Bnr. 3 Bryggå
Trykk her for å finne garden på kartet
Det er usikkert når denne plassen vart rydda den første gongen. Det vert fortalt om husmenn på Hesseberg allereie på 1600-talet, men dei kan ikkje utan videre knyttast til dette bruket. Det verkar som om dei første var «strandsitterar» utan jord. Det er difor truleg at Bryggå først vart rydda som husmannsplass under Oppigar, mot slutten av 1700-talet. I 1883 vart plassen skylddelt som eige gardsbruk. Bryggå ligg ein del lavere, og lenger vest, enn dei to opphavelege bruka på Hesseberg. Plasseringa har nok samanheng med namnet på bruket.
Lars Jonson Akslen(4) (ca.1758-1835 ) var kanskje fødd på Alnes(4). Ved forlovelsen i 1788 vart han kalla «Akslen fra Giskegjerde», men det stemmer kun om han var tenar der. Lars var ungkar og dreiv nokre år garden Hølå, Akslen(4), før han fekk delt frå ein husmannsplass under Oppigar etter 1796. Han hadde gifta seg i 1789 med enka, Malene Jacobsdotter Akslen(4). (dp.1757). Malene vart døypt Ringdal. Ein veit ikkje eksakt dødsår, men ho vart registrert i 1801-teljinga. Lars hadde tilnamnet «Halte-Lars». I folketeljinga er han nemnd som husmann med litt jord. Då budde andre-gongs-enka Martha Knudsdotter Hesseberg(1) frå Oppigar på plassen som innerst. Sjå også Høla, Akslen(4). I 1803 vert det opplyst at plassen avla 1 tønne med korn, at dei hadde 1 ku og 2-3 småkveg. Den årlege avgifta var på 1 riksdaler, 2 skilling og 3 arbeidsdagar.
a) Synneve Pedersd. 1783-1838. Fødd i Sunnylven. Malene si dotter frå tidlegare ekteskap. Tok over plassen.
b) Karen Petrica Pedersd. dp.1786-1853. Fødd i Sunnylven. Malenes dotter frå tidlegare ekteskap Sjå brukar 241. 1) 1820 g.m. Jon Gunders. Mørch, busett Valle(5). 2) 1831 g.m. Jakob Larss. Valde(5), busett Valle(5).
Svigersonen Lars Jakobson Magerholm(II) (dp.1793) gifta seg i 1830 med Synnøve Peders- dotter Hesseberg(3) (1783-1838). 1839 gifte han seg om att med Marte Severine Isaksdotter Myrset(2). (dp.1805). Det er ikkje kjent om nokon av dei fekk born, eller kor lenge Lars og Marte levde, men begge er nemnd i 1865-teljinga.
(Johan) Ludvig Larsson Kjempehol(3) (1850-1890) gifta seg i 1875 med Petrine Karoline Magnus- dotter. Løset(R,1) (1850-1944). Dei kom hit og tok over plassen i 1875. Det var dette året Bryggå vart skyldsett til eige matrikkelbruk. Frå no av vart bruket også verande i same slekta.
a) Lovise Marie 1874-1938 g.m. lærar Ole Kristian Løkse frå Salangen. Fødd på Kjemphol, flytte til Troms 1903. Sist busett frå 1917 på Nøtterøy.
b) Olivie Regine Lovise 1876-1924 1905 g.m. møbelsnikkar Ludvig Adolf Berntsen Lillevold, Sandøy. Etter ei tid i Borgundvegen, bygde dei eige hus ovanfor Gasseneset på Magerholm, kalla «Berntsenhuset». Det vart rive, for å byggje ny fergekai i 1997. Sjå også «Skogly» bnr. 4, under Magerholm.
c) Ane Johanne Sevrine 1879-1960 tok over bruket.
d) Ole Laurits 1887-1964 1924 g.m. Ragna Dorthea Petersd. Eikrem(3). Han var kjøpmann, og starta butikk på Gåseid i 1923.
Svigersonen Lars Olaus Britanus Berntson Blindheim(1) (1858-1931) var sjømann. Han gifta seg i 1900 med Ane Johanne Sevrine Ludviksdotter Hesseberg(3) (1879-1960). Med Lars, tok brukarane til å nytte Blindheim som etternamn, i staden for gardsnamnet, slik skikken var tidlegare. Etter at han døydde av lungebetennelse, dreiv Ane bruket ei tid saman med adoptivsonen.
a) Leif Sevrin 1911-1982 tok over bruket. Han var adoptivson, og eigentleg Anes søskenborn. Fekk etternamnet Blindheim.
Adoptivsonen Leif Sevrin Blindheim (f. Kjemphol) (1911-1982), var nevøen til Ane ovanfor. Faren, Lars, kom frå Kjemphol og gifta seg i Tusvika. Lars fekk mange born, og kona hans døydde i barselseng, når Leif vart fødd. Ane Johanne, tok han derfor med seg heim att etter begravelsen og adopterte han som sin eigen son. Leif gifta seg i 1943 med Ingeborg Heggebakk(2) (1916-1999). Ho var søstera til Sofie Regine i Nerigar, Hesseberg(1). Han fekk skøyte på bruket frå Ane i 1949 for kr. 3000,-. Leif var i fleire år kvalfanger attåt gardsdrifta. Han søkte også Borgund herredstyre om lån til bulldoser i 1949. Det var samme året som Hessebergvegen vart klar til bruk for tyngre kjøretøy og buss.
a) Lars Anders f.1944 tok over bruket.
b) John Noralf f.1946 tok over garden på Heggebakk(2) i 1975, etter onkelen sin. 1977 g.m. Laila Molnes frå Harøya. Sonen Peter tok over Nerigar, Hesseberg(1), etter tanta til John.
c) Anne-Lise (1950-2015) 1970 g.m Gunnar Aspehaug. Bygde eige hus på bruket. Sonen Geir Bertil kjøpte i 2016 Oshaugen, Emblemsvåg(en3+4). Sjå meir om han der.
d) Svanhild Lovise (f.1954) 1979 g.m Ove Farstad. Bygde hus ved Hjellhaugen, Nedregotten på Emblem 1984.
Sonen Lars Anders Blindheim (f.1944) er dagens brukar og gift med Marit Louise Hessen (f.1948) Han tok over i 1987 og satsa på griseavl, ved sida av arbeid i Ålesund Kommune. Ingeborg fekk livsvarig burett med kårytingar, når Lars tok over garden. Han delte frå hustomt i 1971 og bygde seg nytt hus oppe ved hovudvegen.
a) Anders-Morten f.1973 2006 g.m Gunn Gillesvik frå Emblem, busett i Ramsvika.
b) Bjørn Sindre f.1975 Sambuar med Lisa Malén Fjørtoft, busett ved Larsgården.
c) Thor Christian f.1981 Sambuar med Stine Bjørstad Kipperberg, busett i Vegsundet.
Legg til kommentar
Kommentarer