Bnr. 1 Knutgarden
1603 til 1620 finn ein «Paul i Vågen» her. Han var gift med Ingeborg Olsdotter, og døydde kring 1620. Dei neste sju åra er det nemnd ei enke. Det er truleg snakk om Ingeborg Olsdotter, som dreiv garden åleine. Kanskje gifta ho seg på ny i 1627 med neste brukar.
Det er uvisst om den neste brukaren, «Sjur i Vågen», gifta seg med enka Ingeborg, før han, men ein veit at han dreiv bruket til 1640.
Ole er den tredje brukeren som vi veit namnet på. Han dreiv berre nokre få år, frå 1640 til ca.1645, før han overlot garden til sonen.
a) Anders ca.1605 tok over bruket.
b) Paul Ols. i Vågen vart nemnd på Ramstad(1) 1661-1666. Han var truleg frå Emblemsvågen iflg. bygdeboka for Sykkylven.
Anders Olson Emblemsvåg vart fødd ikring 1605. Han var smed, og vart 1646 dømd for «løsagtighed». Anders skulle betale etter «yderste formue» 5 daler, men greidde ikkje å skaffe så mykje pengar. 5 år etter vart han kalla inn av futen, men møtte ikkje opp. For dette fekk han 1/2 daler i bot, og måtte overlate garden til neste brukar.
a) Ingebret ca.1650-1709 er kanskje sonen til Anders.
Halvard Sjursen (d.1699) vart gift med Siri Ottessdotter Muri(206c) (ca.1658-1752), frå Valldal. Dei dreiv bruket frå om lag 1685 til 1699. Siri var søster til Berithe Ottesdotter Muri(206d), som gifta seg til Østremsreit(1). Halvor klarte seg ikkje så godt. Han makta ikkje å betale tiende, og etterlet seg berre 2 kyr, 3 geiter og 3 sauer, når han døydde.
a) Randi 1689-1744 tok over 1/2 garden, som brukar i Antonesgarden.
b) Inger 1692-1769 1) 1725 g.m. enkem. Rasmus Knuds. Bjørge (2+3). Han var opphavleg frå Eikenosa.
2) 1743 g.m. Lars Ols. Bjørge, brukar Bjørge(2+3) på Ellingsøya.
Halvparten kalla KNUTGARDEN
Enka Siri Ottessdotter Muri(206c) (ca.1658-1752) kom frå Valldal, og var først gift med forrige brukar. Ho gifta seg kring 1700 med Jon Knudsen (ca.1667-d. før 1752). Det var i Jon si tid at garden vart delt. Det kan virke litt rart å dele bruket, når dei som dreiv heile garden sleit med å brødfø seg. Her kan det vere fleire mogelege årsaker. Kanskje var det eigaren Peter Finde Astrup som beslutta dette, eller var det Siri som ville hjelpe både dottera, Randi, frå forrige ekteskap og yngstedottera Anne? Ho var Siri si dotter med Jon, og dermed ikkje eldst i søskenflokken. Det kan óg vere slik at Jon ynskte at hans dotter skulle få seg jord på garden, eller rett og slett at folketalet vaks markant på Sunnmøre og mange sleit med å få seg noko å leva av.
a) Knud dp.1701-1701 døydde 3 veker og 1 dag gamal.
b) Knud dp.1702-1702 døydde 22 veker gamal.
c) Anne dp.1703-1782 tok over bruket.
Svigersonen Knud Jensen (ca.1705-1787) gifta seg 1732, med Anne Jonsdotter Emblemsvåg(1) (1703-1782). Han kalla seg på den tida Emblemsvåg. Dei dreiv garden frå 1731 til 1764. Han er nemnd som lagrettemann.
a) Knut 1734-1772 1758 g.m. Siri Nilsd. Hoff(I), brukar «Karnelsgarden», Bjørge(3). Var del av garden der tanta Inger gifta seg i 1725.
b) Joen dp.1736-1804 tok over bruket.
c) Jens dp.1740-1776 1766 g.m. enka Mari Knudsd. Nedregotten, Emblem(6+7), brukar Steffågarden, Emblem(6+7).
Sonen Joen Knudson Emblemsvåg(1) (dp.1736-1804) gifta seg 1767, med Anne Jonsdotter
Emblemsvåg(7) (f.1746), frå husmannsplassen «Plassevågen». Jon kunne lese i 1699. Han hadde «gode bøker», og var godt opplyst i følge presten. Dei dreiv bruket frå 1764 til 1788.
a) Joen dp.1770 1799 g.m. Brit Arnesd. Nordang(1), brukar Kolbeingarden, Åse(5).
b) Knud dp.1776-1850 1805 g.m. Dorthe Olsd. Blindheim(8), frå Kolbeingarden, Åse(5). Han tok over den garden etter storebroren sin.
c) Anne (Marie) dp.1782-1856 1) 1816 g.m. Ole Ols. Godø(12), brukar Remvik.
2) 1828 g.m. Knud Styrkers. Søvik(13).
d) Bernt Magnus dp.1786-1786 døydde 1/4 år gamal.
Halvor Halvarson Eikenosøydegard(3) (dp.1763-1818), frå Framigar, gifta seg 1788 med Synneve Nilsdotter Valderhaug(33). (dp.1766-1831). Dei dreiv bruket frå giftermålet til 1817. Halvor var borneborn til Jacob Rasmusson Emblemsvåg(5) i Antonesgarden.
a) Johana dp.1789-1789 døydde 2 veker gamal.
b) Anne dp.1790-1881 1) 1832 g.m. Gunner Gregoriuss. Røssevoll(1).
2) 1845 g.m. 489c Guttorm Nilss. Østrem(sjø), brukar Remvik på Digernes, Skodje. Fekk 1816 sonen Lars Henrik Elias med Knud Ole Andreas Larss. Blindheimsnes(3), brukar Veibust(5).
c) Nille Johanna dp.1792-1876 1836 g.m. enkem. Abraham Martin Jetmunds. Lerstad(1), brukar Lerstad(1). Fekk 1818 dottera Agathe Olsd. med Ole Peders. Fjørtoft, og 1826 Henninge Ivrine Catrine, med Ole Hanss. Hundsvær. Enke og fattiglem, busett hos søstera på Furholm, Eikenosvåg(3) i 1865.
d) Hallvar Martinus dp.1795-1801 døydde 5 1/2 år gamal.
e) Severina dp.1798-1876 1838 g.m. enkemann Ole Andreas Eriks. Kvasnes(1), brukar Kvasnes(1). Fekk 1820 sonen Karl med Knud Knuds. Romestrand(4).
f) Henninga Martha dp.1800-1872 1842 g.m. enkem. Peder Andreas Amunds. Mek, Volda. Brukar Furholm, Eikenosvåg(3).
g) Halvard Martinus Andreas dp.1803-1847 1827 g.m. Anne Berthine Henriksd. Gamlemshagen(14), brukar Søvik(9). Omkom på sjøen med sonen Hallvard, og fleire andre. Ingen vart funne att.
h) Rasmus dp.1806-1895 1838 g.m. Henninge Rasmusd. Store Nørve, brukar Bjørge- holm, Ellingsøya. Var 1831 tenar på Ytterland.
Jens Olsen Tafjord(511b) (1787-1858) gifta seg 1815 i Norddal, med Annike Ingebrigstdotter Emblem(1) (f.1787-1863) frå Negarden, Emblem(1). Dei kom frå Tafjord, og dreiv garden frå 1817 til 1820. Dei budde ikkje så lenge i Emblemsvågen, før dei flytte til Korsneset, og der etter til garden Hjelme i Valldalen. Begge døydde der. Det verkar som om Jens var populær hos jentene. Han hadde tre born, før han gifte seg. To av dei fekk han med to ulike jenter det same året.
a) Ole f.1812 landvernsoldat. Mor var Pernille Larsd. Ringdal(1) frå Sunnylven.
b) Jørgen 1813-1823 . Mora var Maren Paulsd. Gjerde(418c) frå Norddal. Jørgen drukna i en brønn.
c) Ragnhild f.1813 1850 g.m. Martinus Frederik Ols. Lille-Årset(2), brukar Vestre(6) på Vatne. Mora var Christi Knudsd. Korsnes(67c).
d) Oline 1815-1885 1855 g.m. Magnus Andreas Haagens. Alstadsæter(203a), brukar Alstadsæter(204).
e) Ingebrigt Elias 1817-1870 1) 1846 g.m. Susanne Gregoriusd. Engeset(314d), brukar Valldal(280).
2) 1868 2) g.m. Ingeborg Maria Syvertdtr. Døving(36a), fødd på Skrednakken, brukarValldal
f) Cecilie Inger 1820-1909 fødd Korsnes. 1849 g.m. Johannes Britanus Villeiksen Flåte(6), Skodje, brukar Rødset(strand), Spjelkavik.
g) Ole 1824-1896 1853 g.m. Karen Marte Pedersd. Gjerde, som vart fødd Dalhus(109h) i Norddal. Dei vart brukarar på Myklebust(16).
Knud Knudson Korsnes(67a) (dp.1779-1866) gifta seg 1803, med Anne Marthe Torsdotter Storstein(1) (dp.1783-1825), frå Sunnylven. Knud hadde først tatt over farsbruket på Korsnes, før han kom til Emblemsvågen. Knud var bror til Christi, som Jens Tafjord hadde ei dotter med. Når Knud kom til Emblem, tok Jens over bruket der Knud flytta frå. Det var tronge kår i Emblemsvågen på denne tida. I 1825 hadde dei rett nok hest, men ellers var det kun 2 kyr, ei kvige, og ein sau. Det tilsvarar ein liten husmannsplass på Emblem på den tida. Såkornet på 4 tønner havre måtte også brukast til mat, for å halde svolten unna. Då var det lenge att til ny avling, og ikkje noko korn til det komande året. Fisket må også ha vore dårleg. Knud miste i tillegg Anne Marthe og den eldste dottera det same året. Han gifta seg opp att med enke Anne Eriksdotter Korsnes(66c) (f.1775), frå Hauge(127) i Sunnylven. Dei fekk ingen born saman.
a) Anne Regine dp.1805-1825 vart døypt i Norddal. Døydde 20 år gamal.
b) Karen 1807-1895 tok over bruket.
c) Petter Carl dp.1811-1845 nemnd som dreng Emblemsvåg.
Gode grannar i Emblemsvågen 1923. Framme f.v. Lars Knutsen Emblemsvåg og Karen Marie Gundersdotter Emblemsvåg frå Knutgarden, truleg Hansine Emblemsvåg frå Oshaugen. Bak f.v .: Jens Jørgen Emblemsvåg, og kona Elisa frå Sandane. Jørgen og Hansine var søsken. Bildet tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes.
Svigersonen Ingebrigt Carolus Iverson Emblem(9) (dp.1796-1866), frå Auregarden, gifta seg 1834 med Karen Knudsdotter Emblemsvåg(1) (1807-1895). Ho hadde då ei 4 år gamal dotter. Dei dreiv bruket frå 1833 til 1866, og gjorde det godt.
a) Anne Maria 1830-1883 var Karen si dotter med Haaver Sivers. Vedde, frå då dei tente i «Havnen» i Langevåg. 1852 g.m. enkemann Rasmus Alberts. Ytre-Hovde(7), brukar Ytre-Hovde(7) Ørsta.
b) Lars Johan f.1835
c) Knut Andreas 1839-1917 tok over bruket.
d) Elen Petrine 1844-1846 døydde, nesten 3 år gamal.
e) Ingebor 1846-1846 tvilling. Døydde 8 dagar gamal.
f) Carl 1846-1846 tvilling. Døydde 13 dagar gamal.
g) Peter Karl Elias f. 1848 er kanskje den same som er nemnd som «korkeskjærer» i Kristiania, og drog til St. Peter, Minnesota i Amerika 1874
Sonen Knut Andreas Ingebrigtson Emblemsvåg(1) (1839-1917) gifta seg 1865, på Roald, med Oline Jørgine Sevrine Nilsdotter Blindheim(3) (1837-1912), frå Vigra. Dei hadde begge vore tenera i Haram, og møttest sikkert der. Knut kom heim og kjøpte att garden frå Knut Halvorson Blindheim for 700 speciedaler. Den hadde blitt seld i 1833, til Lars Larsen Nedregård, som selde den vidare til Knut på Blindheim. 1865 vart Knut Andreas registrert som sjølveigar på farsbruket. I 1868 hadde dei hest, 9 kyr, 12 sauer, og ei avling på 4 tønner bygg, 23 tønner med havre og 28 med potet. Dei dreiv bruket frå 1866 til 1902. 1870 selde han garden til Anders Olsen Giskegjærde, og tok bygsel.
a) Caroline Severine Eline 1866-1900 1892 g.m. 544d Iver Andreas Henrik Ols. Nedregotten(2), frå Guttormgarden, brukar Nedregotten(2).
b) Nicolai Andreas 1868 drog til USA og Minnesota 1887 som ugift sjømann.
c) Anna Olivia 1870-1926 1897 g.m. skomaker Andreas Britanius Magnuss. Emblem(3), brukar Hatlebakken, Emblem(3).
Sonen Lars Karl Knudsen Emblemsvåg(1) (1872-1923) hadde vore i Amerika ei tid, frå 1895. Han kom attende, og kjøpte att bruket i 1902. Lars gifta seg det same året med Karen Marie Gregorius- dotter Myren(219b) (1878-1962), frå Valldal. Han døydde av bronkitt/ astma 1923. Karen fortsette, saman med borna, som brukar heilt til 1943. Ho starta også å leige ut huset sitt om somrane.
a) Knut Georg f.1903 drog til Amerika i 1922.
b) Karoline Olea 1904-2000 g.m. 6087 Lars Kornelius Ols. Emblem(9) i Auregarden, brukar Emblem(9).
c) Georg Oskar 1906-1969 tok over bruket.
d) Ragna Petra 1907-1984 g.m. malermeister Ole Johannes Helø. Han gjekk lakkeringskurs i Oslo, hos Leon Ørbeck, som var gift med Karn Lovise frå Antonesgarden. Ragna busette seg i Volda.
e) Leo Castberg 1909-1979 1941 g.m. Lisa Olivia Larsd. Akslen(4), frå Høla, busett Emblemsvåg(15).
f) (Nella) Nelly 1912-2002 1937 g.m. bilmekaniker Thorstein Halvorsen, busett Oslo.
g) Solveig Tordis 1913-2001 1939 g.m. gartner Olaf Sætre, busett Molde.
h) Anna 1916-2007 1955 g.m. Rasmus Agnar Erling Støverstein, Storsæter(1), Skodje. Pakter på Borgund Prestegard, busett Vilhelmsplass, Furmyr(9).
i) Olga Marie f.1918 1) 1946 g.m. meieristyrar Einar Austad, busett Ullvik i Sogn.
2) 1959 gift opp att med Håvard Opheim, Ullvik.
j) Peder Greg 1921-1989 1) 1949 g.m. Herdis Totland, Åndalsnes. Ho døydde året etter.
2) 1955 g.m. Tora. Motstandsmann og seinare oberst. Dei budde sist på Elverum.
Sonen Georg Oskar Emblemsvåg(1) (1906-1969) gifta seg 1939, med Lovise Kristiane Olea Flåen (1910-1997), frå Dyrkorn. Dei tok over bruket 1943. Han var ein driftig kar, og prøvde seg på fleire attåtnæringar for å spe på inntekta frå gardsbruket. Allereie i 1927, søkte han om å få drive kafé om sommaren på Emblemsanden. Første gongen vart det avslag, men dei komande åra vart Georg ein kjend kafévert for dei besøkande. 1928 søkte han om tillatelse til å få køyre med lastebil på strekninga frå Langhaugen til Spjelkavik, for slikt måtte godkjennast den gongen. Han var også aktiv i fleire lag og styre. Her kan mellom anna idrettslaget, og andelslaget «Emblemsbygda Billag» nemnast.
a) Lars Karsten f.1940 tok over bruket.
b) Marit 1943-1990 ugift. avdelingssjukepleier.
Sonen Lars Karsten Emblemsvåg (f.1940) tok over bruket etter far sin. Han arbeidde også som snikkar. Garden vart nedlagt i hans tid. 2005 selde han garden til søskenbornet, Hallvard Emblemsvåg, og flytte til Gjøvik. Lars gifta seg 2010 med Bente Johanne Mikkelborg.
Søskenbornet Hallvard Emblemsvåg (1950-2017) gifta seg med Herdis Blindheim(3) (f.1951). Begge har vore særs aktive i Emblem Indremisjon. Hallvard dreiv sitt eige fysikalske behandlingsenter på Blindheim. Han var i mange år i leiinga på Emblem Bedehus, og ansvarleg for ungdomsarbeidet med mellom anna «In*Puls». I tillegg har han hatt fleire verv i kristne organisasjonar utanfor bygda.
a) Jo-Einar f.1976 busett Spjelkavik.
b) Dag Leo f.1977 2011 g.m. Kari Anne Kleiveland, busett Salhus.
c) Margrete f.1980 sambuar med Vegard Dahle, busett i hovudhuset til Knutgarden, Emblemsvåg(1).
d) Helga f.1982 busett i Oslo