Matrikkelgarden Aksla

 

Garden har truleg fått namnet sitt frå Akslanakken, som kneisar over garden. Fjellsida bak gardshusa på Øvste-Aksla er bratt og full av både stein og tidvis laus jord, så det er ikkje heilt farefritt å bevege seg kring foten av Nakkane til tider. Aksla grensar mot Magerholm i aust og Østrem og Nedregotten i vest, med Sirielva som grense. «Aksla» kan kome frå det gamalnorske ordet «oksl», som var namn på ein lekamsdel. Akslanakken er del av eit fjellparti der ein finn namn som Mellomstenakken, Stornakken og Brunskarnakken. Dette området vert også kalla «Nakkjane», ei dialektform som det er lite att av i vår tid. Historisk sett skal Aksla og Reiten, tidlegare kalla Østremsreit, ha høyrt saman. Det var først kring 1640 at Østremsreiten vart skylddelt som eigen gard. Det nye bruket fekk då 1 våg skyld, medan Aksla vart redusert tilsvarande til 1 1/2 våg. Begge bruka hadde teigbytte på innmarka før utskiftinga i 1890- åra, og dei har framleis felles utmark på fjellet.

Det er umogeleg å fastsette alderen på garden. Der er enno ikkje registrert nokon fornfunn, slik som på grannebruka Magerholm, Østrem, Emblem og Emblemsvågen. Gardsnamnet kan likevel tyde på at bruket kan ha vore rydda ein gong kring vikingtida. Aksla låg aude etter Svartedauden, og vart truleg rydda på nytt ein gong på 1500-talet, slik som dei andre øydegardane i nærleiken. Frå 1603 finn ein skriftlege kjelder som vitnar om at garden var i drift og hadde to brukarar. Østremsreiten vart truleg ikkje rydda att før 1620, og då delt ifrå etter kort tid.

Eldre opplysningar om garden

 

1723: Noko tungdreven, uviss til korn. Ved til brensel og litt anna småskog til gardens eige bruk. Garden har for høg skyld.

1803: Ligg i fjellskygge, og er utsett for grønår, men har betre kornavl enn Reiten. Litt furuskog og ved, rikeleg med beitemark.

1868: Tungdriven, men godt beite, litt furuskog til sal, knapt med ved, lauvskog til fôr. Dyrka jord 35 mål, natureng 137 mål. (Fordelt på Øvste-Aksla med 15 og 61 mål og Høla 20 og 76 mål).

 

Begge brukarane på Aksla har tidlegare hatt husa sine i ei felles husklynge, om lag der Øvste-Aksla framleis har tunet sitt. Ein forsøkte å få gjennomført ei utskifting i 1824, men bruka var så småbytt, i eit lappeteppe av teigar, at «man kunde ingen udsigt se til at gaardens parter kunde samles i et stykke».Teigane var rett og slett for ulike. Ein forsøkte derfor å dele dei 14 engstykka og dei 6 åkrane, men denne løysinga vart ikkje godkjend av overoppsynet. Ein gjorde eit nytt forsøk i 1833. No vart det bestemt at brukarane skulle få kvar sin halvdel av innmarka, og ein trakk ei delingslinje frå sjøen. Dette vart det heller ikkje noko av. Brukarane fortsette derfor stort sett som før, til ny utskiftingsprosess tok til kring 1890. No fekk dei to akslabruka, «Øvste-Aksla» og «Hølå» samla stykka sine, medan Reiten vart delt i to delar.

Det har ikkje alltid vore like lett å vere bygselsmann på Akslabruka, i skuggen av Nakkane. Storelva frå Emblems- fjellet har også gått om lag der Sirielva går i våre dagar. Solskugge og dels kuldegufs frå ei langt større elv, enn den som renn der i våre dagar, kan ha ført til mindre avlingar i periodar. I tillegg har det i kjeldene fleire gongar vore nemnd utfordringar med «grønår» på den viktige kornavlinga. Når bruka fekk ord på seg for å vere både tungdrivne og leiga frå presten var høg, så kan det ikkje ha vore lett å få til ei rettvis utskifting. Utover 1800-talet satsa brukarane meir på potet og beitedyr. Akslabruka var nemleg mykje meir eigna til det. Sjøen var også god å ha for den som

freista å halde svolten unna.

 

I 1890 vart også utmarka utskifta. Før den tid hadde Aksla og Østremsreiten sams heimeutmark mellom innmarka til Aksla og Magerholm. Skogen der vart mest nytta til ved og ris. Bruka hadde frå gamalt av også sams opplagsplassar for tømmer, og beitefelleskap. Frå 1840 tok dette slutt. Med nye frådelte husmannsplassar, og bruk i dette området, vart etter kvart passasjen for beitedyra gjerda igjen av dei nye brukarane på Brennhaugen, Nygjerdet og Kristenplassen. I tillegg sette brukarane på Aksla og Østremsreiten opp gjerde på «smånakkane», for å frede beite og slåttemarkene sine der. Dei hadde nemleg utmarksløe på Akslanakken frå 1880 og eigne tømmerløyper derifrå.

Opphaveleg hadde bruka seter austanfor Setrevatnet, som vart kalla «Urdastølen», og sommarfjøsar like ovanfor utmarksgjerdet ved Østremsreiten, der dyra fekk beite nokre veker vår og haust. Etter kvart som skogen vaks opp i fjellskråningane vart det dårlegare vårbeite nedanfor Nakkane. Då vart sommarfjøsdrifta lagt ned, og berre murane stod att. I 1925 valde brukarane å flytta setra ned til foten av Vassnakken, der ho ligg den dag i dag. Det vart då enklare å transportere mjølka ned til bygda og vidare mot meieriet i Ålesund. Dei tok ned sela, bunta tømmerstokkane saman og fløtte dei over vatnet og transporterte dei med hest dei vel 500 metrane til dagens støl. Gamlesetra er best kjend som Huldrestølen i våre dagar. Der står no ei hytte like ved den gamle setrevollen og Setrevatnet.

 

Drifta tok slutt kring den andre verdskrigen. Sommaren 1933 heldt Akslasetra på å brenne ned. Då setretausene skulle fyre opp i omnen, spreidde det seg gneistar til det knuskturre torvtaket. Den sommaren var det so tørt at dei måtte springje med vassbyttene heilt opp til setrevatnet og attende. Etter iherdig innsats fekk dei kontroll på flammane. Torvtaket brende ned, og veggane vart sterkt svidde, men setra og skogen vart spart.

Aksla har hatt eigne kvernhus i Storelva ovanfor innmarka til Østrem, og eiga flaumsag frå byrjinga av 1600-talet. Saga var det presten i Borgund som åtte under den store skogøydinga på 1600- og 1700-talet, der mellom anna skotske og hollandske skip kjøpte opp det dei klarte å få tak i av tømmer. For Aksla og Østremsreiten sin del skal det kun ha vore snakk om 30 år før alt brukbart tømmer var nedhogd, men der kom raskt attende furuskog til eige bruk.

 

I nyare tid er all gardsdrifta på Akslabruka nedlagd. Fleire av dei gamle heimeutmarksområda er no selde ut til hustomter langs den gamle bygdevegen til Magerholm. Det starta med sal av hyttetomter kring den 2. verdskrigen. Det var gjerne slekt og tidlegare «landliggarar» frå byen, som ynskte å bygge seg hytte, når den gamle ordninga tok slutt. Ei tid var også Akslagjerdet nytta som ferieheim for Aalesunds Handelsfunksjonærer. Etter kvart vart nokre av desse hyttene bygd om til bustadhus, og nye einebustader kom til langs gamlevegen til Magerholm mellom Brenn- haugen og Høla. Her vart også den første enkle bussgarasja til Emblemsbygda Billag sett opp. Vegen gjekk opp- haveleg ein bratt bakke opp frå garden Høla til Øvste-Aksla frå vest. Ny og flatare veg rundt Akslabrauta vart starta opp i 1937, som krisetiltak for å få fleire i arbeid i ein vanskeleg arbeidsmarknad og økonomisk nedgongstid. I løpet av dei seinare åra har særleg jorda til Akslagjerdet og Øvste-Aksla vorte utbygd til eigedomsformål og byggefelt. Mykje tyder på at denne utviklinga med vidare utbygging og fortetting vil fortsette i heile Emblemsbygda framover.

Eigarar

Bruka har så lenge ein veit vore i prestebordgods. Den første opplysninga er frå 1626, og då var det Borgund kyrkje som åtte Aksla. Opplysningar om høg skuld kan tyde på at garden har vore erkebispegods før reformasjonen. Aksla var i motsetning til mange av dei andre emblemsgardane i kyrkja sitt eige heilt til brukarane fekk kjøpt ut gardane sine frå 1832. Meir om eigarane etter 1832 finn du under kvart einskild bruk.