
Gnr. 9 Eikenosa
Garden ligg 170 meter over fjorden, og om lag i same høgde som plassen Rognereiten, litt lenger vest på Røssevollen. Gardsnamnet har i fleire eldre kjelder vore Ekornås i ulike skriveformer. Namnet kan ha samanheng med eik, og «-nos» som vart nytta om bratte fjellknollar. Det kan soleis vere at garden er kalla opp etter fjellknausen bak tunet, som garden Aksla lenger aust. Garden ligg solrikt til, og der var kanskje brukbart grunnlag for å dyrke korn i eldre tid. Den gamle postvegen frå Magerholm gjekk frå byrjinga av 1800-talet rett gjennom tunet. Den kom på skrå langs fjellsida, opp «Hegrevegane», frå nabobruket Ystebøen. Dette var først og fremst ein rideveg. Dagens bilveg opp til tunet vart bygd og finansiert av 920 Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furset, etter at han kjøpte garden i 1896. Det vert fortalt at han søkte Borgund kommune om støtte, men fekk berre 50 kroner. Resten måtte han dekke av eiga lomme. Det er den same vegtraséen som vert nytta som bilveg den dag i dag. Den vart forbetra litt etter krigen, når Ålesund kommune bygde veg fram til Skjelbruvatnet, som i dag vert kalla «Røssevollvatnet». Her bygde dei Røssevoll- demninga og vassverk. Vegen har vorte ein populær turveg, og ungdomslaget Ivar Aasen har bygd hytte ved denne fjellvegen.
Sagnet fortel at den første brukaren skal ha kome frå Østrem. Det var to brør der som rauk uklar. Den eine rømde, og etter ei tid kunne den andre broren sjå røyk oppe i fjellsida ved Eikenosa. Når han såg etter, var det broren som hadde slått seg ned der. Om ein kan legge noko lit til slike sagn kan diskuterast, men poenget med forteljinga er nok heller å få fram at der ein gong var så mykje stor skog i bygda at det var uråd å sjå mellom desse gardane. Etter skogøyding på 1600-talet, og auka beite med geit på 1800-talet, var det nemleg minimalt med skog i bygda til langt ut på 1900- talet. Det er først dei seinare ti-åra at skogen for alvor har byrja å verte så høg at den stenger for utsikta mellom Eikenosa og Østremsgardane.
Det er ikkje langt ned til Flisneset og Emblemsvågen, med både steinalderbusetnad og gravrøyser. Sjølv på Ystebøen er det funne gamle graver, så Eikenosa kunne ha vore eit fint sete for ein gard, den gong klimaet var varmare enn i dag. Til trass for manglande fornfunn på garden, kan det verke som om den kan ha vorte delt frå garden Emblem i ei tid som vi oftast kallar for «vikingtida» i Noreg. Gardsnamnet, og det faktum at bruket hadde høg skyld, med 3 vågar fisk i 1626, kan vere med på å stadfeste alderen. Gardar med høg, skyld stammar oftast frå tida før Svartedauden. Eikenosa var øydegard og først rydda på nytt på 1500-talet, men er ikkje omtala i skriftlege kjelder før 1603. På 1700-talet vart Eikenosvågen og Indre-Hatlehol rydda under garden. Store delar av dagens innmark vart rydda og dyrka opp på 1900-talet. Særleg utmerka 920 Iver Karlson Furseth, seg i dette arbeidet. Han dreiv stort med krøterhald, slakt og handel. Han bygsla Skorene på Emblem, og åtte Torevågen og det nye bruket, Ytrebø, under Østrem. Iver skal ha vore den første som løyste torgrett på det nye Kipperviktorget i Ålesund. Det vert fortalt mange historier om denne driftige strandaren, som mange i bygda såg opp til. Han fekk også ei stor etterslekt, som gifte og busette seg i Emblemsbygda.
ELDRE OPPLYSNINGAR OM GARDSDRIFTA
Ved og liten sperreskog.
Brennfang og kvern. «Udi gaarden ligger øde 2 pd. 18 mark, som ingen eier vil kjende sig til, altsaa hører de til kongen. Taxeres for 1 pd. Kan beboes av 1 mand og saaes 1 1/2 tønde, avles 3 tønder. Kan føde 2 nød.»
Tilstrekkeleg ved. Ligg 1/2 fjerdingsveg frå sjøen, er tungdriven og «meget uvis til korn». Forslag til
avtak på skatteskylda: 1 våg pd. 6 mrk. (forslaget vart ikkje godkjend). Kongens part 2 pd. 6 mrk. var på eit særskild bruk som no har lagt overgrodd og øyde under fefot i 30 års tid. Husa er heilt borte, og jorda overgrodd av lyng og kratt, der er ikkje von om å få parten oppbygd og folkesett att.
Kratt og eine til brensel. Beitet dårleg. «Dette høit til fields liggende jordebrug har foruden mislig kornavl en ualmindelig høi jordskyld.»
Beitet dårleg, fjellmarka utilstrekkeleg. Fure- og bjørkeskog til husbruk. Tilstrekkeleg ved og lauv
til fôr. Framkomst til veg og sjø vanskeleg. Garden er tungdriven og høgtliggande. 27 mål dyrka jord, 115 mål natureng. 14 mål myrjord høveleg til nybrott. Revidert skyld 1890 3,71 skyldmark.
Iver Karlson Furset er også den første vi kjenner som sette opp seter ved dei gamle bulegane og Skjellbruvatnet 1900. Tidlegare hadde visst ikkje garden bruk for eiga seter. Namn som «buleger» tyder også «opne stader», der dyra hadde kvilestad og kunne mjølkast i det fri. Der finst fleire slike stadar i utmarka kring Eikenosa og Røssevollen, men det er mogeleg at brukarane i eldre tid kan ha hatt sel i om lag 400 meters høgde, ved det som i dag feilaktig vert kalla «Austølvatnet». Det rette namnet er Haustølvatnet, som kjem frå namnet «Høgstølen», og er ein gamal setervoll. Det vert fortalt at setra vart flytta lenger ned mot Emblemsdalen, vest for Langevatnet, fordi huldra var så plagsom. Flyttinga kan soleis tidfestast til tidsrommet når hjortedyra kom til Yksenøya og Emblemsfjellet. «Huldreflokken» vart nemleg sett i grålysinga, og dei særmerkte seg med manglande rompe og høg hals. I dag er denne «huldreflokken» langt meir vanleg, for det må ha vore hjorteflokkar dei såg.
Tradisjonelt har det berre vore kornsorten havre som vart dyrka på åkrane etter 1600. Potet finn ein først opplysningar om i folketeljinga frå 1835. Det kan verke som om dei klarte seg godt på garden i «barkebrød-tida», under Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet. Norge-Danmark var då på Napoleon si side, og engelske kaperfarty freista å blokkere dansk kornfrakt til Norge, med tømmer til Danmark i retur. For mange vart dette svelt-i-hel, men i Emblemsbygda tok brukarane eit anna grep for å klare seg. Dei auka rett og slett kjøtproduksjonen, for fiske kunne vere farefull ferd med fiendtlege krigskip, sjølv på Storfjorden. Først om lag eit tiår, eller meir, etter denne krigen tok potetproduksjonen seg opp i bygda. Historikar Atle Døssland peiker i Fylkeshistoria på at poteta krevde frostsikre kjellarar når den skulle lagrast, og slikt hadde ikkje bønder flest frå før på Sunnmøre.
1603 sat det kun ein brukar på Eikenosa. I 1615 vart garden delt i to, der det eine bruket var dobbelt så stort som det andre. 1680 vart det minste fråflytta, fordi skylda var så høg. Det vart liggande brakk til langt ut på 1700-talet. Dette var også ein vanskeleg periode for gardsdrift i 170-meters høgde. Perioden kallast gjerne den vesle istida, og stadig fleire opplevde at det viktige kornet aldri vart modent. Det kan verke som om brukarane satsa meir på kjøtdyr for å kompensere. I 1738 vart den største gardparten delt i to bruk. Brukarane bygsla også den nedlagde garden i 1745, og delte jorda mellom seg. I 1780-åra vart garden igjen til eit ein-manns-bruk. Slik vart det drive fram til Iver Karlson Furseth gav seg med gardsdrifta, selde til Lundanesslekta, og flytte ned att på Skorene 1922. Frå den tid har Eikenosa igjen vore delt i to bruk. Det kan også vere interessant å merke seg at talet på dei som fann seg eit utkome på garden vaks kraftig frå 1801 til 1825. Det kan tyde på at folketeljarane har teke med fleire plassar enn tidlegare, for Kristiansplassen var enno ikkje rydda. Kan det vere slik at plassane i Eikenosvågen er talde med her?
Lars Ivar Flydal og Marie J. Emblemsvåg g. Ruud, frå Sandane i Emblemsvågen, speidar utover Skjellbruvatnet mot Eikenossetra like etter at Røssevolldemninga var fullført. Fotografen er truleg bildeigaren Gunvor Flydal Steinnes i 1954.
EIGARAR
Garden har tidlegare vore del av større gods-samlingar, som dei fleste andre gardane i Emblemsbygda. På 1600-talet hadde Eikenosa same eigarar som størsteparten av matrikkelgarden Emblem. Den var med andre ord del av Rosenkrantz-godset og borgarmeister i Bergen, Rasmus Larsen, sitt eige, før Henning Hansen på Giske tok over. Etter dette kjøpte borgundpresten Kristoffer Hjermann garden. Kring 1700 kjøpte Henning Castberg den gardparten som då var i bruk, medan den nedlagde delen tilhøyrde Rasmus Smit. På hausttinget i 1714 vart den nedlagde gardparten overført til kongen. Castberg fekk seinare rett på denne delen også og vart dermed eigar av heile Eikenosa. 1787 vart garden seld på auksjon til handelsmann Hans Jacob Mechlenburg i Vegsundet. På auksjon etter sonen hans kjøpte 111 Halvor Pedersen Fortun på Magerholm garden. Han selde den vidare 1853 til handelsmann Brudevold i Ålesund, før 920 Iver Karlson Furseth fekk skøyte, som den første sjølveigaren i 1896. Sjå meir om seinare eigarar i kapittelet om brukarane.