Anne sin son frå første ekteskap.
c) Marte Jensd. dp.1769-1826 1792 g.m. Peder Ingebrigts. Skodjebøen. Tok over Nordigar på Håhjem. Jens og Anne si felles dotter.
Lars Larsson Gudmundset(1) (dp.1728-1785) gifta seg 1757 med Giertru Nilsdotter Hesseberg(2) (1734-1770). I 1766 kjøpte dei bruksnummer 2 i Alvika, og flytte dit 1767. Han gifta seg om att i Borgund kyrkje med Ragnille Andersdotter Store-Engeset(2) (dp.1739-1779), Skodje 1771. Lars drukna 1785 ved Heggebakk.
a) Nils 1757-1785 Nemnd som dreng på 26 år, og død i Alvika.
b) Gunhilde 1759-1760 Døydde i senga til foreldra sine, 12 veker gamal.
c) Gunhilde d.y. dp.1760 Konfirmert på Vatne 1778, 17 år, i flg. kirkeboka.
d) Lars 1763-1795 Døydde i Alvika.
e) Maren Christine 1766-1767 Døydde 4 mnd. og 1 veke gamal på Hesseberg.
f) N.N. 1769-1769 Dødfødd, Alvik.
g) Gjertrud dp.1772 Konfirmert 1792 og fadder i 1804.
h) Ole dp.1774-1774 Døydde 3 veker gamal.
i) Birthe dp.1776 Ugift tenar på Vasstrand(1) 1801.
Elias Matiasson Kippervik (1737-1785) gifta seg i 1762 med Marthe Størkersdotter Aure(15) (ca.1738-1811), frå Sykkylven. Dei flytta raskt frå Hesseberg når dei fekk bygsel på Nesvik(1),Skodje i 1762 , men Elias nytta framleis namnet Kippervik ved dåpen året etter, så det er mogeleg at dei då ikkje hadde flytta enno. Marthe gifte seg om att med Lars Pederson Aure Myrset(2) og vart brukar på Myrset(2) i Hundeidvika.
a)Matthias dp.1763 Tvilling, døypt Nesvik. Tok over bruket før 1801.
b) N.N 1763-1763 Dødfødd tvilling.
c) Berthe 1765-1819 1789 g.m. Isac Olsen Nøre Kalvatn, Volda. Brukar Myrset(2), Hundeidvik.
Sonen Matthias Eliasson Nesvik(1) (dp. 1763) gifta seg i 1786 med 432c Anne Olsdotter Østrem(2) (dp.1761), frå Larsgarden på Østrem. Dei vart nemnd i 1801-teljinga, men dødsår er ikkje funne. Kanskje flytte dei frå bruket etter at sonen tok over. Matthias er nemnd som brukar fram til 1816.
a) Anne Helene dp.1787 1814 g.m. Guttorm Anders Svendsen Store-Fylling(3). Han nytta namnet Otterlei ved giftemålet, og var brukar på Søre Fjørtoft.
b) Peter Olaus dp.1792-1874 Tok over bruket.
Sonen Peter Olaus Matthiasson Hesseberg(2) (dp.1792-1874) tok over bruket i ei vanskeleg tid etter napoleonskrigen. Han gifta seg 1816 med, Anne Marie Pedersdotter Lade(6) (ca.1788-1817). Ho døydde i barselseng. Han forlova seg med Anne Martha Pedersdotter Heggebakk(1) (dp.1790-1870), og fekk ei dotter, men gifta seg ikkje med henne. Ho gifta seg 1819 med Iver Zachariassen Hallvardsæter(4), brukar i Ivergarden på Øvre Glomset(1). Det vert fortalt at ho bar dottera i vogga frå båten og opp til garden på Glomset. Peter gifta seg i staden 1818 med Aagathe Olsdotter Blindheim(6) (1794-1856) frå Sykkylven, når den tidlegare forloveden, Anne, var 5 månader på veg i svangerskapet.
a) Elias Peters 1816-1816 Døydde 7 dager gamal på Hesseberg. Mora vart kalla «tøsen» Johanne Knuts Ålesund. Ho gifte seg seinare til Rabben(1), Skodje.
b) Maria Jacobia 1818-1907 1838 g.m. Lars Peter Jørgens. Valle(3), brukar Valle(3). Mor var Anne Marte Pedersd. Heggebakk(1).
c) (Berthe) Marie 1819-1911 Døydde som ugift legdslem i Brusdal(1).
d) Anne Gurine Ludvigsd. frå Ørskog
Fosterdottera Ane Gurine Ludvigsdotter Hesseberg(2) (1826-1909) gifta seg 1849, med 726d (Ole) Johan Andreas Andreasson Emblemsvåg(5) (1826-1906). Sidan har bruket vore i same slekta.
a) Ludvik Nikolai 1849-1874 Ugift.
b) Agnete Marie 1852-1858 Vart kalla Agnete Oline ved dødsregistreringa.
c) Peter Emanuel 1854-1917 Tok over bruket.
d) (Hans)Andreas f.1856 Ugift, Ålesund. 1877 far til Nikoline Johanne Marie med tenestejenta Johanne Johansd. Klokk, Ørskog, og N.N. i 1879, med Birgithe Hansine Petrine Olsd. Brathaug(1), enke på Vedde(2). Han emigrerte til Duluth i Minnesota.
e) (Rasmus) Albert Martinus 1859-1881 Ugift tenar Hatlen. Far til Albertine Olivie 1881. Han drukna ved Ullasundet på fiske i stettebåten. Forloveden, Karen Olivie Andreasd. Nørve(S), var då 5 månader på veg med dottera deira.
f) Agnete Lovise Henninga 1861-1939 Emigrerte til USA i 1886. Ho g.m. Lars J. Eidsvig, busett i Barnes County, Nord Dakota.
g) Lovise Petrine Helene f.1864 Ei med same namn er nemnd i Kristiania, som elev ved Industriskule i 1900.
h) Ingeborg Caroline Severine f.1867 Emigrerte til USA i 1886. Målet var Valley City, Dakota, slik som søstera. Dei drog samstundes, 2. juni. 1895 og 1905 budde ho i St. Louis, Minnesota, nær nevøen Albert.
Sonen Peter Emanuel Olson Hesseberg(2) (1854-1917) gifta seg 1879, med Tomasine «Tomsina» Jensine Gundersdotter Grebstad(8) (1860-1946), frå Sykkkylven. I deira tid vart gamlehusa seld til parsellen «Skuggen», bnr 13 på Kambane i Sykkylven. Det finst fleire artige historier etter henne. Ein gong ho gav middagsrestar til katten, fekk den følgande advarsel med på vegen: «No må du huske å blåse på». Ein annan gong fekk ho besøk frå Larsgarden på Østrem. Ho serverte det beste ho hadde, kjøttkaker med potet og brun saus, men det gjekk nok litt vel raskt unna med kjøtet. Då kom ho med følgande kommentar: «No må dokke endele forsyne dokke me sos og potete med». Tomasine si søster, Anne, vart gift på Hatlehol Ytre med 1021 Rasmus Hatlehol(3). Der er bilete av eit lite «slektstreff» i teksten om denne garden, lenger bak i boka. Peter vart ramma av slag og døydde 1917.
a) Anna Gurine Sofie 1884-1916 1909 g.m. (Lars) Matias Lillestøl, brukar Lillestølen, Spjelkavik.
b) Albert Martin f.1886 Til USA 1905 via Ålesund. Skulle til onkelen Lars J. Eidsvig i Cathryn Barnes County, Nord Dakota. Han flytte til Hibbing i St. Louis County i Minnesota, og arbeidde mykje av livet på jernbanen.
c) Gurine Nikoline 1887-1988 Emigrerte til USA. Døydde i King County Washington. Kalla seg Gina i Amerika.
d) Ole Johan Laurits 1889-1975 1933 g.m. 6112c Anna Lovise Joakimsd. Emblem(2). Dei kjøpte Elvarum, Emblem(15), og vart brukar 6142 der.
e) Ludvig Oluf Martinus f.1891 Til onkelen Lars Eidsvig i Nord Dakota 1910. Er seinare registrert i Duluth, St. Louis, Minnesota.
f) Nikoline Margrete Johanne 1893-1926 Ugift. Døydde på Hesseberg av nyresjukdom. Då nemnd som tenestejente på garden.
g) Peter Elias 1895-1895 Ukjend dødsårsak.
h) Rasmus Tomas 1897-1981 Tok over bruket.
i) Gustav Ingvald f.1900 Til USA 1921. Endra namn til Gus, var ugift og busett i Galveston 1930. Døydde truleg på 1930-talet.
Sonen Rasmus Tomas Hesseberg(2) (1897-1981) gifta seg 1927, med 155i Lovise Ragna Karoline Magerholm(vik) (1902-1968). Han hadde året i forvegen fått skøyte på bruket. I deira si tid på garden vart mykje endra. Dei fekk telefon, straum frå Tafjord kraft, og ikkje minst veg til garden. Det vart no slutt på å bruke båten, eller å gå langs stranda, for å kome seg til Magerholm og resten av bygda. I 1949 var vegen så god at den kunne køyrast med buss, og nokre år seinare stod også bilvegen til Heggebakk og Valle klar. Oppigar vart med eitt ei gjennomfartsåre, med aukande biltrafikk rett gjennom tunet, med hovedhuset på eine sida av vegen, og løa og stabbur på hi sida.
a) Annie 1928-2016 Ugift. Bygde eige hus ved garden.
b) Peter (Peto) Tomas 1930-2015 Tok over bruket.
Sonen Peter «Peto» Tomas Hesseberg(2) (1930-2015) var i 42 år journalist i Sunnmørsposten, aktiv i turistforeninga og opphavsmannen til den populære «Til topps med Sunnmørsposten». Han gifta seg i 1958 med Liv Sollid (1928-2013) frå Hellandshavn(5), Vatne. Dei budde i Ålesund og nytta garden som hytte. Peter tok over garden i 1968, etter at faren vart enkemann. Rasmus fekk livsvarig burett som del av kårkontrakta. Søstera, Annie, fekk tomt frå garden, og utvida bruksrett til mellom anna naust og båt, så lenge ho sjølv eigde tomta. Løa til Oppigar vart riven i hans tid. Peter samla inn og skreiv mykje av teksten om Hesseberg i den forrige bygdeboka. Han engasjerte seg også sterkt i naturvern, kampen mot EU-medlemskap, og var aktiv i bridge-klubben. Det går mang ei god historie om han. I forbindelse med fylkestinget si befaring i Ulvådalen, var han tidleg på plass, saman med fotograf Knut Enstad, for å få bilde av at politikarane kom marsjerande innover dalen. Men det varte og rakk, ingen andre kom. Til slutt ropte han ting, høgare og høgare, om politikara generelt og fylkestingspolitikara spesielt. Ikkje ein gong forkjemparane for varig vern slapp unna. Til slutt gjekk dei ned att til Brøstet for å ringe til fylkestingets base på Bjorli Hotell. Der fekk dei vite at fylkestinget ikkje var ventande før om ei veke. Kollegaene i Sunnmørsposten hadde mykje moro med dette i ettertid.
a) Inga f.1960 1987 g.m. Patrick Joseph Byrne frå Irland, busett i Ålesund.
b) Torstein f.1962 Tok over bruket.
c) Tyra f.1964 1993 g.m. Jonny Rasmussen, busett Bergen.
Sonen Torstein Hesseberg(2) (f.1962) tok over bruket i 2004, og busette seg her. Han er gift med Carmen Alvarez (f.1975). Dei har pussa opp huset, laga seg større parkeringsplass, og flytta stabburet over vegen dit huset står. Der løa ein gong stod, er det no laga veg ned til eit nytt lite felt med hustomter, vest for gamletunet i Nerigar. Dagens grunneigar i Nerigar, Peter J. Blindheim, har bygd seg hus der.
Oppigar vart seld vidare til Olav Bratberg Ulstein (f.1984) og Mirjam Ulstein (f.1990) våren 2022. Dei er dagens eigarar i Oppgigar med addressa Glomsetvegen 1006. Dei har bygd seg nytt hus på tomt med tryggare avstand til bilvegen gjennom gamletunet på garden.









Legg til kommentar
Kommentarer