Bnr. 2 GARSENDHAUGEN

Delt frå bnr. 1 Negarden, også kalla Tørkevollen

Lars Einarson Strandabø (dp.1793-1866), frå Hjørundfjorden, gifta seg 1817 med Eli Samundsdotter Rønning/Trandal(1) (dp.1789-1845). Dei fekk delt frå plassen i 1825, og kom til bygda frå Strandabø. Den årlege avgifta var fire ort og åtte arbeidsdagar. Lars fekk rett på å fø 2 kyr, og nokre småfe. Han fekk også låne hest åtte dagar i året. Plassen låg innanfor utmarksgjerdet, men plassen vart ikkje halde i hevd, slik at det likevel var som nydyrking å rekne. Dei dreiv plassen til 1863. Lars gifta seg opp att i Ørskog 1848, med enka Tyri Marie Henrichsdotter Utgård(7) (dp.1795-1871). Ho døydde som legdslem på Eikenosøygard. Plassenamnet kan tyde på at dette var haugen «på enden av garden».

a) Ingebrigt Elias  dp.1818-1848  1845 g.m. Randine Knutsd. Magerholmdal, brukar Daleplassen, Magerholmdal.

b) Kanuthe  f.1820   1861 g.m. Jakob Henrik Eliass. Hareide. Budde som inderst hos foreldra til Jakob 1865. Fekk dottera Berthe Jensine Helene Thomasine i 1854, med matros Hans Iver Christens. Barstad(7), Vartdal.

c) Samund  f.1823  1868 g.m. Cecilie Pedersd. Utgård(11), Indre Årsnes(2), Hjørundfjord, brukar Utgård(11). Fekk sonen Lars Olaus Samund i 1844, med Ingeborg Olsd. Fauskekamen.

d) Andreas Martines  1825-1825  døydde 1 år gamal på Strandabø.

e) Jetmund Olavus Johannes  1830-1835  døydde 5 år gamal.

 

 Johan Severin Eliasen Grepstad(7) (1834-1910), frå Sykkylven, tok over i 1863. Han gifta seg 1862 med Tørri Marie Aagnesdotter Erstad(1) (1835-1914), frå Sykkylven. Johan var steinarbeider attåt gardsdrifta. 1866 fekk dei kjøpe plassen for 140 speciedaler, utan husa som stod der. I 1868 hadde dei 2 kyr og 3 sauer, 3 tønner havre, 8 tønner potet og 11 skippund høy. Dei dreiv bruket til 1901. Steinarbeidet gav nok den beste inntekta. Det er usikkert om han bygde noko på Emblem. Plassen vart også kalla «Tørkevolden». Det er kanskje fordi der var ein god tørkeplass for høy i solhellinga. Ein veit ikkje sikkert, om dette namnet stammar frå tida før husmannsplassen vart oppretta.

a) (Siverine) Charlotte Juliane  1863-1923  1899 g.m. Albert Karolus Ols. Hessen(Y,1), husmann i Skarbøvika. Ho var enke, rentenist og lausarbeidar, busett på bruket 1910.

b) Anne Eline Petrine  1865-1943  1899 g.m. enkem. Severin Kornelius Martinus Rasmuss. Kvalen Emblemsvåg(5), brukar Emblemsvåg(5).

c) Severin Julius Martinus  f.1867  var ugift sjømann. Emigrerte til USA og Minnesota 1893.

d) Joakim Thomas Peder 1870-1955  tok over bruket.

e) Edvard  1872-1872

f) Eline Marie  f.1874  var ugift meierske på Emblem. Drog 1904 til Clearfield, Minnesota, saman med niesa Marie Emblemsvåg, Emblemsvåg(5).

 

Sonen Joakim Thomas Peder Johansen Emblem(2) (1870-1955) tok over som poståpnar 1. oktober 1921, etter handelsmann Lars Olsen Emblem(1) på Elvarum. Joakim gifta seg 1900 med Elisa Nikoline Iverdotter Eikenos (1878-1957). Dei hadde postkontor i kjellaren på Garsendhaugen, og det vert fortalt at når han hadde henta postveska på dampskipskaia i Emblemsvågen, så sprang borna etter han på heimvegen. Joakim var glad i born, og lot dei få henge over disken medan han sorterte posten. Joakim og Elisa dreiv Garsendhaugen frå 1901 til 1941.

a) Anton Marius Karl  1899-1899  fekk ein son med Anna Karoline Marie Antoniusd. Emblemsvåg(5).

b) Johan Ingvald  1900-1972  tvilling. Tok over bruket.

c) Anna Lovise  1900-1974  tvilling. 1933 g.m. 026d Ole Johan Laurits Peters. Hesseberg(2). Dei kjøpte etterkvart den tidlegare handelstaden Elvarum, Emblem(15), like ved. Sjå meir der.

d) Inga Eline  1902-1960  g.m. Torvald Edvin Jens. Vegsund(6). Ho drog til USA, som ugift tenestejente 1925, og gifta seg der borte. Dei budde i Montevideo, Minnesota, 1930 til 1940. Deira siste bustad var i Seattle. Han vart drept utanfor ein Tavern i Seattle av ein ungdom i 1965.

e) Severin J.  1906-1960  1938 g.m. Dagny Larsd. Blindheim(2). Vart distriktets største handelsmann. Han bygde ein stor landhandel ved tunet.

f) Klara Oluffine  1907-1922  døydde av tuberkulose.

 

Sonen Johan Ingvald Emblem(2) (1900-1972) tok over både garden og postkontoret, men det var kona, Eddy Ovidie Rørvik(17) (1903-1981) frå Vigra, som vart registrert som poståpnar 1940. Ho gav seg då postkontoret vart flytta til nye lokale, i kjellaren til «Akslabuda», i 1968. Den låg på Magnusbakken like ved. Johan og Eddy fekk ingen born, men der budde leigetakarar nokre år, utover på 1980-talet, men så vart det slutt. Tunet er i dag reve og erstatta med eldrebustadar.

 

Sonen Severin Joakimson Emblem(2) (1906-1960) fekk tidleg interesse for handel. Han arbeidde mellom anna som tenestegut på «Akslabuda» hos onkelen, Hans Iverson Furset, som bygde den første butikken på Magnusbakken i 1920. Etterkvart vart også lysta til å starte for seg sjølv langt sterkare. I 1930-31 bygde han seg eit provisorisk hus på ei tomt frå Garsendhaugen. Den låg ved bygdevegen, berre nokre få meter frå «konkurrenten» på Magnusbakken. I 1937 fekk Severin skylddelt ei tomt frå Garsendhaugen, og bygde eit praktbygg for samtida, kalla «Severinbuda». Han vart ein av dei største landhandlarane i distriktet. Severin var tidleg ute med tilbod om levering av varene på døra, med slagordet: «De ringer, vi bringer». Han gifta seg i 1938, med Dagny Blindheim(2) (1910-1960). Dei busette seg i etasja over butikken. Begge døydde brått den same dagen. Dottera Ellinor fortsette drifta av butikken, saman med ektemannen Johnny Dale, til den vart nedlagt i 1973. Etter dette vart butikken i første høgda ombygd til bustadformål. Den vart i 2011 seld til Bernt Inge Akslen (f.1982). Huset står framleis på den opphavelege plassen.

a) Ellinor Jofrid  f.1939  1) 1960 g.m. Johnny Arnold Dale,.

                                         2) G.m. Torbjørn Birkeland. Tok over butikken og bruket .

b) Anne-Margrethe  1941-2013  g.m. Mac McClelland. Ho emigrerte til USA 1963.

c) Rannveig Berit  1945-1999  1973 g.m. John Harald Svein Moe. Busett i Oslo. Vart deleigar i bruket.

d) Synnøve Dagny  f.1947  er busett i Oslo. Vart deleigar i bruket.

 

Ellinor Jofrid Emblem tok over butikken og bruket 1978, på odel etter besteforeldra sine. Ho kjøpte det ut, saman med søstrene Rannveig og Synnøve. Dei fekk kvar sine partar, medan Ellinor vart formelt registrert som grunneigar i grunnboka. Ho tok også over drifta av «Severinbuda» i lag med sin første ektemann, Johnny Dale, når foreldra døydde 1960. Butikken vart lagd ned i 1973. Vare- behaldninga, samt inventar, vart seld til Emblem Samvirkelag. Frå den tid var det no kun ein daglegvarehandel att. Husa på Garsendhaugen vart leigd ut i nokre år på 1980-talet, før løa vart reve, og huset brend ned som del av ei brannøving. Ellinor er no gift med Torbjørn Birkeland (f.1939), og dei er busett på Hamar. Ho eig framleis eit lite markastykke, med bruksnummer 2, som er den siste resten av Garsendhaugen. Resten av markene har søskena seld til Emblem Bygg Eiendom a/s. Desse er no omregulerte til bustadar, saman med nabobruket Elvarum.

a) Svein-Dag  f.1963  tok over huset og garasjetomta til gamlebutikken. Begge er no seld, og han er busett i Oslo.

b) Eva  f.1966  er busett i Oslo.

 

1988 vart bruket kjøpt av Ålesund kommune, og i 1992 vart gamletunet overført vederlagsfritt til «Emblem boligstiftelse for eldre», der det i dag er sett opp eldrebustader og bygdastove. Prosjektet var eit samarbeid mellom Emblem Husmorlag, Emblem Helselag og Ålesund kommune. Det meste av dei resterande markene ikring det gamle tunet er no bygd ut til bustadfelt.