SAGLED

Nedlagt husmannsplass under bnr. 6 Steffågarden

 

 

Ole Anderson Gedevig, (dp.1788-1834) kom frå Volda ein gong ikring 1825. Plassebrevet vart tinglest i november det året. Han gifta seg 1820 med Berthe Johansdotter Løndal (dp.1790-1853), frå Volda. Husmannsplassen var to utmarkstykke, der den eine låg ved Røssevollelva. Dei hadde husa sine der, ovanfor den gamle postvegen. Truleg var det ein stad like sørvest for løa i Fursetgarden, og nærmare vegen, som i dag har fått namnet «Negardsvegen». Stykket vart seinare del av Jakobgarden, i dag bnr. 32 «Elvatun». Ole var både fiskar og snikkar, for å klare seg. Dei dreiv plassen i 9 år. Ole vart sjuk hausten 1834, og måtte på sjukehus i Ålesund for å få behandling. Då han døydde der, var rekninga så stor at den fattige familien ikkje makta å betale. Det vert fortalt, at det einaste Berthe fekk heim att, var ei gamal trøye, buksa og ein vest. Det enda i armod for dei som vart sittande att. Det året hadde dei ingen dyr. Husa hadde dei sett opp sjølve. Det var ei lita røykstove, løe i grindkonstruksjon, med risveggar og fjøs med tre steinveggar og ein vegg av tre. Berthe makta ikkje pliktene åleine, så husmannsplassen vart inndregen under hovedbruket att, etter kort tid.

a) Andreas  f.1820  vart fødd i Volda, tente på Giskeødegård 1834.

b) Johanne Petrine Andrina  1828-1898  1872 g.m. Peder Haavert Ols. Vagelseth(2+3), frå Hjørundfjorden. Fødd på Emblem, busett i Skutvika, Ålesund 1875. Peder budde som enkemann på fattighuset i Kipervikgata 1900.