Bnr. 4 Steinsgarden

Frådelt bnr. 3 Abrahamsgarden

 

Trykk på denne teksten for å finne garden på kartet

 

Ole Andersen Østrem(3+4) (1665-1733) var, i følge «Sykkylvsboka», gift med Marte Pedersdotter Blakstad(2) frå Sykkylven, men ho er enno ikkje funnen i kirkebøkene for Borgund. Søstera, Alet Pedersdotter Blakstad(2), var derimot gift for tredje gong med Michel Ols. Straume(2), som kan ha vore bror til neste brukar i Steinsgarden. Ole sat att med dette bruket, når Abrahamsgarden og Steins- garden vart delt i to sjølvstendige bruk. Det som ein gong hadde vore det største bruket på Østrem, Larsgarden, på 2/3 av heile Østrem, var no stykka opp i tre mindre bruk. Steinsgarden og Abrahamsgarden var på til saman 1/3 av Østrem, så dei vart no berre halvparten av Mattisgarden og Larsgarden, kvar for seg. Soleis kan tunet i Steinsgarden ha vore det opphavelege tunet i Abrahams- garden, når bruka låg samla i eit felles klyngetun. Gardane fortsette nemmeleg å ligge tett saman etter utskiftinga i 1904, medan Abrahamsgarden hadde tunet sitt eit stykke unna dei andre. Ole tok eigentleg over heile bruket, men valde så å dele det med broren 444 Hans. I skiftet etter Ole 1733, er det nemnd hest, 2 kyr, kalv, 3 geiter, 2 sauer, naust, sel og eldhus. Dei andre bygga tilhøyrde altså eigaren, som han bygsla garden frå. I 1732 var det Pål Apalset.

a) Jens Ols. dp.1682?  innrullert matros 1704-1709.

b) Ole Ols.  dp.1687  registrert på «Havfruen» 9.9.1719. ved den store nordiske Krig. Ein veit ikkje korleis det gjekk med han.

 

 

Steen Olson Straume (ca.1709-1749) kom truleg frå Jogarden, Straume(2) i Sykkylven. Han gifta seg 1730 med  Berrete Akselsdotter Nedregotten(I) (dp.1705-1767) frå Skaret, og vart allereie då kalla Østrem til etternamn. Det er kanskje han som har gitt garden namnet «Steinsgarden», som den har fått på folkemunne. Steen var brukar frå 1733 til 1749. Skiftet etter han var på 62 riksdalar. Steen hadde då hest, 5 kyr, kvige, 4 geiter og 4 sauer.

a) Ole  dp.1730-1799  tok over bruket.

b) Erich  dp.1732  ikkje nemnd i arveskiftet etter faren 1749.

c) Olle  dp.1734-1770  ungkar. Drukna på sjøen, brukar Tørlen(I).

d) Karen – Lisbeth  dp.1736    1764 g.m Ole Joens. Aalesundfeta, fødd i Syvde, og brukar «Skaret», Nordigard i Ålesund.

e) Samund  dp.1738-1786  brukar i Mattisgarden, Østrem(1).

f) Marthe  dp.1740-1780  ugift. Nemnd på Blomvik ca.1762.

g) N.N.  f.1742  kanskje dødfødd.

h) Erich  dp.1744-1799  1771 g.m. Karen Nielsd. Einarvik, brukar Røysa i Ålesund.

 

Sonen Ole Steenson Østrem(4) (dp.1730-1799) gifta seg 1750, med 018b Karen Erichsdotter Hesse- berg(2) (1722-1806). Han tok over bruket 1751, og dreiv det til 1773. Karen var registrert som blind i 1801. Ole fekk kår, mot 3 vekers arbeidsplikt hos neste brukar. Han var då 51 år.

a) Ingeborg  dp.1751-1822  tok over bruket.

b) Ole  dp.1754-1816  brukar Blomvik(1).

c) Sten  dp.1756-1797  1787 g.m. Pernille Nielsd. Rødset(4), brukar Rødset(4).

d) Erich  dp.1759-1760  døydde 14 veker gamal.

e) Margrethe  dp.1761-1761   døydde 18 veker gamal.

f) Margrethe  dp.1764   1804 g.m. Samund Olesen Holstad(4), busett Holstad, Ulstein prestegjeld. Frå same gard og nevø/ svoger til neste brukar.

 

Svigersonen Abraham Nilsen Holstad(4) (ca.1740-1796), frå Hareid, gifta seg 1773 med Ingeborg Olsdotter Østrem(4) (dp.1751-1822). Han kalla seg allereie Østrem, ved giftermålet, og vart via giftarmålet både svoger og onkel til 460f. Han tok over bygselskontrakta 1773, og dreiv bruket til 1796. Det verkar ikkje som om gardsdrifta var hovudinteressa, for han etterlot seg nesten berre fiskereiskap. På bruket var de kun hest og 2 kyr. Dei hadde ikkje teke vare på gardshusa, slik bygselskontrakta krevde, og gjelda tok heile dødsbuet. Enka gifta seg opp att med neste brukar.

 

Enka Ingeborg Olsdotter Østrem(4) (dp.1751-1822) gifta seg 1798 om att med Lars Nilsen Røyset (1770-1822), også han frå Hareid. Dei dreiv garden frå 1798 til 1818. Han betalte 1 speciedaler i innskot på sølvskatten 1816.

127

 

Rasmus Pederson Spjelkavikgjerde(5) (dp.1793-1841) gifta seg 1817, med enka (Anne) Olave Olsdotter Østrem(3) (1781-1858). Ho var fødd på bruk 3 på Lyshol, og gift med  Salmund Knudson Østrem(3) frå Abrahamsgarden. Kvar husmannsplassen til Salmund låg, er uvisst. Rasmus fekk ta over bygselskåra i Steinsgarden 1818, og var brukar til 1845. I 1835 vart det halde takstforretning på bruket. Der var då ei røykstove med innreidd kammers, og på sørsida av stova stod ei ny stove som ikkje var innreidd enno. Dei hadde stabbur, tømmerfjøs, som også sauene nytta, Løe med stall, og naust. Av utkome, kunne dei dyrke 1 tønne havre, 1/2 tønne bygg, 1/2 tønne blandkorn og 2-3 tønner med poteter. Dei hadde hest, 6-7 kyr og 13-14 sauer. Samla takst var på 180 speciedaler.

a) Severina Petrina  1817-1903   1849 g.m. Andreas Magnuss. Sjøholtstrand, brukar Apalset(14), Ørskog, men frå Geiranger. Fekk 1842 dottera, Ragnhild Marthe med Niels Morten Niels. Apalset(1), brukar Apalset(1). I 1845 fekk ho dottera, Marthe Sophie med Nicolai Magnuss. Apalset, bror til Andreas. Dottera Petrine Karoline (f.1854) vart gift med brukar  i Magerholmdalen.

b) Regine  f.1819  1855 g.m. Ole Ols. Folven(2) frå Innvik i Opp-Stryn, brukar Tynes(12), Sykkylven. Ho tenar Ørskog 1842. Fekk dottera, Anne Regine, i 1844 med Petter Olaus Lied(1), brukar Lied(1).

c) Rasmus Kornelius  1822-1850  ugift. Dreng hos halvsøstera Caroline Severine Salmundsd., busett Salen i Langevåg. Døydde der.

d) Ole Andreas Brethanus  ca.1827-1876  1852 g.m. Helene Petrine Severine Christiansd. Eikrem(1), brukar Sunde(1).

 

 

Martinus Nilsen Flydal(4) Geiranger (dp.1810-1843) omkom på sjøen nyttårsafta. Han gifta seg i Sunnylven 1839 med Petrine Halstensdotter Hauge(6) (dp.1813-1902). Det same året bygsla han Steinsgarden, og dreiv det saman med den forrige brukaren, 463 Rasmus Pederson Spjelkavikgjerde, til Rasmus døydde 1845. Dei to gav seg samstundes det året.

a) Ingeborg Marta  1839-1893  tok over bruket seinare.

b) Rasmus Olavius  f.1842  1867 g.m. Anna Margrethe Eriksd. Vasstrand(65a). Handelsborgar Ålesund 1885.

 

Enka, Petrine Halstensdotter Hauge(6) (dp.1813-1902), gifta seg 1844, med Rasmus Larsson Frøysa(8) (1812-1885), frå Endrebruket på Frøysa. For å få bygsel, skulle dei betale lansdskyld årleg på 2 vågar bygg, 3 vågar havre og 6 døgns arbeidsplikt. I tillegg skulle dei skaffe beite for 2 hestar. Rasmus dreiv bruket frå 1845 til 1883. I 1882 skifte bruket eigar. Då kjøpte Peder Rasmusson Østrem bruket, saman med broren Ragnvald, for 1900 kroner. Dei var sønene til handelsborger 464b Rasmus Olavius Østrem i Ålesund, som vaks opp i Steinsgarden. Dei selde bruket vidare til 6136/ 920 Iver Karlson Furseth i 1893, for 1450 kroner (sjå også Eikenosa og Skorene, Emblem(13)). Han delte frå eit stykke lengst vest mot Ebbegarden, som vart lagt saman med ein parsellen Iver allereie hadde skylddelt frå Abrahamsgarden i 1892, og kalla det «Ytrebø», Østrem(5). Sjå meir om det nye bruket Ytrebø lenger bak i kapittelet om Østrem. Resten selde han til neste brukar i Steinsgarden. Rasmus hadde mykje slekt på Emblem. Brødrene Lars på Akslagjerdet, Akslen(2) og  Lars Martinus i Magerholmvika. I tillegg budde fleire søsken til bestefaren, frå Endrebruket, også i bygda. Det var Lars, på Magerholm, Laurentze på Skaret, Nedregotten(1) og  Margrethe i Guttormgarden, Nedregotten(2). Rasmus døydde som spedalsk.

a) Lovise Marie  1845-1847  døydde av Strupehoste.

b) Lovise Marie Hanna  1848-1928   1869 g.m. Elias Lauritz Henningsen Giske, brukar Eliasgarden Giske(19).

c) Cornelius Gabriel  1850-1881  ugift tenar. Drukna ved kolsegling 25. februar, på vinterfiske.

d) Hans Petter Olaus  1854-1930   1882 g.m. Karoline Gurine Hansd. Kjærland, Kristiansund. Handelsborger i Ålesund, busett på Brunholmen.

e) Berthe Maria Pernille  1858-1921  1878 g.m. Severin Joakim Kristiansen Giske((8), brukar Kristiansgarden Giske((8).

 

Svigersonen Knut Andreas Larsson Østrem (1856-1947) kom frå Larsgarden, Østrem(2). Han gifta seg 1883 med Ingeborg Martinusdotter Østrem(4) (1839-1893), og dreiv bruket frå 1883 til 1934. I 1894 gifta han seg om att med Birte Eline Knutsdotter Standal(S,3) (1855-1934), frå Hjørundfjorden. Knut var eigentleg neste bygselsmann i Larsgarden, men slik vart det ikkje. Gardeigaren,  «Sjurs-Ole» frå Emblem(11), bestemte seg etter kvart for å gi garden i gåve til sonen sin i staden. Sjå Larsgarden på Østrem for fleire opplysningar. Knut var bygselsmann i Steinsgarden frå 1883. 1894 fekk Knut kjøpe det meste av Steinsgarden, frå Iver Karlson Furseth på Eikenosa, for 1560 kroner. Knut vart dermed sjølveigar på bruket. I skøytet fekk Iver rett til å bygge veg frå Ytrebø, bnr. 5, mot Ebbe- garden og bygdevegen. 1934 selde Knut eit stykke av heimeutmarka, lengst vest mot Jakobgarden, til  Alfred Østrem frå Abrahamsgarden for kr. 3400,-. Parsellen vart slått saman med ein del av Jakobgarden, til det nye småbruket «Solvang». Sjå meir på bnr. 8 under Østrem.

a) Olivia Marie  f.1878  1900 g.m. 811 Lars Kornelius Hans. Røssevold(1). Faren var husmann og enkemann Ole Siverin Ingebrigt Gunders. Vegsundvåg(6). Ho emigrerte til Mayville N. Dakota, og så til Saskatchewan, Canada 1917.

b) Kornelia Petrine  1884-1985?  drog til Miluwakee Wisconsin 1904 som ugift butikkjomfru. Seinare gift, og kalla seg «Kornelie Hagen» 1947. Kanskje død i Minnesota.

c) Inga Karolina Bertha  1895-1935  fekk sonen, Konrad Ingvald, med fiskar Karl Johan Tomasen Stave(1), Sykkylven. Karl drukna 1940 i Ålesund.

 

Bornebornet Konrad Ingvald Østrem(4) (1918-1979) gifta seg 1945 med Petra Aam (1911-1990), frå Ørsta. Han fekk skøyte på garden for 1500 kroner i 1934. I kontrakta var der ein klausul om at besteforeldra fekk forkjøpsrett, dersom garden vart seld eller tvangseld før Konrad var 30 år, men den kunne bygslast bort til forpaktar før han fylde 22 år. Det var såleis ein ung kar som tok over bruket. Han vart tidleg interessert i idrett. Vinterhalvåret lånte handelsmann Thomas Kristoffersen, på Akslabuda, ut lageret til boksetrening, før idrettslaget vart stifta i 1932. Konrad vart med på boksing, og han var ein habil fotballspelar. Konrad fann ei vikinggrav, med beinrestar spyd og klede, på nabogarden hos 414 Fredrik Østrem på 1950-talet, når dei skulle grave ei ny grøft. Konrad og Petra overlet bruket til sonen, Kåre Helge, mot livsvarig burett 1970. Petra vart buande heime så lenge ho greidde seg sjølv. Etter dette flytte ho til aldersbustad i Borgundvegen.

a) Kåre Helge f.1945 tok over bruket.

 

Sonen Kåre Helge Østrem(4) (f.1945) gifta seg med Marit Dieseth 1968. Han er statslos, busett i Bergen, og tok over garden 1970, men busette seg ikkje på bruket. Han leigde det ut ei tid til Kåre Moen, og så til Torill Margrethe Berge, som vart neste eigar.

 

Oddmund Akslen (1958-2016), Emblem(4), frå Fursetgarden, gifta seg 1990 med Torill Margrethe Berge (f.1962) frå Spjelkavik. Dei fekk 1990 leiekontrakt for 20 år på bruket, og forkjøpsrett på garden i 2003. Torill fekk hjemmel til eigedomsrett på nabogarden, Mattisgarden, Østrem(1) i 1999, og eigedomsrett på Steinsgarden i 2013. Dei tok opp att gardsdrifta, og bygde ny fjøs med driftsbygningar for mjølkekyr og hest «nede i Myrane», der gartneriet stod tidlegare.

a) June Helen f. 1982  skilde ut hovudhuset i Mattisgarden, Østrem(1), busett der. Sjå brukar 420.

b) Siren Elise  f. 1985  Sambuar med John Arne Baade Berg, busett på Aksla.

c) Simen  f.2001  busett på Østrem.