Dagens Bnr. 2

Austre del av garden

 

 

Ole Carl Pederson Lundanes (1865-1930), frå Lundaneset i Sunnylven, er far til Lars Peter Olson Lundanes, som er den første brukaren på bruksnummer 1. Dei kjøpte heile Eikenosa saman i 1922, og flytte til Emblemsbygda, der dei delte garden i bruk nummer 1 og 2. Makeskiftebrevet vart tinglest 1930. Han gifta seg 1891 med Iverine Olava Larsdotter Fivelstad(1) (1869-1944), frå Sunnylven. Dei dreiv bruket til 1944. Ole tok over stova til «Kjøt-Iver» etter makeskiftet, og bygde seg ny løe.

a) Peder  1892-1962  er fødd på Lundaneset. 1920 g.m. Inger Marie Eliasd. Åkernes(M), busett Berge(148), Stranda.

b) Lars Peter  1893-1978  1921 g.m. Inger Martha Olsd. Ljøen (Ø,1). Kjøpte Eikenosa saman med faren.

c) Gustav Bernhard  1895-1896  døydde av bronkitt på Lundanes.

d) Gina  1897-1993  1932 g.m. Elias Halvar Eliass. Gjøsund(3), brukar Gjøsund(8).

e) Anna  1899-1989  1932 g.m. Ludvig Olai Johans. Bruen, Vanylven.

f) Nikoline (Nikka)  1900-1996  1919 g.m. Rasmus Ingvald Jakobs. Åkernes(1), brukar Opskar(8), Skodje. Flytta til Spjelkavika ca.1930.

g) Rasmus 1902-1973  g.m. Inga Nilsd. Stokke, Hellesylt(28), busett Maråk(17), Geiranger. Rasmus var lærar der frå 1923.

h) Inga Karoline  1905-1996  var ugift. Lærar i Geiranger og Spjelkavik. Døydde på Borgundheimen.

i) Ingeborg  1907-1948  døydde på Eikenosa.

j) Ola  1910-2006  tok over bruket.

k) Sverre Louis  1913-1985  1947 g.m. Anna Guri Sofie Heggebakk(1).

 

Sonen Ola Lundanes (1910-2006) tok over bruket 1944, og fekk skøyte i 1945 for 5600 kroner. Av summen var 1600 kroner for «diverse løsøre». Ola gifta seg 1947 med Mary Judith Blindheim(14) (1916-1999). Gamlehuset på bruket er no skild ut som bnr. 14. I 1953 fekk «Ungdomslaget Ivar Aasen» i Ålesund skøyte på parsellen «Høgda», med eit areal tilsvarende bruksnummer 8. Det stykket er der laget si hytte står i dag. I tillegg fekk søstera, Ingeborg, rett på å få bu på den eine kvisten på loftet, så lenge ho ønska det.

a) Kåre  f.1948  tok over bruket.

b) Elsa  f.1953  sambuar med Torgeir Jonvik, busett Oslo. Dei kjøpte det gamle hovudhuset (bnr. 14) i 2011.

c) Sigmund  f.1955  1978 g.m. Ella Inger Engelberg Lundanes, busett Mjølkeråen, Bergen.

d) Ingunn  f.1958  1979 g.m. Ingvar Engdal, Valsøybotn, Halsa.

 

Sonen Kåre Lundanes (f.1948) fekk skøyte på garden i 1976, og er dagens grunneigar på bruket. Han var tidlegare gift med Astrid Marie Sæter(3), frå Kristiansgarden, Ørskog, også kalla «Olesæter» på folkemunne. Foreldra fekk livsvarig burett på garden, og søskena fekk 25 års rett på kvar sitt rom. Dei fekk også rett på eigne tomter. Nokre av desse rettane vart oppheva i 1978, mot lån i landbruksbanken og Borgund Sparebank. Kåre dyrka opp og bygde ny driftsbygning på garden. Han har i ein rekke år engasjert seg i mellom anna orientering og bilsport.

a) Marianne  f.1975  2002 g.m. Johann Ringdal, busett Bergen.

b) Lillian  f.1978  er ugift, busett Oslo.

c) Hanne  f.1988  er ugift, busett Ålesund.