Bnr. 2 RAMSVIKA
Delt frå bnr. 3 Framigar
Bruket vart delt frå, og skyldsett til 1 ort og 10 skilling 1872. Dette vart revidert til 0,55 skyldmark 1890. Der finst fleire bruk i landet med samme namn. Gardsnamnet skal stamme frå planta Ramslauk. Dette er Norges svar på kvitlauken, og finst over store områder i bygda. Utfordringa var når kyrne åt ramslauk, for då fekk mjølka ein stram smak og «vart ramsa», som dei sa tidlegare. Ein laut dermed passe på kvar dyra beita, og i denne vika var det truleg ein god del med «rams».
Ole Knudson Emblem(6+7) (dp.1761-d.e.1843?) tok over bygsel på Steffågarden, Emblem(6+7) 1783, men vart 1788 bygselsmann i Jakobgarden også. Dei to bruka var tidlegare samla som ein gard, og no vart dei samla igjen. Det same året gifta han seg med Elen Johansdotter Bjørnøy(2+3) (1751-1807). Dei tok kår hos neste brukar 1800. I 1814 gifta han seg opp att med enka Siri Eirichsdotter Hatlen(1,2) (dp.1763-1827). 1815 flytte dei til Ramsvika, rydda plassen, og sette opp hus der. 1828 gifta han seg for tredje gong. Bruda var «bondepige» Canuta Hansdotter Kvistad(bakken) (1791-1843), fødd i Hjørundfjorden. 1815 vart også murermester Peder Pedersen (f.ca.1748) og kona Elen Pedersdotter (f.ca.1748) nemnd her. Om dei budde i Ramsvika som plassefolk, eller er registrerte i samanheng med bygging av plassen, er usikkert. Dei er også registrerte under Vegsundvåg(6).
a) Karen dp.1790.1803 ? døde kanskje som legdslem i Emblemsvågen 1803, 13 år gamal.
b) Endre Johannes dp.1792-1815 døydde i Ramsvika, 22 år gamal.
c) Elias Severin Rasmus dp. 1831-1921 1860 g.m. Ragnilde Johannesd. Longvastøyl, brukar Blindheim(9).
Sonen Bernt Andreas Halvorsen Ramsvik(2) (1816-1880) tok over plassen etter far sin 1841, og dreiv den til 1877. Han gifta seg 1842 med Oline Petrine Berntsdotter Blomvik(2) (dp.1813-1895). Bernt bygde hus mellom huset, som står i dag, og løa.
a) Marie Dorthea Henrikke 1847-1907 1875 g.m. (Hans) Jørgen Steffensen Blindheimsnes(2), brukar Sirigarden, Nedregotten(3). Sjå meir om dei der.
b) (Johan) Edvard 1850-1934 tok over bruket.
c) (Agnette) Birgitte 1853-1936 Ugift. Var «husbestyrer» og budeie i Kolvika i 1910. Døydde som fattiglem på gamleheim.
Sonen (Johan) Edvard Berntsen Ramsvik(2) (1850-1934) tok over plassen og kjøpte den til sjølveige. Han kjøpte først halvparten, uten hus, 1876 frå Ole Hansen Mydske d.y. for 98 speciedaler. I 1880 kjøpte han resten for 560 kroner, frå arvingane i Sykkylven. Edvard gifta seg 1877 med Karen Olsdotter Kongshaug(1) (1845-1928). Dei fekk seks born, men berre tre levde opp. Han kjøpte attåt ein del utmark etter utskiftinga i 1912, og hadde også kvern mot sjøen. Dei levde primært av fiske og tørka klippfisk på berga, som vart eksportert til Spania. Det er fortalt at familien i Ramsvika kunne «Fader vår» på spansk. Edvard var notbas og eigde både åttring og seksrøring. Han var så høgrøysta, at ein kunne høyre han over heile Vågane. Naustet i Ramsvika kom frå Stordalsholmen.
a) Oline Petrine 1878-1966 1907 g.m. snikkar Ole Severin Brevik, busett Kolvik(9+10) i 1910. Budde i huset vest for realskulen. Tvilling.
b) Bertine Olave 1878-1947 var ugift. Var tjenestejente heime i 1910. Døydde på Borgund gamleheim. Tvilling.
c) Hans Gabriel 1880-1951 tok over bruket.
d) N.N. 1887-1887 var tvilling, Dødfødd
e) Gut 1887-1887 var tvilling, Dødfødd
f) Gut 1889-1889 var dødfødd
Sonen Hans Gabriel Ramsvik (1880-1951) var snikkar. Han gifta seg 1913 med Marie Sofie Henriette Johansdotter Emblem(8) (1879-1963), frå Ebbegarden, Emblem(8). Dei fekk skøyte på bruket 1934. Hans braut opp jorda, slik garden framstod før utbygginga til byggefelt. Han fann då fleire gjenstandar frå steinalderen. Dei vart sendt til Bergen Museum. Han bygde mange av løene i området og mange sjøbuer i Ålesund. Rønnebergbua og Sliningsbua var to av dei. Han bygde også fabrikken til naboen Rolf Ekornåsvåg, og var kjent for å lage gode trapper. Hans bygde arka på huset til 475 Knut Laurits Akslen på Vestrem. Dottera, Ester Ramsvik, fortalde at ho gjekk med mat frå Ramsvika til far sin i denne byggeperioden. Vintrane arbeidde han ofte for Ødegård Kaosseri. Han var ein humoristisk mann. Ein gong tok han middagskvilen i ei kiste, som dei bygde der.
a) Ester Karen 1913-2008 1945 g.m. Viggo Bergerud, busett Terråk i Bindal kommune.
b) Johanne 1915-1956 1944 g.m. Erling Hole(2), brukar Hole(2) Geiranger.
c) Kirsten 1918-1979 1947 g.m. Kåre Olav Søvik. Dei er foreldra til Kirsti Marie, som gifta seg på Veahaugen, Østremsreit(4) i 1968.
d) Bjarne Nils 1921-1990 tok over bruket.
e) Oddvar Martin 1925-1993 1951 g.m. Laura Karoline Akslen, Øvste-Aksla. Han var snikkar. Bygde seg hus på tomt frå Øvste-Aksla. Oddvar var ein av stiftarane av musikklaget Gjallarhorn i 1954. I tillegg var han aktiv idrettsmann i fleire greiner, og ein trufast slitar, som arbeidde utallige timar gratis for idrettslaget i bygda. Han var også den første kveldsvakta på Emblem skule på sine eldre dagar.
Sonen Bjarne Nils Ramsvik(2) (1921-1990), var snikkar og englandsfarar. Han drog til Shetland med «Erkna» i 1941. Bjarne var flymaskinist og skyttar ombord på Sunderland- og Catalinafly på ubåtjakt, under den andre verdskrigen. Han fekk utdanninga si ved «Little Norway» i Canada, og hadde i tillegg 100 timar som pilot. Han var etter krigen stasjonert på Sola fram til 1951, men måtte reise heim att for å hjelpe mor si då faren gjekk bort. Bjarne gifta seg 1956 med Elise Karoline Akslen, Østrem(6) (1935-2015). Dei fekk skøyte på hennar farsgard, Vestrem, Østrem(6), for 8000 kroner, og tok over 1958. I 1961 fekk dei i tillegg skøyte på Ramsvika frå mor til Bjarne, Marie Sofie Henriette Ramsvik (f. Emblem), frå Ebbegarden. Bjarne og Elise dreiv Vestrem i 18 år, og budde delar av sommaren i Ramsvika for å ta slåtten der også. Gardsdrifta vart lagt ned på midten av 1970-talet. I 1976 flytte dei til Ramsvika. Der starta dei å selge tomter til hytter, og seinare hus. Området frå Ramsvika til Magerholm vart eit populært område å bygge seg hytte like før krigen. I dei seinare tiåra har hytter vorte omregulerte til hustomter. Fortettinga av områda sør for bilvegen mot Magerholm, med byggefelt, har ført til at Emblemsbygda har endra seg frå bygd til ein stadig meir urban bydel. Det har også ført til utbygging av fleire arbeidsplassar og meir infrastruktur.
a) Berit Karin f.1956 budde på Vestrem, Østrem(6), til ho fekk delt frå hustomt på slektsgarden i Ramsvika 1984 og bygde hus der i 1985. Sonen, Bernt Endre Ramsvik, kjøpte i 2011 Framigar, Eikenosøydegard(3). Sjå meir om han der.
b) Hallgeir f.1958 tok over bruket, på papiret.
c) Jan Magne f.1960 er busett i Ramsvika.
d) Knut Arne f.1965 tok over bruket på Vestrem, Østrem(6). Sjå brukar der.
Sonen Hallgeir Ramsvik(2) (1958) er i offisielle dokument registrert som dagens grunneigar, men eigentleg den som tok på seg å selge ut tomtene på garden for søskena sine. Han gifta seg 2013 med Kari Breivik (f.1956). Garden er no ferdig oppstykka som byggefelt. Dei er busett i Ramsvika.
a) Mona f.1974 forlova med Osmud Sollie, busett Nedregotten.
b) Stephan f.1986 er sambuar med Janna Espenakk Struck, busett i Ramsvika.