Bnr. 4 FREDVANG

Delt frå bnr. 1 Hansgarden. Vart også kalla «Myrane»

 

 

I 1910-teljinga finn ein den tidlegare husmannen, fiskaren og jordarbeideren, Herman Bang Johansen Bernhoft (1847-1919). Han budde då hos enka 1312 Oline Willeiksdotter Bjørkavåg(6) (1851-1943), i Hansgarden på Flisnes. Ho var enke og sjølveigar sidan 1904, men enno ikkje kårkone. Oline budde der saman med svigerinna si, 1311g Thommasine Martha Cornelia, som var fattigunderstøtta. Dei fleste borna hadde reist til amerika, men planen vart etter kvart slik at sonen, Ingvald, skulle ta over garden. Han var lærar og budde ikkje fast på Flisnes, men var heime og hjalp til i onnene. Såleis var Herman god å ha på garden. Han kom opphavleg frå Meløy på Helgelandskysten, og etter kvart kom også resten av familien sørover. Han hadde gifta seg 1881 med Hanna Jørgine Anna Rasmusdotter Grønås (1855-1918). Det vart sonen, Peter, som fekk kjøpe eit stykke av Hansgarden.

a) Peter Rikard Johan  1882-1958  fekk delt frå dette bruket 1912.

b) Hilda Alette  f.1884  ugift, busett i Ivar Åsensgate i Ålesund 1910.

c) Mathilde Marie Andrea  f.1886  ugift, busett i Ivar Åsensgate i Ålesund 1910. Nemnd 1945.

d) Justine Jakobie f.1891  ugift, tenestejente i Skaregata i Ålesund 1910. Hadde to voksne døtre i 1943. Dottera Haldis døydde 1944.

e) Hagbart Julius Johan.  1895-1976  1919 g.m. Ragna Hansd. Flisnes(2), busett Blindheim. Han var fangstmann i nordishavet og fiskar.

 

Sonen Peter Rikard Johan Bernhoft (1882-1958) fekk hausten 1912 skylddelt småbruket «Fredvang» som bruksnummer 4. Han hadde gifta seg i januar det året, med Ragnhild Kristine Smørdal (1885- 1965). Ho var opphavleg fødd i Bergen. Peter var snikkar, og arbeidde mellom anna for Ole Ødegård på verkstaden hans i Puskhola, Eikenosøygard(3).

a) Hilda Laura  1913-1995  1938 g.m. Kristian Laurits Sjøholt(45), busett Sjøholt(116).

b) Henry Hagerup  1915-1945  kom ikkje heim etter krigen. Gravlagd Cochin, India.

c) Alfred Harald  1917-1943 ugift. Miste livet då «m/t Nordtind» truleg vart senka av tysk ubåt, på veg frå New York til Mersey 1943. Før krigen var han gartner, og tok hyre første gong hausten 1939 på «d/s Regin».

d) Sigvald Olav  1919-1993  1949 g.m. Anny Aarseth frå Bergen. busett Bergen.

e) Ruth Palma  1922-1991  ugift. Gravlagd saman med foreldra.

f) Solveig Klara  1925-2007  tok over bruket.

 

Dottera Solveig Klara Bernhoft (1925-2007) var tekstilarbeider i Bergen. Ho gifta seg 1948 med Finn Sigvard Arnesen (1918-2001), frå Bergen. Han var forskalingsnikkar. Dei busette seg på bruket.

a) Reidun Solfrid  f.1951  sambuar med Jon Knudsen, busett Oslo.

b) Marit Anbjørg  f.1953  1975 g.m. Teofilo Montelibano, busett Oslo.

c) Helge  f.1955  tok over bruket.

d) Unni Solveig f.1960   1982 g.m. Leif Johan Svensli, busett Eidsøra.

 

Sonen Helge Arnesen (f.1955) gifta seg 1998, med Sela Delector (f.1973) frå Filipinene. Han fekk 1990 halvparten av bruket, som forskot på arv frå tanta si. Dei fleste tomtene frå bruket vart seinare seld av søskena i lag. Helge og Sela busette seg på tomt frå garden.

a) Finn-Alfred  f.1999  busett Flisnes.

b) Carl-Magnus  f.2002  busett Flisnes.

c) Paul-Christian  f.2005  busett Flisnes.

d) Kim-Helge  f.2006  busett Flisnes.