Bnr. 6 Minde

 

Hans Gabriel Larson Akslen(2) (1862-1949), frå Akslagjerdet, fekk denne parsellen delt frå etter ei utskiftingsforretning i 1934. Eigedommen fekk rett på å hente torv frå hovedbruket, Øvste-Aksla, og var pliktig å gjerde inn etter forskrift i gjerdelova, men var ellers utan rettar i utmarka. Dette var få dagar før Hans selde Akslagjerdet. Han tenkte seg kanskje denne tomta som ei kårtomt, men slik vart det ikkje. Sonen Thomas kjøpte att Minde på auksjon, og Hans bygde hus på ei anna tomt, som Thomas også hadde kjøpt attende. Det var «Kveldly» bnr. 8 på Magerholm. Hans flytte dit i 1936. Sjå meir om Hans som brukar under garden Akslagjerdet, lenger fram i denne boka. Bustadtomta Kveldly er ikkje med i denne utgåva enda.

 

Sonen Thomas Gustav Akslen (1895-1966) gifta seg i 1939, med Hjørdis Amanda Akslen (1909-1994), Østremsreit(2). Han kjøpte tomtene Minde og Kveldly i 1937. Thomas og Hjørdis bygde hus og busette seg på Minde. Faren fekk bygge hus og busette seg på Kveldly, i svingen ved den grøne bussgarasje på Magerholm.

a) Inge Erling  f.1939  G.m. 580a Else-Marie Nedregotten(9), brukar Vestly, Nedregotten(9).

b) Liv Johanne  1941-2016  tok over huset og tomta.

c) Randi Marie f.1945 1967 g.m. rørleggar Andreas Per Vik, Syvde, busett Syvde.

 

Dottera Liv Johanne Akslen (1941-2016) gifta seg ikkje. Ho tok over huset og kjøpte ut søskena sin part av tomta i 1995, etter mora hadde gått bort. Kjøpet inkluderte også ein parsell med bruksnummer 15. Liv arbeidde mellom anna som kontorleiar på fylkessjukehuset på Åse.  

 

Minde vart seld til Emblem Bygg Eigedom 2015. Gamlehuset er no reve og erstatta av nye hus.