Gnr. 4 Høla
Trykk på denne teksten for å finne garden på kartet
Endre Jonsen er nemnd her i 1603. Han dreiv bruket til 1632, og kan vere bror til Ole og Jon på Øvste-Aksla. To av dei første brukarane der Sjå meir om dei enger fram i denne boka. Han vart 1626 skulda for å la vere å lyse ut funnet av ein død bukk i sjøen. Han vart dømd til å betale 3 riksdaler i bot. Tunet til Høla låg truleg oppe på haugen, ved tunet til Øvste-Aksla, i eit samla klyngetun heilt fram til 1890-åra.
Sonen Jon Endreson Akslen(1) hadde tidligare dreve nabobruket Østremsreiten frå 1623 til 1624. I 1632 hadde han over bygselen på farsgarden, i tidsrommet 1632 til ca.1665. Jon dreiv ei tid Øvste- Aksla attåt. 1685 skatta han for hest og 6 kyr. Sjå også meir om han som brukar på Østremsreiten, og på Øvste-Aksla. Det er mogeleg at Østremsreiten var del av klyngetunet på Øvste-Aksla i begynnelsen. Øvste-Aksla, Høla og Østremsreiten låg dermed i lag.
Peder Olson (f. 1651) var tidlegare soldat, ifølge 1701-teljinga. Han var brukar i ti år, frå ca.1665 til om lag 1675.
Ole Andersson var brukar frå om lag 1675 til 1680. Begge gutane er nemnde ved arveskiftet etter ein Ole på Sulebust i 1725, så det er mogeleg at han kan ha hatt slektskap, eller anna nær tilknytting, til Sulebust, før sonen gifta seg dit. Ikring 1680 vart Høla slått saman med Øvste-Aksla.
a) Ole f.ca.1681 1713 g.m. Siri Pedersd. Ytre Holen, brukar Sulebust. Kanskje det var han som tente i Spjelkavik 1701.
b) Timann f.1683 Innrullert matros 1704-1709, før den store nordiske krig. Kanskje identisk med husmann Tidemann Ols. på Østrem, nemnd 1725.
I tidsrommet frå 1680 til 1711 vart Høla drive saman med bruk nummer 1, Øvste Aksla, som eit samla bruk. Den første var svigerfar til neste brukar, 206 Knut Pederson Akslen(1). Den siste var 207 Arne Knutson Akslen(1). Begge var gifte med Marite Arnesdotter Akslen(1).
Tyge Pederson Vestre(19b) (1685-1747) var tenar på Østrem i 1701. Han gifta seg 1712 med 206a Agata Knutsdotter Akslen(1) (1685-1746), frå Øvste-Aksla. Dette giftermålet kan vere årsaka til at gardane vart delte att. Han hadde kvern i Østremselva, sette opp naust og hadde mykje fiskevegn. I skiftet etter han i 1747 er det nemnd hest, 3 kyr, 3 ungdyr, sauer og geiter. Søstera, Karen, gifta seg til nabogarden Østremsreiten 1734. Sjå også brukar 305 lenger bak i denne boka.
a) Marit dp.1712-1751 ugift, busett Akslen.
b) Ragnild dp.1714-1783 1748 g.m. Lars Madzon Stadsnes, busett Stadsnes.
c) Knud dp.1717-1757 1744 g.m. 819c Anne Jonsd. Røssevold(3), brukar 821 Røssevold(3). Med henne kom namnet Tyge/ Tykje dit. Sjå meir under bnr. 3 «Tykjegarden» på Røssevollen.
d) Ole dp.1720-1720 døydde 16 veker gamal.
e) Ole dp.1721-1749 tok over bruket
f) Peder dp.1724-1767 1753 g.m. Anne Olsd. Stokke(4?), Hjørundfjorden? Brukar på Tørla(1).
g) Paavel dp.1727 døypt Akslen. Ikkje nemnd ved arveskiftet 1747.
h) Marithe d.y. dp.1731 1) 1779 g.m. enkemann Styrker Larss. Blindheim(9), Vigra, brukar Synnes(3).
2) 1783 g.m. enkem. Bersvend Endres. Giskegjerde, brukar Valderhaug(Myra).
Ole Tygesen Akslen(4) (dp.1721-1749) var brukar frå 1747 til 1749. Han gifta seg 1747 med 720a Berite Jacobsdotter Emblemsvåg(5) (1718-1784), frå Antonesgarden. Berite gifta seg opp att med neste brukar.
a) Thyge dp.1748-1748 Døydde 14. dagar gamal.
Enka Berite Jakobsdotter Emblemsvåg(5) (1718-1784) gifta seg om att 1750, med ungkar Ole Larsen Furnes(1) (ca.1714-1784), fødd i Ørskog prestegjeld. Han var brukar på Vasset(1) på Sula, før han kom til Høla. Ole hadde også vore forlova med Martha Gudbrandsdotter frå Sunnfjord, og dei fekk to born før ho døydde i 1748. 1750 kalla han seg Akslen ved giftermålet, så han kan ha budd der ei tid.
a) Niels dp.1747-1781 tvilling, 1780 g.m. Anne Axelsd. Emblem(11), brukar i Sjursgarden, Emblem(11). Døypt «Wadsæt». Fekk sonen, Lars, 1772 med Siri Størkersd. Nedre Volstad(I).
b) Lars dp.1747-1826 tvilling, døypt «Wadsæt». Tok over bruket.
c) Martha 1750-1827 brukar Valderhaugstrand(20). Nemnd som «f. tøs» på Svinøya.
Sonen Lars Olson Akslen(4) (1747-1826) gifta seg 1774, med 406e Gidschen Olsdotter Østrem(1) (dp.1747-1786) frå Mattisgarden. I 1793 gifta han seg om att med enka Tollou Larsdotter Giskegjerde (dp.1744-1803). Ho vart fødd på Alnes. Dei er nemnd som husmenn på Vikholm, Langøy(2), i perioden 1801 til 1803. Enkemannen Lars gifta seg ein tredje gong, i 1808, med enka Elen Johnsdotter Alnes(3). Han er nemnd som legdslem der i 1815.
a) Ole dp.1774
b) Son 1776-1776 dødfødd.
c) Arne dp.1777
d) Marthe dp.1780-1786 døydde på heimgarden.
e) Niels dp.1783 1817 g.m. (Malene) Martine Catrine Rasmusd. Store Nørve, brukar Fagervik, Voldsdal(3) på Ystenes.
f) Peder d.1788 kanskje frå dette bruket? Ukjent alder.
Peder Knudson Maråk(1) (dp.1744-1788) gifta seg 1783, med Malene Jacobsdotter Korsbrekke (dp.1757), døypt Ringdal i Sunnylven. Dei bygsla bruket 1786. I skiftepapira, etter han er det registrert hest, 3 kyr, kvige, 2 kalvar, 8 sauer og 4 geiter. Malene dreiv bruket åleine nokre år med hjelp frå tenar og tenestejenta.
a) Synneve dp.1783-1838 1830 g.m. 120c Lars Jacobs. Magerholm(II), brukar 031 Bryggå, Hesseberg(3). Fødd i Sunnylven.
b) Karen Petricia dp.1786-1853 1) 1820 g.m. Jon Gunders. Mørch, brukar Valle(5).
2) 1831 g.m. Jakob Larss. Valle(3), busett Fagervika, Valle(5).
Enka Malene Jacobsdotter Korsbrekke Akslen(4) (dp.1757) gifta seg 1789, med Lars Jonson Alnes(4?) (ca.1758-1835). Ved forlovelsen i 1788 vart han kalla Akslen frå Giskegjerde, men det stemmer kun dersom han var tenar der. Alderen ved 1801-teljinga stemmer heller ikkje med alder ved begravelsen, så det er ikkje sikkert kvar han kom frå. Lars og Malene dreiv Høla frå 1788 til 1796. Deretter flytta dei til Bryggå, Hesseberg(3), og vart første kjende plassebrukarane der. Han hadde tilnamnet «Halte-Lars», og var vilkårsmann på Hesseberg(3), men budde i Høla når han døydde.
Ole Larson Korsbrekke(4) (dp.1767-1855) gifta seg 1794 i Sunnylven, med Birthe Rasmusdotter Hellebostad(3) (dp.1773-1856?). Dei dreiv garden frå 1795 til 1831, og tok kår hos dottera Olava, som dreiv bruket etter dei.
a) Ragnild Petrine dp.1797-1835 1833 g.m. Bernt Larss. Hellesylt(2). Husmann/ fattiglem på Hellesylt ved dødsfallet. Dei fekk ein dødfødd son i 1834.
b) Lars Andreas Martinus dp.1799-1840 1829 g.m. Lisbeth Marie Olsd. Synes(9), brukar på Roald(2), Vigra.
c) Martinus dp.1801-1870 1) 1827 g.m. Maren Larsd. Ytre-Skodje(3), brukar Grasdal(2), Skodje.
2) 1863 g.m. enke Berte Larine Andrine Olsd. Ekroll. Plassefolk på «Bertebakken», Ekroll.
d) Dødfødt born 1804-1804 tvilling.
e) Karen Martha dp.1804-1838 tvilling. Ugift og død på Ekornes. Budde der 1815 i «Anexet».
f) Olava (Oline) dp.1807-1882 tok over bruket.
g) Rasmus Carolus 1809-1809 døydde 9 dagar gamal.
h) Rasmus Martinus dp.1810-1849 1841 g.m. Severine Petrine Iversd. Tandstad(M,3), brukar Aurdal(7).
i) Mallene Siverine dp.1815 tvilling. Levde kanskje ikkje opp.
j) Jacob Andreas dp.1815 -1855 tvilling 1) 1840 g.m. Andrine Olave Andersd. Straum- gjerde(11), busett «Urvik-Kråen» (Skjerva), Ålesund i 1840. 2) 1850 g.m. Karen Marie Jørgensd. Brunstad, Sykkylven. Han drukna.
k) Isachine Olave ca.1819-1896 1864 g.m. enkemann Anders Rasmussen Røyrhus, Hjørundfjord. Flytte til Antonesgarden, Emblemsvåg(5). Døydde som enke og legdslem på Nedregotten.
Svigersonen Johan Gundersen Vik(3) (dp.1796-1849), frå Sykkylven, gifta seg 1830, med Olava (Oline) Akslen(4) (dp.1807-1882). Dei bygsla høla 1831. På den tida var der stove og stabbur i dårleg forfatning. Løa med fjøs stod det betre til med. Husa stod i eit klyngetun, saman med Øvste- Aksla oppe på haugen, der Øvste-Aksla framleis har tunet sitt. Han sette sjølv opp eit sel. Det er mogeleg at det er samme selet som framleis står på Akslasetra. Dei hadde, i 1845 hest, 6 kyr, 12 sauer og avla 10 tønner havre, 3-4 tønner bygg og 9 tønner med potet. I tillegg tok dei seg av ein sjuk slektning og gav kår til Olave sine foreldre, som dei fødde 2 kyr og 4 sauer for. Presten skreiv at det var «mere end gaarden taaler». Dette var på ei tid før bruket vart dyrka opp for maskinell drift. Johan ønska å kjøpe bruket av Borgundpresten for 150 speciedaler. Han fekk etterkvart bruket for 200 i 1846. Då var han både fattig og aldrande, og greidde ikkje betalinga, så han måtte skøyte frå seg bruket til kausjonisten 6084 Lars Knutson Emblem(9) i Auregarden. Johan fekk sitte på bygsel dei siste åra han levde. Olava gifta seg om att 1861 med enkemann Elling Karolus Martinson Ekornes(Y,4), (1809-1876). Dei vart brukara på Blegen, Blakstad(3) i Sykkylven.
a) Berthe Severine f.1831 fødd Akslen.
b) Ole Peter 1833-1858 dreng Juliebø, drukna 25 år gamal.
c) Gunder Lauritz 1835-1835 døydde 14 veker gamal.
d) Gunder Laurits 1836-1874 1) 1864 g.m. Karoline Kristine Jensd. Åse(6), døydde 1865 i barselseng.
2) 1866 g.m. (Oline) Elisabeth Eriksd. Kvasnes(1), busett på Gjerdet under Store-Nørve.
e) Karolus Martinus 1839-1924 1865 g.m. Oline Hansine Andrine Andersd. Nygard, Bjørkavåg(9), brukar Nakken, Karolusplassen.
f) Petrine Lovise 1841-1847 døydde av strupehoste på Akslen.
g) Maria 1844-1847 døydde av strupehoste.
Lars Olaus Olson Nedregotten(5) (1820-1877) vart fødd i Steffagaren, og var svoger til Steffen Tippen, som gav Nedregotten(5) det gardsnamnet det har i dag. Lars gifta seg 1853 med Henriche Bergithe Erichsdotter Godø(18) (1822-1895). Dei kjøpte halve gardsbruket i 1859 for 155 speciedalar.
a) Johanne Severine 1854-1927 tok over bruket.
b) Christopha Anna 1858-1923 1880 g.m. Enkemann Andreas Johan Hanss. Kvasnes, brukar Olsvik(5).
Svigersonen Johan Andreas Nilsson Hesseberg(1) (1845-1926), frå Nerigar, gifta seg 1874 med Johanne Severine Larsdotter Akslen(4) (1854-1927). Dei dreiv bruket frå 1874 til 1908. Johan kjøpte den andre halvdelen av garden attåt, og vart dermed eigarar av heile bruket. I deira tid vart garden flytta frå det gamle klyngetunet oppe på haugen. Bruket hadde truleg husa sine på flata, der postvegen svinga opp mot nabobruket Reiten. Dei lot geitefjøsen stå att, og flytta stova og stabburet ned bakken, om lag der kraftlinjan går i våre dagar. Det er usikkert om dei flytta fjøsen også. Markane vart ikkje dyrka opp til maskinell drift før neste brukar. Dagens gardsnamn, «Høla» kom truleg til ved utskiftinga og flytting av tunet i 1890-åra. Den dag i dag seier fleire på Østrem «nedi Høla», når ein skal til dette bruket. Johan fekk tarmslyng, og døydde av det.
a) Henrikke Margrethe Severine 1874-1945 1914 gift på Stigeplassen, Østremsreit(3), med 322 Edvard Matthias Ramuss. Akslen, Østremsreit(3). Ho var skreddar. Flytta attende til Høla når ho vart enke.
b) Lars Edvard Nikolai 1875-1951 tok over bruket.
c) Nikoline Lovise 1877-1968 1903 g.m. Johan Severin Ivers. Stadsnes(2), brukar Stadsnes(2). Var veverske på ullvarefabrikk i Langevåg 1900.
d) Olivie Elisa 1880-1891 døydde i Høla, Akslen(4).
e) Johan Andreas 1882-1964 1913 g.m. Ane Olufa Jørgensd. Valle(3), busett 1916 i Spjelkavik. Var fabrikkarbeidar. Reiste fleire gonger til Amerika.
f) Oline Kornelia 1884-1972 1909 g.m. Ole Andreas Karolussen Sunde(1), Spjelkavik(24).
g) Anna Margrete 1887-1976 ugift. Kokke på gamlesykehuset i Ålesund. Døydde av «Brystsygdom».
h) Lovise Petra 1889-1890 døydde i Høla, Akslen(4).
i) Ludvig Olaf 1891-1969 1916 g.m. Karen Marie Sevrinsd. Hjelle(1), Sykkylven, busett i Seattle, USA. Kaptein på eiga skute, «Coolidge». Han dreiv bla. kveitefiske i Alaska i 1947.
j) Jenny Laura 1894-1980 1917 g.m. Nils Martinus Johans. Aspehaug, fabrikkarbeidar «Spilkevig snøre & not fabrik». Busett Aspehaugen, Spjelkavik(24).
k) Nils Ingvald 1897-1986 1920 g.m. 536d Olave Petrine Johansd. Nedregotten(1), brukar «Skaret», Nedregotten(1).
Sonen Lars Edvard Nikolai Johanson Akslen(4) (1875-1951) gifta seg 1906, med lærardottera Laura Karoline Mauritsdotter Ulvestad (1881-1960), frå Ellingsøya. Han bygde nytt hus og løe litt lenger sør for tunet til brukaren før han. Stabburet var det ikkje meir bruk for på nytunet. Sonen, Maurits, fortalde at Lars dyrka først opp om lag 5 mål for maskinell drift. Saman med naboen, «Reite-Iver», kjøpte han ei av dei første hesteslåmaskinene i 1918-19. Lars var også den som dyrka opp garden, til det den er i dag. Nede ved sjøen hadde dei høyløe, for dei klarte ikkje å køyre ned dit enda. Lars og Laura fekk kår med sonen Maurits, som tok over bruket i 1947. Lars omkom i ei arbeidsulukke med bråtebrenning på garden.
a) John Leidulv 1908-2000 1931 g.m. Hanna Grødal frå Kristiansund. Emigrerte til USA i 1925. Først busett i Minneapolis, så i Seattle.
b) Maurits Jostein 1911-2008 tok over bruket.
c) Lisa Olivia 1914-2011 1941 g.m. 713e Leo Castberg, Emblemsvåg(1).
d) Jente f.1919 dødfødd.
e) Jofrid Klara Mary 1921-2002 1947 g.m. 6015c Karsten Ola Marvin Emblem(1), frå Negarden. Dei bygde eige hus nær tunet i Negarden.
Sonen Maurits Jostein Akslen(4) (1911-2008) gifta seg 1940, med 438i Herborg Lida Østrem(2) (1911-1993), frå nabobruket Larsgarden på Østrem. Dei hadde då vore forlova sidan 1938. Far til Maurits var ikkje så lysten på å gje frå seg bruket under krigen, så dei tok først over bruket i 1947. Begge engasjerte seg i lagslivet på Emblem. Dei var aktive i både ungdomslaget og på bedehuset. Maurits er i tillegg ein av pionerane i idrettslaget, og har vore ei viktig kjelde til mykje lokalhistorisk kunnskap frå Emblemsbygda. Han var av dei første som stod på scena då Ungdomshuset åpna i 1934, og det har vorte fortalt at han var godt kjent på begge sider av fjorden, som ein svært god dansar i sin ungdom. I likheit med mange av gardbrukarane i bygda, fekk også Maurits tilleggsarbeid i Borgund kommune. Han var ein ivrig fiskar, og dreiv sjøen i alle år. Maurits er også ein av ytterst få gutar som mjølka på setra, for budeiearbeidet vart helst gitt til jentene. I hans tid låg Akslasetra aust for Setrevatnet, der «Huldrestølen» ligg i dag. Setrenamnet var opphaveleg «Urastølen», og dagens hytte der er bygd på murane etter «Høleselet». Det vart flytta til dagens «Akslaseter» på hi sida av vatnet i 1925, for at vegen til emblemskaia, og meieriet i Ålesund, skulle verte kortare. På samme tida hadde ein også byrja å flytte sela frå «Gamle Emblemseter» nærmare setrevegen til Østrem og Aksla. Dei hadde då søkt om tilskot til utbetring av eigen setreveg, men det vart ikkje slik. Østrem, Aksla, Nedregotten og Østremsreiten fekk fullført traktorvegen fram til setrane sine i mellomkrigsåra.
a) Laila Karin f.1941 1968 g.m. Hans Inge Kvalbein, Oslo.
b) Lars f.1943 tok over bruket.
c) Kirsti Margrethe f.1946 1969 g.m. Gunnar Kvåle, busett i Os.
d) Hilde Marie f.1953 1976 g.m. Kjell Aarseth frå Blindheim, busett Molde.
Sonen Lars Akslen(4) (f.1943) gifta seg 1967, med hjelpepleiar Jorunn Aud Langlo (f.1947), frå Blindheims-Breivika. Han arbeidde som lærar på barneskulen på Flisneset, og både køyrde skulebuss og trakkemaskina på Emblemsfjellet i fleire år. Dei bygde seg nytt hus der den gamle bygdevegen hadde gått opp ei bratt kneik, kalla «Akslabrauta», til tunet på Øvste-Aksla. Den vart nytta som test, når dei første bussane til Emblemsruta skulle kjøpast inn. Seinare vart vegen lagt rundt Akslahaugen. Lars og Jorunn tok over garden i 1979. I deira tid vart løa og fjøsen forbetra. Begge har engasjert seg i kristlege lag og foreiningar. Her kan mellom anna idrettslaget, Speiderebevegelsen, søndagskulen og «NLM Gjenbruk» nemnast. Dei har pussa opp det gamle selet på Akslasetra frå 1830-talet, og er dagens grunneigarar på bruket. Gamlehuset frå tidleg 1900-tal var det ikkje mogeleg å ta vare på, eller pusse opp, så det vart reve sommaren 2019.
a) Ragnhild Karin f.1968 1993 g.m. Torbjørn Ove Emblem, busett på Emblem.
b) Marit Helen f.1971 2008 g.m. Øyvind Fet, busett Sykkylven.
c) Øyvind A. f.1975 2012 g.m. Kristin Dybvik Blindheim, busett Emblem.
d) Lars-Marius f.1984 2015 g.m. Sølvi Karin Romarheim. Tok over bruket
Sonen Lars-Marius Akslen f.1984 er dagens brukar. Han tok over bruket 2020, og har bygd seg nytt hus der gamlehuset stod. 2015 gifta han seg med Sølvi Karin Romarheim.Lars-Marius er utdanna tømrar, men har lenger fartstid som lydteknikkar. Det starta i ungdomskoret Respons, og seinare satse han som profesjonell lydteknikar hos mellom anna Lydkjellaren a/s i Ålesund, der han også er styremedlem i skrivande stund. i Tillegg har han eige personleg AS. I ei årrekke har vore fast teknikar på juleturné med ei rekke norske kjendisar. i 2024 var det mellom anna Tor Endresen, Rune Larsen og Alexander Rybak. På garden er der også ei rekke planar. Den gamle frukthagen skal hevast og planerast, og løa frå kring 1900 skal rivast og erstattast av nytt garasjebygg. Med det vert heile gardstunet fornya.