Bnr. 2 Guttormgarden
Andre halvdel av bruk II
Trykk her for å finne garden på kartet
Lars Knutson Nedregotten(II) (1745-1785) er sonen til den siste bygselsmannen på bruk II, før oppdelinga. Han fekk overta bygsel på halve farsbruket, medan broren, 530 Peder, fekk overta den andre halvdelen. Lars gifta seg 1771 med 6061g Anne Ebbesdotter Emblem(8) (dp.1747) frå Ebbegarden. Han fekk bygsel 1769, og kjøpte garden i 1772, men skøytte den frå seg att til Peder Larsson Emblem i 1780. Lars fekk kår hos neste brukar.
a) Inger dp.1771-1846 1800 g.m. Niels Nielsen Emblem(11), brukar Sjursgarden, Emblem(11).
b) Knud dp.1774-1774 døydde 9 veker gamal.
c) Knud dp.1775 tvilling.
d) Dotter 1775-1775 tvilling. Dødfødd.
e) Anders dp.1777-1812 1800 g.m. Ane Marthe Olsd. Reitehaug(I), brukar Reitehaug(I). Dei fekk ei dotter 1799. Ane vart då kalla «Weibuststrand».
f) Laurence dp.1780-1859 1810 g.m. Ole Eriksen Rødsetreit(1). Fekk sonen Bernt Andreas 1807, brukar Bjørkavåg(9).
Guttorm Poulsen Øvre-Søvik(1) (dp.1745-1815), frå Ørskog, gifta seg i Norddal 1781, med Margareta Larsdotter Frøysa(8) (dp.1750-1815) frå Sunnylven. Dei dreiv bruket frå 1781 til 1811. Det er mogeleg at garden fekk sitt namn frå han, men det er meir truleg at det var ein seinare brukar som fekk denne æra. Dei tok kår 1811. 1804 kjøpte Knut Jensson Veibust bruket. Han forlenga bygselskontrakta med Guttorm. Margareta hadde mykje slekt på Emblem. Det var søskena Lars på Magerholm og søstera Laurenze, Nedregotten(1). I tillegg var ho «gamaltante» til Rasmus i Steinsgarden, Østrem(4), Lars Martinus i Magerholmvika, og Lars på Akslagjerdet, Akslen(2. Lars Martinus si etterslekt inkluderer Ole Kristian Larsen, på Birkeli, og tidlegare bedriftseigar Oscar Larsen i Ålesund.
a) Niels Zachariassen dp.1775-1838 Margreta sin son med Zacharias Ivers. Hole(4), frå Sunnylven. Han vart plassemann ved Østremsjøen. Nils, på Nilsplassen under Østremsjøplassane.
b) Ingebor Martha dp.1782-1863 1) 1828 g.m. enkemann Tore Arnes. Ytterdal(307h).
2) 1835 g.m. enkemann Wilhelm Christens. Tafjord(307j), brukar Tafjord(309).
c) Pauline dp.1785-1840 tok over bruket.
d) Laurence dp.1787-1861 1) 1834 g.m. enkem. Peder Anders. Tørlen(1), brukar Tørlen(1),
2) 1847 g.m. enkemann Berent Magnus Rasmuss. Store Nørve, brukar Blindheim(7). Ho døydde på Blindheim.
e) Knud Martinus dp.1790-1791 døydde 7/8 år gamal.
f) Jacobine Canutta dp.1792-1856 1821 g.m. Erik Jacobs. Søvik (Apalset), brukar Rørstad(3) frå ca.1837-1851. Tidligare brukar i Ratvik 1822, og forpaktar på Sørnes 1829. Jacobine døydde som kårenke på Rørstad.
Svigersonen Knut Pederson Skuset (ca.1778-1836) gifta seg 1812, med Pauline Guttormsdotter Nedregotten (dp.1785-1840). Ho hadde då vore tenar på mellom anna Øvste-Aksla. 1814 tok Syver Larsson Terøy over eigedomsretten på garden, gjennom vigsel på Veibust. Bruket fortsette å vere i Terøyslektas eige nesten heilt fram til vår tid. Når Knut døydde var det ingen ting att. Gjelda tok alt.
a) Guttorm Martines 1816-1866 tok over bruket seinare.
b) Mallene Petrine Caroline 1820-1876? konfirmert 1834. Fekk truleg 1860 gut med matrosen Johan. Det kan også vere henne som døydde ugift på fattighuset i Ålesund.
c) Nils Peter 1826-1842 døydde 16 år gamal.
Enka Pauline Guttormsdotter Nedregotten (dp.1785-1840) gifta seg 1838 opp att med enkemannen Johannes Pederson Rot(2) (ca.1773-1851), frå Vartdal. På denne tida var ho kårenke på garden. Dei fekk berre to år saman. Johannes gifta seg ein tredje gong, med enka Berte Olsdotter Sunde (1782- 1856) i 1840. Ho vart opphavleg fødd på Barstad, og døydde som kårenke på Sunde. Dei fekk truleg ingen born saman.
Sonen Guttorm Martines Knutson Nedregotten(2) (1816-1866) gifta seg 1836, med Oline Johanne Sivertsdotter Grebstad(1) (1802-1856), frå Sykkylven. Han vart fødd Nedregård, i Spjelkavik. Dei dreiv bruket frå 1836 til 1857. Han eigde sjølv eldhus og sel. Dei tok kår hos neste brukar. Guttorm delte frå eit eige kårbruk, lenger vest, ved Hjellhaugreset. Dette bruket vart kalla «Elvemyr 8», og var garden sin teig vest for Skaret ved den store torvmyra. Namnet har nok samanheng med denne myra. Les meir om han som brukar under Nedregotten der.
Ole Andreas Olson Kongshaug(1) (1828-1916) tok over bruket i 1857, og gifta seg 1858 med Anne Helene Pernille Pedersdotter Furholm(3) (1838-1922). Han vart ved giftermålet nemnd som busett på Nedregård i Spjelkavika. Dei dreiv garden til 1891.
a) Gut 1859-1859 udøypt, døydde 3 veker gamal. «Lagt i hel» av mor si i senga.
b) Ole Peter Johan Severin 1860-1886 ugift, døydde av tæring.
c) Hanna Gurine Caroline Christine f.1863 registrert som 3 år ved 1865-teljinga.
d) Iver Andreas Henrik 1866-1925 tok over bruket.
e) Knud Johan Ingebrigt 1869-1949 1) 1899 g.m. Petra Siverine Nikolaisd. Hessen(I)
2) 1908 g.m. Olivie Johansd. Eidsvik, Hessen(Y, 9). Flytte til bruket Solbakken, Hessen(Y48).
f) Peder Olaus 1872-1872 døydde 6 dagar gamal.
g) Peder Henrik Peter 1873-1874 døydde ca. 1/2 år gamal.
h) Lisa Petrine Olivia 1877-1941 1899 g.m. Emissær Mauritz Andreas Kristoffer Brekke(5), Ørsta, som seinare vart døveprest på Hamar og i Stavanger. Gravlagde i Stavanger.
Sonen Iver Andreas Henrik Olsen Nedregotten (1866-1925) gifta seg 1892, med Karoline Severine Eline Knutsdotter Emblemsvåg(1) (1866-1900). 1902 gifta han seg opp att med Anna Karoline Petrine Rasmusdotter Østremsreit(2+3) (1871-1950), frå Stigeplassen. Han dreiv bruket til han døydde i 1925. Svigerdottera, Oline, budde ei tid i Guttormgarden etter giftermålet i 1920.
a) Karl Oluf Ingvald 1893-1928 1920 g.m. Oline Birgitte Olsd. Emblem(9), frå Auregarden. Døydde i Selleck, Washington. Sjå også meir om dei under Skorene, Emblem(9)
b) Olive Agnes Ragna 1894-1895 døydde av kikhoste.
c) Hansine 1903-1903 døydde før «stedfestelse».
d) Karoline Sofie Olga 1904-1980 døydde i Langevåg, gravlagd ved Borgund kirke.
Anders Kornelius Peter Andersson Terøy(1) (1887-1952) kjøpte bruket 1904. Han hadde også skøyte på Terøy(1) frå 1932. Anders vart gift i 1931 med Emma Petrine Edvardsdotter Giske(10) (1890- 1963). Dei forpakta stort sett vekk bruket. Når Anders og Emma døydde, fortsette arvingane, Julius Terøy, Anna Giske, Anders Terøy, Olga Terøy og Emma Molnes, å leige ut garden. Eigedomsretten vart først tinglest i 1974, saman med nokre fråskilde tomter. Det samme året vart Rolv Giske den registrerte grunneigaren, i følge skøytet frå 1952.
ein av forpaktarane som bør nemnast er Karl Berge frå Eidsdalen. Han sette opp gartneri i svingen, om lag der Løvika 19a og 19b står i våre dager, ved sjøvegen ned til østremsnausta. I tillegg dreiv han med mink ei tid. Det vart mykje oppstyr når dei rømde ein vinter. Det var kanskje snøen som fekk bura til å brot ned. Det var vel også i Karl si tid som forpaktar for Terøy at løa i Guttormgarden brann? Neste brukar var heller ikkje eigar, men familien leigde garden.
Jon Hilmar Brune(112e) (1911-2011), frå Stranda, leigde bruket av Anders Terøy. Han gifta seg 1939 med Nanna Olufine Parr(2) (1911-1993), frå Sunnylven. Han forsøkte seg mellom anna med revefarm. Dei bygde seg seinare hus i Puskholevegen på Blindheim, og flytte dit før 1980.
a) Bjørg Henny f.1940 1962 g.m. Terje Bakke, Lindås, busett i Ålesund.
b) Olav Tormod f.1940 1965 g.m. Kirsti Margrete Osen, Tingvoll, busett i Blindheimsbreivika.
c) Oddvar 1944-1946
d) Per f.1945 1970 g.m. Tove Selma Pettersen, Kvæfjord, busett i Harstad.
e) Ellinor f.1947 1973 g.m. Dag Hareide, busett på Lillehammer.
f) Oddvar Johan 1949-2004 1971 g.m. Ingebjørg Johanne Tenfjord, busett på Skodje.
g) Ingunn Elisabeth f.1952 1974 g.m. Flemming Kjær Hansen, busett i Danmark.
Berit Solnørdal (f.1960) og tidlegare ektemann, Arvid Harald Madsen (f.1956), leigde garden frå 1979. Avtalen var då på ni år. I 1986 kjøpte Berit bruket frå Terøyslekta, og har hestar på garden som hobby. Ho er saman med Per Jostein Sæter (f.1954) frå Sjøholt. Berit hadde bruksrett på Elvemyr 4, lenger vest, i tidsrommet 2007 til 2017. Sjå brukar 557 lenger bak i denne boka. Det kan også nemnast at Arvid sine besteforeldre, Arvid (d.e.) og Margit Madsen, frå Ålesund, var «landliggarar» på Garsendhaugen, Emblem(2) ei tid. Dei var også vener med handelsmann 6112e Severin Emblem(2). I 1942 kjøpte dei hyttetomt av 6067g Andreas Emblem, på «Andreasplassen», bnr. 17 på Emblem. Den låg ovanfor tunet til Solvang, bnr. 8 på Østrem. I 1961 selde dei hytta videre til ein annan «landliggar» frå Ålesund, Annie Søreide. Ho hadde då feriert i både Abrahamsgarden, Østrem(3) og på Solvang, Østrem(8). Berit er dagens grunneigar, og busett på bruket.
a) Tonje f.1985 2012 g.m Helge Jakobsen, busett på Flisnes.
b) Andreas f.1988 2015 g.m. med May Lilleøy Nygard, busett på nabobruket Steffagaren. Kjøpte det fråtskilde hovudhuset der 2018. Sjå meir under Steffagaren, Nedregotten(5).
c) Greta f.1992 sambuar med Torkel Olav Kjærstad, busett på Flisnes.