BNR. 3+4 OSHAUGEN

Delt frå Knutgarden, bnr. 1

1868 kjøpte båtbygger Nils Elias Rasmus Løset (1841-1910), frå Volda, eit stykke på neset, ved Vågsbotnen, frå Knutgarden. For dette betalte han 250 speciedaler. Han gifta seg 1869 med Nicoline Simensdotter Kaldvatn(S) (1842-1929), frå Volda, året etter at han kom til bygda. Knutgardfolket hadde eit åttringsnaust, på området som no tilhøyrde Nils, men dei fekk fortsatt ha det ståande der, og dei fekk også jage kyrne sine langs elva, mot grensa til Oshaugen, kvar vår og haust som tidlegare. Bruket fekk bruksnummer 3, og vart utvida med eit stykke som Nils kjøpte attåt seinare. Bruket fekk bruksnummer 4. Det finst fleire historier om Nils og Nicoline. Nokre av dei kan du lesa om under plassen Løvika, Nedregotten(7), lenger fram i denne boka. Dei flytte nemleg dit, og rydda seg ny plass i 1891. Det vert fortalt at Nicoline var svært nysgjerrig, og til dels sjalu. Ho fekk Nils til å snu heile naustet, slik at ho kunne sjå kven som kom og gjekk, når han arbeidde der. Gamlehuset låg nemleg nærare naustet, ved småelva som renn ut der. Dørene vart flytt vekk frå sjøen, slik at Niccoline kunne sjå kven som vitja mannen. Han vart helst kalla «Båt-Nils». Færingane fekk god omsetning i distriktet, og kanskje finst nokre av dei på Emblem også. Sjå meir om Nils og Nicoline på garden Løvika.

 

Nicolai Martinus Carolus Halvorson Østrem(1) (1858-1926), frå Mattisgarden på Østrem, kalla seg «Nikolay Blakstad» då han kom til Emblemsvågen 1888. Han hadde gifta seg 1880 på Blakstad i Sykkylven, med enka Jensine Petrine Hansine Bastiansdotter Blakstad(3) (1846-1887), og var brukar der til 1888. Nikolai vart dermed stefar til Peter Bastian Blakstad, som gifta seg til gard på Ystebøen. Peter vart igjen svigerfar til Nicolai sin son, Hans, (sjå neste brukar), så det vart til tider litt innfløkt. Årsaka til at han kom til Emblemsvågen er truleg at han var enkemann, og gifta seg på nytt med Hansine Marie Hansdotter Jarnes frå Davenes(2) (1863-1934). Ho er også søster til Jørgen Emblemsvåg på Sandane. Dei dreiv Oshaugen til 1929, og han fekk tilnamnet «Os-Nikolay».

a) Knut Lauritz  1881-1902  vart fødd på Blakstad.

b) Lovise Ingeborg Hansine  f.1884   1906 g.m. vognmann Leonard Ols. Gåseidnes, busett Ålesund. Han var broren til Lars, og begge byrja å kalle seg Wennersberg. Lars gifte seg med Inga Østrem(1), frå Mattisgarden, som var søskenbornet til Lovise. Dottera Maria «Maja» Wennersberg gifta seg med Christian Midthus, busett ett aust for tunet til Ytrebøen, inne på Magerholm.

c) Jensine Karoline Birgitte  1889-1891  tvilling.

d) Inga Nikoline  1889-1891   tvilling.

e) Johan Ingvald  1892-1946  1922 g.m. Louise Snefrid Ask, busett Ålesund. Han Arbeidde ei tid i California frå 1910, saman med broren Hans og søskenbornet Fredrik Østrem(1). Familien leigde seg inn i Knutgarden, hos Karen Emblemsvåg, om sommaren på 1930-talet.

f) Hilmar Jørgen  1894-1895  døydde av kikhoste.

g) Nikoline Hansine Petrine  1896-1985  gifta seg Larsen. Tente på Blindheimsnes(1) 1910. Er gravlagd i samme grav som foreldra sine.

h) Hans Bernhard  f.1898  tok over bruket.

i) Laura  1901-1902   døydde av strupehoste.

j) Knud Lauritz  1904-1986   1947 g.m. Svanhild Nilsen, King County Seattle. Drog til USA 1923, og har etterslekt der.

k) Hilmar Karl  1906-1983   tok over bruket seinare.

 

Sonen Hans Bernhard Nicolaison Emblemsvåg(3+4) (f.1898) gifta seg 1928, med Anna Petersdotter Emblem(5) (1902-1929) frå Ystebøen. Det er interessant å merke seg at far til Hans, Os-Nikolay, vart stefar til Anna sin far, via inngifte på Blakstad. Ho døydde året etter bryllupet, på grunn av barselfeber. Hans drog etter kort tid attende til Amerika, der han hadde hatt arbeid tidlegare. Han kjøpte Oshaugen i 1930, før han drog attende til Amerika, og sa den frå seg att til bror sin i 1947. Dottera vaks opp på Ystebøen.

a) Anna Harriet 1929-1998 g.m. Karl Olaus Akslen, brukar Nybø, Emblem(4). Ho «Lill-Anna» Vaks opp med besteforeldra på Ystebøen.

 

Broren Hilmar Karl Emblemsvåg(3+4) (1906-1983) fekk skøyte frå bror sin i 1947, men hadde dreve garden heilt sidan faren døydde i 1926. Hans tok nok omsyn til dette, når han selde seg ut. Hilmar gifta seg med Anne Kristine Edø (1913-1989).

a) Nils Jan  1938-2011   tok over bruket.

b) Herdis Annie  1953-2012   1972 g.m. Jostein Ole Overå, busett Oslo.

 

Sonen Nils Jan Emblemsvåg (3+4) (1938-2011) gifta seg 1961, med Anne Johanne Ingebrigtsen (1939-2017) frå Haramsøya. Nils Jan var aktivt med i revy og teater. 10 år gamal las han dikt på NRK, saman med programleiar Rolf Kirkevaag. Nils Jan vart også russepresident i Ålesund. Dei fleste kjenner han nok best frå sine mange år som realfagslærer ved Blindheim Ungdomskule, men han har også budd utanfor bygda, i forbindelse med si lærergjerning. 1964 kom sonen, Halvor, til verda på Rena. Anne arbeidde som syerske når dei gifta seg. Nils Jan var då framleis student i Trondheim. Det vert fortalt at han var den yngste som hadde stått på talarstolen, for å halde 17. maitale, på Emblem. Den gongen var det ikkje vanleg at skuleborna fekk slikt oppdrag. Han nådde ikkje over kanten på talarstolen, utan noko å stå på.

a) Nils Arne  f.1961  1) 1996 g.m. Nina Løberg, Asker.

                                    2) 2007 g.m.Ane Helene Stang, busett Vollen ved Asker.

b) Olga Anna  f.1963   1987 g.m. Ole Roger Frøland, busett på Hankane.

c) Halvor  f.1964   tok over bruket.

d) Jan  f.1971   1) 1997 g,m, Navita Oberoy, Mumbay.

                          2) 2006 g.m. Tone- Ellen Thune, Vågstranda.

                          3) 2019 g.m. Marianne Synnes, Ålesund. Ho er stortingsrepresentant for Høgre i Møre og Romsdal. Han er                                busett i barndomsheimen på Oshaugen.

 

Sonen Halvor Emblemsvåg(3+4) (f.1964) tok over bruket, og fekk skøyte frå faren i 1997. Han arva mykje av den same gleda for realfag, og utdanna seg til sivilingeniør i teknisk fysikk. Han var heller ikkje den einaste i søskenflokken som valde seg realfag som utdanning. Halvor gifta seg 1990 med Cathrine Jystad frå Trondheim. Dei budde ei tid i både Vesterås og på Sunndalsøra. Halvor gifta seg på nytt i 1996, med Marita Liss Giske (f.1966). 2016 selde dei garden, og er i dag busette på Blindheim.

a) Cecilie  f.1990  saman med Johnny L. Dahle, busett Trondheim.

b) Marte  f.1992  student, busett Trondheim.

c) Matias Leander  f.2001   busett Ålesund

d) Isak  f.2002  busett Ålesund

 

Geir Bertil Aspehaug (f.1979), frå Hesseberg, kjøpte Oshaugen hausten 2016. Han er sonen til Anne-Lise Blindheim, frå Bryggå, Hesseberg(3), og Gunnar Aspehaug frå Spjelkavika. Dei bygde seg hus på tomt frå Bryggå, der Geir vaks opp. Han er banksjef i Sparebanken Møre i Spjelkavik, og sambuar med Tina Corneliusen Skorpen (f.1981). Ho er oppvaksen på Brendhaugen, på Flisnes, og utdanna jurist. Ho jobbar no hos NAV Pensjon avd. Ålesund. Dei har tatt opp att gardsdrifta, og driv litt med sauar.

a) Fredrik  f.2009  busett Oshaugen, Emblemsvåg.

b) Emil  f.2013  busett Oshaugen, Emblemsvåg.

c) Thea  f.2014  tvilling, busett Oshaugen, Emblemsvåg.

d) Sofie  f.2014  tvilling, busett Oshaugen, Emblemsvåg.