Bnr. 2 + 3 Stigeplassen
Delt frå bnr. 1 Reiten, men tilhøyrde gnr. 2 Aksla før 1894.
Rasmus Karolus Andersson Østremsreit(4) (1843-1927) vaks opp på bnr. 4 Midthaug, lenger vest, mot grensa til Nedregotten. Han gifta seg 1866 med Anne Inger Severine Larsdotter Hjortdal(1) (1837-1907), frå Velledalen. Dei hadde begge vore i tenest på Østremsreiten(1), så det var nok slik dei møtte kvarandre. Han var tømmermann og ei tid leigetakar på Østremsreiten. I bygdeboka for Borgund, vart det fortalt at han rydda denne husmannsplassen under Akslen, i fellesutmarka til Akslen og Østremsreiten, i 1860-åra. Truleg var det ei forutsetning for å kunne gifte seg. På denne tida strakk plassen seg frå Akslagjerdet og heilt ned til sjøen. Ved utskiftinga i 1894, vart plassen del av Østremsreiten, og skyldsett til 84 øre. Same året vart den delt i 2 mindre plassar.
a) Hansine Marie Sophie 1866-1901 1890 g.m. Ole Johan Knuts. Blakstad(3), brukar Blakstad(3).
b) Peter Johan Christopher 1868-1869 døydde 1 år gamal.
c) Anna Karoline Petrine 1870-1950 1902 g.m.enkemann 545d Iver Andreas Henrik Olss. Nedre- gotten(2), brukar Guttormgarden, Nedregotten(2).
d) Peter Elias Martinus. 1872-1873 Om lag 1 år.
e) Edvard Matthias 1874-1933 tok over eine delen av plassen som fekk namnet "Gjerdet" oppå bakken mot Akslagjerdet.
f) Jakob Martinus Olaus 1876-1959 1903 g.m. Gina Elisa Karoline Carolusd. Molvær(4), brukar Molvær(4) 1905-1910.
g) Oline Marie 1879-1947 1915 g.m. enkemann 553 Johan Lauritz Marthinus Carls. Nedregotten(4), brukar Elvemyr 4, Nedregotten(4).
h) Marie Eline 1882-1961 1909 g.m. Karl Petrus Jonsen Sunde(4), bruker Sunde(4), Sula.
Sjå meir om dei to delane Stigeplassen vart delt opp i. Det er Stigen (Stampen) og Gjerdet