Bnr. 4 Skogly, ofte kalla Berntsenhuset

Låg ovanfor «Gasseneset», der oppstillingsplassane til fergekaia ligg i dag.

Ludvig Adolf Berntsen Lillevold, Sandøy (1880-1955) gifta seg 1905, med 032a Olivie Regine Lovise Hesseberg(3) (1876-1924). Han kom truleg til Ålesund etter bybrannen for å få seg jobb ved gjennoppbygginga. Ludvig arbeidde som snikkar, og utvikla etter kvart ferdigheiter i møbelsnekring. Dei fekk skylddelt tomta Skogly i 1921, etter ei tid i Borgundvegen, og utvida tomta 1924. Der bygde dei eige hus ovanfor Gasseneset på Magerholm, med glasdiskfabrikk i kjellaren. Den kunsten hadde han lært seg i Amerika. Dette vart spesialfeltet til Ludvig, og den første kaféen på Magerholm fekk ein disk som han hadde laga. Ludvig og Olivie fekk ingen born. Dødsbuet vart derfor testamentert vekk i 1955, til Norsk Luthersk Kinaforbund, som åtte Vestborg skule på Stranda. Den 15. januar 1960 selde Norsk Luhersk Misjonsamband eigedommen vidare til Lina (f.1888) og Ludvik Bjørndal (f.1883) for 34 000,-. Den vart då verdsatt til 45 000 kroner. Dei budde der ikkje sjølve, og selde vidare allereie 6. august, det same året, til neste brukar via eigedomsmeklar Paulsen, for 35 000,- pluss kr. 2000,- for redskap m.m.. Eigedommen vart seld vidare til neste brukar.

 

 

 Krigshistorikar og motstandsmann, Ragnar Leif Ulstein (f.1920), gifta seg 1951 med Jenny Hermine Akselsen (f.1927), som i mange år var kontormedarbeidar på Emblem Skule. Ho leia også husmor- laget i bygda i fleire år, og var pådrivar for bygging av eldrebustadane på Garsendhaugen, saman med Emblem helselag. Familien kjøpte Berntsenhuset og budde der frå 1960 til 1964. Familien bygde nytt hus ved den nedlagde Sirigarden, Nedregotten(3), lenger vest i bygda. Tomta ligg på nedsida av riksvegen, som nærmaste nabo til garden «Midthaug», på Vedhaugen. På offentlege kart har huset og vegen no fått gatenamnet «Siribruket», som eit minne om den gamle garden. Ragnar selde vidare til Per og Knut Nedregotten i trelastbedrifta P&K Nedregotten, som allereie i Ludvig si tid hadde fått leige tomt til brygge og næringsbygg nede ved sjøen der.

a) Magne  f.1953  1977 g.m. Anne-Line Bratberg. Bygde seg hus på frådelt tomt frå barndomsheimen.

b) Birgitte  f.1956  1979 g.m. Ove Kvangarsnes. Bygde seg hus på frådelt tomt frå barndomsheimen.

c) Anders  f.1964  2002 g.m. Aldona Sonia Pater. Bygde på og pussa opp barndomsheimen til generasjonsbustad..

 

Sonen til eigaren, Per Nedregotten, Einar Nedregotten (1943-1997) frå Steffagaren, Nedregotten(5), gifta seg 1970 med Gerd Johanne Indresæter (1948-1989), frå Magerholm(6) frå Ytrebøen. Dei busette seg i «Berntsenhuset», som no låg rett ved trelastlageret «P&K Nedregotten», der faren var medeigar. Einar var ved giftermålet lagerekspeditør, men tok over etter ei tid over både huset og trelastlageret. Det heile vart jamna med jorda, og Gasseneset sprengt ut og jamna ut til oppstillingsplass for den nye fergekaia, som stod klar i 1997. Han fekk då delt frå ei hustomt (Gnr. 5 Bnr. 200) på tunet til farsgarden, og flytte dit. Sjå meir under brukar 514 på Nedregotten.

a) Per Atle  f.1970  sambuar med Lise Bjølverud. Er dagens brukar 136 på Ytrebøen. Sjå meir lenger fram i denne boka.

b) Kathrin  f.1972  1996 g.m.Steinar Hagen. Sjå også Steffagaren, Nedregotten(5).