Bnr. 6 VOLL
Delt frå bnr. 1 Hansgaren
Thomas Bernhard Hansson Røssevoll(1) (1889-1975) fekk skild frå eit stykke av farsgarden i 1920. Han hadde gifta seg 1914 med Henna Petra Sina Jakobsdotter Emblemsvåg(6) (1894- 1978), frå Sandane, Emblemsvågen. Dei dreiv bruket frå 1922 til 1957. Det var ikkje like lett å drifte ein gard dei første åra. Det var vanskelege økonomiske tider, og ikkje så lett å finne seg nok arbeid attåt. Hausten 1930 vart det halde auksjon på bruket, for han makta ikkje å betale herredskatten. Frå annonsa i Sunnmørsposten kan ein lesa at det var to sauer og andel i ein motorbåt, som skulle auksjonerast vekk.
a) Jakob Sigurd 1915-1987 var ugift. Gravlagd i same grav på Borgund kyrkjegard som søstera.
b) Thelma Hanny 1920-2006 tok over bruket.
c) Severine Laura 1925-1941 var ugift. Gravlagd i same grav på Borgund kyrkjegard som broren.
Svigersonen Reidar Arthur Krogsæter(6) (1917-1995), frå Vatne, gifta seg 1942 med Thelma Hanny Røssevoll(6) (1920-2006). Han var skreddar, og budde ei tid i hus på Aksla, før dei tok over bruket 1957. Thelma fekk livsvarig burett på garden i 1983. Dei bygde seg ny hytte på Røssevollsetra.
a) Terje Harald f.1943 1966 g.m. Karin Pedersd. Sulebakk, busett i Mauseidvågen på Sula.
b) Ingrid Gunnbjørg f.1945 Bbusett i Spjelkavika.
c) Solbjørg f.1947 1967 g.m. Johan Benjamin Lillevold, busett i Borgundfjordvegen i Spjelkavika.
d) Torunn Randi f.1955 tok over bruket .
Svigersonen Rune Oddvin Myklebust (f.1954) gifta seg med Torunn Randi Røssevoll(6) (f.1955). Ho tok over bruket 1989, og er dagens grunneigarar på bruket. Torunn eig i tillegg Rognereiten, og Tykjegarden.
a) Therese f.1979 2001 g.m. Herman Helgesen, busett Eidsnes.
b) Sylvia Mariann f.1980 2005 g.m. Thorstein Sten Gjerde, busett Hatlehol.
c) Anette K f.1983 tvilling, 2010 g.m. Anders Hoff, busett Ratvik.
d) Margareth Helen f.1983 tvilling, 2014 g.m. Are Henry Lund, busett Flisnes.
e) Tom-Ruben f.1987 busett i Oslo.