Bnr. 5 PE-GARDEN
I 1603 sat der ei enke på garden. Ho vart verande til om lag 1605. Ein kan undre seg på om ho kan ha hatt ei tilknytting til Jon Jonson Røssevold(1) i Hansgaren, men det er ikkje bekrefta. Hansgaren vart delt frå Tykjegarden og Pe-garden, få år etterpå, i 1609.
Elling tok over bruket 1605 og var brukar der til 1632. Han overlet bygselsbrevet til sonen.
a) Lars tok over bruket.
Sonen Lars Ellingson Røssevoll(5) var brukar frå 1632 til om lag 1650. Meir veit ein ikkje om han.
Aslach vart fødd om lag 1615, og bygsla bruket i tidsrommet frå om lag 1650 til 1680. Han skatta 1658 for hest, ukse, 4 kyr og ei kvige.
a) Aslach Aslachs. ca.1646-1728 tok over bruket.
Sonen Aslach Aslachson Røssevoll(5) (ca.1646-1728) gifta seg først med Christi Jansdotter (d.1709). I arveskiftet etter henne er det nemnd hest, 4 kyr, kvige, ukse, 2 sauer og 2 geit. Dei hadde også eige naust og båt. Han gifta seg opp att 1711 med Anne Erichsdotter Hesseberg(2) (ca.1679-1729). Ho var søster til Synnøve, på nabobruket Tykjegarden. Dei dreiv bruket frå om lag 1680 til 1728. Søndag 2. august 1711 vart familien hardt råka av ei dødsulukke. Det kan verke som om det var ein båtvelt, og det er kanskje snakk om kyrkjeferd, eller ei vitjing, sidan det var søndag. Borna Gunder, på 18 år, og tvillingane Aslach og Gunder, som berre vart døypt vel ei veke i forvegen, drukna. I tillegg omkom nabojenta, Martha Knudsdotter Røssevold(1), på berre 12 veker, frå Hansgaren og Ole Pederson Aase (f. ca.1688). Aslach etterlot seg kvern, plogjern, spadegrev, 2 hakkegrev og småljå.
a) Lars ca.1691-1721 drukna ved Strømmen, Skodje.
b) Gunder ca.1695-1711 «blev i sjøen». Vart begravd samme dag som småsøskena.
c) Aslach dp.1711-1711 tvilling. Døydde 4 dagar gamal. Truleg ei båtulukke.
d) Gunder dp.1711-1711 tvilling. Døydde 4 dagar gamal. Truleg ei båtulukke.
e) Erich dp.1713
Arne Colbeinson Hovden(1) (ca.1699-1767), frå Hundeidvika, dreiv først Utgård og Midtgård, før han kom hit 1729. I 1726 gifta han seg med Synneve Olsdotter Midtgård(3) (1692-1765). Ho kom også frå Hundeidvika. I 1726 vart han oppgjeven som «k. Sold.» av yrke. Det kan tyde på at han var soldat.
a) Knud dp.1726
b) Gunild ca.1727-1804 1766 g.m. Lars Lars. Furnes(III), brukar Furnes(3), Sula. Budde 1801 som enke i Plassevågen, Emblemsvåg(7). Var til slutt legdslem på farsgarden.
c) Magnille 1730-1803 fekk ei dotter 1755 med Ole Ols. Emblem, og 1763 ei dotter, Anniche, med den gifte Knudt Arenss. Axlen(1). Denne gongen skreiv presten følgande i kyrkjeboka: «Et døv og dum født kvinnfolk som nu 2.den gang har begået leiermaal». Magnille var døvstum, og døydde som legdslem i Spjelkavika.
d) Colben dp.1732-1780 ugift dreng.
e) Joen dp.1738-1805 tok over bruket.
Sonen Joen Arneson Røssevold(5) (dp.1738-1805) tok over bruket 1760. Han gifta seg det same året med Barbroe Olsdotter Kongshaug(1) (dp.1728-1771). 1772 gifta han seg på nytt med Johanne Einersdotter Slettedal(2) (1735-1813), frå Hjørundfjorden. I 1799 budde også søstera, Birte Einersdotter Slettedal(2), på bruket. Ho er då nemnd som død der. Joen dreiv bruket til 1802.
a) Arne dp.1761 var dødfødd.
b) Ole dp.1762
c) Siver dp.1766-1842 1795 g.m. Birthe Larsd. Furholm(3) d.y. 1801 nemnd som husmann på Magdevågneset, Sørnes. Døydde som legdslem på Røssevollen.
d) Arne dp.1771-1771 døydde 14 dagar gamal.
e) son 1773-1773 var dødfødd.
f) Baar 1774-1817 tok over bruket.
g) Einer 1776-1815 1811 g.m. Pige Barbro Olsd. Vedde(3) (1778-1812). Tenar i Mattisgarden, Østrem(1) 1801. Døydde på Røssevollen.
h) Arne 1779-1779 døydde 19 veker gamal.
Sonen Baar Joensson Røssevold(5) (1774-1817) tok over bruket 1803. Han gifta seg det same året, med Anne Martha Rasmusdotter Blindheim(3) (dp.1776-1843), i Borgund kyrkje. Dei dreiv garden til 1816, året før Baar døydde. Enka gifta seg opp att med neste brukar.
a) Anne Karen 1805-1805 døydde 2 veker gamal.
b) son 1807-1807 var dødfødd.
c) (Andrine) Johanne dp.1808-1845 brukar Jetmundgarden Alnes(6).
d) Berndt Andreas dp.1810-1896 1846 g.m. Helen Gregoriusd. Abelset, fødd Storvik(2). Brukar Storvik(2), Ørskog.
e) Rasmus Cornelius dp.1815-1900 døydde som legdslem.
Enka Anne Martha Rasmusdotter Blindheim(3) (dp.1776-1843 gifta seg 1819 opp att, med Ole Johannesson Meset(Ba) (1782-1851) frå Sykkylven. Dei dreiv bruket frå 1818 til 1842.
a) Giertru Berthe 1819-1900 tok over bruket.
Svigersonen Peder Johan Pedersson Giskeødegård(10) (1814-1876) gifta seg 1842, med Giertru Berthe Olsdotter Røssevold(5) (1819-1900). Dei dreiv bruket frå 1842 til 1876. Han kjøpte Steffagaren, Nedregotten(5) frå Claus Olsen Magerholm(1), opphaveleg fødd i Negarden, Emblem(1).
a) Anne Gurine 1844-1916 1865 g.m. Bernt Rafael Samunds. Roald(1), brukar Roald(1). Var tenar på Roald 1864.
b) Peter Karolus 1847-1926 tok over bruket seinare etter broren Ole.
c) Ole Johan 1850-1878 tok over bruket.
d) Berte Kristine f.1853 arva garden 1878, før ho selde den vidare.
e) Hansine Jacobine 1856-1927 1879 g.m. Martinus Kristian Eliass. Valderhaug(29), brukar Valderhaug(29).
f) Petrine Jacobine f.1859 1877 g.m. Edvard Johan Elias Ols. Eikenosvåg(2), brukar Olevågen, Eikenosvåg(2).
g) Karen Martha 1863-1947 1888 g.m. Johan Severin Britanus Anders. Hjelle, fødd på Eikrem, brukar Roald(8). Fekk sonen, Ole Peder Hansen (Roald), i 1878 med drengen Hans Nicolai Larss. Østrem(2) frå Larsgarden, Østrem(2). Hans seinare husmann på Vestrem, Østrem(6).
Sonen Ole Johan Pederson Røssevold(5) (1850-1878). Han var ungkar og dreiv bruket frå 1876 til 1878. Garden vart då tatt over av søstera.
Søstera Berte Kristine Pedersdotter Røssevold(5) (f.1853) tok over etter broren. Ho dreiv bruket frå 1878 til 1879. Årsaka til dette er ikkje kjend, men ho var ugift på dette tidspunktet, og det kan vere del av årsaka. Berte selde garden til Johan Rørvik og Gunnar Jakob Knutson Roald(21). Dei bygsla så bruket til Berte sin bror, som vart neste brukar. Berte gifta seg 1907 med Ole J. Olson Hareide, busett på Hareid. Dei flytte så videre til Ålesund.
Bror til dei to tidlegare brukarane, Peter Karolus Pederson Røssevoll(5) (1847-1926), bygsla garden 1879. Han arbeidde som snikkar. Peter gifta seg med jordmor Ingeborg Hanna Larsdotter Vedde(3) (1841-1891). 1897 gifta han seg opp att, med enka Brit Larsdotter Erdal (Fonnaplassen) Solevåg(7) (1847-1929). Ho vart fødd på Standal i Hjørundfjorden, og døydde på Borgund gamleheim.
a) Lauritz Peter f.1866 var fødd på Vedde. Ugift og busett heime i 1891.
Jørgen Andreas Eliasson Melbø(1) (1864-1932), frå Vartdal, bygsla bruket i 1892. Han kom frå Solevågen, dit han hadde flytta hausten 1891 for å tene. Jørgen gifta seg 1892 med Ingeborg Elina Johanne Larsdotter Erdal (Fonnaplassen) (1859-1943), frå Vartdal. Ho var også tenar i Solevågen, og hadde flytta dit 1890. Ingeborg var søster til Brit, som var forrige brukar. Det var nok slik bygselsavtalen på Røssevollen kom i stand. I 1910 budde også mor til Ingeborg på garden. Ho levde då av eiga formue samt litt kår. Dei dreiv bruket til 1931. Ho vart enke i 1932 og flytte til dottera, Inga. Ingeborg døydde på Kopperstad.
a) Inga Laura Jakobine f.1893 1925 g.m. Bernhard Jakobs. Kopperstad(4), brukar Kopperstad(11), Herøy.
b) Elias Ingvald Gustav f.1895 g.m. Evelyn, og busett i USA 1943. Drog til Canada 1924.
c) Severin Johannes Ingvald 1898-1975 1918 g.m. Jenny Olava Knudsd. Rørstad(1), Sula. Snikkar.
d) Borghild Petra Elisa 1904-1983 1927 g.m. Bernhard Peder Berge før 1943. Busett Nedre Berge(17), Herøy.
Brødrene Konrad (1907-1966) og Edvin Kaspar Emblem(16) (1913-1972), kom frå Storhaugen. Dei kjøpte garden i 1931. Faren Elias sa frå seg Storhaugen, Emblem(16), og flytte hit han også.
Søstera Alfa Petra Tora Emblem(16) (1910-2008) gifta seg 1940, med Alfred Bertrand Riise (1907- 1980). Han kom frå Larsgarden, bnr. 2 på Riise i Ørsta kommune. Dei slo seg ikkje ned på Røssevollen, men busette seg i Hatlane i staden. Ho fekk garden i arv etter brødrene sine i 1972.
a) Else Johanne f.1956 tok over bruket.
Dottera Else Johanne Riise Gjøen (f.1956) tok over i 2009. Ho er gift med Kjetil Gjøen (f.1957), frå Oslo, og grunneigar, busett i Hatlane, Ålesund. Else tok også over ei tomt med bruksnummer 9, lenger vest på Røssevollen. Den var opprinneleg delt frå bruket i 1941.
a) Tina f.1986 saman med Alexander Bye, busett Bergen.
b) Marte f.1990 busett i København.