Bnr. 9 Eikenosa

 

BRUKET SAMLA

 

Knud er den første ein med sikkerheit veit namnet på. Han dreiv heile bruket frå om lag 1600, til han døydde 1613. Knud er nemnd i skriftlege kjelder 1603. 1613 betalte han skatt av 9 mellag. Seinare eigde han 13 1/2 mællag, men det inkluderte truleg andre stadar enn Eikenosa, som kun var på 12. Det er mogeleg at han kom frå Sunnylven og at han hadde dei fleste eigedomane sine der. 1614 fekk ein Ole Larsson Eikenos bot, for å ha rømt heim att frå Svinesund medan han var soldat under Kalmarkrigen. Denne Ole kan ha vore dreng på garden.

a) Peder   tok over 2/3 av bruket, brukar Eikenosa(II).

b) Knud  f.ca.1595  eigde 1660 to mellag på Fivelstadhaugen. Tok over 2/3 av bruket etter broren. Seinare brukar Eikenosa(II).

 

BRUK I

1/3 av garden, tilsvarande 4 mællag

 

Enka etter Knud, ovanfor, dreiv ein tredjepart av garden åleine, frå 1616 til 1624. Dette er uvanleg. Sonen Peder tok over resten (sjå bruk II). 1617 vart tenestedrengen, Lars, nemnd. Det er mogeleg at han vart neste brukar.

 

Ein Lars Pedersen sat på denne delen av garden, frå 1624 til om lag 1645. Kanskje var dette den same Lars som var tenestedreng hos enka etter Knud ovanfor?

a) Peder  tok over gardparten.

 

Peder Larsson Eikenos(I) vart nemnd 1658. Han dreiv bruket frå om lag 1645 til 1680. I 1658 hadde han 6 kyr på garden.

a) Lars f.1660  tok over bruket.

 

Sonen Lars Pederson Eikenos(I) (f.1660) flytta 1680, kort tid etter at han tok over. Bruk(I) vart då liggande øyde. Innmarka vart stadig meir overgrodd med lyng og kratt, medan husa rotna. Leiga var for høg til at nokon ville bygsle dette bruket.

 

BRUK II

2/3 av garden, tilsvarande 8 mællag

 

 

 

Sonen til 900 Peder Knudson Eikenos tok over to tredjepartar av garden etter foreldra sine. Han dreiv bruket frå 1616 til 1628.

 

Broren Knud Knudson Eikenos er nemnd 1658. Han tok over bruk II etter bror sin i 1628, og dreiv garden til om lag 1660. Han eigde i 1660 to mellag av Fivelstadhaugen i Sunnylven. Kanskje var det bruk nummer 1.

 

Knud Rasmussen (ca.1630-1715) kan ha vore svigersonen til forrige brukar. Han vart 1706 bøtlagt for å ha dreve slått på det nedlagde grannebruket, Eikenosa(I). Han dreiv garden til 1712.

a) Berthe  ca.1660?   g.m Erich Olsen, brukar Emblem(6+7).

b) Rasmus  ca.1665- ca.1742    1) ca.1699 g.m. Enke Siri Andersd.

                                                      2) 1725 g.m. 704b Inger Halvardsd. Emblemsvåg, brukar Nedre Bjørge.

c) Knud d.e  ca.1669-1730   1701 forlova med Anne Olsd. Blindheimsnes(I), brukar Blindheimsnes(2). Gravlagt saman

med broren.

d) Knud d.y   ca.1676-1730   brukar Flisnes(2) 1710-1730. Gravlagd saman med broren.

e) Siri  ca.1677-1748   1713 g.m. Elling Størkers. Blindheim(8), brukar Blindheim(6). Vart kalla «en tøs på Ekornaas», truleg etter å ha fått born utanfor ekteskap.

 

Ole Arnesen var brukar frå 1712 til 1716. Så mykje meir veit ein ikkje om han. På denne tida var Knud Røssevoll(1), den tidlegare bygsleren i Hansgarden på Røssevollen, tenar hos Ole. Knud vart dømd for leiarmål med Guri Jonsdotter Drabløs 1716. Ho var tenestejente på garden Slotsvik på Ellingsøya, og han ein gift mann. Knud vart seinare brukar på Nes(I), på Ellingsøya, kring 1721. Det første året var Hans Flisnes den einaste grannen i fadderrekka. Etter kvart vart det stort sett grannar, men særleg vert faddarar frå garden «Brevig» nemnd. Det kan dermed vere slekt.

a) Gunder  dp.1712-1728  døydde 16 år gamal, ifølge kirkeboka.

b) Martha  dp.1713   Hans Flisnæs(1), Stephen Brevig, Brite Reite, Ragnhild Vaagen og Mareth Brevig var fadderane.

c) Martha  dp.1714  Birte Møller i Vaagnes bar bornet.

d) Anne  dp.1716  Brite Stephensd. Brevig var ein av fadderane.

 

Lars Larsen (d. ca.1749) veit vi litt meir om. Han var snikkar og gifta seg i Norddal kring 1708, med Brite Knudsdotter Linge(101c) (1686-1741). Det vart halde skifteforretning på garden den 29. april 1741. Søstera til Brite, Marithe Knudsdotter Linge(101h) d.y. (1704-1719), vart nemnd ved dødsfallet på Eikenosa. Kanskje var ho tenar hos søstera si. Lars og Brite dreiv bruk II frå 1717 til 1738. Etter dette, vart denne gardparten delt i to. Sjå også bruk IIa og bruk IIb nedanfor. Lars fekk behalde den eine delen fram til 1741. Han gifta seg opp att 1743, med Marthe Andersdotter Skor(3) (1684-1761), frå Vatne. Han bygsla også delar av bruk 1, som låg øyde. Lars vert nemnd som forlovar på Kvasnes(1) 1743. Marthe vart ved gravferda i 1761 registrert som enke, busett på Skodjebakken, under garden Indre Skodje(13).

a) Lars   dp.1717-1720  døydde 3 år gamal.

b) Inger  dp.1719-1788  tok over bruket seinare .

c) Ragnille  dp.1724-1799  g.m. Bodvard Peders. Fausa(120d), brukar Pe-garden, Fausa på Stranda.

d) Marithe  dp.1727  ho vart nemnd i Bergen 1767. Kanskje den samme som måtte skrifte offentleg i Ørskog kirke 1754, for leiermål med soldat Anders Jensen Brudevold. Dei fekk sonen Rasmus 1752.

 

 

BRUK IIa

Halvparten av bruk II

 

Brukar Lars Larsen fortsette å drive denne gardparten, frå delinga 1738 og fram til 1749. Når kona døydde i 1741, hadde dei hest, 5 kyr, kvige, 7 geiter og 3 sauer. Han sette opp kvern, og etterlot seg mykje snikkarverkty. Lars tente nok litt ekstra som snikkar, ved sida av gardsdrifta.

 

Svigersonen Didrich Einerson Store-Kalvøy(1) (dp.1720-1771), bygsla gardparten 1750, og gifta seg det same året med Inger Larsdotter Eikenos(II) (1719-1788). Dei dreiv bruket til 1758. Då flytta dei ned på Hatlehol Ytre, Hatlehol(1) og vart plassefolk der.

a) Lars  dp.1751-1821  1793 g.m. (Karoline) Ingeborg Haavardsd. Indreberg(3), Skodje, brukar Salen. Ho gift på nytt 1823 med enkem. Ole Hanss. Djuphamn, døydde på Djuphamn.

b) Einer  dp.1752

c) Arne  dp.1754  tenar på Holmeset(2) 1788.

d) Birthe  1757-1765  døydde 8 år gamal på Eikenosa.

 

Lars Larsson Helsem (ca.1715-1794), frå Stranda, gifta seg 1755 med Kari Olsdotter Jelle(108e) (dp.1727) frå Stranda. Dei dreiv bruket i to omgongar. Først frå 1758 til 1761, og så frå 1765 til 1788. Dei flytte ned i Torevågen, Eikenosvåg(1), og bytta bruk med plassemannen, Ole Pedersen, der frå 1761 til 1765. Deretter bytte dei attende att. Årsaka til bytta er ikkje kjend, men kona til Ole døydde truleg 1765, og då kan kanskje byttet ha ein samanheng med dødsfallet. Kari hadde slekt på Gåseidnes(2), dit søstera Synnøve gifta seg med Ole Hansen. Ole var fadder til sonen deira, Lars, i 1759. 

a) Ole  dp.1755  vart fødd på Jelle. Vart truleg brukar på Rødsethatlen(1+2).

b) Iver  dp.1757  vart døypt Furset på Stranda.

c) Lars dp.1759  døypt Eikenos, og konfirmert 1776.

d) Arne  dp.1763  1782 g.m Marthe Sørensd. Viddal(1). Begge borna deira vart i 1782 og 1783 døypt Eikenos.

e) Anne Malene  dp.1765  døypt Eikenosvåg.

f) Birthe  dp.1768-1768  døydde 8 dagar gamal.

g) Berthe  dp.1771-1771  døydde 10 dagar gamal.

 

Ole Pederson Puskeset, Eikenos (ca.1708-1777) gifta seg 1736, med Marie Knudsdotter Emblemsvåg (dp.1710-1765) i Sykkylven. Det er truleg den same som Kari i plassevågen, Emblemsvåg(7). Han vart først plassemann i Eikenosvågen(1), og bytte bruk i nokre år med brukaren før han, Lars Larsson Helsem, i tidsrommet 1761 til 1765. Lars og Ole var nok rimeleg godt kjende frå før. Lars var forlovaren til Ole i 1736. Årsaka til gardbyttet er ukjend, men då Marie døydde, flytte Ole ned att til Torevågen og sonen Peder, som hadde tatt over plassen. 1769 skreiv presten at han levde «uforligelig» med sin son, og bør straffes for sitt «ufredelige levned». Han bygde eiga stove, var fiskar og smed. Ole vart anklaga for å hjelpe sonen Knudt i 1771. Han vart dømd til å «miste sin hud i fengselet, og have sit hovedlod forbrudt». Ole vart dermed fallitt, men sonen Peder fekk framleis drive plassen.

a) Peder  1738-1802  tok over Torevågen etter far sin.

b) Knud  vart arrestert to gongar for tjuveri, men rømde, og gøymde seg i utmarka. Vart 1771 dømd til å brennmerkast i panna og «kagestrykast», for så å settast i jern på livstid i nærmaste festning.

c) Gunder  f.1743

d) Ole  f.1747

e) Rasmus  ca.1750

f) Pernille  ca.1755

 

Lars Larsson Helsem (1715-1794), frå Stranda, dreiv bruket i to omgonger. Først frå 1758 til 1761, og så frå 1765 til 1788. Dei flytta ned i Eikenosvågen(1), der dei bytta bruk med plassemannen der, Ole Pedersen, frå 1761 til 1765. Etterpå bytte dei att. Sjå meir om han ovanfor.

 

 

HALVPARTEN AV BRUK II

 

 

Rasmus Ingebrigtsen dreiv denne delen frå 1738 til 1742. Meir veit ein ikkje om han.

 

Johannes Olsen (ca.1705-1766) gifta seg 1743, med Mette Siurssdotter Veibust(5) (dp.1713-1743). Johannes vart allereie ved forlovelsen kalla «Eckenos» i 1742, sidan han hadde tatt over drifta. Forlovaren var frå Kvasnes, så han kan vere utanbygds frå. Dei bygsla gardparten 1742. Mette døydde i barselseng og vart gravlagd 17. juli, berre eit halvt år etter giftermålet. Det er usikkert om bornet vart fødd. Skiftedokumenta syner at dei hadde eigen hest, 3 kyr, og 2 sauer. Johannes gifta seg på nytt 1744, i Norddal, med Synnøve Zachariasdotter Linge(104c) (1713-1753). Ho var brordotter til 909 Brite Knudsdotter Linge på Eikenos(IIa). Også dette giftermålet vart kortvarig. Dei fekk berre 9 år saman. Ved skiftet i 1753 hadde buskapen auka med to kyr, 3 geiter og 3 sauer. Dei hadde eit overskot på 60 riksdaler. Johannes gifta seg ein tredje gong i Haram 1754, med Birthe Olsdotter Roald. Dei siste åra han var brukar, gjekk inntekta frå godt overskot i 1753, til fallitt når han døydde 1766. Den største kreditorane var handelmann Høgh. Ingen av dei to borna, som levde opp, tok over.

a) N.N  1745-1745  vart introdusert i 1745.

b) dotter  1747-1747  dødfødd.

c) Ole  1748-1748  døydde 8 dagar gamal.

d) Zacharias  dp.1750-  1784 g.m. pige Helena Knudsd Hessen.

e) Halkield  dp.1753-1753

f) Peder  dp.1756-1756  døydde 17 veker gamal.

g) Randi  dp.1758-1765  døydde 7 år 20 veker gamal.

h) Synneve  dp.1760-1816   Presten skreiv 1816: «fattig, lever af almisse».

 

Rasmus Pedersen Par(1) (1735-1817) kom frå Sunnylven. Han gifta seg 1765 med Ingeborg Hallsteinsdotter Bache. (dp.1738-1791). Ho vart opphaveleg døypt Hauge. Dei tok først over bruk IIb i 1766, og dreiv denne delen til 1788. Så fekk dei også bygsel på heile garden frå handelsmann Hans Jakob Mechlenburg i Vegsundet, som hadde vorte gardeigar på Eikenosa 1787. 1794 gifte han seg opp att med Anna Jespersdotter Klokk(A) (1749-1815) i Ørskog kyrkje. Rasmus dreiv Eikenosa til 1807. Han betalte 1 speciedaler i sølvskatt 1816.

a) Brite  dp.1765-1836  1793 g.m. enkem. Styrcher Arnes. Olsvikfeta(1), brukar Olsvikfeta(1).

b) Halsten  dp.1769-1844  tok over bruket.

c) Pernille  dp.1773-1773  døydde 8 veker gamal.

d) Peder  dp.1775 var  tenar på Taskeberget 1801. Fekk ei uekte dotter, Inger, 1801 med Anne Hansd. Rekedal frå Hjørundfjorden. Inderst på Hundsvær i 1801?

e) Ananias  dp.1781-1847   1) 1807 g.m. Johane Rasmusd. Flisnes(2).

                                                2) 1819 g.m. Anne Arnesd. Solevåg(5), brukar Rasmusgarden Flisnes(2).

f) Ingebrigt 1795-1821  registert som dreng. Omkom på sjøen.

 

Sonen Halsten Rasmusson Eikenos(IIb) (dp.1769-1844) gifta seg 1807, med Anne Jacobsdotter Eikenosøygard(3) (dp.1784-1838), frå nabobruket. Dei dreiv garden frå 1807 til 1838. I 1832 vart Halvor Pederson Magerholm(1) ny eigar på Eikenosa. Sjå meir om han under hovudbruket, Magerholm(1). 1807 hadde dei hest, 5 kyr, 3 ungfe, ukse, 18 geiter og 16 sauer. I tillegg hadde faren, Rasmus, ein del dyr som kårmann. I 1822 vart det halde takst på bruket. Jorda låg på sandjord og hadde nok beite. Der var litt furuskog og ein god del bjørkeskog på bømarka til ved og never. Det vart dyrka 5 1/2 tønne med bygg og havre. Dei hadde då hest, 12 kyr, og 20 sauer. Jorda vart taksert til 700 speciedaler, medan husa vart verdsett til 200. Han betalte 1 speciedaler i sølvskatt 1816. Det vert fortalt at Halsten var ein svær kar. Ein gong hunden gjødde, fekk han sjå ein bjørn som stod å såg inn fjøsdøra. Han kasta då øksa si etter bjørnen, som la på sprang ned på Hatlehol. Der slo den inn fjøsdøra og drepte ei ku.

a) Rasmus Andreas  dp.1808-1888  tok over bruket.

b) Matz  dp.1811-1899    1) 1843 g.m. enke Anne Maria Ingebrigtsd. Magerholm(vik), brukar Åsehaug, Åse(23).

                                            2) 1863 g.m. Hellene Olava Andreasd. Solevåg(3).

c) Petrine  dp.1814-1912   1) 1843 g.m. Størker Martinus Mogens. Valderhaug(33), brukar Gamlemshaug (6).

                                               2) 1862 g.m. Elias Ingebrigt Stephens. Otterlei, Haram.

d) Andreas 1816-1842  var ugift. Omkom på sjøen saman med søstera.

e) Jacobie  1819-1904  1848 g.m. enkemann Knud Martinus Knuds. Valderhaug- strand(9), brukar Knutgarden Valderhaugstrand(9).

f) Ingeborg Regine  1822-1842  var ugift. Omkom på sjøen saman med broren.

g) Berthe Caroline  1825-1877 1865 g.m. Martines Martinuss. Breivik, brukar Blindheims- Breivik(1).

 

 

Sonen Rasmus Andreas Halstenson Eikenos (dp.1808-1888) fekk fortsette som bygselsmann på Eikenosa, under den nye eigaren på Magerholm. Han gifta seg 1838 med Else Jakobsdotter Lande(N,4) (1806-1840), frå Ørskog. 1842 gifta han seg om att med Oline Jakobsdotter Solevåg(6) (1818-1882). Dei dreiv garden frå 1838 til 1869. I 1853 vart Eikenosa seld til handelsmann Martin Torkildson Brudevold i Ålesund. Martin var gift med 111f Marte Halvorsdotter Abelset(5), og dermed svigerson til den forrige eigaren, Halvor Pederson Magerholm(1). Rasmus bygde ny løe og ny stove på bruket.

a) Anne Eline  1843-1925  tok over bruket.

b) Hans Jakob  1844-1861  18 år, dreng. Han døydde 23. juni, samme år som broren.

c) Ole Andreas  1846-1861  15 år, dreng. Han døydde 23. oktober, same året som broren.

d) Agnete Marie  1848-1926  1900 g.m. Hans Lauritz Magnussen Emblem(3). Dei dreiv halve Hatlebakken, Emblem(3) ei tid, saman med Hans sin bror, Andreas. Vart plassefolk på Hatlehol(2), og flytta til Blindheim(55) 1907. Der endra dei nok ein gong etternamn. Sjå meir om dei på Agneteplassen, Hatlehol(2).

e) Ingeborg  1850-1942  1888 g.m. Severin Johan Olai Pauls. Hareid. Busett «Lerkely» bnr. 38 i Ulsteinvik 1910. Skomakar med eiga forretning.

f) Rasmus Andreas 1852-1863  døydde 10 1/4 år gamal.

g) Oline Maria Birgitte  1854-1938  1879 g.m. Lars Peter Karls. Sandvik(2), brukar Vasset(1), Sula.

h) Ebbe Britanus  1857-1946   1884 g.m. Ingeborg Johanne Fredriksd. Blindheim(3), brukar Blindheim(3) frå 1885.

i) (Lars) Nicolai  1860-1931     1) 1891 g.m. Olufa Jensine Kornelia Olsd. Brathaug, busett Brathaug.

                                                    2) g.m. Nikoline Hansd., brukar Gresgarden, Blindheim(8) frå ca. 1899.

j) Jacob Olaus Rasmus  f.1863   1890 g.m. Oline Jacobine Gurine Olsd. Skarbø(4), busett i Ålesund. Han var jekteskipper.

 

Svigersonen Jakobus Olaus Aagnesen Myklebust(1) (1845-1918), frå Ågnegarden på Ellingsøya, bygsla garden 1869 og gifta seg 13. juni det same året, med Anne Eline Rasmusdotter Eikenos (1843- 1925). Løa som svigerfaren hadde bygd, brende ned ei påske. Jakobus bygde opp att ei større løe og utvida stova i tillegg. Dei dreiv bruket til 1896, før dei tok kår hos neste brukar. Begge vert nemnd som tenestefolk på Roald(6) i 1865. Kanskje var det slik dei møtte kvarandre? Jakob sleit med astma, men vart likevel 73 år gamal.

a) Petrine Hansine Caroline   f.1869  vart fødd på Eikenosa.

b) Rasmus Olaus  1872-1918  1900 g.m. Berthe Johanne Larsd. Volstad(Ø, 1), busett i Kirkegata 10, Ålesund 1910.

c) Berthe Johanne  1874-1958   1912 g.m. Martinus Samuel Larss. Skår frå Hjørundfjorden. Sjømann, Holsæker Ulstein.

d) Anna Olivie  1876-1970  1903 g.m. Olaf Johannes Ols. Volle, husmann frå Vartdal, busett Ålesund. Tenar på Skjong(9) 1900.

e) Lars Johan  1878-1957  vart registert som ugift fiskehandlar i Bergen.

f) Aagne Severin 1881-1976  g.m. Amalie Marie Regine Johansd. Slinning(11), busett i Ålesund.

g) Olivie Hansine  f.1884  arbeidde ved ullvarefabrikk i Langevågen 1910. Drog til Winnipeg, Manitoba, USA 1913. Var heime i 1919 på besøk. Drog attende til Michigan. Framleis ugift og «husholderske» hos Ferdinand Millers familie der i 1920.

h) Johan  1886-1887  døydde av lungebetennelse.

 

 

Slaktar Iver Karlson («Kjøt-Iver») Furseth (1851-1942) kom frå Pe-Olagarden, Furseth på Stranda. Han kom først til Emblem for å hjelpe bror sin, omgongskulelærar Knut Furseth, med å dyrke opp eit nytt bruk kalla «Nybø», eller «Fursetgarden», bnr. 4, under matrikkelgarden Emblem. Seinare kom han attende og bygsla plassen Skorene, Emblem(10), der han starta handelslag i den eine stova. Vidare satsa han stort på oppaling, kjøp, slakting og sal av storfe. Det vert fortalt at han skal ha vore den første som løyste handelsbrev på Kiperviktorget i Ålesund. Iver var å finne der kvar laurdag. Han kjøpte Eikenosa for 3450 kroner i 1896. Her dyrka han opp garden til 70-80 mål, hadde 20 kyr og 2 hestar, berre på dette bruket. I tillegg kjøpte han gnr.11 bnr.1 Torevågen, ein parsell frå Abrahamsgarden, kalla «Ytrebø», bnr.5, og Steinsgarden, bnr 4 under Østrem, slik at han kunne utvide feoppdrettet ytterlegare. Iver gifta seg på Stranda 1877, med 215b Ingeborg Marie Lovise Hansdotter Akslen(1) (1851-1936), frå Øvste-Aksla. Ho var nok avgjerande for at dei slo seg ned på Emblem. Dei forpakta nemleg prestegarden Sløgstad ei tid etter bryllupet, men ho lengta slik attende til Emblem. Ved sida av eiga verksemd, var han med på blant anna å etablere dampskipskaia i Emblemsvågen og finansierte dagens veg opp til Eikenosa. Han lånte ut pengar til både slekt og dei som trong det. 1923 fekk han medalje frå «Møre Landbruksselskap» for jorddyrkinga si. Iver selde Eikenosa 1922, og flytte attende til Skorene. Der dreiv han mellom anna med revefarm, på sine eldre dagar. Religiøse lag og foreiningar fekk også rikeleg med pengestøtte. Borna var meir interesserte i handel enn gardsdrift, så han selde Eikenosa og avlyste bygselen på Skorene når han gav seg. Dei siste 6 åra var han sengeliggjande hos dottera på Røssevollen, men klar til det siste. Dottera, Gurine, fekk overta Ytrebø i 1909. Sjå også Iver nemnd som brukar på skorene, Emblem(10), og som brukar på Furholmen, Eikenosvåg(1).

a) Elisa Nikoline  1878-1957  1900 g.m. 6112 Joakim Thomas Peder Johans. Emblem(2), brukar Garsendhaugen, Emblem(2).

b) Karen Marie 1879-1912  1910 g.m. Iver Ragnvald Johan Andreass. Bjørkavoll, brukar Eikenosøydegard(4). «Kjøt-Iver» kjøpte det nedlagde meieriet på Emblem, så dei kunne nytte treverket når dei bygde seg løe. Ein kan framleis sjå spor etter meieriet i løa.

c) Gurine Karoline 1882-1944  1908 g.m. folkeskulelærer Lars Flydal, busett Ytrebø, Østrem(5). Bruket var opphaveleg i farens eige og delt frå Abrahamsgarden, Østrem(3). Då stod det berre ei løe der.

d) Hans Laurits 1884-1946  1917 g.m. Inga Amalie Andersd. Hjelle, frå Eikrem på Sula. Handelsmann først på Korshaugen på Emblem. Han bygde «Akslabuda» der. Flytta til Spjelkavik og skifte etternamn til Iversen, som broren på Høybråten.

e) Karl Johan  1886-1967  1925 g.m. Hjørdis Hansd. Bjørneset(4) frå Volda. Slaktar i Ålesund 1900, bygningsmann på Blindheimsnes(2) 1910, og handelsmann på Høybråten i Oslo frå 1920, etter ei tid i Amerika. Skifte etternamn til Iversen, slik som broren i Spjelkavik.

f) Johanne Petrine 1889-1971  1918 g.m. kommunekasserar Peter Gerhard Ols. Indreberg(1), Skodje, busett Spjelkavik. Ho bestyrte landhandelen på Skorene 1910, før ho gifta seg. Arbeidde seinare for broren Hans og dreiv kafé i Spjelkavik. Dei kjøpe Steinsgardselet på Østremsetra, men hadde ikkje bruksrett på setra, så selet måtte flyttast frå Østremsetra.

g) Anna Marie  1891-1968  1939 g.m. Harald Marius Hanss. Røssevoll(1), brukar Røssevoll(1).

h) Inga Lovise  1893-1920  var butikkdame på Skorene. Vart forlova i bygda, men døydde før bryllupet av lungebetennelse.