Magerholmvika1961. Foto: Ragnar Øverlid for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Fotoeigar: VITI

Bnr. 2 Magerholmvika

 

Trykk her for å finne gamletunet på garden

 

Isach Pederson Magerholm(II) (1698-1772) gifta seg første nyttårsdag 1734, med enka Brithe Osldotter Sjåstad(2) (1702-1746), frå Hjørundfjorden. Då var ho høggravid med sonen Peder, som kom til verda 13. februar. Dei hadde nok vore forlova ei tid. Isach var den yngste sonen til Peder Magerholm(II) på bruk II på Magerholm, men opphaveleg frå Sykkylven. Det var ein yngre stebror frå mora sitt andre ekteskap, 117d Ole Magerholm(II), som tok over bruk II. Isach var heldig og fekk rydda seg sin eigen husmansplass i Magerholmvika. Skiftet etter Brithe omfatta ku, kalv, 3 sauer og 2 geiter. Plassen vart seinare skylddelt, og fekk bruksnummer 2. Isach gifte seg om att 1747 med Siri Olsdotter Kirkestein (1708-1758), og på ny i 1759 med Anna Olsdotter Furstrand(A) (ca.1725-1782). Isach var brukar frå 1734, og truleg heilt til han døydde. I skiftet etter Siri hadde dei også fått seg eiga stove med fordør, løe og skjul under same tak, stabbur og eit anna lite hus, i tillegg til 3 kyr, 3 sauer og ein gris, men det var fiske som heldt liv i dei. Han fekk hjelp frå fattigkassa kvart år frå 1765. I 1769 skreiv presten i Borgund om Isach og hans tredje kone, Anna, at dei ikkje kunne lese, og levde så vidt ustraffeleg. Dei døydde begge i stor armod. Der var ingen som ville ta over bygsel på bruket dei første åra etterpå.

a) Peder  dp.1735 er nemnd i arveskiftet 1747. I Vatneboka er det notert at Halsten (nedanfor) hadde ein bror på Overå. Kan det ha vore Peder?

b) Jørgen  dp.1741  ikkje nemnd ved arveskiftet 1747, og døydde truleg før mor si.

c) Birthe  dp.1748-1807  ugift? Kalla Brithe Isaksd. Magerholm når ho døydde.

d) Halsten  dp.1753-1827  1784 g.m. Enka Ragnhild Ellingsd. Krogsæter(7), brukar Store Engeset(S,4), Skodje.

 

Ingebrigt Ingebrigtson Tusvik(1) (1750-1792) tok over plassen i kring 1785. På denne tida var det truleg skyss frå Magerholm skysstasjon til blant anna Tusvika. Han gifta seg 1779 med (Anne) Karen Clausdotter Schwartz (dp.1758-1836), som vart døypt Slinning(1). Det gjekk ikkje så mykje betre med han. Familien kom snart på fattigkassa dei òg. Den siste tida var han sengeliggjande. Ingebrigt etterlot seg eit fallitbu på 50 riksdaler. Ei svart hoppe var då einaste dyret på plassen. Karen var enke i svært tronge kår, og gravid attpå. Det siste året Ingebrigt levde vart ikkje jorda dreve i det heile tatt. Garden vart difor registrert som «øde».

a) Petrine Bolette  dp.1781-1875  1825 g.m. enkem. Magnus Clausen Fausa(144c), brukar Nakkegjerde(2), Sykkylven.

b) (Anne) Karen  dp.1782-1869  døydde i Gresgarden, Blindheim(8) som enke.

c) Inger (Bertha)  dp.1785-1823  ugift. Tenar Sortevik 1801. Fekk uekte dotter, Anne Lovise, 1821 med den seinare brukaren Knut Ivers. Romestrand(3).

d) Anne Maria  dp.1787-1860   1)1823 g.m. lærar Elling Peders. Lerstad, Åse(23), brukar Åsehaug, Åse(23).

                                                       2) 1843 g.m. 916b Matz Eikenos.

 

Enka (Anne) Karen Clausdotter Schwartz (dp.1758-1836) gifta seg 1794 om att med Lars Jochumsen Stokke(2) (dp.1759-1837)), opphaveleg frå Kaldhusseter. Lars fekk festebrev 1793. Han måtte også ty til fattighjelpa for «sin svage kone og 3 børn». I 1803 hadde dei 3 kyr, kalv, 5 sauer og 3 geiter. Dei måtte gje seg som plassefolk 1805, men fekk fortsette å bu der i ei lita stove som dei eigde.

a) Ingebor Martha 1795-1795 Døydde 18 veker gamal.

b) Joachim Carolus  1798-1890 1830 g.m. Berthe Christine Olsd. Ytrevik(2). Ho kalla Indrevik i 1830. Flytta til Sjøholtstrand(4), Glomsetgarden.

c) Ingebor Malene  dp.1802  døypt i Sykkylven 2. juledag. Er med i 1815-teljinga.

d) Ingeborg Marie  f.1806  1843 g.m. Berndt Martinus Ols. Urvik, Ålesund. Han nemnd som sjauar og dagarbeidar der 1865. Dei møttest som tenestefolk, og fekk sonen Ole Cornelius 1835.

 

Mogens Johanson Korsedal (ca.1751-1812), frå Sunnylven, gifta seg 1796 i Ørskog, med enka Birte Olsdotter Blindheim(3) (1736-1811), fødd Riksheim i Sykkylven. Birte var tidligare gift med Aagne Olson Blindheim(3). Mogens og Birte er nemnd som kårfolk på Blindheim(3) frå 1796 til 1805. Deretter dreiv dei Magerholmvika frå 1805 til 1812, og betalte 24 riksdaler for bygselskontakt og 1 riksdaler i årleg avgift. Videre skulle dei arbeide ein dag i slåtten hos gardeigar Heide på Vågneset. Dei hadde truleg pengar når dei kom hit, for dei var mest gjeldfrie når arveskiftet skulle gjerast opp. I tillegg hadde dei godt med fiskevegn og tenarar. I 1811 hadde dei 3-4 kyr, 5 geiter, 3 sauer og godt med klede.

a) Ingeborg  dp.1783-1860  1812 g.m. enkemann 6024 Claus Nils. Gryte(1). Brukar Ystebøen, Emblem(5). Mogens si dotter med Kari Jørgensd. Hole(4).

 

Ovanfornemnde brukar forsøkte seg ein gong til, men det gjekk ikkje noko betre. Han sleit tungt, men vart buande der til 1827. Då enda han på legd og selde stova si.

 

Knud Iversen Romestrand(3) (1787-1846) frå Vartdal tok over plassen kring 1818, og dreiv til han drukna i ein orkan, saman med stesonen Lars Martines Bretanus Vasstrand. Han fekk først ei dotter med Birth Povelsdotter Festøy(2) (1782-1821), men gifta seg med søstera Pauline Paavelsdotter Festøy(2) (1790-1822) i 1821, samme året som Birth døydde. Pauline var altså tanta til eldstedottera Christi. Ho døydde året etter bryllupet. I 1825 gifte han seg på nytt med Berte Tormodsdotter Jøsvoldsæter(2) (dp.1777-1831), frå Stordal, i Skodje kyrkje, og til slutt med enka Else Marie Pedersdotter Spjelkavik-gjerde(5) (dp.1791-1856) i 1832. 1822 hadde dei berre ku og nokre sauer. Han dreiv for det meste med fiske. Bygselkrava var temmeleg harde. 1818 hadde han 9 arbeidsdagar på hovudbruket på Magerholm. Når bygselseddelen vart tinglest 1840, var kravet 2 speciedaler, foring til to kyr og 1 sau, 6 vågar korn og 2 arbeidsdagar. Han fekk rett på å hogge tømmer og ved for sal. Enka fekk kår hos «Parat-Ole», Ole Martinus Knudson Magerholm(6).

a) Christi  1817-1880  Knud si dotter med Brith Povelsd. Festøy(2). 1846 g.m. 227 Paul Ols. Kvien(1), brukar på Brennhaugen, Akslen(3+5) like ved. Sjå meir om dei der.

b) Anne Lovise  1821-1899?  Knut si dotter med 146c Inger Ingebrigtsd. Magerholmvik. Kanskje det var Lovise Knudsd. Magerholm, som døydde som ugift legdslem på Blindheim i 1899.

c) Mads Bretannus  1832-1914  Knut sin son med Severine Regine. Fekk 1866 dottera Severine med Ragnele Johane Arnesd. Håvoll(1), frå Ørsta, og 1870 sonen Laurits med 1018 Nicholine Maria Hatlehol(3). 1870 g.m. Anne Oline Hansd. Valbø(1). Han dreiv Larsgård(2) i perioden 1871-75, før dei tok over Massplassen, Valbø(2) i Ørskog.

 

Ole Martinus Knutson Magerholm(II) (dp.1804-1880) gifta seg 1829, med  Christi Halvorsdotter Magerholm(1) (1809-1887), frå Magerholm bruk I. Han oppretta fleire av husmannsplassane i Magerholmvika. Christi fekk mellom anna Magerholmvika frå far sin, så dei sat rimelig godt i det, reint økonomisk. To av sønene vart husmenn på Magerholmneset og Krissenplassen, medan tre av dei andre borna vart brukarar i Magerholmvika. Mykje tydar på at han dreiv bruket sjølv ei tid, etter at Knut døydde. Likevel er han mest kjend som 132 «Parat-Ole» på Ytrebøen/ Paraten, Magerholm(6). Sjå også lenger fram i denne boka. Du kan finne han som brukar 1 5 9 på Krissenplassen, lenger bak i denne boka også.

a) Berthe Johanne  f.1822  1848 g.m. matros Jørgen Olaus Jons. Valderhaug(29), busett i Ålesund. Ole si dotter med (Tørri) Tyri Olave Jørgensd. Klokkehaug(myra lnr.228), døypt i Ørskog.

b) Anna Severine  1829-1898 tok over bruket seinare.

c) Karen Andrine Berte  1831-1906  1857 g.m. Bastian Martinus Eliass. Myrset(2), Sykkylven, busett Halvargarden bnr. 5 Apalset, Ørskog. Søstera hans, Berte, vart brukar 161 på Krissenplassen.

d) Halvor  1833-1867  tok over bruket

e) Siri  f.1834

f) Ole Severin  1835-1912  1865 g.m. Kristi Andersd. Vestnes. Husmenn Løkketeigen(1), Vestnes. Han fekk born i 1863 med med Andrine Lassesd. Vestnes, og nemnd som smed på Vestnes.

g) Siver 1837-1876 1862 g.m. 130c Anna Johanne, Joakimsd. Magerholmnes, brukar Magerholmsnes. Døydde som spedalsk.

h) Martinus Severin 1839-1846 døydde 7 1/2 år gamal.

i) Knut Andreas  1841-1886  Seinare brukar i Magerholmvika.

j) Kristen Johan  1843-1932  brukar  «Krissenplassen» på Magerholm. Sjå meir om han lenger bak i denne boka.

k) Tomasine

f.1845  1866 g.m. sjømann Iver Karolus Torkels. Moldvær, busett Ålesund.

l) Lovise Marie  1848-1850  døydde 2 1/2 år gamal.

m) Martinus Nikolai  1850-1912  tok over Ytrebøen/ Paraten, Magerholm(6).

n) Peder Laurits  1853-1885  1879 g.m. Marie Pauline Jonsd. Mosenden frå Vefsen. Konfirmert på Lesja, busett i Ålesund. Peder drukna.

 

Sonen Halvor (1833-1867) skulle egentlig ta over bruket. Han fekk skøyte på bruket frå faren 1851, men vart spedalsk og tok eit slags kår hos søstera si, som vart neste brukar. Det gjekk ikkje så bra. Han bygsla difor vekk bruket til broren, Knut Andreas, etterpå. Halvor fekk ei dotter med (Ingeborg) Thomasine Nilsdotter Rødsetreit (1839-1925), men dei gifta seg ikkje. Ho gifta seg seinare med broren, 154 Knut Andreas, som tok over i Magerholmvika.

 

Søstra Anne Severine Olsdotter Magerholm(6) (1829-1898) gifta seg 1849, med Lars Martinus Larsson Frøysa(8) (1819-1883) frå Endrebruket i Sunnylven. Dei tok over i Magerholmvika etter Halvar, bror til Anne, og fekk bygselskontrakt 1851. Det vart for tungt å greie seg i tillegg til å gje kårytingar. Familien flytte difor 1859 til Volsdalen, der Lars starta opp som fargar i staden. Han hadde mykje slekt på Emblem. Det var søskena 465 Rasmus i Steinsgarden, Østrem(4) og 222 Lars Petter på Akslagjerdet, Aksla(2). I tillegg budde fleire av søskena til bestefaren på Endrebruket også i bygda. Det var 108 Lars, på Magerholm, 531 Laurenze på Skaret, Nedregotten(1) og 541 Margrethe i Guttormgarden, Nedregotten(2). I forbindelse med Lars sin død vart Anne kalla Hanne Larsen.

a) (Jørgine) Lovise  f.1850  1874 g.m. Kristian Anders. Stevold frå Førde. Han var sjømann, og familien busette seg i Volsdalen.

b) Ole Kristian Britanus  1852-ca.1890  1877 g.m. Olianne Helene Olsd. Grefsnes, busett på Hareid og i Ålesund. Bødtkersvend på Hellevikstranda i Ålesund 1875.

c) Lars Martinus  f.1854  1875 g.m. Johane Marta Martinusd. Slinning. Rebslagersvend.

d) Knud Johan  1856-1917  1879 g.m. Anna Sofie Olsd. Grefsnes, busett i Ålesund. Bødtkersvend.

e) Lauritz Joakim  f.1859  fødd i Volsdalen.

f) Hanna Sophie  1864-1867  døydde i Volsdalsvaag 2 3/4 år gamal.

g) Hans Severin  f.1867  nemnd i 1900 teljinga i Ålesund.

h) Rikard Anton Johan  f.1873  nemnd i 1900 teljinga i Ålesund.

 

 Broren Knut Andreas Olsen Magerholm(vik) (1841-1886), hadde tilnamnet «Vika-Knut». Han gifta seg 1861 med (Ingeborg) Thomasine Nilsdotter Rødsetreit (1839-1925). Det er mogeleg at ho tente på garden. Ho fekk først ei uekte dotter med Knut sin bror, Halvar, men det vart ikkje noko ekteskap med han. Knut og Thomasine vart bygselsfolk under Halvar, og fekk rett til å bruke ei av dei to stovene på garden, samt eit jordstykke som heitte «Haugen». Knut gjorde det godt som gardbrukar. I 1868 fødde han 7 kyr, 12 sauer og hadde 1/2 hest. Han drukna på veg til dampbåten D/S Robert ved Tusvika. Enka fekk kår hos neste brukar.

a) Ole Severin  1862-1862   10 veker. Funne død i senga til foreldra.

b) Oline Jensine  1863-1944  1885 g.m. lagerfomann Niels Johan Lauritz Hanss. Aasebø, Ålesund, busett i Ystenesgata 5. Var enke og fadder 1916.

c) Niels Christopher  f.1865  til Baltimore USA 1887 med Allan Linjen. Emigrerte truleg. Arbeidde som fiskar då han drog.

d) Albert Gunerius  1868-1936  g.m. Ellen Knudsen, død i Tacoma i staten Washington, USA.

e) Olivie Marie  1871-1964  1894 g.m. sjømann Petter Martinus Karls. Linge(117b), frå Norddal. Busett i Fjellgata i Ålesund 1910.

f) Karoline Nikoline  1873-1957  1902 g.m. smed Mek. Verksted. Johannes Mathiass. Helset frå Ringsaker, busett Steinvågveien 5 i 1910.

g) Kristofa Tomasine Susanna  1876-1949?  Truleg den samme som var gift med Fritz Johnson, og busett i Seattle når ho døydde, 73 år gamal.

h) Gurine Lovisa  f.1878  kanskje «logerende syerske» i Observatoriegt. 2 i Oslo 1910. Emigrerte til staten Washington med båten «Eskimo» 1911.

i) Ole Severin Karl  f.1882

j) Margrethe Kornelia  f.1884  konfirmert på Linge 1899. Emigrerte frå Norddal til USA 1905, og var då ugift «strygerske» med «Haab om bedre fortjeneste».

 

Peter Elias Martinus Peterson Apalset(11) (1855-1941) frå Holen, Ørskog. Han gifte seg 1887 med Torstine Thorsdotter Tøsse(4) (1863-1938), fødd Korsedal(1) i Stordalen. Dei tok over bygsels- kontrakta på bruket 1888, og sette opp nye hus på bruket. Stova står framleis i ombygd utgåve. Han var bygselsmann all sin dag.

a) Thore Olaus  1888-1895  ugift. Oppvaksen hos besteforeldra på Tøsse(4).

b) Olava Lovise Karoline.  1889-1904  ugift. Døydde på Brevik.

c) Karoline «Kalla» Olivie  1893-1959  g.m. Halvdan Nilssen, busett på Østrem, der dei leigde første huset til Severin Østrem(3) i Abrahamsgarden, Granly bnr. 9, før dei flytta til Ålesund.

d) Peter Andreas  1895-1895  tvilling. Døydde av kolera, 7 veker gamal.

e) Lovise Tora Bergitte  1895-1895  tvilling. Døydde av kolera, 7 veker gamal.

f) Peter Kornelius  1896-1950  1918 g.m. 6029a Klara Jenny Petra Petersd. Emblem(5), frå Ystebøen, busett i Spjelkavik. Han var skipper på Torulf av Bergen, og drukna ved Sværholtklubben i Finnmark. Dei var foreldra til 136 Tora Petra Indresæter, brukar på Ytrebøen/ Paraten, Magerholm(6).

g) Ole Johan Marius  1899-1907  ugift. Budde heime. Døydde av hjertefeil.

h) Thore Martinus 1900-1947  tok over bruket.

i) Lovise Ragna Karoline  1902-1968  1917 g.m. Rasmus Tomas Peters. Hesseberg(2), brukar Oppigar, Hesseberg(2).

J) Olava Ragna  1906-1929  Ugift sjukepleiar. Døydde på Aker Sykehus i Oslo.

 

Sonen Thore Martinus Magerholm(2) (1900-1946) tok kystskipperkurs 1931, og vart skipper på den første ferga frå Magerholm til Aure i Sykkylven det samme året. Han gifta seg 1937 med Sara Rebekka Romestrand(1) (1899-1970), frå Vartdal. Dei dreiv gardsbruket frå 1937 til 1947, og var dei første sjølveigarane på bruket sidan 151 «Parat-Ole» og sonen 152 Halvar. Thore fekk skøyte 1937 og dyrka opp mykje. Dei hadde også ein ung mann, kalla «Bardosen», hos seg, når han ikkje var på fiske. Det vert fortalt at han berga livet til naboen Rasmus Hesseberg frå Oppigar, når han fekk tak i medisin heilt frå Ålesund. Ein gong kjøpte han også heile «Mor Monsen» kaka til Johanna Engeseth, på kafeen på Magerholm. Bardosen hadde drømt om denne kaka medan han var ute på fiske. Det enda med at han tok bussen først til kaia, kjøpte heile kaka, før han gjekk heim til Magerholmvika. Thore førte ferga heilt til den siste avgangen før julehøgtida 1946. Han døydde brått første juledag, berre 46 år gamal. Enka kjøpte ut dei tre andre arvingane, og selde heile garden til neste brukar.

 

Johan Elias Skrede (1895-1983) vart fødd Norangshol(2), og frå Hjørundfjorden. Faren, Moses, var opphaveleg frå Jølster, og nemnd som steinhoggar på bruene over Skodjestraumen. Han kjøpte Magerholmvika i 1955 for 13 000 kroner. Summen inkluderte reiskap og dyra. Johan gifta seg 1933 med Karoline Josefine Romestrand(1) (1904-1978), som var søster til forrige brukar, Sara Rebekka. Dei flytte gardshuset lenger opp frå sjøen og bygde seg ny gardsveg.

a) Jorunn Margit  f.1934  1957 g.m. Halvor Akselvoll fra Misund, busett Tennfjord.

b) Magnar  f.1935  tok over bruket.

c) Jarle Karsten  1937-2010  1963 g.m. Gerd Elin Bjørstad frå Valldal, busett på Sjøholt.

d) Kjell  f.1939  g.m. Vera Golovkina frå Murmansk. Han restaurerte gamlehuset på bruket, og dei busette seg på Magerholm.

e) Solveig Haldis  1942-2013  1967 g.m. John Eldar Johansson, Vestfossen. Busett V estfossen.

f) Thorild Solfrid  1947-1947  døydde 6 veker gamal av lungebetennelse.

 

Sonen Magnar Skrede (f.1935) gifta seg med Olga Østrem(3) (1929-2019), frå Abrahamsgarden, og tok over bruket 1973. Han er pensjonert sjåfør frå Statens Vegvesen, og framleis grunneigar.

a) Therese Kristin  f.1960  busett Storhaugen på Emblem.

b) Jan Perry  f.1963  1990 g.m. Ellen Giske, busett Giske.

c) Oddmund Elias  f.1965  2006 g.m. Meralona Cubian, busett i Magerholmvika.

d) Møyfrid  f.1970  busett på Blindheim.