
Gnr. 5 Matrikkelgarden Nedregotten
Nedregotten ligg mellom Emblem i vest og Akslen i aust. Garden er truleg det gamle sjøstykket til garden Østrem. Det kan forklare andre ledd i namnet, som kan stamme frå ordet «gote» i betydninga «gate» eller «krøttersti». Ein tenkjer seg at ein på Østrem framleis hadde eit utmarksbeite nede ved sjøen etter at Nedregotten vart delt ifrå, og at dei dreiv dyra om lag der det gamle klyngetunet til Nedregotten vart bygd. Det kan også forklare kvifor vika, der Østrem framleis har naust og naustrettar, framleis heiter Østremsvika. Når det busette seg husmenn der på slutten av 1700-talet, nytta dei også etternamnet «Østremsø». Østrem og Nedregotten har alltid hatt felles utmark og same eigar til langt ut på 1700-talet, slik også Emblem og Emblemsvågen lenger vest tidlegare har vore samla som ein gard.
Det kan verke rart at ein nyttar namnet «Nedre gote», eller «nedre krøtersti», utan at ein veit av ein tilsvarande «Øvre gote», men ein skal ikkje sjå vekk frå tanken om at der har vore ein slik også. Nedregotten hadde krøterst,i som for det meste gjekk vest for Østremselva, og så om lag der dagens bilveg til fjellet tek til, ovanfor tunet til Mattisgarden. Dei hadde eigen voll med sommerfjøsar like ovanfor elva og innmarksgrensa til Østrem. Ein finn også spor etter namn som «Øfre Østrem» tidleg på 1600-talet, og det er ingen gravfunn på Nedregotten, medan det på Østrem finst fleire. Øvregoten kan ha vore ein eldre krøterveg, med oppmura steingjerde mot Storelva. Ovanfor tuna på Østrem, i Larsgarden, finst der nemleg ei rekke gamle steingardar, like ved staden der brua til Nedregotten sine sommarfjøsar vart bygd. Dei eldste er så lave at dei øverste steinane har vorte fjerna når nye steingardar og grenser vart markerte. Normalt skulle der vere nok stein, men ein har nok lenge vegra seg for å øydeleggje dei gamle gravrøysene i omådet. Ein finn framleis lokale namn som «Røysane» og «Røyse-Nille-gjerdet» utover på 1900-talet. Dei fleste gravene kom vekk mot slutten av 1800-talet.
Nedregotten vert først omtala som eigen gard i 1603. Oppdeling av gardar heng truleg saman med auka folketal, ved slutten på «audetida», som kom med Svartedauden. Det var truleg berre Emblem og Østrem som ikkje vart lagde øyde. I 1620 vart garden delt i to like store bruk. Den eine av desse vart på nytt delt i «Steffagaren» og «Sirigarden» 1730, medan den andre vart delt til «Guttormagarden» og «Skaret» i 1760. I om lag 100 år var det kun 4 jamnstore bruk på Nedregotten, om ein ser vekk frå husmannsplassane i Østremsvika, som vi har vald å samle under garden Østrem i denne boka, på grunn av etternamna til brukarane der. Sjå meir om dei nokre sider lenger fram i denne boka. Frå 1860 vart det oppretta fleire plassebruk, som seinare vart til dei sjølvstendige småbruka vi kjenner att i våre dagar.
Eldre opplysningar om gardsdrifta
1667: Garden har brennfang
1714: 1 kvern og laksevarp
1723: Tilstrekkeleg brensel 1 lita kvern til eige bruk. 1 lite laksevarp av ingen verdi. Kornavlen er årviss, garden er tungdriven til høy. For lavt skyldsett.
1803: Ingen skog, men kratt, lyng og torv til brensel. Rikeleg beite, årviss kornavl, eit lite «ubetydelig» laksevarp.
1868: Ingen skog, torv til brensel. Tungbrukt. Laksevarp. På kvart av dei 4 bruka er det 14 mål dyrka mark og 56 mål natureng.
Fram til utskiftinga i 1857 var husa samla i eit felles «klyngetun», der Steffagaren og Guttormgarden framleis har husa sine. På 1960-talet var det framleis spor etter gamlehusa. Dei beste slåttemarkane og åkrane låg kring tunet, og var teigbytte. I 1857 fekk kvart bruk 2 teigar, og brukaren på Skaret flytte husa sine dit dei ligg i dag. Dei andre flytte husa sine gradvis over på eiga jord, men det var ikkje snakk om så mange meter for dei fleste. Tunet i Sirigarden vart flytta like aust for dagens tun i Guttormgarden, ved Sirielva, medan Steffagaren tok over den gamle tunstaden. Utmarka var felles for alle gardane på Emblem fram til 1890. Då vart den delt slik at Østrem og Nedregotten fekk eit felles heimeutmarkstykke, som vart delt vidare i smale teigar til kvar gard, sommarfjøsteigar og setervoll.
Garden hadde godt med skog før skogøydingane på Sunnmøre frå 1600-talet. Det var då mangel på skog i delar av Europa. Hollanske og skotske skuter kom nordover på jakt etter tømmer. På Nedregotten sette ein opp flaumsag på byrjinga av 1600-talet. Vi veit ikkje kvar denne låg, men det er nok mest mogeleg at Sirielva vart nytta. Saga skatta for 20 til 40 tylfter bord årleg. Furuskogen tok etterkvart slutt, og det meste av distriktet vart liggande att skoglaust utetter 1700-talet. Beiting, og eit auka tal med særleg geit, var med på å halde skogen attende. I 1667 hadde Nedregotten berre skog att til ved, og då var truleg sagbruket lagd ned. I 1723 hadde dei også ved til eige bruk, men i 1803 var all skog vekke, og der var kun att torv til brensel. Slik var stoda i 1868 også. Ein kan undra seg over kva årsakene kunne vere. Talet på beitedyr var ikkje høgt nok, men talet på småfe vaks, og dei var gode til å halde småskogen nede. I nokre kjelder kan det også verke som ein med mangel på skog, helst tenkte på høveleg tømmer til hus og båtar. Der var altså skog, men den måtte få stå og vekse seg stor nok til tømmer.
Fiske har truleg vore ei naudsynt ekstrainntekt for brukarane. Dei gjekk saman om ein åttring til fjord- og kystfisket, og hadde eige anlegg til barking av garna i Sirielva, saman med Østrem, nede ved Østremsvika. I tillegg har det vore laksefiske og laksevarp ved Kleberhammaren så langt ein kjenner til. I 1630 var det to brukarar som dreiv varpet, men 1775 vart det rettsak om kven som hadde eigedomsretten. Ein «Heinrich Løndal, boende i Volden» teikna då kart over heile Østrem og Nedregotten. Dette kartet har dessverre kome vekk. Eigaren av Østrem, og det eine bruket på Nedregotten, heitte då Jørgen Abelset. Han fekk rettens medhald som eigar. Denne retten gjekk så i arv, heilt til Lars Einarsen Nedregotten frå Steffagaren kjøpte retten i 1867. På same staden har det også vore uttak av brynestein og kleberstein, til mellom anna kokekar, men kleber-verksemda har nok vore over før Nedregotten vart delt frå. Allereie på Hans Strøm si tid var denne verksemda lagt ned, og kun uthenting av brynesteinemner til eige bruk var att. Ein kan soleis sjå føre seg at dei på Østrem kan ha hatt god ekstrainntekt frå uttak av kleberstein i eldre tider.
Eigarar
Fram til 1670 hadde Østrem og Nedregotten stort sett same eigar. I 1537 eigde den siste katolske erkebiskopen, Olav Engelbrektson, framleis ein gardpart når han måtte rømme frå landet. På 1600-talet finst ikkje lenger garden i rekneskap for «Stiktens gods», som var tidlegare bispegods, og konfiskert frå kirka etter reformasjonen. Nedregotten og Østrem kan ha vore to av gardane som lagmann Pål Helgesen på Brandal kjøpte i 1586. Gardane vart verande i brandal-ætta til 1670. Deretter brukte «Capitainen» ein del av garden, tilsvarande 1 våg skyld, fram til 1780-åra. Han betalte ikkje skatt. På 1700-talet var det ei tid same eigarar på Nedregotten som på Østrem, men allereie i 1772 kjøpte tre av bygselsmennene ut gardsbruka dei leigde. Sirigarden fortsette å vere bygselsbruk. Det var Jørgen Apalset som eigde dette bruket. Sirigarden vart så kjøpt av fut Nordløv, før ein annan fut, Landmark, kjøpte både Sirigarden og Østrem. Resten av historia om eigarane finn du under kvart enkelt bruk.