Bnr. 3 FURHOLMEN

Den første brukaren, ein veit om, er Anders Anderson Humlekalven (dp.1715-1770), som bygsla grunn her i 1739. Han flytta tilbake til Humlekalven 1741 og tok over etter far sin. Anders var først gift med Martha Goutsdotter Solevåg (1709-1746), og så gift på nytt i 1747, med Anne Olsdotter Reitehaug (ca.1721-1768). Ho var søkenborn til Anders si første kone. I skiftet etter henne er det nemnd mykje kiperutstyr, så Anders var nok tønnemakar. Han hadde part i ein seksrøring når dei budde på Humlekalven. Anders gifta seg truleg til Tørlen kring 1769. Han omkom på sjøen med sonen, Ole, og fire andre i 1770.

a) Sylvie  dp.1740

b) N.N.  f.1741 var kanskje dødfødd

c) N.N.  f.1742  var kanskje dødfødd

d) Lars  dp.1744  var tvilling.

e) Siri  dp.1744-1744  var tvilling. Døydde 4 dagar gamal.

f) N.N.  1746-1746  var dødfødd.

g) Martha  dp.1747

h) Sylvie  dp.1748-1748  døydde kun 25 veker gamal.

i) Adrianne  dp.1749      1) 1780 g.m. Ole Rasmussen Karlsbakk.

                                          2) 1796 g.m. Thorbiørn Nielss. Slinningsnes. Ho døydde på Hessa.

j) Ole  dp.1751-1770  omkom på havet saman med fem andre. Faren var ein av dei.

k) Sylvie  dp.1754-1780  var ugift. Tente på Hessa 1772. Døydde på Humlekalven.

l) Anders  dp.1757  1791 g.m. enke Marthe Knudsd. Skjong, busett. Skjong 1801.

m) Marthe  dp.1760

n) Son  1763-1763  var dødfødd.

o) Siri  dp.1764-1845  1805 g.m. Knud Knuds. Emblem(6+7), brukar Nordigard Ålesund.

 

Lars Pederson Kobbervik (ca.1716-1776) vart fødd i Nonsvika på Skodje. Han gifta seg 1740 med Marithe Olsdotter Syltevik (1712-1781). Dei kom til Furholmen 1740 og dreiv husmannsplassen til 1763. I 1762 pantsatte Lars stova, løa, fjøset, færingsnaustet, færingen og fiskevegna, mot eit lån på 75 riksdaler. Like etter flytta dei frå garden, og rydda plassen «Hatlehol Ytre» under Eikenos- øygarden. Sjå meir om dei der som brukar 1013, lenger fram i denne boka.

a) Margrethe  dp.1740  fekk 1773 dottera Marthe med Lars Larsen Fiskerstrand, Styrkaplassen(1). Er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.

b) Peder  1742-1798  tok over bruket.

c) Ole  dp.1746  var tvilling. Er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.

d) Birthe d.e.  dp.1746  var tvilling. Er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.

e) Birte d.y.   dp.1747  1795 g.m. Siver Joensen Røssevoll(5), Pe-garden på Røssevollen. Er nemnd i Nørvasundet, og 1801 som husmenn på Magdevågneset, Sørnes. Han døydde som legdslem på Røssevollen.

f) Martha  dp.1749  er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.

g) Lars  dp.1752  er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.

h) Oline  dp.1755   fekk 1784 dottera Marthe med Ingebrigt Rasmuss. Valderhaugstrand. Oline busett hos broren i Kipervika. Ho er nemnd i arveskiftet 1797 som gift i Bergen.

 

Sonen Peder Larsen (1742-1798) tok over og dreiv bruket frå 1764 til 1766. I 1764 gifta han seg med Anne Ingebrigtsdotter Aalesund. (dp.1742-1798), etter kongeleg bevilgning datert 10. august. Dei var nemleg tremenningar. Ho vart døypt «Nørve-Myren», men mora, Synneved Flisnes(1), kom opphaveleg frå Hansgarden på Flisnes. Peder og Anne budde ei kort tid på Furholmen, før dei flytte til Valderhaugstrand 1766. Dei flytta så vidare til Kipervika 1770, og budde der livet ut. Peders farfar, Peder Ingebrigtsen Kobbervik, var bror til Annes farmor, Anne Ingebrigtsdotter Kobbervik.

a) Ole  dp.1764  1795 g.m. Synneve Olsd. Hamneskare, busett Buholmstranda 1801. Fekk truleg sonen Ole 1794 med Marit Nilsen Ohnen, frå Ona.

b) Anders  dp.1766-1767  døydde på Valderhaugstrand 10 veker gamal .

c) Synneve  dp.1767  fekk dottera Randine 1795 med handelsgesell Ole Oles. Ytterdal på Notneset. Ho var då tenar for Nicolaj Ulrik Wingaard på Hella i Ålesund.

d) Ingeborg  dp.1770-1816  døydde som legdslem i Kipervika, Ålesund.

e) Gjertrud  dp.1774  truleg død før 1780.

f) Giertrud  dp.1780-1780  døydde 14 veker gamal i Kipervika, Ålesund.

g) Lars Martinus  dp.1782  «Introdusert» fem veker etter fødselen.

 

Peder Halkieldsen Kvasnes(4) (dp.1712-1781) gifta seg 1737 medMarthe Ingebrigtsdotter Linge(401b) (1696-1748), frå Norddal. Han var først brukar på Kvasnes, før han flytta til Veibust(5) 1748 og til Furholmen 1763. Peder gifta seg opp att to gongar. Først med enka Guri Jetmundsdotter Veibust(5) (1702-1772) i 1749, og så med Brit Jonsdotter Kvistad(7) (f.1728-d. før 1780), frå Hjørundfjorden 1774. Ho hadde ein bror, Rasmus, som er nemnd på Kvasnes.

a) Anne  dp.1740-1750   døydde på Veibust kun 10 1/2 år gamal.

 

Lars Paalsen Synes (1740-1791) gifta seg 1783, med Metthe Nielsdotter Store Aarset(2) (dp.1744- ca.1785?). Han hadde vaksne born når han flytte hit. Lars gifta seg opp att 1786 med pige Maria Knudsdotter Hatlen(Y,1) (dp.1744). Han dreiv plassen frå 1781 til 1791.

 

Rasmus Rasmusson Fiskerstrand (dp.1765-1827) gifta seg 1791, med Anne Larsdotter Strømme(3) (ca.1755-1837), i Ørskog kyrkje. Rasmus si morsøster, Mein Hansdotter Valderhaugstrand, budde på naboplassen i Olevågen, Eikenosvåg(2). Rasmus og Anne kom frå Fiskerstranda 1791, og budde på Furholmen frå om lag 1792, til dei 1809 bytte med neste brukar i Plassevågen, Emblemsvåg(7). dei bytta bruk med Ingebrigt Hanson Flisnes(1), og er nemnd som brukar der. Rasmus var ikkje den einaste husmannen på Furholmen. Dei to neste brukarane budde på holmen samtidig som Rasmus. I 1798 lånte Rasmus 77 riksdaler. Dei hadde då løe, kufjøs, mindre fjøs, sommarfjøs, stabbur og naust. På bruket var ku, kvige, 3 sauer og 2 lam. Han hadde færing, femtedel i ein seksrøring, 12 torskegarn, 200 famner torskeline, og 1/4 kastenot. Det var ikkje tvil om at fisket var hovudnæring. I 1803 vart det opplyst at han avla 4 tønner korn, og hadde 2 kyr.

a) Andreas  dp.1791-1793  vart døypt på Fiskerstranda, døydde på Furholmen.

b) Borni Andrina Laurenze  dp.1795-1797  vart døypt Furholm.

c) Birte Marta  dp.1799  er nemnd i arveskiftet 1827.

 

Ole Jonsen Solevåg(10) (ca.1722-1803) var husmann på Furholmen, det meste av tida når Rasmus Rasmussen Fiskerstrand budde der. Ole gifta seg med Hilde Olsdotter (ca.1746-1807). Ein finn dei både på Veibuststranda, Humlekalven og Urvikkråa, før dei vart husmenn på Furholmen frå 1793 til 1801. Ole døydde på Hatlehol, mens Hilde fekk bu på Furholmen til ho døydde, to år etter Ole.

a) Synneve dp.1768-1812  var tvilling. Døypt Solevåg. Nemnd som krøpling 1801.

b) N.N.  f.1768  var truleg dødfødd.

 

Lisbeth Einersdotter Hustadnes(7) (1765-1808) vart berre 31 år gamal. Ho var fødd på Sæbø, og hadde 1791 tent på både Raustad i Hjørundfjorden og Slettedal. Ho fekk ei jente med Ole Olson, som var plassemann under garden Spjelkavik, før ho enda livet i barselsenga på Furholmen i 1808. Det er usikkert om ho var legdslem hos Rasmus Rasmussen Fiskerstrand, som var husmann utan jord på Furholmen, eller berre tenar. Ho var i alle fall ugift. At dei brukte Hustadnes i kirkeboka, kan bety at ho kanskje ikkje var brukar, men det er såpass usikkert at vi har vald å ta henne med likevel.

a) Helene  1808-1808  døydde nok i forbindelse med fødselen, eller kort tid etterpå.

 

Ingebrigt Hanson Flisnes(1) (dp.1774-1835) hadde dreve Plassevågen, Emblemsvåg(7), frå 1806 til 1809. Han var tidlegare matros og skulehaldar. Ingebrigt gifta seg 1807 med Birthe Toresdotter Nøre-Vartdal(7) (1768-1814), som døydde på Furholmen. Han gifta seg opp att 1815 med Giertrue Larsdotter Øyra(Y) (1776-1834) frå Hjørundfjord. Familien flytta først til Furholmen i 1809, og så til Tryggeset, Nedregotten(6), frå 1822. Dei budde der til 1835. Sjå meir om han som brukar der.

a) Son  1809-1809  var dødfødd.

b) Gurri Birgitte  1816-1890  1849 g.m. Bærnt Severin Sørens. Giske. Nemnd som enke og husmannskone på Giskegjerde 1890.

c) Dotter  1818-1818  var dødfødd.

 

Nille Pedersd. Eikenosvåg(1) (dp.1764-1833), frå Torevågen, tok over som brukar etter stemora si i Torevågen 1805. Ho gifta seg det samme året i Geiranger, med Lars Ellingsen Vesterås(2+3) (1777-1833). I 1824 flytte dei hit til Furholmen, Eikenosvåg(3), og så videre til Rabben(3) i 1829. Der levde dei livet ut. På Furholmen betalte dei 30 riksdaler i innfesting, 3 riksdaler i årleg avgift, samt to arbeidsdagar. 1804 kjøpte Nille og Lars gardshusa på auksjon, etter Marta som var brukar før dei. Det var ei tømmerstove med skorstein og blyglasvindu, kufjøs, sauefjøs, stove, stabbur, løe og naust. Lars si søster, Anne Ellingsdotter Vesterås(2+3), gifta seg til Steffågarden, Emblem(6+7), med Stephan Stephanson Bjørdal(1,3) (dp.1765-1832). Han var ein sentral person ved «Borgundopprøret» i 1816. Fleire på Emblem og Blindheim slekter til han. Nille og Lars fekk truleg ingen born. Frå 1829 til 1833 budde dei på Rabben(3), og døydde der.

 

Peder Andreas Amundsen Mek(S) (dp.1798-1871) vart døypt i Volda. Han gifta seg 1827 i Hjørundfjorden, med Cannuthe Einarsdotter Strandabø (dp.1796-1840). Dei dreiv plassen frå 1829 til 1860, før dei tok kår. Når dei kom, var husa ei stove med sval og fordør, fjøs og løe under eit tak. Andre bygningar er ikkje nemnd. Peder gifta seg på nytt i 1842 med Henninga Martha Halvardsdotter Emblemsvåg(1) (dp.1800-1872), frå Knutgarden i Emblemsvågen.

a) Inger Olave  1830-1854  var ugift. Døydde på Furholmen to dager etter fødselen.

b) Iver Andreas  1833-1892  tok over bruket.

c) Anne Helene Pernille  1838-1922  1858 g.m. Ole Andreas Ols. Kongshaug(1), brukar i Guttormgarden, Nedregotten(2).

 

Sonen Iver Andreas Pedersen Furholm (1833-1892) var emissær attåt gardsdrifta. Han gifta seg 1859 i Borgund med Johanne Marie Nilsdotter Kjerstadstøl (1829-1907), frå Haram. Dei bygsla Furholmen i 1892 for 55 speciedaler, med 2 speciedaler i årleg avgift, utan arbeidsplikt. 1868 hadde Iver 5 mål dyrka jord og 9 mål natureng. Det var litt mindre enn dei andre plassane i Eikenosvågen. Dei avla 7 tønner havre, 12 tønner med potet og tørka 12 skippund turrhøy. I tillegg hadde Iver og Johanne 2 kyr og 4 sauer. Dei tok kår, og overlot bruket til sonen i 1892. Dagens hovudhus på holmen er det truleg Iver som bygde i 1875.

a) Petrine Nicoline Caroline  1862-1909  1898 g.m. enkem. Hans Nikolai Olsen Bjørnøy (Nordigar), brukar Bjørnøy. Fekk 1892 sonen Olaf Henrik med 810l (Hans Jørgen) Elias Hanss. Røssevoll(1).

b) Johan Henrik Nicolai  1865-1942  tok over bruket.

c) Hans Lauritz  1868-1959  1902 g.m. Anne Madsd. Flovikholm, Veøy. Hans arbeidde ei tid ved teglverk i Veøy. Busett i Ålesund før 1902.

d) Peter Andreas  1872-1931  1902 g.m. Gurine Marie Helene Nikolaid. Melbø(3,pl.), brukar Havnevik, Flisholm(2). Søster til  Johanne på Hatlehol Indre og Andrine, som var skreddar i eige hus delt frå bruket til 1008.

e) Anna Josefine  1876-1910  1906 g.m. Peder Martin Andreassen Blakstad, Sykkylven. Han var fiskar 1906, og lausarbeidar 1910. Busett Ålesund.

 

Sonen Johan Henrik Nicolai Iverson Furholm (1865-1942) gifta seg 1891, med Severine Petrine Larsdotter Bjerke (1865-1918) i Ålesund,. Ho vart fødd på Slinningen. Dei fekk skøyte på bruket, som første sjølveigarar i 1896. Johan gifta seg opp att 1921, med Petrine Karen Lovise Magnusdotter Emblem(3) (1871-1960), frå Hatlebakken, Emblem(3). 1908 flytta Albert Jakobsen Frøland(N,2) og kona Tykone Oline Knusdotter Stavset(2) til Furholmen Dei kom frå Reiakvamrumpen(3), og Tykone var morsøster til Johan si første kone.

a) Josefine Astrid  1892-1980  tok over bruket seinare.

b) Inga Laura  1894-1969  1919 g.m. Johannes Knuts. Buset,Vartdal. Var lærar i bla. Ålesund, og skreiv Vartdalsoga. Ho var også lærar, og arbeidde på Emblem og Hatlehol skule. Gravlagde i Ålesund.

c) Lars Sevrin  1896-1985  1924 g.m. Astrid Johanne Hansd. Holen(3), busett Langevåg.

d) Jenny Amalie  1899-1919  var ugift.

e) Hanna Laura  1901-1988  var ugift.

f) Iver  1904-1905  døydde før han fylte 1 år.

g) Tora Astrid  1906-1981  var ugift.

 

Dottera Josefine «Jossa» Astrid Johansd. Furholm(3) (1892-1980) hadde vore butikkjente hos handelsmann Lars Olsen Emblem på Elvarum. Ho gifta seg 1921, i Røyken, med målar Elling Andreas Johansen Haugen(2) (1891-1963). Han vart fødd på Ulvestadhaug i Volda. Dei budde først i Lørenskog, før dei kjøpte Furholmen i 1942 og dreiv bruket til 1954. Elling var pinseven og aktiv i forsamlinga «Elim», i Eikenosbakkane like ved.

a) John Kjell  1922-2018  1953 g.m. Borghild Kristine Hagen frå Vegsund, busett i Eikenosvågen. Han arbeide frå 1939 til pensjonsalder hos «Ødegård Karosseri».

b) Solvår  1924-2009  var ugift. Tok over bruket seinare.

c) Jorunn Petra  1926-2013 1953 g.m. Edvart Myren, busett Skedsmo.

d) (Arne) Jostein  1928-2002  tok over bruket.

e) Ivar  1930-2017  1957 g.m. Eldbjørg Marit Vadset frå Vatne, busett i Spjelkavik. Han arbeidde hos «Ødegård Karosseri».

f) Kjellaug  1932-2016  1955 g.m. Oskar Lukkedal, fødd på Ramstad(5). Han arbeidde hos «Ødegård Karosseri» og var aktiv i misjonsarbeidet som predikant. Budde i Eikenosvågen, før dei flytta til Breivika. Sonen Arvid Lukkedal er busett på Emblem, og har i mange år vore med på barne- og ungdomsarbeidet i bygda. Saman med kona, Hilde, har dei også engasjert seg i drifta av «Brusdalsheimen».

g) Einar Josef   f.1936  1962 g.m. Magnhild Winsevik Haugen, busett Strømmen.

h) Sigrunn  1939-2017  var ugift, busett Åse.

 

Sonen (Arne) Jostein Haugen (1928-2002) fekk skøyte på Furholmen i 1954, frå far sin, for 4000 kroner. Han gifta seg 1953 med Oddny Hansine Flisnes(3) (f.1929). Ho er dottera til Elias Peder Laurits Flisnes(3) frå Skråvika og Sofie Elise Ragna Ekornåsvåg(2) frå Olevågen. Jostein skøytte bruket vidare til søstera si, etter å ha delt frå ei hustomt i 1965. Dei flytta inn i nyhuset 1966. Fleire av søskena busette seg også på tomter frå bruket.

a) Eivind Sigmund  f.1956  1983 g.m. Laila Oddrun Sunde, busett Ramsvikvegen.

b) Jorunn Elin  f.1958  1979 g.m. Tor Oddvar Soleng, busett Bjørkavollen.

c) Solfrid  f.1959  1989 g.m. Ernst Leif Myhre, busett Spjelkavik.

d) Merete  f.1962  er ugift, busett Eikenosvågen.

e) Arne  f.1963  1999 g.m. Aud Line Gudmestad, busett Spjelkavik.

f) Oddgunn  f.1963  1985 g.m. Jan-Ove Ervik, busett Ramsvika.

g) Lena  f.1969  1993 g.m. Jens Kristian Mordal, busett Molde.

 

Søstera Solvår Haugen (1924-2009) var ugift. Ho fekk skøyte på Furholmen for 20 000 kroner i 1965. Sjølve holmen, med huset, fekk etter kvart gateadressa Furholmvegen 30, og bruksnummer 138. Det vart overført frå Solvår til gjenlevande søken, og borna til broren (Arne) Jostein Haugen.

 

Garden vart overført til gjenlevende søken, og borna til broren (Arne) Jostein Haugen, som arv frå Solvår 2010. Seinare har fleire av tanteborna til Solvår blitt medeigarar. Dei resterande delane av eigedommen på fastlandet er no delt frå til hustomter, med unntak av andelen i kaitomta og eit stykke ved brua over til Furholmen.

 

Furholmen vart seld til Abacs a/s, for 9,4 millionar kroner, like før denne boka skulle trykkast. Det var nesten to millionar over prisantydning.