
Gnr. 13 Flisnes
Matrikkelgarden Flisnes ligg mellom Emblemsvågen og Eikenosvågen. Det er nok neset som har gjeve garden namn, men det er også mogleg at namnet opphaveleg vart nytta kun på Flisholmen, like ved. Holmen kan nemleg ha heitt «Flisa» tidlegare, og har samanheng med det gammalnorske ordet «flis» i tydinga spon, men heilt sikker er ein ikkje. Slike namn er ikkje uvanlege på holmar og skjær i landet vårt, så det kan derfor vere hald i ei slik namnetolking.
Med dagens auge låg garden noko avsides til. Skikkeleg veg var der heller ikkje før 1928. Den første ridevegen gjennom bygda, frå 1809, gjekk frå Ystebøen og opp til Eikenosa, før den svinga ned til Eikenosøygarden. Vegen passerte ikkje Flisneset eller Hatleholen, som i våre dagar. Men ein skal ikkje gløyme at den viktigaste ferdselsåra i uminnelege tider har vore fjorden, og ikkje landevegen. Brukarane i bygda var stort sett motstandarar av den første vegen frå Blindheim til Magerholm, fordi den gjekk på tvers av dei råsene som emblemsbygdarane såg nytte i, som gardsvegen mellom tunet og naustet. At Postvegen skulle byggast og haldast åpen heile året av bygdefolket sjølv, samt tene embetsfolket og embetspost, hjalp ikkje akkurat på motstanden. Sjøvegen langs Storfjorden var gratis og farbar for alle med båt. Utfordringa på Flisnes var fjordstykket kring garden, som ein i lang tid har kalla «Flisfjorden». Her møtes Hjørundfjorden og Storfjorden. Resultatet er uberekneleg vêr, med fare for at det raskt bles opp. I eldre tid var dette ei stor utfordring for småbåtane, som folk flest nytta utover fjorden. Dei var gjerne søkklasta med ved, og andre varer, som skulle byttast inn i det mest naudsynte ein ikkje produserte sjølve. Andre frakta dyr til og frå beite, eller leigde båsar og fôring i vinterhalvåret. Desse var ille ute om det plutseleg blåste opp. Ein har ikkje tal på kor mange som har kollsegla og fått seg ei våt grav her. Sjølv postbøndene fekk ordre om å føre postbåten andre vegar enn forbi Flisneset. Folk langt utanfor vår eigen region, over store delar av landet, visste om desse farene.
I ein periode vart Emblemsbygdarane omtala som «Innaumnesingar», i tydinga «dei som bur innanfor Flisneset». Dette vart også namnet på lagsboka til Emblem Frilynde Ungdomslag, som vart starta opp i 1904. Gardsfolket på Flisneset var alltid særs merksame på lydar frå fjorden når det var styggevér. Brukarane her har utført mang ein redningsdåd. Det var ei utfordring at nausta måtte byggast på ein trygg stad lenger inn i Vågane, på vestsida av neset. Dermed tok det tid å komme seg dit, før ein måtte ro ut Vågane til Flisfjorden. Vi veit heller ikkje av noko storbåtnaust, så dei hadde nok berre færingen å hjelpe seg med. Særleg om vinteren var tida knapp og Anna Jensine Ødegård(1), som vart fødd 1874 i Rasmusgarden på bruksnummer 2, kunne fortelje at der i hennar barndom knapt gjekk ein vinter utan at nokon omkom ved Flisneset. Ein snakka visst ei tid om å bygge naust for ein større båt på sørsida, men det vart aldri noko av. Behovet vart nemleg redusert etter kvart som båtane vart større og tryggare. Alminneleg ferdsele med små færingar minka også når bilvegen i nyare tid tok over for fjorden. Der vart sett opp ei fyrlykt på pynten av neset i 1921.
ELDRE OPPLYSNINGAR OM GARDSDRIFTA
1667: Brenneskog og eit lite sildekast.
1714: Lite brensel, ingen kvern.
1723: Brenneved og litt småskog til gardens tarv. Lettdriven, årviss til korn.
1803: Skog til brensel. Lite beite.
1868: Utilstrekkeleg myrmark til beite. Litt bjørke- og fureskog til husbruk. Brensel torv og ved. Tungbrukt. Dyrka jord 30 mål, natureng 150 mål, likt fordelt på dei to bruka.
Flisnes har truleg vore bebudd lenge. Der finst også spor etter midlertidig busetnad i Skylehammaren, og på vestsida av Flisnes før den tid. Ein kan tenke seg at Neset har vore ein fin stad å markere si makt og sitt ettermæle, med symbol og gravhaugar som var godt synlege for farande folk. Ein er derimot usikker på om dei kan knyttast til busetnad her, eller til nabogarden Emblem, som reknast som sjølve «urgarden» i Emblemsbygda. På det gamle sjøstykket til denne garden, i Emblemsvågen, har der óg vore fleire gravhaugar. Flisneset er nemnd i ei segn om Olav den Heilage, som kjeda seg, og befalte mennene sine til å dorge med fiskeline i 1028. Dei var då på flukt innover Storfjorden. At dei kan ha fiska her, er kanskje ikkje så usannsynleg, men segna handlar eigentleg om å forklare eit geologisk fenomen med ein stein, på berga mellom Hesseberg og Heggebakk, som liknar på ein ellipseforma matboks, kalla «matbomme». Segna vart samla og skreve ned av den sjølvlærte folkeminne-granskaren Peder Fylling, frå Skodje, på 1800-talet.
Omtale av garden og gardsdrifta finn ein først 1606 i skriftlege kjelder. Då var der berre ein brukar her. 1650 vart garden delt i to, og slik har det vore fram til 1900-talet. Husmannsplassen «Skråvika» vart rydda kring 1815, lengst aust mot Emblemsvågen. Ein trur at garden har lagt ved dagens tunstad, omtrent midt på neset, heile tida. Her har nok utsikta vore god, før skogen tok til å vekse fram mot vår eiga tid. Ein reknar med at dei gamle åkrane har lagt kring husa. Det er ikkje kjent om der har vore grensegjerde mellom gardane, men ei skikkeleg bytelinje har der vore. Ein veit ikkje av nokon blanding av teigane, eller klyngetun på Flisnes. Brukarane delte likevel litt på dei beste åkerplassane, slik at den eine kunne ha åker på marka til naboen. For det meste var der myrjord fattig på kalk. Torva frå myrane kom godt med til brensel, for der var lite skog, men det er ikkje alle vekstar som trivst like godt i slik jord. Det vart dermed mest havre og blandkorn dei dyrka. Den første malmmaskina kom til Flisneset i 1890-åra. Den var handdriven og ein god avløysar for tust og skjedde, som ein hadde nytta til korntruskinga i tidlegare tider. I eit arveskifte frå 1746 er der nemnd ei kvern, men ein veit ikkje kvar den stod. Det kan verke som om brukarane på Flisnes tidleg leigde kvern hos andre, før dei 1900 sette opp si eiga. Den var sams for dei to bruka. Frå 1868 veit ein sikkert at det vart dyrka potet på Flisnes, og dei starta kanskje med det allereie i 1850-åra.
Brukarane på Flisnes hadde ingen storbåt sjølve, og måtte derfor hyre seg inn hos andre ved utrorsfisket på havet. Dei hadde derimot fleire gode tørkeberg for fisk, og tok tidvis også mot fisk til tørking for andre. På vestsida av neset var der godt laksefiske. Det var laksevarp på Verpeneset, som truleg har fått namn etter denne fangstmetoden. På Brure- holmen vart det bygd gilje i 1840-åra. Leiga, på mellom 12 og 36 kroner per år, skulle betalast til brukarane på Emblem, som krevde hevd på fisket ved denne holmen. Årsaka var at dei alltid hadde fått inntektene frå dette fisket og fiska der sjølve. Utskiftingsretten avgjorde at Flisnes og Emblem skulle ha delt rett på inntekt av fisket på Brure- holmen og stranda mellom Flisnes og Emblemsvågen.
Del av utskiftingskartet for innmarka til Flisnes 1937. Kjelde: Jordskifterettens digitale kartarkiv.
Eit gammalt sagn fortel at Flisnes ein gong hadde seter søraust for Østremsvatnet på Emblemsfjellet. Det kan høyrast litt merkeleg ut at dei skulle ha stølshusa sine saman med Akslen og Østremsreiten, på gamlesetra til desse bruka. Den heitte «Urastølen» og låg der Huldrestølen ligg i dag, kring ei hytte som er bygd på murane til høleselet. Flisnes har derimot hatt eigarar som også har ått den minste parten av garden Emblem, så ein kan dermed undre seg over om det heller var snakk om ei seter som skal ha lagt ved Austølsvatnet, nær Geitnausa. Der skal i alle fall Eikenosa ha hatt si seter, saman med Emblem og Eikenosvåg tidlegare. Dei gamle namna på vatna, i området mellom Langevatnet og Blindheim si fjellutmark, har nemleg vorte blanda saman på nyare kart. Fleire vatn har fått nye namn av Ålesund kommune. Austølvatnet heitte eigentleg Høgstølsvatnet etter setra «Høgstølen», som låg på sørsida av dette vatnet. Det vert fortalt at den vart fråflytta for huldra vart så plagsom. Det enda med at Emblem og Emblemsvågen flytta sela sine ned i Emblemsdalen, like vest for dagens demning ved Langevatnet. Andre gardar lot vere å oppretta ny seter. Soleis var det først i 1900 at Eikenosa og Eikenosvågen fekk seter att på Emblemsfjellet. Brukarane på Flisnes har derimot vore så heldige å ha nok fôr nede i bygda. Dei hadde til og med nok til å ta på seg vinterforing av dyr frå Hjørundfjorden. Dyra skulle hentast 17. mai, uansett vêr. Om våren og hausten beita dyra på innmarka, medan dei om sommaren var i utmarka, like utanfor innmarksgjerdet. Dei vart også mjølka der, om det var fint vêr, eller heimtekne for mjølking når det var ruskevêr. Dei hadde derfor ingen utfordringar med at dyra måtte førast gjennom tuna til andre gardar. I 1890-åra vart utmarka utskifta, slik at der vart eit samanhengande område frå innmarka til utmarka ovanfor bygdevegen. Då hadde vegen blitt lagd om frå den gamle ridevegen, langs «Hegrevegane», mellom Ystebøen og Eikenosa, og erstatta av enkel køyreveg nord om Langhaugen. Vegen vart seinare lagt sør for Langhaugen, og vert i dag kalla «Langrabben», der den framleis ligg ovanfor Laader Berg sin fabrikk. Den fortsatte rett over tomta, som Spilka Industrier a/s seinare bygde seg fabrikk på. Dagens hovudveg frå 1960-talet er soleis den fjerde vegen som går gjennom Emblemsbygda i dette området. I forbindelse med evakuering av gull og pengar frå Norges Bank si avdeling i Ålesund 1940, køyrde ein av dei tunglasta bilane seg fast i teleløysinga her. Det var ein hemmeleg operasjon, der verdiane skulle flyttast til det nye hvelvet hos Stranda Sparebank, i frykt for bombing av byen. Med mykje slit fekk dei bilane på vegen att, og kunne fortsette innover mot ferga på Magerholm. På denne tida var det framleis vanleg at lensmannen stengde grusvegar når telen gjekk på våren.
Flisnes har vorte radikalt endra sidan 1970-talet. Dei gamle torvmyrene og heimeutmarka er i dag store byggefelt, med Emblemsbygdas einaste matbutikkar og eit område til industriformål, som strekk seg langs Langrabben. Delar av desse tomtene tilhøyrde gardane på Flisnes. Køyrer ein videre mot gardstuna, så endrar landskapet seg dramatisk. Med eitt står ein på slåttemark, med litt spredt nyare bebyggelse ikring. Delar av ytre Flisnes er nemleg eit verna område tiltenkt landbruk og kulturlandskap. Her finn ein også gravhaugar. Kontrasten til byggefeltet mot hovudvegen er altså stor. Ein kan med eitt forstå kvifor dei tidlegare brukarane valde å sette opp husa sine nettopp her. Der er fritt syn innover bygda, og utover fjorden, der er dels på berggrunn som gjev ekstra jordvarme og ly til tandre vekstar. Her er framleis gardsdrift med gammalnorsk villsau, som held markane i hevd, både i Hansgarden og på naboeigendommane.
EIGARAR
I begynnelsen av 1600-talet var Flisnes del av «Margreta-prebendet». Seinare var det dei samme eigarane som på den minste gardparten av matrikkelgarden Emblem, altså Noregs statthaldar og greve Hannibal Schested, før eigeluten vart del av Giskegodset. Amtmann Liljenskjold, Chr. Sæd og amtmann Hagerup vart dei neste, før Flisnes fekk andre eigarar enn Emblem igjen. 1758 kjøpte Ivar Høegh Flisnes, og 1771 kjøpte Ingebrigt Nørve garden på ein auksjon etter Høegh. Ivar døydde 1805, og overlot Flines til dottera Marie Stuvitz. Ho selde gardane til brukarane etter kort tid. Sjå meir om eigarane under kvart gardsbruk.