Gnr. 14 Flisholm

 

Holmen ligg ved den ytterste pynten på Flisneset. Her er det god naudhamn for den som får behov for det. Flisfjorden er nemleg eit uberekneleg fjordstykke, der fleire fjordarmar møtest. Det kan raskt blåse opp når det er vestavind, og dei sterke straumane er godt synlege frå Emblemsfjellet. Namnet Flisfjorden var godt kjent, sjølv utanfor vårt eige fylke, i tidlegare tider. Fjorden og båten var tidlegare det vanlegaste framkomstmiddelet. Soleis var ikkje Flisholmen avsides og vanskeleg å nå, men låg derimot lagleg til, midt i ferdselsåra. Frå mellomalderen kjenner ein til fleire slike holmar og øyer som, i tillegg til å vere gode naudhamner, har vore maktsentrum. Giske og Veøya er to slike eksempel. På slutten av 1800-talet vart Flisholmen nemnd i diskusjonen om kvar slaget ved Hjørungavåg skal ha stått. For moro skuld kan ein nemne at der var dei som meinte at Flisholm kunne vere staden kor overlevande jomsvikingar vart halshogde etterpå. Ein som seinare var overbevist om dette, og meinte at slaget stod nærare Flisnes og munningen til Hjørundfjorden, var handelsmann og oldtidsgranskar Anthon Lerheim. Han var med på fleire av utgravingane i dette området. Samlinga hans inkluderte både flint og avslag frå Flisnes, og det var han som fann røysa på Flisholmen. Seinare har nok ikkje Flisholmen og sagatida vore diskutert like intenst etter avisreportasjene i 1940- åra. Det bør nemnast at faghistorikarane var ueinige i denne påstanden, men at der har vore busetnad i området på den tida, er få uenige i.

 

Eldre opplysningar om garden 

 

1714: Opprydningsplass, kan fø 2 naut, og såast 2 skjepper havre, avlast 1 1/2 tønne.
1723: Holmen er rydda sidan den gamle matrikkelen (1667). Er no sett og taksert til skatt og markskyld 9 mrk.

fisk. Denne skylda heldt seg til 1818. - Ingen ved, ikkje beitemark. Ligg på ein liten holme for seg sjølv.

Er lettdriven og viss til korn. Før 2 kyr, 2 sauer, sår 1/4 tønne, avlar 1 1/4.
1803: «Er et til handel og sin lille jordvei bekvemt sted for beboerne og for priviligert gjestgiveri og

landkræmmerhandel». Sår 1 1/2 tønne korn, avler 6 foll. 5 storfe, 4 småfe. Ingen skog eller beitemark. 1818: Ny skyld 2 ort 4 sk., revidert 1890 til 0,84 skyldmark.
1868: Plassen er folketom, vert nytta til slåttemark, areal: 17 mål dyrka jord, 17 mål natureng. Avling 44

skippund høy.

 

Kombinasjonen av plassering, og uberekneleg fjord, vart ideelt. Sjølv sambygdingar innanfor Flisnes hadde behov for å søke ly her, og det var mange som passerte holmen på veg til anten kirka, handelsmannen, fiske i Borgundfjorden

eller utror på havet. Det ser ut til at dei første som slo seg ned her, etter Svartdauden, kom mot slutten av 1600-talet. Tida før det veit ein ikkje mykje om, men det er truleg denne holmen som har gjeve Flisnes namnet sitt. Det kan stamme frå gammalnorsk og tydde nok det samme, den gongen som no. Liknande stadnamn har ein fleire av frå mellomalderen. Ei gravrøys er registrert på høgste punktet på Flisholmen, men den var utkasta i midten og tømt for innhald. Der er fleire gravhaugar på Flisnes, og spor frå steinalderen i vikene like ved, som i Skylehammaren like ved. Der kan soleis ha vore folk innom Flisholmen i dei aller eldste tidene, og kanskje ei busetnad av reisande fangstfolk i sommarhalvåret også. Frå 1770-åra vart det starta opp handel og gjestgiveri på Flisholmen. Då var nærmaste handelsmannen i Vegsundet, og nærmaste skysstasjon i Emblemsbygda låg heilt inne på Magerholm. Handelen varte i omtrent 70 år, før Flisholmen vart liggjande øyde og ubebudd igjen.

 

På slutten av 1800-talet fekk holmen på ny busetnad ei tid. Ein av desse var 562 Knud Simonsen Hole(2) (1843- 1910), frå Hjørundfjorden. Han hadde kjøpt husmannsplassen Tryggeset på Nedregotten, lenger aust i Emblemsbygda. 1884 måtte han flytte derifrå, og busette seg på Flisholmen i staden. Etter innsamling, med hjelp frå bygdefolket, fekk han flytte attende til Tryggeset saman med familien sin kring 1890. På den tida fekk brukarane på Flisholmen eit stykke på Flisnes i forbindelse med utmarksutskiftinga for Emblemsbygda. Dette beiteområdet låg ved Øllsvika (Olsvik), og fekk gardsnamnet «Hamnevika». Den siste brukaren ute på holmen hadde nemleg born i skulealder, og meinte at skulevegen vart for farleg. Dei flytta derfor husa sine hit. Ein er ikkje heilt sikker på om dette gardsnamnet stammar frå ordet «hamnehage», med tydinga beite, eller hamn for båtar, men namnet erstatta det gamle og brukarane byrja å ta dette etternamnet i staden, slik skikken var. Etter den tid vart holmen kun nytta til beite og slåttemark. I ei salgsannonse frå 1878, vart det nemnd at holmen kunne fø to til tre kyr. Hamnevika vart 1902 skyldsett som bruksnummer 2 under Flisholmen. I dag er holmen eit sameige av slekt etter Jensine Åkernes, som i 1971 fekk grunnbokshjemmel på halve holmen, og sameige av slekt etter Hans Rasmus Rasmussen Solevågseide, som kjøpte andre halvdelen 1900.

 

Eigarar

 

Flisholmen har før 1771 hatt dei same eigarane som Flisnes. I begynnelsen av 1600-talet var Flisholmen ein del av «Margreta-prebendet». Seinare var det dei same eigarane her, som på den minste gardparten av matrikkelgarden Emblem. Dette var Norges statthaldar og greve, Hannibal Schested, før holmen vart del av Giskegodset. Amtmann Liljenskjold, Chr. Sæd og amtmann Hagerup vart dei neste eigarane. Etter dei fekk Flisholm og Flisnes andre eigarar

enn Emblem igjen. 1758 kjøpte Ivar Høegh Flisneset, og i 1771 fekk Hans Pettersen Høegh kjøpe holmen. Sjå meir om

dei seinare eigarane i teksten om brukarane.