
Flisholmen 1961. Legg merke til at der framleis stod ei løe på holmen. Foto: Ragnar Øverlid for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Bildeeigar: Viti
Bnr. 3 Flisholm
Halve Flisholmen, også kalla «Indholm».
Dette er den halvdelen som Hans Rasmus Rasmussen Solevågseide (1835-1930) kjøpte 1900. Han vart fødd på Furneset i Sunnylven. Etter ei tid som brukar i Korsedal i Stordalen, bygsla han «Stølane», bnr. 6 ved Eidsbukta og Solavågseidet, under Solavågen i 1884. Seks år seinare kjøpte han Flisholmen saman med 6044d Steffen Johannes Ellingsen Kvasnes (f.1845). Steffen hadde sitt opphav på Emblem. Holmen vart formelt skylddelt i 1924. Då hadde dei seld gardparten Havnevika, bnr. 2 på fastlandet. Hans gifta seg 1883 med Inger Kristine Ingebrigtsdotter Søvik (1843-1888) frå Ørskog. Ho døydde i barselseng på Ålesund Sjukehus, ti dagar etter fødselen i 1888. Der må ha vore særlege utfordringar, når ho vart frakta dit. Han gifta seg opp att med Berte Johanne Christiane Olsdotter Myrset (1850-1912), frå Sykkylven. Det er grunn til å tru at Flisholmen vart tenkt som slåttemark. På Ragnar Øverlid sine bilde, frå 1961, kan ein framleis sjå løa på holmen i god stand. Vegen frå den tidlegare setra, gjennom Vegsundet eller ut Solavågen, var ikkje så lang for ein husmann med behov for meir dyrefor. Andre husmenn på den tida kunne ro heilt frå Hjørundfjorden til Emblem, for å finne ledig bås til dyra sine. Der var også dei som flytta sauene frå Emblemsbygda til Ørskogfjellet, kun for nabofredens skuld.
a) Gut 1888-1888 dødfødd.
b) Ivar Olman 1890-1981 tok over farsgarden, og halve Flisholmen.
Sonen Ivar Olman Hansson Solevågseide (1890-1981) var einearving til farens halvpart av Flisholmen. I følge ein attest, som vart tinglest 1940, kan det kan sjå ut til at han var det einaste bornet som vaks opp også. Han tok også over plassebruket Stølane, bnr. 6 under Solevågseide, og var brukar frå 1911 til 1944. Ivar gifta seg med Elen Andrine Olsdotter Årset (1884-1859) frå Hjørundfjorden. Sommaren 1924 vart det halde skylddeling mellom Ivar og medeigaren, 1412 Hans Aakernes. Dei delte holmen i to halvdelar. Løa på holmen vart også delt, slik at Hans fekk den vestlege halvdelen og Ivar den austlege. Det kan bety at begge hadde behov for lagringsplass til høy og at begge slo på holmen. I tillegg tørka dei litt fisk, men laksevarpet ser ikkje ut til å ha vore i drift lenger. Løa stod framleis i 1961.
a) Ole I. 1920-2004 tok over farsgarden, og halve Flisholmen.
Sonen Ole I. Solevågseide (1920-2004) og Borghild Hovde Staurset (1923-1988), frå Vinje, gifta seg 1947. Dei tok 1944 over Stølane, bnr. 6, under Solevågseide. Ole arbeidde som møbelsnikkar. Der var i deira tid framleis slått på Flisholmen. Staden vart også eit populært friluftsområde.
Frå 2004 er denne delen av Flisholmen registrert som eigd av borna Inge Kåre Solevågseide (f.1951), Eva Gunvor Solevågseide (f.1953), Odd Birger Solevågseide (f.1955), og Randi B. O. Solevågseide (f.1957) med lik del til kvar. Dei er dagens grunneigarar.