Bnr. 5  Ytrebø/Flydalgarden

 

Trykk på denne teksten for å få opp garden på kartet

 

Lars Petterson Flydal(1) (1883-1938) vart fødd på Merok i Geiranger, men vaks opp på Skjerva, Aure(2) i Sykkylven. Han kom til bygda 1904, som nyutdanna lærar, og busette seg på kammerset i den nybygde skulen ved Skaret, Nedregotten(1). Han gifta seg 1908 med 6136c Gurine Karoline Iversdotter Furseth (1882-1944), som også kalla seg Eikenos. Furseth-namnet kom frå Stranda, med faren 6136 Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furseth. Han bygsla Skorene, Emblem(13), kjøpte Eikenosa, Torevågen, og to heimeutmarkstykke frå Abrahamsgarden og Steinsgarden på Østrem i 1892. Desse stykka fekk gardsnamnet «Ytrebø». Areala brukte han til beite og storfeavl. På Ytrebø bygde han kun ei løe. Svigersonen, Lars, og Gurine fekk skøyte der 1909, bygde seg hus, og vart buande på bruket alle sine levedagar. Ho tok over som amme for nevøen, Karl Iver Bjørkavoll(4), når søstra, Karen Iverdotter Eikenos, døydde tre veker etter fødselen på Eikenosa i 1912. Gurine sat i uskifta bu fram til ho døydde i 1944.

a) Ivar Martin  1909-1998   1) 1935 g.m. 757a Signe Olga Jørgensd. Emblemsvåg(6), brukar Sandane, Emblemsvåg(6).

                                                2) 1982 g.m. med Emilie Hauge. Sjå meir om dei som brukar 758 på Sandane.

b) Peter Marius  1911-1973  1956 g.m. Helga Norlaug Olsd. Skimmeli, Nordfjord. Han tok over Skjerva, Aure(2) i Sykkylven, etter besteforeldra.

c) Karl Emil  1914-2001  tok over bruket.

d) Gudrun Laurentze  1919-2013   1949 g.m. Aage Andersen, Vest-Jylland, busett i Danmark.

e) Inga Lovise  1923-2012  ugift.

f) Margit Ingebjørg  1925-2017  1949 g.m. Jakob Laurits. Hanken(6), busett på Blindheim.

 

Sonen Karl Emil Flydal (1914-2001) fekk skøyte i 1944. Han livnærte seg som smed attåt garden. Dei fleste nabobruka har verkty, eller anna gardsreiskap, som Karl har laga heilt eller delvis. Mellom anna var ljåblad, klepp, og understell til traktorvogn populært på 1950- og 1960-talet. Rekkverka på Emblem bedehus er også Karl sitt verk. Han gifta seg 1948 med Magnhild Johanne Rusten (1915- 2001), frå Framhus på Stranda. Dei møtte kvarandre når han gjekk i smedlære hos faren, Sivert Rusten, på Stranda. Ho utdanna seg til agronom på Støp landbrukskule i Trøndelag, og arbeidde ved Nørve Gartneri, før ho flytte til Oslo for å arbeide på Vettakollen Hotell. I den perioden tok ho også førerkort for bil. Det var uvanleg for ei jente den gongen. Magnhild var viden kjend for bunadane ho sydde. I fleire år underviste ho i handarbeid på Borgund Folkehøgskule attåt gardsdrifta.Begge to var særs aktive i lag og foreiningsliv i bygda. Magnhild var med i kvinneforeiningane på bedehuset, og tok gjerne kjøkkentenesta på festar der. Karl, eller «Kalle», som han ofte vart kalla, leia søndagskulen i heile 55 år. Han fekk kongens fortenestemedalje for dette arbeidet. Både Karl og Magnhild var berande støtter på bedehuset. Inventaret i smia til Kalle står i dag på Sunnmøre museum, i eit nybygg som skal etterlikne utsjånaden på den aller første smia hans frå 1930-talet. Den rette smia står framleis på sin opphavelege stad, i Flydalsgarden.

a) Lidvar Svein  f.1950  1975 g.m. Marita Kirsti Emblem(1). Bygde hus i byggefeltet ved Løvika. Han har hjelpt til med mykje viktig kunnskap til historiearbeidet i bygda.

b) Sigurd Olav  f.1954  1978 g.m. Bjørg Lillian (f. 1954), busett Tonstad, Sirdal.

c) Asgeir Flydal  f.1957  tok over bruket.

 

Sonen Asgeir Flydal (f.1957) tok over bruket i 1982. Han gifta seg 1985 med Bjørg Clausen (f. 1956), og driv bruket i dag. Han bygde nytt hus og ny driftsbygning. I tillegg har han leigd jord attåt, frå Larsgarden, og dyrka opp dei gamle torvmyrane nedanfor tunet mot Storelva. Han har vore aktivt med i beitelaget, som har dyrka opp, og bygd fellesfjøs på Emblemsfjellet. 2017 byrja han å bygge seg nytt sel på Østremsetra. Asgeir er ein av ytterst få som framleis driv gardsbruk på Emblem.

a) Ellinor  f.1983  sambuar med Olav Havnegjerde, busett Langevåg.

b) Åsmund Hyun  f.1991  busett i Trondheim.

c) Eskild  f.1994  saman med Kristin Mongstad. Fotograf i Sunnmørposten, busett i Ålesund.