Bnr. 9 Vestly
Delt frå bnr. 5 Steffågaren, også kalla «Stykkjet»
Trykk her for å finne garden på kartet
Plassen vart skild ut frå Steffagaren, Nedregotten(5), der den første plassemannen, Ole Severin Larsson Nedregotten(5) (1876-1958, kom frå. Han gifta seg 1908 med Emma Torine Larsdotter Harnes (1888-1990), frå Sandøy. Dei kjøpte og rydda plassen i 1910. Den vart skyldsett til 34 øre. Ole og Emma dreiv bruket til 1956.
a) Leif O. 1908-1981 ugift. Begravd på saman med foreldra på Borgund kyrkjegard.
b) Bjarne Kjartan 1909-1998 tok over bruket.
c) Liv Josefine 1914-1993 1938 g.m. Toralv Sverre Braute, brukar Lid(25), Ørskog.
d) Erling Olav 1924-2014 1956 g.m Ellinor Helseth, busett Ålesund. Hadde hytte ved garden.
Sonen Bjarne Kjartan Nedregotten(9) (1909-1998) tok over i 1956. Han var fangstmann, snikkar, museumshandverkar ved Sunnmøre museum, og oppsynsmann i Borgund. 1938 gifta han seg med Klara Edvarda Lovise Grøndal (1909-2009), frå Legene på Sula. Dei overlot bruket til eldstedottera, og bygde seg nytt hus like ved. Det nye huset vart seld ut av slekta til sambygdingen Henning Osnes Teigene og Linda Ramsevik Teigene, frå Ikornes, i 2014.
a) Else-Marie f.1941 tok over bruket.
b) Bjørg Karin 1945-2013 tidl. ansatt ved Høgskulen i Volda til 1998, og studiesjef ved Høgskolen i Ålesund. Flytta til Emblem når ho pensjonerte seg ved årskiftet 2011-2012.
c) Randi f.1949 1971 g.m. Knut Strand, busett i Ulsteinvik.
Svigersonen Inge Erling Akslen(2) (f.1939) vaks opp på «Minde», ved Akslagjerdet, Akslen(2). Han gifta seg 1974 med Else-Marie Nedregotten(9) (f.1941). Dei tok over bruket 1978, og er framleis grunneigarar.
a) Torbjørn f.1976 2000 g.m. Ragnhild Eide frå Flisnes, busett på Emblem.
b) Ole-Jakob f.1980 Sambuar med Beate Reigstad, busett i Bergen.