Bnr. 5 Steffagaren

 

Trykk herfor å finne garden på kartet

 

 

HEILE GARDEN

Jon Nedregotten er nemnd som brukar på Nedregotten i tidsrommet 1603 til 1623. Der har nok vore brukarar før Jon også, men dei kjenner ein ikkje namna på. Det første bruket på Nedregotten vart truleg delt frå Østrem ein gong på 1500-talet. Jon hadde flaumsag, og betalte skatt for 20 tylfter bord i 1603. Det tilsvarar omtrent 20 dusin, eller 240 plankar. Etter kvart tok gardeigaren, Pål Helgesen Brandal, over saga og inntektene, medan Jon framleis gjorde arbeidet. Han vart kalla til krigsteneste i Kalmarkrigen 1611, men sonen drog i staden. «Nedre Østrem», eller Nedregotten, vart delt i to jamnstore bruk etter han.

a) Peder Jons. Tok over halvparten av garden, kalla «bruk I», frå faren.

 

BRUK I

Sonen Peder Jonson Nedregotten(1) var brukar frå 1623 til om lag 1660. I 1611 var han soldat under Kalmarkrigen. Han vart 1614 bøtelagt for å reise heim frå Svinesund, utan tillatelse, to år tidlegare. I 1618 vart han i bøtelagt for «leiarmål». På den tida vart Nedregotten delt i to gardsbruk. Hva dei heitte på folkemunne er uvisst, så dei vert derfor nemnde som «bruk I» og «bruk II», for å halde dei frå kvarandre. Peder betalte i 1658 skatt for hest og 6 kyr.

 

Lars Akselson (ca.1625-1694) var brukar frå om lag 1660 til 1694. Han gifta seg med Martha Siursdotter (ca.1633-1709), og dei budde begge heile livet på dette bruket. Arveskiftet etter Lars nemner 6 kyr, 6 geiter, 4 sauer, ukse, 2 kviger og ein kalv. Han åtte to færingar, ei kastenot og ei laksenot. Enka som sat att, dreiv garden til 1709 saman med sonen. Dei dreiv godt, og fekk råd til eigen hest.

a) Axell   ca.1651-1732   tok over bruket.

b) Peder  nemnd i arveskiftet etter faren 1694.

c) Anna   nemnd i arveskiftet etter faren 1694.

d) Marith nemnd i arveskiftet etter faren 1694.

e) Ingeborg   ca.1689-1709    døydde på garden berre 7 dagar etter mor og svigerinna.

 

Sonen Axel Larsson Nedregotten(I) (ca.1651-1732) gifta seg først med 428b Brite Erichsdotter (ca.1670-1709). Det er mogeleg at ho kom frå Larsgarden, Østrem(2). Han gifta seg om att 1710, med Johanne Olsdotter Solevågseide(I) (ca.1688-1753). Han delte bruket med mora, frå 1694 til 1709. Axel etterlot seg 11 vågar tørrfisk, ein del tran, noko tjøre og tjøreved. Han hadde hest, 3 kyr, 2 kviger, 3 geiter og 2 sauar. Enka gifta seg om att med Størcher Larson (ca.1702-1752), frå Ørskog. Han vart seinare brukar 517 i Sirigarden, Nedregotten(3). Brite og svigermora døydde samtidig, og søstera berre 7 dagar etterpå. Kanskje var det snakk om ein smittsom sjukdom.

a) Lars   ca.1693-1764   1723 g.m. Marthe Olsd, brukar Skytterholm(2).

b) Erich   ca.1696-1730   «Blev på havet».

c) Ole   dp.1699-1748    tok over halve garden, brukar 516 Sirigarden, Nedregotten(3).

d) Axel   dp.1701-1755      1) 1731 g.m. 6095 enke Anne Størkesrsd. Blindheim(8), brukar Sjursgarden, (Emblem(11).

                                              2) 1747 g.m. 806a Malene Gregoriusd. Røssevoll(1).

e) Berrete   dp.1705-1767    tvilling. 1730 g.m. 459 Steen i Steinsgarden, Østrem(4).

f) Anne   dp.1705-1765   tvilling. Legdslem på Reitebøen(2) 1762.

g) Siur   ca.1707-1762   tok over halve garden, brukar 505 Steffagaren, Nedregotten(5).

h) Marit  dp.1715    Axel si einaste dotter med Johanne.

 

Delen av garden som blir til bnr. 5 Steffagaren

 

1730 vart bruk I delt vidare i to mindre bruk. Sonen Siur Axelson Nedregotten(I) (ca.1707-1762) tok over Steffagaren, og var brukar heilt til 1760. I 1729 gifte han seg med Hille Erichsdotter (ca.1701- 1771) «af Stadsnes». Dette var truleg ei omskriving av namnet Hilde. Ho var gravid ved forlovelsen, men det er ikkje funne nokon dåp det året. Det er mogeleg at bornet var dødfødd. Ved gravferda vart ho kalla den fattige enka på Nedregotten, 70 år gamal.

a) Axell dp.1733-1770 tok over bruket.

b) Erich  dp.1735-1797  1757 g.m. Marithe Olsd. Hatlen (Indre), brukar Indre- Hatlen(2).

c) Ane  ca.1738- 1812?  kanskje gift med Hans Siurs. Humlen(4), brukar Bøgarden Humlen(4).

d) Birthe  dp.1744-1744  døydde 5 veker gamal.

 

Sonen Axell Siurson Nedregotten(5) (dp.1733-1770) gifta seg 1758, med Ane Nilsdotter Østrem(1) (1736-1809). Ho vart døypt i Hjørundfjorden, men vaks opp i Mattisgarden, Østrem(1). Arveskiftet etter Axell inkluderte verdiar på 68 riksdalar, medan gjelda var på 40. Ho gifta seg opp att med neste brukar.

a) Oline  dp.1762-1762  døydde 10 veker gamal.

b) Hille  dp.1764   1842 g.m. Lars Severin Martines Larss. Gausnes(1), busett Hellevik i Ålesund. Fekk dottera, Oline Siverine 1805 med 485 Erich Hans. Akslen(1), frå «Martaplassen» ved Østremsjøen.

c) Siver  dp.1767

 

Enka Ane Nilsdotter Østrem(1) (1736-1809), gifta seg 1771 om att med Ole Knudson Sulebust(1) (1745-1814). Ole bygsla Steffagaren allereie i 1770, og vart også første sjølveigaren på bruket 1772. I 1801 er Anne og Ole nemnd som husmenn utan jord på Veibuststranda. Han døydde på Veibuststrand.

a) David dp.1775-1828 1806 g.m. Janniche Olsd. Tørlen(1), brukar Tørlen(5).

 

Lars Pederson Lande (1735-1804) gifta seg 1778, med Guri Olsdotter Sollid (dp.1748-1829), Øvre- Sollid(16a) frå Ørskog. Dei bygsla 1786 Sirigarden attåt eige bruk, og dreiv dei samla til han døydde.

a) Anna  dp.1769-1837  deira første born i lag. Lars var framleis ugift dreng på Nedre Lande. Guri vart omtala som «tøs».

b) Anna  dp.1782-1860   døypt i Borgund. Tok over bruket.

c) Inger Olina  dp.1787-1870  1809 g.m. Knud Hansen Flisnes(1), brukar Sirigarden, Nedregotten(3).

 

Dottera Anna Larsdotter Nedregotten(5) (dp.1782-1860) gifta seg 1807, med Ole Olson Kurset(1) (dp.1786-1861). Han skøytte frå seg bruket 1823 til Johannes Nordang, og sat som leigelending, til han tok kår hos svigersonen. Johannes Nordang, selde bruket vidare til Arne Sporstøl i 1827.

a) Rebekka Laurentze  1807-1808?  dødsregistreringa manglar i kyrkjeboka.

b) (Nille) Lovise Laurentze  dp.1809     1) 1847 g.m. enkem. Peder Nielss. Lande(Ø, 1), brukar Lande(N,4).

                                                                   2) 1858 g.m. enkem. Ole Andreas Rasmss. Håjemsvik, brukar Håhjem(4).

c) Martha Gurine  dp.1812-1891  tok over bruket.

d) Laurentze Maria Regine  dp.1814-1821  døydde 7 år gamal.

e) Berthe Siverene  f.1817  1839 g.m. Rasmus Knuts. Remme, Eid. Brukar Indre Remme på Eid 1865. Sonen vart brukar på «Bakken» i Ålesund.

f) Lars Olaus  1820-1877  1853 g.m. 245 Hendriche Bergithe Erichsd. Godø(18), brukar Høla, Akslen(4).

 

 

Dottera Martha Gurine Olsdotter Nedregotten(5) (dp.1812-1891) gifta seg 1835, med Stephen Anderson Tippen (dp.1807-1876), frå Eid i Nordfjord. Dei dreiv bruket frå 1836 til 1864, før dei tok kår hos svigersonen. 1848 vart garden seld frå Arne Sporstøl til 123 Claus Olson Magerholm(1). Claus selde bruket vidare til 841 Peder Johan Pederson Giskeødegard, i Pe-garden, på Røsssevollen, det same året.

a) Dorthea Eline  1835-1835  døydde 18 veker gamal.

b) Ane Olave Helene  f.1836   1863 g.m Ole Andreas Peters. Lerstad(Ib). Familien er nemnd busett på Buholmstrand 1865 og i Skutvika 1875.

c) Johanne  1839-1924   tok over bruket.

d) Anna Dortea  f.1845   1889 g.m. Kolportør Kristian Anders. frå Hereid i Ulvik prestegjeld, Hardanger. Midl. busett på Nedregotten. Ho fekk dottera Severine Karoline Gurine 1871, med Gunder Knuds. Roald. Truleg enke og hermetikkarbeidar i Ålesund 1900.

e) Petrine Severine Johanne   f.1857   1885 g.m. med drengen Ole Ols. Birkevåg. Dei fekk born saman allereie i 1882. Flytta til Ålesund 1889.

 

Svigersonen Lars Martinus Einarson Bjørge(1) (1834-1915) gifta seg 1863, med Johanne Steffens- dotter Nedregotten(5) (1839-1924). Dei dreiv bruket frå det vart bygsla, i 1864, til dei tok kår 1911. I 1879 fekk dei kjøpe garden frå gardeigaren, Peder Johan Pederson Giskeødegard i Pe-garden på Røsssevollen.

a) Eline Severine Lovise  f.1865  1889 g.m. Ole Cornelius Peters. Skjong(3), busett Skjong(3).

b) Nicoline Marie Hansine 1868-1955  1895 g.m. fabrikkarbeidar Carl Johan Peters. Vågnes, dei er nemnd som «innerst» hos Carl sin bror på Fylling(22) i Langevåg 1900.

c) Elias Oluf  1873-1956  neste brukar.

d) Ole Severin   1876-1958   1909 g.m. 579 Emma Torine Larsd. Harnes, Sandøy, brukar Nedregotten(9).

e) Lars Johan  f.1878  1923 g.m. Emma Petersd. Aakre(11), Haram. Busett «Alfarheim», Molvær(33) i Langevåg. Ullvarearbeidar. Lars drog til USA 1901, og til Canada 1923, for å arbeide.

f) Anna Rebekka Karoline  1881-1971   1908 g.m. (Nikolai) Bastian Laurits Jakobs. Yttreberg(1) frå Skodje, busett i Spjelkavik. Ho hadde vore i Minnesota, USA, 1901.

 

Sonen Elias Oluf Larsson Nedregotten(5) (1873-1956) gifta seg 1904, med Kristine Caroline Peters- dotter Åkre(11) frå Haram. (1881-1945). Ho var søster til Emma, som gifta seg med Elias sin bror, Lars Johan. Elias dreiv fiske, som faren, og kjøpte bruket 1911. Han dyrka opp mykje av jorda, og bygde løa som står på tunet framleis. Han tok kår i 1953.

a) Lars Harald  1905-1940   1938 g.m. Selma Johansd. Remø(16), Herøy. Han var gartnar, og dreiv først på Emblem. Ho gift på nytt 1944 med Ingebrigt Runde(16), som drukna i 1948.

b) Klara Magnhild  1907-1965  1) 1937 g.m. Arvid Olaf Rogne, busett i Oslo.

                                                      2) 1947 g.m. murar Jon Linnerud, busett Oslo.

c) Per Sverre  1908-1980  tok over bruket.

d) Jofrid Margit  f.1911  1937 g.m. krigseglar Sverre Oskarsen Hegvik, busett Oslo. Ho var sydame og han malersvenn, ved giftermålet.

e) Elida Petra Karla  1914-2005  1944 g.m. Ragnvald Glennås, busett Oslo. Ho var skreddarmeister.

f) Jorun Sina  f.1917  1953 g.m. Eugen Normann, busett Drammen. Ho var modist og starta 1947 «Lull Hatteatelier Aakre & Nedregotten» i Oslo, saman med søskenbarnet Gudlaug Aakre g. Sørlie.

g) Olav Otto  1919-2001  1955 g.m. Gunvor Waage. Bygde seg eige hus ved Løvika, Nedregotten(71). Huset er no reve og erstatta av to nye hus, der borneborna, Espen og Arild Nedregotten har busett seg.

 

Sonen Per Sverre Nedregotten(5) (1908-1980) gifta seg 1943, med Berta Helland (1913-1998), frå Vestnes Dei tok over garden 1953. Han starta byggelaget «P & K Nedregotten», saman med Knut Nedregotten. Etter krigen bygde dei kai og trelastlager på Magerholm, der oppstillingsplassane til fergekaia er i dag. Berta sat som enke i «uskifta bu» fram til 1990-talet.

a) Einar  1943-1997  tok over bruket

b) Karin  f.1948   tidl. g.m. Sverre Petter Abelseth. Dei bygde hus på garden, som eldstesonen Rune tok over i 2008.

 

Einar Nedregotten(5) (1943-1997) gifta seg 1970, med  Gerd Johanne Indresæter (1948-1989), Magerholm(6). Dei busette seg i «Berntsenhuset» på Magerholm, som 142 Ludvig Berntsen bygde ovanfor Gasseneset. Huset vart reve, og tomta sprengd vekk, når det skulle byggast ny fergekai i 1996. Han fekk delt frå ei hustomt ved tunet på farsgarden, og starta bygging av nytt hus der. Sjå meir om Berntsenhuset under brukar  på Magerholm, lenger fram i denne boka.

a) Per Atle  f.1970   sambuar med Lise Bjølverud, Lesja. Dei tok over Ytrebøen, Magerholm(6) etter besteforeldra hans. Sjå brukar 135, og neste eigar av dette bruket.

b) Kathrin  f.1972  1996 g.m. Steinar Hagen. Ho tok over huset som faren bygde. og ein eigardel av dette bruket. Huset er no seld vidare. Busett Gjerdrum.

 

Garden vart delt mellom Karin Nedregotten (2001) og broren Einar Nedregotten. I dag er den gjenverande delen av bruksnummer 5 delt på Per Atle og Kathrin. Hovedhuset på bruket vart skilt ut i 2002, som eigen tomt med bruksnummer 222, av dottera til Karin, Britt Janne Abelset. Ho bygde seg nytt hus på tomt frå garden i 2018, og selde gamlehuset til naboen Andreas Solnørdal Madsen, frå Guttormgarden. Det meste av garden er no delt opp og seld som hustomter i eige byggefelt bak tunet, og nede ved Østremsjøen. Gamlehuset har fått gateadressa Hjellhaugvegen 45.