Vestheim i 2019. Foto: Svein Ove Dale Østrem.

 

Bnr. II VESTHEIM

Delt frå halvpart av bnr. 1 Hansgarden

 

 

Oskar Martin Aakernes (1902-1978) tok over gamlehusa på bruket, og fekk 1940 delt frå parsellen Vestheim, med bruksnummer 11, ved opphevelsen av felleseiget i Hansgarden. Oskar sitt stykke er det ytterste bruket på pynten av neset. Han gifta seg 1944 med Inga Oline Rønning (1909-1982) frå Leknesplassen i Hjørundfjorden. Dei tok over den gamle løa, som familien hadde flytta til Flisnes frå Ljøen i 1923. Den står der enda. I deira tid vart det seld fleire tomter frå garden. Flisnes, og dei omkringliggande vikene i Emblemsbygda, vart svært populære hytteområder i etterkrigsåra. Etter kvart vart det også seld hustomter framover mot vår tid her. Dei seinare ti-åra har nemleg Flisnes vorte ein populær stad å bygge. Mykje av jorda på dette bruket er derimot verna.

a) Jarle Knut f.1946 tok over bruket.

 

Sonen Jarle Knut Aakernes (f.1946) fekk skøyte på bruket som forskot på arv i 1971. Taksten var då sett til 52 000 kroner. Han gifta seg i Bergen 1998, med Marianne Vik (f.1964) frå Øygarden ved Bergen. Dei er dagens grunneigarar og busette på garden.