Gnr. 6 EMBLEM

Truleg den eldste garden i bygda som alle dei andre bruka stammar frå

 

Matrikkelgarden Emblem har gjeve namn til Emblemsbygda, og er truleg «ur-garden» som dei andre stammar frå. Den orginale tydinga av gardsnamnet er enno ikkje kjend, men det har tidlegare vorte hevda at Emblem kjem frå den gamalnorske forma «Imileimar» eller «Imilheimr». I følge O. Rygh, som gav ut bok om dei norske gardsnamna kring 1900, kan første leddet, «imil» ha betyding i nærleiken av støv eller damp, og då er det nærliggande å tru at det har ein samanheng med at garden ligg i nærleiken av to elvar. «Strókevatnet» på fjellet ovanfor garden kan òg ha hatt ei liknande tyding. Andre har seinare hevda at namnet kan ha hatt tydinga «Våre Heimar». Vi skal ikkje ta fatt på noko drøfting om kva som kan vere rett eller gal tyding i denne boka.

 

I skriftlege kjelder er gardsnamnet skrive i ulike variantar. Den eldste kjende skriftlege forma er «af Imileimum». Ei tid vart namnet skrive Ymelem og Ymlen, før ein kan finne Emblenn 1603, og Embelem i 1606. 1617 og 1666 finn ein stavinga Emblemb, før dagens namn, Emblem, dukkar opp i 1723. Sidan den tid har ein veksla litt mellom Emlem og Emblem, i skriftlege kjelder og dokument, utan at det har vore nokon fast regel for korleis ein skulle stave. Tidlegare har mange trudd att b-en kom inn først på 1900-talet, men kyrkjebøker og skøyter viser noko anna. Ser ein nærare på for eksempel Andreas Ole Johan Knutsen Emblem(1834-1922), med tilnamnet «Sjurs-Ole», så har han nytta begge stavemåtane om kvarandre. Ein har óg nytta skrivemåten Emleim i nyare tid, og denne forma finn ein også på kart og skilt. Variasjonane i skriveforma skuldast nok at det har vore danske embetsmenn, eller ei fordanska skriveform, der nokon utan kjennskap til namnet har forsøkt å skrive det ned. Der finst fleire eksempel på at ein i kyrkjebøkene har hatt store vanskar med å skrive namnet rett. Det vart heller ikkje enklare når fleire i bygda nytta «halvemål», der Emblem vart uttala «Hemblem», og så vidare.

 

Emblem har ein høg alder, og fornfunn støttar opp om særs gamal busetnad i bygda. Der finst ei rekkje gravhaugar og røyser, samt funn frå steinalder, både på Magerholm og Flisnes like ved. Det er truleg at garden er frå før vikingtida, som ein gjerne avgrensar bakover til omlag 800 e.Kr. Heim-endinga i gardsnamnet er nemleg av dei eldste namna som vi har i Noreg. «Bård på Emblem», er den aller fyrste brukaren vi kan finne namnet på. Det stammar frå ei kjelde på 1200-talet. Det verkar ikkje som om garden har vore nokon øydegard, for parten til den katolske erkebiskopen vart bygsla vekk allereie i 1440. 1520 finn vi to brukarar på Emblem, Hallstein og Bottolv, men på slutten av 1500-talet vart garden delt i 6 bruk, og har for det meste vore delt slik sidan den tid. Det har vore ei rekkje plassebruk under hovudbruka. Dei fleste har vorte sjølvstendige bruk i nyare tid, medan nokre få har vorte dregne inn att under hovud- bruket. «Magnusplassen» er eit eksempel på dette. I 1905 var det totalt 17 bruksnummer på Emblem, og i dag er det mange fleire, om ein tek med alle hustomtene og hyttetomtene attåt. Det er årsaka til at ein i den forrige bygdeboka valde å ha eit minstemål på storleik og skyld, for kven som fekk vere med i gardsoga. Bakdelen med dette var at fleire husmannsplassar vart utelatte og gløymde for ettertida. Vi har nok ikkje klart å spore opp alle saman i denne boka, men langt fleire har fått vere med no, enn tidlegare. Vi har ikkje hatt nokon ambisjon om å skrive ei komplett busetnadsoge, men har hatt som mål at alle bruk og husmannsplassar frå 1600 til vår tid skulle få vere med. Det kan vere grunn til å tru at der kan ha vore fleire husmenn og fjordastover i tidsrommet 1600 til 1790 enn vi har klart å finne. Dessverre manglar vi nokre kart frå denne tida, og ikkje minst plassemannskontrakter. Det kan vere grunn til å tru at fleire nyoppretta husmannsplassar frå 1800-talet kan ha vorte oppretta på nytt, på tidlegare «husmannsgrunn».

 

ELDRE OPPLYSNINGAR OM GARDSDRIFTA

 

1667: Garden har nok skog til ved.
1714: 5 kverner
1723: Tilstrekkeleg brensel. 6 små bekkekverner, 1 lite laksevarp. «Ligger noget op fra søen», tungvurden og

kummerlig til korn.»
1803: Kratt og torv til brensel, tarveleg sommarbeite, temmeleg årviss til korn. Under garden eit lite laksevarp.
1868: Bra beite, litt bjørkeskog til husbruk, nokonlunde tilstrekkeleg torv og ved. Dyrka jord 256 mål,

natureng 491 mål for alle bruka tilsaman.

 

Fram til 1830 var garden teigbytt, og gardstuna samla i eit klyngetun kring staden der gamlehuset i Steffågarden står i dag. Området vert framleis kalla «Tuftene», og gamlestova i Steffågarden står enno på sin opphavelege plass, frå før utskiftinga på 1830-talet. Brukarane hadde faste teigar i åkrane kring tunet, medan slåttemarka gjekk på omgong frå år til år. 1834 krevde brukaren på Ystebøen utskifting, og samla nestan all jorda si til eitt stykke, med unntak av litt åkerland. Året etter var det dei andre gardane sin tur. Dei fleste fekk samla all jorda si, men Steffågarden og Ebbegarden måtte delast i to delar kvar, for at reknestykket skulle gå i hop. Garden kan ha hatt eit gardshov på Korshaugen, eller Magnusbakken, som den også vert kalla, der den gamle bilvegen gjennom bygda framleis går. Det var nemleg vanleg å sette opp eit kors og vigsle dei gamle hedenske plassane, når kristendommen seinare fekk grobotn i landet vårt. Stadnamnet tydar også at der kan ha vore eit kors av stein eller tre der i eldre tid.

 

Dei mest dyrka vekstane opp gjennom hundreåra har nok vore havre, bygg og blandkorn. Poteta var ein nykommar på 1800-talet, og kom nok først kring Napoleonskrigane, eller kort tid etter. Dei første omfattande spor etter potetdyrking finn vi i 1835-teljinga. Det finst også spor etter ein linåker på «Meierimyra», ved elva like aust for dagens eldrebustadar på Garsendhaugen. Det er eit namn frå sjølvberginga si tid, før pengehushaldet vart vanleg nærare 1900-talet. I Ebbegardstunet like ved var der ishus, og fiske var ein viktig næringsveg, sjølv for bøndene. For dei fleste gardane i bygda tok korndyrkinga på Emblem slutt kring den andre verdskrigen, og ein valde å satse meir på hagebær, grønsaker og frilandsdyrking i staden. Slåttemarkene låg mest på flatene nedanfor tuftene, og fortsette truleg austover mot staden der tunet i Ebbegarden ligg i dag. Det vert fortalt at handelsmannen på Elvarum, Lars Olsen Emblem frå Negarden, var den første i bygda som la frå finmjøl til å bake julekaker. Alle hadde eit omstendeleg strev med forberedelse til jul, men utover 1890-åra kom stadig fleire juletradisjonar frå Europa på moten. Vår eiga bygd var ikkje noko unntak, og bruken av juletre var eit av desse. Tørking av fisk for sal og eksport, var ei næring som også spreidde seg ut på bygdene. Fredrik Emblem i Negarden, Emblem(1) og Mattias Østrem i Mattisgarden, Østrem(1) var nok dei som dreiv dette lengst. Dei kjøpte opp mykje tørrfisk frå sambygdingane og eksporterte for eigen risiko til utlandet i tida før den første verdskrigen og i mellomkrigsåra. I Ramsvika kunne dei «Fader vår» på spansk. Fredrik Emblem var den siste som satsa stort på slik eksport på eiga hand. Når borgarkrigen i Spania braut ut i 1936, mista han eit større parti.

 

Utmarka i Emblemsbygda var felles fram til 1890-åra. Etter den tid skaut dyrkinga for alvor fart. Ein valde å satse mest på mjølkeproduksjon, der dyra beita på innmarka, og brukarane lærte at kvaliteten på graset var viktig for å auke mengden med mjølk. Meieribestyrar R. P. Mork i Ålesund var ein av pådrivarane for å få betre fôrkvalitet heile året, framfor den tradisjonelle svelteforinga i vårknipa. Med innføring av guano og kunstgjødsel, samt nye dyrkingstilskot, vart det lettare å kultivere jorda og få meir mat frå kvar kvadratmeter. Før utskiftinga hadde alle gardane sommar- fjøsane sine langs «Geila» frå tuftene. Etter utskiftinga flytta dei fleste gardane husa sine ut frå klyngetunet, og bygde sommarfjøs ved eigen bøgard. Bruka som ikkje grensa direkte til utmarka, hadde fjøsar på «Øvste-Legane», like nedanfor Rotanakken. Emblemsgardane fekk heimeutmarka si utskifta i 1928. Setra har vorte flytta minst to gongar. Den første flyttinga vi kjenner til, er frå «Haustølvatnet» til Emblemsdalen, vest for Langevatnet. Haustølen låg ved vatnet som på dagens kart feilaktig vert kalla «Austølvatnet». Det vert fortalt at ein flytta fordi Huldra vart så plagsom. Tidspunktet kan dermed daterast til tidsrommet då hjorten begynte å spreie seg på Sunnmøre. Folk trudde nemleg at det var kyrne til Huldra dei såg. Sidan vart sela flytta frå «Gamle Emlemseter» i Emblemsdalen i to puljar til enten Auresetra i 1907, eller Skillingsetra på 1930-talet. I tida etter at smørmeieriet vart nedlagd på Emblem i 1906, og mjølka måtte fraktast heilt til Ålesund, vart nemleg kortare transportveg ned til bygda viktigare. Brukarane i Sjursgarden, Negarden og Auregarden var først ute med å flytte sela sine til ei ny seter, som fekk namnet «Auresetra». Gardane Skillingen, Steffågarden og Hatlebakken var dei som venta lengst, og oppretta «Skillingsetra» på 1930-talet. Desse setrane låg nær kvarandre, og ein kunne nytte den samme seterråsa. Brukarane søkte til kommuna om tilskot til å få køyrevég til seters i 1937, men prosjektet vart skrinlagd, og seterdrifta tok slutt kring 1940, kun 3 år etter at Aslaug Østrem hadde setra i Ystebøselet, som den siste budeia på Gamle Emlemseter i 1937. Dette selet vart ikkje flytta, og tufta er enno den som synest best på den nedlagde setervollen.

 

Som fleire av dei andre matrikkelgardane i bygda, hadde også Emblem flaumsag, men ein veit ikkje kvar den stod. Kvernhusa låg langs Røssevollelva, frå utmarksgarden og heilt ned til bygdevegen. Hatlebakken hadde kverna si nedanfor Trollfossen. Dei tok imot korn frå dei andre brukarane i bygda, ei tid etter at dei andre var lagt ned. Gardane hadde lenge vassdrevne treskemaskiner, og grøfter frå elva, for å drive vasskallane. I 1910 vart vasskrafta erstatta med motordrift. Dei fleste kvernene vart nedlagde kring 1920, medan korndyrkinga heldt fram om lag 20 år til. Dei siste åra måtte ein ut av bygda for å få male kornet sitt, og det vart alt for tungvint. Gardane vart gradvis mindre sjølvberga utover 1900-talet, og etter den andre verdskrigen vart også løna arbeid, for mellom anna Borgund kommune, ei stadig viktigare inntekt for gardbrukarane på Emblem. Fram mot vår tid vart også desse jobbane meir spesialiserte. I dag finst der ingen bonde att i bygda som driv garden på fulltid.

 

Nausta og felles opplagsplassar til Emblemsgardane ligg i Emblemsvågen. Fisket har spela ei stor rolle for gardbrukarane like fram til 1950-åra. Før fisket vart heilårsyrke, hadde garden eigne storbåtar til både fjordfiske og utasundsfiske på mellom anna Storegga. Då var det emblemskarar som bemanna dei fleste plassane i båtane, og dei kunne vere vekke i lengre periodar utanom onnene. Matrikkelgarden har hatt sitt eige laksevarp på Bruraholmen, på stranda mellom Flisneset og Emblemsvåg. Emblem hadde einerett på fisketørking på holmen etter gamalt hevd, men det var ein tungvint tørkeplass. Vika rett vest for vågsbotnen i Emblemsvågen vert også kalla Jaktevika. Det kan tyde på at ein på Emblem har drive jaktefart i tidlegare tider. Like bak nausta innst i vågen har det vore minst 7 grav- haugar. Området er i våre dagar utbygd til bustadar og kommunal avløpshandtering, så der er det no få spor att.

 

NB! I tekstane om matrikkelgarden Emblem har vi gjort eit unntak frå stigande nummerering etter bruksnummer. Vi presenterer først dei opphavelege bruka. Vart dei delt i to, så vert det også med. Tidlegare husmannsplassar og nyare bruk vert presenterte til slutt, sjølv om dei har bruksnummer 2 og 3. Det kan bety at du ikkje finn bruket, som du leitar etter, like langt fram i boka. Det vil seie at Negarden, Ystebøen, Steffågarden(6+7), Ebbegarden Auregarden og Sjursgarden, er dei seks eldste bruka, og dermed del av det gamle klyngetunet før 1840. Jakobgarden og Skillingen er direkte konsekvensar av utskiftinga i 1840-åra, så derfor vert dei også med i første del. Bruk gjerne innhaldsregisteret for å finne fram til rett bruk.

EIGARAR

Erkebispestolen har i si tid eigd ein del av Emblem, men då bispegodset vart lagt under kongen, kan ein sjå att krongodset kun var på 1/2 våg, medan dei resterande 1 1/2 våg må ha kome over på private hender. 1648 hadde Margrete-Prebendet eigarinteresser her. Vidare har Noregs statthaldar og greve, Hannibal Schested, eigd ein del av garden, før eigeluten vart del av Giske-godset. Amtmann Liljenskjold, Chr. Sæd og amtmann Hagerup har alle kjøpt den samme gardparten etter kvarandre. Ein annan gardpart på 4 1/2 våg fiskeleige har også hatt ei rekkje eigarar opp gjennom tidene. Den starta som Rosenkranz-gods 1624, før borgermester Rasmus Larsen i Bergen kjøpte parten 1646. Dei neste i eigarrekkefølga var Henning Hansen på Giske, prost Christopher Hiermand, og Rasmus Smit. I første halvdel av 1700-talet var familien Castberg, eigarar, før handelsmann J. A. Heide arva dei 4 1/2 vågane, og vart eineeigar av heile Emblem og ei rekke andre bruk i bygda. Når Heide døydde i 1809, vart det halde auksjon, der A. N. Heide og Knut Danholm i Kristiansund fekk tilslaget på ein halvpart kvar. Borgundboka fortel at dei etter kvart selde gardane til brukarane på Emblem, men det stemmer ikkje heilt, for Danholm var død før gardane vart selde. I eit intervju med handelsmann Lars Olsen Emblem på Elvarum, kring 1920, kjem det fram at ei enke med namnet Bruun, frå Kristiansund, har eigd heile garden. Truleg kan dette vere Maren Bruun, som var dottera til Knut Danholm og enka etter Christian Bruun (1785-1829). Knut Danholm døydde truleg også i 1829, og fleire av gardane har vorte selde etter den tida frå 1841 til 1850-åra. Desse opplysningane stemmer også med pantebøkene. Du kan lese meir om eigarane under kavat bruk.