Bnr. 8 Solvang
Delt frå bnr. 4 Steinsgarden. Kjøpte til stykke frå Ebbegarden og Jakobgarden.
Trykk på teksten for å få opp garden på kartet
Alfred Konrad Østrem(3) (1908-1990) kom frå Abrahamsgarden. Han fekk seg tidlig lastebil, og dreiv ei tid entrepenørverksemd saman med nevøane, Arthur Østrem(3), og broren Karl «Kallen» Østrem. Det vert fortalt at han var ein ivrig deltakar når ungdomshuset vart bygd. Alfred kjørte all materialen frå Eikenoskaia til byggetomta, nesten gratis. Han var ikkje like glad i å verte kommandert. Under krigen påla tyskerane han å kjøre material frå næraste kai, til leiren dei bygde i Daaeskogen i Spjelkavik. Når dei lempa litt på vakthaldet, kjørte han treverket inn på Emblem i staden. Delar av dette nytta han til golv i selet sitt på Østremsetra. Alfred fekk kjøpe grunn frå nabogardane Jakobgarden, Ebbegarden og Steinsgarden, til eit nytt småbruk, som han kalla «Solvang». Det starta med kjøp og frådeling av heimeutmarkstykke frå Steinsgarden, Østrem(4) i 1934. Han gifta seg 1939 med Marie Lovise Emblem(8) (1916-1983), frå Ebbegarden. Her dreiv han ei tid med sandtak, slik fleire av dei andre brukarane på Østrem også gjorde, når hyttebygginga skaut fart i Emblemsbygda etter krigen. Med ett vart det stort behov for støypesand og transport. Ei tid hadde han drosjebil også. Seinare fekk han seg jobb i Borgund kommune, som så mange andre av karane i bygda. Mange huskar nok den blå traktoren, som han hadde i mange år. Ein kunne sjå eksosrøyken ei god stund, før sjølve traktoren kom til syne. Særleg når han kom ned fjellvegen.
a) Kirsten Anita (1940-2021) 1971 g.m. Ted Aston, busett i San Juan Capistrano, California.
b) Asbjørn Magne f.1942 tok over bruket.
c) Odd Sverre 1945-1999 g.m. Gunn Bente Reite, Sykkylven. Bygde hus på garden.
d) Torill f.1950 1971 g.m. Per Thorvik. Bygde hus på garden.
e) Rolf f.1953 overtok den tidlegare Andreasplassen, Emblem(201), bygde hus der.
Sonen Asbjørn Magne Østrem(8) (f.1942) gifta seg 1968, med Anne Lise Sortehaug (f.1949), frå Skodje. Dei bygde seg nytt hus ved tunet, tok over bruket i 1978, og bygde ny fjøs. Dei har inntil nyleg dreve med mjølkekyr, men garden er no nedlagd. Dei var aktive i beitelaget på Emblem. I tillegg har dei hatt verv i fleire lag og foreningar. Anne Lise har vore aktiv i lokalpolitikken, og mellom anna leiar for Indre Borgund bydelsutvalg. Dei er dagens grunneigarar.
a) André f.1969 busett på Flisnes.
b) Mette Karin f.1970 1996 g.m. Sindre Eide, busett ved gardstunet. Ho er ein særs aktiv pådrivar for å utbetre, og merke dei gamle råsene på Emblemsfjellet.
c) Line f.1972 2003 g.m. Kjetil Bjørnevik, busett Spjelkavik.