Bnr. 13 MYRANE
Opphaveleg kårbruk til bnr. 9 Auregarden
Karen Larsdotter Emblem(9) (1842-1927), frå Auregarden, gifta seg 1869 med Tomas Karolus Clausson Magerholm(1) (1846-1907). Dei dreiv Auregarden til 1892, og fekk ingen born. Karen og Tomas valde å dele frå eit eige kårbruk, og overlot hovudbruket til bror til Karen. Som enke, fekk Karen hjelp av niesa si, Laura Olsdotter Emblem(9), dei siste åra. Ho budde hos Karen frå om lag 1910, og fekk fortsatt bu på Myrane etter at ho gifta seg. Sjå også neste brukar.
Niesa Laura Olsdotter Emblem(9) (1894-1927), frå Auregarden, gifta seg 1918 med Lars Thomas Hansson Akslen(2) (1893-1983), frå Akslagjerdet, Akslen(2). Dei fekk ikkje så mange åra saman, før Laura døydde av tæring. Borna flytta då til besteforeldra i Auregarden nokre år. Faren, Lars, var nemleg sjømann og etter kvart kaptein, så han var mykje på sjøen. Lars gifta seg opp att med Karen Petra Petersdotter Skorpen (1898-1970), frå Sande i 1932. Dei kjøpte «Gjerdet», Østremsreiten(3). Gjerdet var nabobruket til Lars sin farsgard, Akslagjerdet, inne på Aksla. Sjå også meir om han der.
a)Harry Inge Kåre 1919-2019 1956 g.m. Kjellaug Underhaug, frå Jondal i Hardanger. Tok over «Gjerdet», Østremsreit(3),
b) Mary Olga 1921-2015 1944 g.m. Anders Stubhaug frå Naustdal, busett i Naustdal.
Broren, Oskar Emil Emblem(9) (1902-1995) tok over bruket, og busette seg der. Han var disponent, og ein av pionerane i Emblemsbygda Billag. Oskar gifta seg 1931 med Lovise Karoline Akslen (1905-1987) frå «Stigen», Østremsreiten(2). Dei eigde formelt det gamle plassebruket «Skorene», Emblem(10), også. Her fekk søstrene Oline og Petra bu. Sjå meir om dei der.
a) John (1932-2011) tok over bruket.
b) Olav Marius (1935-2021) 1959 g.m. Solbjørg Kristoffersen, bygde hus ved tunet.
c) Kjell Terje f.1940 1961 g.m. Haldis Brudeseth, bygde hus ved tunet.
d) Kristoffer f.1947 1972 g.m. Hildegunn Abelsen. Bygde hus ved tunet.
Sonen John Emblem(13) var bussjåfør i Emblemsbygda Billag, i lag med fleire av brødrene sine. Han gifta seg 1958 med Lillian Sæter (1939-2013). Ho er søster til Sigbjørn Sæter, busett på Øvste-Aksla. Far deira, Bjarne Sæter, hadde også fartstid som bussjåfør for mellom anna «Strandaruta», som hadde eiga garasje på Magerholm. John tok også over som grunneigar på Skorene i 1987.
a) Oddbjørn f.1959 tok over «Skorene», Emblem(10). Sjå brukar 6139.
b) Roar f.1965 tok over bruket.
Sonen Roar Emblem (f.1965) er matros, og gifta seg 2001 med med butikkarbeidar Marny Astrid Hendseth (f.1961). Dei har pussa opp, og busett seg i hovudhuset på det no nedlagde småbruket.
a) Ronnie André f.1984 er busett Ålesund.
b) Cecilie f.1987 2012 g.m. Jørgen Hansen Bjerkvik, busett i Volda.
c) Marius Alexander 1990-2009 omkom på sjøen.
d) Veronica f.1995 tvilling, student Kristiansand.
e) Christopher f.1995 tvilling, busett Stavanger.