Gnr. 7 EMBLEMSVÅGEN

 

Garden har truleg vore del av matrikkelgarden Emblem, og så blitt skild ut som eigen gard ein gong på 1500-talet. Gravhaugar og fornfunn syner at det har vore busetnad i området sidan steinalderen. Dei første var her nok berre i den varme årstida. Garden Emblem må opphaveleg ha gått heilt ned til sjøen, når gravhaugane i Emblemsvågen vart bygde. Det er truleg at den fyrste gardbrukaren vi kjenner namnet til på Emblem, Bård, også er den fyrste brukaren av det som seinare skulle verte garden Emblemsvågen. Ein finn nemleg ein «Bård på Emblem» på 1200-talet. Det ser ut til at denne matrikkelgarden ikkje vart liggande brakk etter Svartedauden, som så mange andre i nærleiken.

 

Oluf Rygh skriv om gardsnamnet at det kring 1900 vart uttala æ ́mmlemmsvåg, og slik er uttalen framleis. Vågnamnet har vore med i alle kjende skriftlege kjelder. I 1603 finn vi det meir forfina namnet «Woigen», før ein tre år seinare nyttar «Wogenn», og så «Waagen» i 1666. Våg-namn er kjende lengre attende enn som så. Ein finn det også i Bergen og dei tidlegare overjøiske områda til Norge, som Færøyane. 1723 dukkar namnet «Emblemsvaag» opp i skriftlege kjelder, men det er usikkert om namnet vart nytta i daglegtalen. Heilt fram mot vår tid har ein for eksempel nytta namnet «Vågane» om Eikenosvågen lenger vest. Namnet Emblem kjem kanskje frå det gamle, norrøne namnet «imileimr» som kan ha betydd støv, damp, eller kanskje «Våre heimar», men nokon fasit på tydinga har ein enno ikkje. Heim-namn er av dei eldste gardsnamna i landet, og Emblem er truleg også den eldste garden i bygda. Vi veit ikkje så mykje om den første tida etter at Emblemsvågen vart eigen gard, men der var berre eitt bruk på garden i tida frå 1603 til 1712. Samstundes er det nemnd fleire husmannsplassar, sjølv om det er ikkje funne nokon nærare beskrivelse av kvar dei låg, og om det var snakk om plassebruk med jord, eller berre fjordastover på leigd hustomt, som i Østremsvika litt lenger aust. Den første husmannsplassen vi kjenner namnet på var «Vågen», som vart rydda like før 1700. Dette er kanskje identisk med bruket «Plassevågen», som seinare fekk bruksnummer 7. Etter kvart vart garden delt ytterlegare opp, og fleire plassar kom til utover 1800-talet. Om dette var heilt nye husmannsplassar, rydda frå utmarka, eller oppdeling av tidlegare plassebruk, er ein ikkje like sikker på. Ludvikplassen kan ha vore ei ny- rydding i alle fall.

 

ELDRE OPPLYSNINGAR OM GARDSDRIFTA

1667: Brenneskog.
1714: Brennefang.
1723: Tilstrekkeleg brenneved. 1 lita bekkekvern. Lettdriven og viss til korn.
1803: Ingen skog, men torv og lyng til brensel. Tilstrekkeleg beite.
1868: Bra beite, nok torv til brensel, ingen skog. Mindre enn vanleg godt dyrka. Dyrka jord: 52 mål,

natureng 119 mål. Dette er fordelt med 23 og 55 mål på begge hovudbruka, og i tillegg 6 og 9 mål til Plassevågen.

 

Bruka i Emblemsvågen var, i likheit med dei andre gardane i bygda, samla i eit eige klyngetun. Dette varte heilt fram til utskiftinga 1907. Dei to hovudbruka, Knutgarden og Antonesgarden, hadde opphaveleg 10-15 teigar kvar, og desse jordbøtene var sirleg utpeikte av brukarane slik at begge hadde mest muleg like forhold, med like mykje god og dårleg slåttemark kring tunet. Gamletunet låg før 1907 i ei klynge oppunder hamrane, mot grensa til Emblem. Dei fleste åkrane låg også oppe i denne hellinga, men nokre fine åkerplassar ved bekkesiget fanst også. Ved utskiftinga kom ein fram til ei løysing, der bytelinja mellom hovudteigane gjekk rett gjennom det gamle klyngetunet, slik at dei slapp å flytte på gardshusa. Oshaugen og Sandane var ikkje del av denne utskiftinga.

 

Utmarka har vore sams med Emblem, og våga-karane har hatt sel på Gamle Emblemseter i lag med Emblem. Råsa gjekk opp fjellsida vest for innmarka til Ystebøen og Røssevollen. I tidlegare tider skal Knutgarden og Antonesgarden hatt eige beitegjerde vest for Vågaplassen. Det låg like bak nausta, sør for Ludvikplassen. Ivar Flydal på Sandane var kanskje ein av dei siste som slo der. Utmarka vart utskifta i heile Emblemsbygda 1890. Då fekk Emblemsvågen heimeutmark som hang saman med innmarka i vest, og skogsteig søraust for Eikenosa si innmark og heimeutmark. Alle gardane på Emblem og Røssevollen har rett på sjøveg, der bilvegen mot Oshaugen og nausta går i dag. Dei hadde også naustrett og hevd på ei eiga felles opplagstomt. Den gamle tømmerløypa til Østrem endar i Kriken, lengst aust, der Storelva renn ut i fjorden. Den er truleg eldre enn garden Nedregotten. Idrettslaget leigde i  mange år areal til fotballbane med koksgrus ved Kriken. Området vart seinare seld til kommuna, og omregulert til fritidsareal og badestrand.

 

Folketalet i Emblemsvågen dobla seg frå ein fekk den første fullstendige folketeljinga i 1801, og til 1900. Det skuldast nok først og fremst at talet på familiar og born auka dette hundreåret. Dei fleste teljingane har telt med kårfolket som ekstra hushaldning, dersom der fanst kårkontrakt ved teljingstidspunktet. Soleis kunne talet på hushaldningar variere ei tid, men etter 1860 vart Sandane, Oshaugen og Ludvikplassen delt frå. Dermed dobla også talet på familiar seg. Det er interessant å merke seg at auken i husdyrhaldet kom fleire tiår før dette. Det kan verke som om brukarane i Emblemsvågen auka kjøtproduksjonen om lag på den same tidspunkta som brukarane elles i bygda. Det kan verke som om det skuldast dårlegare periodar for korndyrkinga, der dei var meir utsette for grønår, medan talet minka når det var gode år med fiske, eller varmare periodar, der kornavlinga var betre ei tid. I skrivande stund er ei stor utbygging på gong på dei gamle slåttemarkane til Emblemsvågen. Nye hus og byggefelt vert bygde. Dermed vil nok også folketalet auke kraftig dei komande åra.

 

Eigarane

Emblemsvågen kan ha vore erkebispegods før svartedauden. når garden var ein del av Emblem. I Aslak Bolts Jordebok, frå om lag 1440, eigde i alle fall erkebispen ein gardpart i Emlem på 3 1/2 månadsmat, der parten var bygsla for 1 laup smør. «Månadsmat» er ei gamal jordegodseining, rekna i kva skuld som skulle betalast til eigaren. I dette tilfellet er det nok snakk om betaling i smør, og ein månadsmat er då kanskje det same som ein 3-pundslaup med smør, eller kring 16 kg. Det verkar kanskje litt rart å betale leiga i smør, men dette var verdifull vare, og ein har på Sunnmøre eksportert mykje smør heilt til England, frå slutten av 1800-talet, og vidare fram mot 1940.

 

I 1624 var det Jakob Rosenkranz som eigde Emblemsvågen, medan det 1645 var borgermester Rasmus Larsen i Bergen, og så sonen Otte Rasmussen Stud. 1683 er garden i Prost Christopher Hiermands eige. Christopher vart det året gift med «Margrete i Hanken», eller Margrete Rasmusdotter Stud (d.1695), som var enka etter den rike bergensrådmannen, og giskegodseigaren, Henning Hanssen Smit. Saman eigde Christopher og Margrete nær 1/5 del av all jorda på Sunnmøre. Historikar Bjørn Jonson Dale skriv at dette kunne dreie seg om kring 600 leiglendingar, og 50-100 husmenn og strandsittarar, som måtte betale si skyld til Hiermand. I 1699 var det Johann Frimann som eigde, før han selde vidare til prost Finde. På 1700-talet kjøpte Astrup-slekta Emblemsvågen, og Peter Finde Astrup hadde skøyte på garden frå 1755 til han døydde i 1770. Nils Wind kjøpte garden på auksjon, etter at Peter var død. Han

 

selde så vidare til kjøpmann J. A. Heide i 1781. Heide eigde dei fleste gardane i bygda til han døydde. Svigerson og handelsmann Knut Danholm i Kristiansund kjøpte opp fleire av eigedomane. I følge skøyta var det ei Marie Bruun, fødd Danholm, som selde etter at Knut døydde 1828. Det er nok dottera Maren Helene Henrikke Danholm Bruun (1810-72), og ho har også har eigd garden sjølv ei kort tid. Maren vart enke samme året som faren, Knut, døydde. Ho arva fleire eigedommar etter han. Emblem og Emblemsvåg er truleg to av desse, sidan bruka først vart selde i perioden kring 1832 til 1835. Bruka i Emblemsvågen vart selde først.