Bnr. 4 NYBØ
Kalla «Fursetgarden»
«Fursetgarden» er ein ny gard, hovudsakleg utskild frå Negarden, Emblem(1) og Auregarden, Emblem(9). Knud Andreas Karlson Furseth (1845-1934), frå Pe-Olagarden, Furset(172b) på Stranda, var omgongskulelærer på mellom anna Emblem. Han var også bror til Iver Karlson Furseth, kalla «Kjøt-Iver», som først kom til bygda for å hjelpe bror sin med nydyrkinga. Han gifta seg seinare på Emblem, og kjøpte fleire gardsbruk her. Du finn meir om Kjøt-Iver på Skorene, Emblem(10) og som brukar på Eikenosa. Knud budde først i gamletunet til Utigard, Eikenosøydegard(1), i 1865. Han kjøpte grunn til eige gardsbruk frå 1874, når han gifta seg med Oline Susanne Clausdotter Magerholm(1) (1848-1930). Det var truleg lettare å få kjøpe jord, når svigerfaren Claus, kom frå Negarden. Knut var ein respektert mann og skrivar i bygda. Han gav seg som lærar, når det første skulebygget stod klart på Hjellhaugen i 1903, men pensjonerte seg ikkje heilt. Han var mellom anna forstandar i styret til Borgund Sparebank, no kalla «Sparebanken Møre».
a) Karl Oluf Bernt 1876-1907 var ugift fiskar. Døydde av blodforgiftning.
b) Karoline Kristine 1879-1954 1903 g.m. bødtker Ragnvald Johan Paulsen, Ålesund. Kjøpte seg seinare hytte på Emblem, ved Akslabuda på Korshaugen. Ragnvald bygde eikerøret til minikraftstasjonen på Østrem.
c) Kristian f.1882 drog til USA, og staten Washington, der han tok seg arbeid som tømmerhogger og vart arbeidsformann. Det vert fortalt at han fekk trebein etter ei ulukke før 1930. Kristian byrja som handelsmann i King County, saman med kona Mabel. Dei hadde to døtre 1930. Det var Helen og Arleen.
d) Olaf 1884-1968 drog til USA 1902. Han skulle til boren, Kristian, som budde i Seattle. Ein finn Olaf i Alaska 1920, og i Seattle 1922. Han var gullgravar med skjerp i Yukon, og var fast busett i Fairbanks, Alaska, frå 1907 til han døydde på «Fairbanks Pioneers Home».
e) Jensine 1887-1887 døydde 5 dagar gamal.
f) Johanne 1888-1961 tok over bruket.
g) Olga 1891-1984 drog til USA 1910. Ho skulle til søskenbornet, Lina Berge i Tacoma, Washington. Olga busette seg i Tacoma og gifta seg med Andrew Nelson før 1920. Han vart fødd Andreas Hilmar Olaf Giskeødegård, og hadde endra namn i Amerika. 1940 hadde dei to born på 20 og 14 år. Ho døydde i Pierce County, Tacoma.
h) Klaus 1894-1895 døydde av Kolera.
Svigersonen Thomas Hilmar Knutson Akslen(1) (1892-1974), frå Øvste-Aksla, gifta seg 1925 med Johanne Knudsdotter Furseth (1888-1961), Emblem(4). Året etter tok dei over garden. Det vert fortalt at ho hadde ein beilar frå ein av nabogardane i bygda, som var ein ettertrakta ungkar. Då ho arbeidde ei tid i Amerika, reiste han etter for å besøke henne, men slapp ikkje inn døra og måtte reise heile den lange vegen heim att med uforretta sak.
a) Karl Olaus 1926-2007 tok over bruket.
b) Klaus Lorentz 1913-1931 døydde ung.
Sonen Karl Olaus Akslen (1926-2007) gifta seg med Anna Harriet «Lill-Anna» Emblemsvåg(3+4) (1929-1998). Ho vart kalla opp att etter mor si, og fødd på Oshaugen, men miste mora tidleg på grunn av barselfeber. Faren, Hans, var mykje vekke på arbeid, så Anna vaks opp på Ystebøen hos besteforeldra Peter og Antonette. Karl var med i Tysklandsbrigaden etter krigen, som mange av jamnaldringane sine. Dei bygde ut hovudhuset på garden.
a) Toralf 1952 g.m. Maria Luisa Fontes Fiadeiro, Portugal.
b) Hans Anders f.1954 tok over bruket.
c) Oddmund 1958-2016 1990 g.m. Torill Berge, busett Steinsgarden, Østrem(4). Ho er også brukar i Mattisgarden, Østrem(1).
d) Ann-Kristin f.1959 tidl. g.m. Per Helge Andersen.
e) John 1966-2006
Sonen Hans Anders Akslen (f.1954) gifta seg 1985, med Wenche Moa (f.1958), frå Spjelkavik. Dei tok over garden det samme året, og dreiv bruket ved sidan av anna arbeid utanfor bygda. Hans har arbeidd i mange år på fabrikken Porolon a/s i Vegsundet, medan Wenche har arbeidd hos «Sydvesten Ålesund», avd. Bogneset, dei siste åra.
a) Janne f.1980 2018 g.m. Bjørn Arild Sand, busett i Spjelkavik.
b) Thomas f.1985 tok over bruket.
c) Karoline f. 1986 busett Stranda.
Sonen Thomas Moa Akslen (f.1985) gifta seg 2016, med Camilla Anett Nærø Orten (f.1987), frå Ramsvika. Dei driv med sauehald, på nær eit heilt årsverk, med 100 vinterfora dyr i tillegg til anna arbeid utanfor garden. Thomas tok over gardsdrifta når han var knapt 20 år gamal, og jobbar i Peab. Camilla slekter frå bnr.1 Negarden, via Anton Lorentz Emblem.
a) Mathilde 2007-2007
b) Lillianne f.2008
c) Katharina f.2012