Handkolorert flyfoto med gardane på Kvasneset lengst bak. Bildet er truleg frå 1953. Det er lånt ut av Arnhild Almås.
Bnr 3. SKRÅVIKA
Delt frå bnr. 1 Hansgarden
Enka Ragnhild Rasmusdotter Svorte(2) (dp.1762) er nemnd som legdslem og husmannsenke her i 1815. Ragnhild sin far var Rasmus Sjurson Sorte(2) og søskenborn til 1308 Gunnhild Petersdotter Ekroll, som gifta seg med Ingebret Hansen Flisnes(1) i Hansgarden. Rasmus si søster, Ingleiv Sjursdotter (Sorte(2), var mor til 1309 Guri Amundsdotter Sorte(2), som gifta seg med Gunnhild sin son, Hans Ingebretson Flisnes(1) i Hansgarden. Ragnhild i Skråvika vart dermed både søskenborn til Guri og tremenningen til Hans. Ho var tenar på Giskeødegård når eldstesonen var døypt, og gifta seg med Amund Olson Sulebakk(1) (1752-ca.1809). Dei vart plassefolk på Høghaug i Solevågen. Amund døydde i arresten i Kolvika. Det var kanskje etter denne hendinga ho flytta for å få hjelp med slekta si på Flisnes. I så fall kan der ha vore ei strandsitjarstove i Skråvika før Ragnhild kom hit
a) Siver Nicolai dp.1794-1840 tok over plassen.
b) Elias dp.1798-1830 brukar Hatlehol Ytre.
c) Ellen dp.1801 vart fødd i Solevågen. Seinare registrert på Eliasplassen på Vågneset i 1815-teljinga.
Sonen Siver Nicolai Amundsen Solevåg(10) (dp.1794-1840) gifta seg 1817, med Berthe Henriksdotter Kjørstad (f.ca.1777), kanskje frå Eid i Nordfjord. Dei tok over plassen det samme året. Namnet var då «Flisnesstrand». Dei hadde det vanskeleg, og Sivert vart stadig kalla inn til forliks- kommisjonen for gjeld han ikkje makta å betale i rett tid. Når han døydde i 1840, var buet etter han fallitt. Dei fekk truleg ingen born saman.
Hans Amundsen Flisnes(1) (1815-1885) frå hovedbruket, budde her ei kort stund før han tok over farsgarden, bnr. 1 på Flisnes. Sjå meir om han som brukar der. Hans gav husmannskontrakt på Skråvika til lillebroren Peder Elias i 1847.
Broren Peder Elias Amundsen Flisnes(1) (1821-1848) gifta seg i 1846, med Lovise Pedersdotter Blindheim(2) (1821-1895). Han var då matros. Peder fekk husmannskontrakt med broren, Hans, som tok over farsbruket i 1847. Kravet var 25 speciedaler, ei lita årleg avgift, og 12 arbeidsdagar. Desse var fordelt med 3 dagar kvar vår og haust, samt 6 pliktdagar i slåtten på farsbruket, Flisnes(1). I tillegg skulle han gje kår til enka Berthe. Elias hadde tjenestefolk, og dreiv kanskje med båtskyss i tillegg. I arveskiftet er det i alle fall krav frå fleire rorskarar, men buet etter han var fallitt. Peder fekk ingen born.
Enka Lovise Pedersdotter Blindheim(2) (1821-1895) gifta seg på nytt 1849, med Ole Nicolai Britanus Eriksen Kvasnes(1) (1824-1866). Han kalla seg «Flisnesvåg», og betalte årsavgift på to speciedaler, samt 8 arbeidsdagar kvart år.
a) Elias Raskanus Teodor 1850-1909 tok over bygsel på plassen.
b) Emilie Bergitte Andrea f.1853 er nemnd i 1865-teljinga.
c) Ebbe Britannus f.1856 er nemnd i 1865-teljinga.
d) Peder Rasmus Carolus 1859-1935 1885 g.m. Jensine Olsen, busett Ålesund 1885. Han var losseformann i Ålesund og seinare vaktmeister på Ljaaen.
e) Berthe Cristiane f.1861 1893 g.m. skomaker Peter Jacob Mathias Ellingsen Furmyr(4), men fødd på Nedregård. Busett i Ålesund 1900.
f) Ole Ludvig f.1864 gifta seg med Nikoline Valderhaug. Dagarbeider, busett i Ålesund,
Sonen Elias Raskanus Teodor Olsen Flisnes(3) (1850-1909) skulle betale 4 speciedaler i avgift, men slapp arbeidsplikta mot å gje kår til mor si. Han gifta seg 1873 med Petrine Marta Pettersdotter Hatlen(1,2) (1849-1899). Ho døydde av lungebetennelse. Han gifta seg på nytt i 1902 med Olave Svensdotter Fjørstad(F,146d) (1851-1911) frå Stranda. Ho dreiv bruket med to søstre frå 1909. Ei av dei var Marie Svendsdotter Fjørstad(F,146d) (f.1851). Ho var ugift og «formuende». I 1879 var han med på ei redningsbragd utanfor Flisnes, saman med naboen Lars Andreas Hanson Flisnes(1) og Rasmus Hanson Flisnes(2). Elias fekk ei klokke frå Kong Oscar II til takk.
a) Ole Johan Lauritz 1873-1917 tok over plassen.
b) Peder Iver Raskanus. f.1875 1) 1902 g.m. Ane Petrine Gunnelie Rasmusd. Rekdal
2) 1919 g.m. husbestyrer (Lina) Eline Marta Jakobsd. Leite frå Volda, busett i Hellegata, Ålesund. 1910 kolarbeidar hos onkelen, Peder i Ålesund. Starta eigen kolforretning, og var husbestyrar for pinsemenigheita i Ålesund.
c) Lovise Laura Birgitte 1878-1969 1901 g.m. Peter Laurits Knuts. Uggedal(2), Valderhaug. Dei er nemnd på Myrpladsen, Valderhaug(12) i 1910.
d) Marie Anna 1880-1968 1906 g.m. brannkonstabel Martinus Hanss. Muri(226) i Ålesund. Ho var hushaldar for faren 1900.
e) Elias Britannus 1883-1900 døydde av «kreftbyld».
f) Lisa Andrea 1886-1905 døydde av hjernebetennelse. Vart kalla Elisa ved gravferda.
g) Edvard Anton 1889-1921 1912 g.m. Astrid Randrine Karlsd. Kongsvold, Ålesund. Han var handelsmann, busett i Keiser Wilhelmsgate, Ålesund.
h) Johan Ingvald 1893-1918 var ugift. Døydde av «lungebrann».
Sonen Ole Johan Lauritz Eliasson Flisnes(3) (1873-1917) tok over bygselskontrakta etter far sin i 1910. Han gifta seg 1898 med Hansine Birgitte Eriksdotter Valderhaug(4) (1873-1948). Ho var søster til Anna Eriksdotter Valderhaug(4), som kjøpte plassen i 1912. Skråvika vart delt frå som bruk med eige bruksnummer i 1903. Dei budde først i Hellegata i Ålesund, men tok over i 1912 då mor hans hadde gått bort. Sambygdingane Hans Ramsvik og «Tryset-Knut» bygde ny fjøs 1914. Stova hadde dei ikkje råd til å bytte ut. Den var då så dårlig at det snødde gjennom veggane.
a) Elias Peder Laurits 1898-1969 1918 g.m. 1122h Sofie Lovise Ragna Ekornåsvåg frå Olevågen, Eikenosvåg(2). Dei er svigerforeldra til 1139a (Arne) Jostein Haugen, frå Furholmen.
b) Emil Normann 1900-1989 kjøpte plassen saman med bror sin.
c) Leonard Erling 1901-1903 døydde i Ålesund.
d) Leonhard Erling 1903-1969 1938 g.m. Alfrida Antonie Strand frå Ålesund, Han var elektrisk montør i Borgund, busett Langrabben på Flisnes.
e) Nancy Marie 1905-1905 døydde i Ålesund.
f) Nancy Marie 1906-2000 1952 g.m. Olav Elias Christofferson Almås(2), busett Spjelkavik. Fleire opplysningar om bruket er frå henne. Les også teksten ho skreiv om barneåra. Den er publisert i første årboka om segner og livsminne frå 2021
(sjå bøkene på framsida til denne heimesida)
g) Oleif Henny 1907-1994 1932 g.m. Ole Nilsen Stokke(2) frå Sunnylven. Var mor til Nils Stokke, brukar Hatlehol Ytre, Hatlehol(2). Ho var tenestejente i Oaldsbygda, og traff Ole der.
h) Anna Nikoline 1910-1979 1941 g.m. Inge Knuts. Stokke(1), Sunnylven. Kjøpte Furnes på Sula 1947. Gravlagd i Langevåg.
i) Kristian Emil 1912-1990 kjøpte plassen saman med bror sin.
j) Hans 1914-1961 1939 g.m. Henny Marie Nansy Alnes(12), busett Flisnes. Han gjekk bibelskule og var aktiv i indremisjonen. Ei tid ansatt hos Ødegård Karosseri i Puskhola.
Sonen Emil Normann Flisnes(3) (1900-1989) fekk 1942 skøyte på bruket frå tanta, diakonisse Anna Eriksdotter Valderhaug(4), som hadde kjøpt plassen 1912 og bygsla den til foreldra til Emil. Anna flytta hit frå Oslo, når ho måtte pensjonere seg om lag 61 år gammal på grunn av gikt. Emil vart grunneigar saman med bror sin. Kjøpesummen på Skråvika var på 4000 kroner. Mora var den som valde ut, for søstera si, kven som fekk dele på bruket, og kven som fekk hustomt med 10 mål eigedom attåt. Jorda var tiltenkt dei av søskena som ikkje hadde noko jord frå før av. Ho tenkte at Emil og Kristian ville passe best i lag. Emil gifta seg med Olga Marie Vegsund(3) (1902-1984). Dei fekk ingen born, så broren Kristian vart etter kvart einaste grunneigar. Sjå meir om han nedanfor. Mora vart tidleg enke, og familien sat i vanskeleg økonomiske kår. Stadig vekk måtte dei bed Gud om hjelp til å klare seg. Dei hadde ikkje pengar til Emils konfirmasjonsdress, men så kom ein mann, kalla «Kilde-Ole», dei i møte på ein byttur med bær for salg. Han sa at Gud hadde fortalt han at dei trong hjelp, og han gav dei heile 100 kroner. Det var ein stor sum den gongen. Mora, Hansine, var så glad at ho knapt visste kvar ho skulle gjere av seg. Livet vart langt lettare i Emil si tid som drivar.
broren Kristian Emil Olsen Flisnes (1912-1990), Flisnes(3) gifta seg med Valborg Skytterholm (1926-2018). Han fekk 1942 skøyte på plassen frå tanta, diakonisse Anna Eriksdotter Valderhaug(4), som hadde kjøpt plassen 1912 og bygsla den til foreldra til Kristian. Ho flytta hit frå Oslo, når ho måtte pensjonere seg, om lag 61 år gammal, på grunn av gikt. Mellomkrigstida var ein hard periode på garden. Mang ein gong hadde mora gått ut i løa for å be til Gud om hjelp til å få mat på bordet. Etter krigen vart det enklare, når ein kunne ha eit arbeid i tillegg. Kristian og Emil fekk Skråvika, fordi mora tenkte at dei ville passe best i hop til det. Valborg arbeidde på 1970- og 1980-talet for «Ålesund folkehøgskule» (også kalla «Borg») på Hatlehol. Kjøpesummen på Skråvika var 4000 kroner. I deira tid byrja tomtesalget, som har fortsatt heilt fram til vår tid. Kristian var installatør hos broren, Leonard, og styrte søndagsskulen på Hatlehol og Flisnes frå 1958 til 1963. Han var også forkynnar og ei tid formann for Blindheim og Hatlehol Indremisjon.
a) Kjell-Vidar f.1953 tok over bruket.
b) Hallgeir Ove f.1954 tok over bruket.
c) Lindy Oddrun f.1957 1983 g.m. Bjørn Trygve Nilsen, busett Sandefjord.
Sonen Kjell-Vidar Flisnes (f.1953) eig i dag restane av Skråvika, saman med bror sin. Dei fekk 1981 skøyte på kvar sin halvdel av Skråvika, som Emil og Kristian hadde eigd før dei. Kjell-Vidar er gift med Liv Karin Myrvoll (f.1954) frå Spjelkavikneset. Dei er busett i Skråvika. Det aller meste er no skild ut til bustadstomter i byggefeltet på Flisnes. Berre eit utmarkstykke i Eikenosbakkane, ovanfor Laader Berg sin fabrikk, er att av den tidlegare husmannsplassen.
a) Ole Kristian f.1979 2011 g.m. Silje Ødegård, busett i Skråvika. Ole fekk overdrege ein eigedom frå far og onkelen i 2014.
b) Jhon Fredy f.1991 sambuar Med Camilla, Busett Oslo.
Broren Hallgeir Ove Flisnes (f.1954) eig i dag restane av Skråvika saman med bror sin. Dei fekk 1981 skøyte på kvar sin halvdel av Skråvika, som Emil og Kristian hadde eigd før dei. Hallgeir er gift med May-Britt Josefsen (f.1951), og er busett i Skråvika. Det aller meste er no skild ut til bustadstomter i byggefeltet på Flisnes. Berre eit stykke i Eikenosbakkane, ovanfor Laader Berg sin fabrikk, er att etter den tidlegare husmannsplassen.
a) Sindre f.1988 busett i Skråvika.
b) Terje f.1988 er saman med Tina Vennatrø frå Stjørdal, busett Blindheim.