Bnr. 1 Nerigar
Trykk her for å finne garden på kartet
Størker Justson var brukar frå om lag 1607 til 1630-åra og registrert som soldat under Kalmarkrigen i 1611. Han vart då utrusta av brukarane på nabogardane Gudmundset og Heggebakk.
a) Anders f.ca.1590 tok over bruket.
Sonen Anders Størkerson Hesseberg (f.ca.1590) tok over bruket etter far sin etter 1630. Han gifta seg med Ingeborg Pedersdotter Magerholm(I) i 1617. Ingeborg og Anders var kanskje jamngamle. Dei dreiv i 1640-åra heile Hesseberg, men frå om lag 1650 var dei berre brukarar på Nerigar. Namn på eventuelle born etter dei er ikkje kjent.
Iver er den tredje brukeren på Hesseberg i nyare tid. Han tok over etter Anders, og dreiv bruket i 1650-åra. Ein veit ikkje meir om han, enn at han hadde minst to born. Frå denne tida finn ein helst namn på kun gutane.
a) Bertel ca.1635-1709 tok over bruket.
b) Ole d.1717 var soldat under den store nordiske krig. Innrullert 1709. Døydde på sjøen. Truleg ein del yngre enn storebroren.
Sonen Bertel Iverson Hesseberg(1) (ca.1636-1709) var brukar heilt til han døydde. Han gifta seg med Brite Rasmusdotter. Det er usikkert kvar ho kom frå.
a) Ingebrigt (d.e.) ca.1662-1759 1722 g.m. Margrethe Guldbrandsd., brukar Åse(2). Innrullert soldat under den store nordiske Krig 1710. Nemnd som soldat i Kristiania 1717.
b) Tyri ca.1663-1713 1710 g.m enkemann Erich Larsen, brukar på Skar(1), Skodje frå 1710.
c) Iver ca.1666-1720 g.m. 2. gongs enke Christie Justsd. Var soldat ifølge 1701-teljinga. Brukar Kristiansgarden, Vaksvik(3).
d) Peder ca.1668-1719 1699 g.m. enke Gjertrud Knutsd. Abelvik(2), Skodje. Nemnd i rettsak om kvern i Solnørelva. Sjå også bygdebok for Skodje om Solnør gard. Brukar Abelvik(2).
e) Anne f. ca.1683 Ugift 1713, nemnd ved arveskifte etter Iver 1720.
f) Ely (Eli) f. ca.1685 Ugift 1713, nemnd ved arveskifte etter Iver 1720.
g) Engebret (d.y) f. ca.1685. Tok over bruket.
h) Peder dreng og fadder på Magerholm(II) 1704. Ikke nemnd i arveskiftet etter broren 1720. Kan være den same som broren Peder (d) over.
Sonen Engebret Bertelson Hesseberg(1) (f.ca.1685) tok over 1710, og dreiv garden til om lag 1740. I følge 1701-teljinga var han registrert som «svag i øinerne».
a) Bertel 1713-1786? 1) 1736 g.m. Dorthe Nilsd. Klokset(2) Vatne.
2) 1741 g.m. Brite Størkersd. Klokset(1), Vatne, brukar Skar(2), Skodje. Ætta etter han budde der
til 1808
b) Birthe 1720-1782 1757 g.m. Lars Larsen Hessen(II) frå Ytre Hessa, brukar Ytre Hessa(14).
Knud Knudson Engeset(138g) (f.1701) vart fødd på Stranda. Han gifta seg 6. januar 1735 med Madli Jensdotter Sæteren (ca.1707-1784) frå Ørskog. Dei busette seg først på Madli sin heimplass, Sæter. Garden vert til dagleg kalla Olasætra og ligg lengst framme i Vaksvika. Dei flytte til Hesseberg og var brukarar der i tidsrommet 1741 til 1765. Det er enno usikkert når Knud døydde, men Madli var i alle fall enke då ho gjekk bort i 1784, så Knud døydde før det.
a) Jens dp.1735-1762 var lagrettemann i ei rettsak på Valle 20.8.1755.
b) Knud dp.1740-1808 tok over bruket.
c) Martha dp.1744-1809 1) 1780 g.m. Joen Joens. Ramstad (f.1738) frå bnr. 5, Jogarden på Ramstad.
2) g.m ?. Ho er nemnd som enke for andre gong, og innerst på Bryggå, Hesseberg(3) i 1801.
Joen levde framleis 1780, og ein veit ikkje eksakt når han gjekk bort.
d) Margrethe dp.1747-1819 tok over bruket etter bror sin før 1801.
e) Synneve dp.1751-1810 1784 g.m. Anders Johns. Bakken, brukar Bakken i Ålesund, også kalla «Kraaen». Dottera brukte det etternamnet når ho tok over etter foreldra ikring 1810.
Sonen Knud Knutson Hesseberg(1) (1740-1808) gifta seg 1765 med Birte Jonsdotter (ca.1733-1786). Han er nemnd som vilkårsmann og første gongs enkemann i 1801-teljinga. Det er ikkje kjent kven han gifte seg på nytt med etter 1786.
a) Birthe 1766-1766 Døydde 3 månader gamal.
b) Jens 1768-1828 1799 g.m. Magnilde Ellingsd. Lied, Ørskog, brukar Abelseth(10) .
c) Malene 1771-1800 Tvilling. Ugift.
d) Birte Johanna 1771-1851 Tvilling. 1803 g.m. Knud Olsen Nordre-Kalvatn (Volda), brukar Magerholm(II).
e) Knud dp.1783-1783 Døydde 17 veker gamal.
Lars Nielsen Nonsvik(1) Gudmundset (1750-1821) var svoger til Bertel Iverson, og fødd på Hesseberg. Han gifte seg 1786 med 07d Margrethe Knudsdotter Hesseberg(1) (1747-1819), som var søster til den forrige brukaren. Der var ingen heimebuande born i 1801, og dei fekk truleg ingen born heller. I 1801 hadde dei to tenara. Det var Lars sin søsterson, Iver Arneson Nonsvik (dp.1788-1867), som også tok over bruket etter dei. Den andre tenaren var Birte Johanna Knutsdotter (dp.1771). Ho var dottera til forrige brukar, og niesa til Margrethe ifølge 1801-teljinga. 1816 betalte han som føderådsmann 6 speciedaler i sølvskatt.
Nevøen Iver Arnesson (1788-1867) vart døypt i Borgund kyrkje. Han var son av Arne Christopherson Nordal og Maren Christina Nonsvik, som var søster til 09 Lars Nilsen Nonsvig. Familien var busett i Ålesund kring 1788. Iver vart konfirmert på Skodje, og budde difor truleg på Hesseberg på den tida. Han gifte seg 1812 med Anne Siverine Aagnesdotter Blindheim(3) (1787- 1840), frå Sykkylven. Det er ikkje funne fleire spor etter far til Iver i kyrkjebøkene etter 1788, medan mora, Maren Christine, er registrert i Ålesund seinare også. I 1815 var ho enke og inderst hos Carl Esaias Rønneberg i Korsen. Ho vart tidleg enke og gifte seg opp att allereie i 1795. Det var kanskje medverkende årsak til at broren adopterte Iver. Onkelen og tanta ser nemleg ut til å ha vore bornlause, og kan ha tatt til seg Iver, som komande arving, av den grunn.
a) Birte Margrethe (Andrine) 1812-1812 døydde 3 veker gamal.
b) Lars Carl Martinus 1816-1856 1840 g.m. Karen Petrine Iversd. Glomset(Ø, 1), busett Bakken(2), Honningdalen, Skodje. Sonen Karl gift 1873 på Nerigar med Johanne Hesseberg. Lars var brukar på Glomset(Ø,1) og Honningdal(2). Han drukna ei natt ved brygga si, på veg heim frå Ålesund med båt.
c) Margrethe Marie 1818-1893 tok over bruket.
d) (Peter) Daniel 1824-1903 1853 g.m. Christopha Marie Kristofersd. Russebø, Ørskog(13), brukar Honningdal(1). Daniel er far til 124 Lars Carl (1856-1929), som gifte seg til Magerholm, og Petrine Kristofa g.m. 535b Johan Ols. Nedregotten(1), på Skaret, Nedregotten(1).
Svigersonen 1329c Nils Ananiasson Flisnes(2) (1813-1887), frå Rasmusgarden på Flisnes, gifta seg med Margrethe Marie Iverdotter Hesseberg(1) (1818-1893) 1844. I 1865-teljinga er han nemnd som sjølveigar på garden.
a) Johan Andreas 1845-1926 1874 g.m. 245a Johanne Severine Larsd. Akslen(4), Høla, brukar Akslen(4).
b) Hans Laurits 1847-1927 1878 g.m. Gurine Birgitte Hansd. Giskegjerde(4), brukar Hansgarden, Vegsund(3).
c) Johanne Marie Jakobine 1849-1938 Tok over bruket.
d) Nicoline Maria 1855-1940 1880 g.m. Johan Ivar Elias Knuts. Synnes(10), busett Synnes(10).
e) Ludvig Peter Andreas f.1858 8 år ved 1865-teljinga.
f) Lars Andreas Carolus f.1865 1 år ved 1865-teljinga.
Svigersonen Karl Martinus Larsson Glomset(Ø,1) (1846-1917) var sonen til 010b Lars Carl Iverson Hesseberg(1). Karl kom til Hesseberg, og gifta seg 1873 med Johanne Marie Jacobine Hesseberg(1) (1849-1938). Han var halvbror til Anne Petrine Emblem(11) i Sjursgarden, og «gammalonkel» til Sofie Regine Heggebakk, som gifte seg på dette bruket seinare.
a) Elise Marie f.1865 g.m. Peder Iver Peters. Ertesvåg. Karl si dotter med Petrine Marte Sofie Eriksd. Håhjem(1). Dei emigrerte til Natal, Sør-Afrika, i 1892, saman med fleire andre frå Sunnmøre.
b) Nils Peter Martinus 1873-1960 tok over bruket.
c) Lars Carl Nicolai 1876-1908 1907 g.m. Lina Marie Hansd. Husø, Sandøy.
d) Andreas Martinus Johan 1887-1967 1929 g.m. Petra Anne Marta Nikkoline Sivertsd. Nilsen, Ålesund, brukar på Brennhaugen, Akslen(3+5). Han hjalp søstera Karen med pengar til eige hus i Spjelkavika etter fleire år i Amerika.
e) Karen Margrete Lovise 1892-1963 Ugift fabrikkarb. «Spilkevigs Snøre- Not- & Garn- fabrik». Fekk hjelp av broren Andreas til å kjøpe tomt, og bygge hus i Nylandvegen 17, Spjelkavik 1935. Ho overlot huset til nevøen, Karl Johan, seinare.
f) Daniel Iver 1894-1971 Nemnd i folketeljinga 1900. Til Amerika i 1912. Død og begravd i Bottineau County, Nord Dakota.
Sonen Nils Peter Martinus Karlson Hesseberg(1) (1873-1960) gifta seg 7. mai 1908, med Randine Sofie Karine Jakobsdotter Frøland(N,3) (1877-1937), frå bnr. 3 på Ner-Frøland, Hjørundfjorden. I deira tid vart Hesseberg del av Borgund kommune etter tinglest resolusjon frå 29. oktober 1915. 6013k Laura Emblem(1) gifte seg med broren, Andreas Frøland(N,3), og busette seg etter kvart på bnr. 6 på Ner-Frøland, som var skild ut frå farsgarden. Dottera til Nils og Randine, Johanne, budde heime og hjalp faren og bestemor si, etter at mora gjekk bort i 1937. Ho budde heime, til svigerinna Sofie kom til gards i 1951. Etter det budde ho også ei tid hos broren Jakob og svigerinna Bjørg, fødd Andreassen, før ho flytte vidare til Spjelkavik.
a) Lars Karl 1909-1996 Tok over bruket.
b) Johanne Margrete 1911-1991 ugift. Kring 1960 busette ho seg i Spjelkavika. Ho tente mellom anna på Aspehaugen, i Myrabakken, og leigde ei tid hos foreldra til Gunnar Aspehaug, på «Langheun» i Spjelkavik.
c) Jakob Marius 1922-1965 Skipper, 1) g.m. Bjørg Andreassen (1925-1955), busett Aksla. 2) g.m. Astrid Breivik (1939-2024), frå Harøya, bygde hus på Magerholm. Astrid gift opp att 1968 med Kåre Morsund. Ho vart på nytt enke i 1975. Dei bygde hus på Magerholm.
Sonen Lars. Karl Hesseberg(1) (1909-1996) gifta seg med Sofie Regine Heggebakk(2) (1912- 2002) i 1951. Ho var søster til Ingeborg på nabobruket «Bryggå», (Hesseberg(3). Lars og Sofie var kanskje dei første sjøveigarane på garden i nyare tid, etter Nils Ananiasson Flisnes(2) i 1865. Dei var også av dei første som flytte inn på dei nye eldreboligane på Garsendhaugen på 1990-talet. Gardsdrifta vart lagt ned i deira tid.
Dottera Solveig Lisbet Hesseberg Vatne (f.1952) gifta seg 1974, med Svein Arve Vatne, og busette seg i Ørsta. Ho fekk skøyte på bruket som eit forskot på arv i 1981, men busette seg ikkje her. Lars og Sofie fekk 19 års burett på garden. Solveig leigde ut huset i kortere perioder i nokre år, etter at foreldra hadde flytta til dei nye eldreboligane på Garsendhaugen. 2001 selde ho garden vidare til neste brukar.
a) Heidi Beate f.1975 Sambuar med Kenneth Bjørkedal, busett Ørsta.
b) Gry f.1977 Sambuar med Dag Jarle Aa, busett Ørsta. Ho budde på Hesseberg når ho gjekk på Sjukepleiehøgskulen i Ålesund.
c) Lars Sindre f.1981 Busett i Ørsta.
Peter J. Blindheim (f. 1977) er bornebornet til Ingeborg på nabobruket «Bryggå», (Hesseberg(3). Ingeborg var søster til Sofie Regine på Nerigar. Han kjøpte bruket i 2001, og er gift med Ingrid Anja Holmen (f. 1976). Dei har bygd seg nytt hus ved det gamle tunet.
a) Louise f.2005
b) August Olai f.2008
c) Lina Sofie f.2012
Legg til kommentar
Kommentarer