Gurine Marie Havnevik f. Melbø (1880-1967) framfor huset sitt i Havnevika, bnr. 2 under Flisholmen. Dette vart det nye tunet når folket på Flisholmen flytta inn til fastlandet. Bildet er lånt ut av Perd Lillerovde. Du finn fleire bilde i albumet under teksten

 

BNR. 2 HAVNEVIKA

Flisholmen sin nye tunstad på Flisnes.

 

Peter Andreas Ivers. Furholm, Eikenosvåg(3) (1872-1931) gifta seg 1902, med Gurine Marie Eline Nikolaidotter Melbø(3,pl.) (1880-1967). Dei fekk bygsel på Flisholmen og flytta gardstunet på Flisnes, som låg under ein hammer ved Olsvika, litt lenger vest til Havnevika. Han kjøpte bruket frå eigarane Hans Rasmussen Solevågseide og 6044d Steffen Johannes Ellingsen (Emblem) Kvasnes etter nokre år. Dei hadde fått skøyte på bruket 1900. Peter overlot bruket til eldste sonen, som tok til å bruke det nye gardsnamnet «Havnevik» som etternamn.

a) Ingolf Johan  1902-1989  tok over bruket.

b) Hjørdis Malene  1904-1993   1929 g.m. Lars Nilsen Stokke(2), busett Hellesylt. Handelsmann på Vonheim, Hellesylt(28).

c) Olav Johannes Hilmar  1905-1906  døydde omlag 1 år gamal.

d) Jofrid  1906-1908   døydde av lungebetennelse.

e) Jofrid Olga  1909-1974   1944 g.m. Ola Hånes frå Rovde, busett Håneset, Rovde.

f) Gudrun Petra  1910-1930  døydde av tæring på Haukås pleieheim, Ørskog.

g) Jenny Emma  1912-1971   1945 g.m. 1011 Peder Elias Dimmen(Y,3). Ho var fosterdotter hos tanta si på nabobruket Hatlehol Indre II, Hatlehol(4).

h) Olav   1915-1937   ugift fiskar. Fekk tuberkulose i militæret og døydde av det.

i) Ingrid  1917-1979  ugift. Gravlagd på Høybråten, Oslo.

j) Peter  1919-1930  ugift.

 

 

Sonen Ingolf Havnevik(3) (1902-1989) gifta seg 1932, med Klara Olave Vegsund (1901-1956). Dei budde først i Langevågen, og fekk skøyte på bruket i 1947 frå mor til Ingolf for 4100 kroner. Halvparten var betaling for dyr og reiskap. Ingolf var snikkar, fiskar, og mannskap på den lokale rutebåten «Von», ved sida av gardsdrifta. Båten vart dreve av forløparen til busselskapet «Sula Rutelag a/s». Det vart seld hyttetomter i Havnevika frå 1951. Ingolf vart den siste brukaren på denne delen av Flisholmen. I hans tid utvikla området seg frå gardar og torvmyrer til byggefelt.

a) Per Gunnar  1933-1933   døydde i Langevåg 2 1/2 dag gamal.

b) Annbjørg Marie  1936-1936  døydde i Langevåg 8 dagar gamal.

 

2005 kjøpte Block Watne a/s Havnevika 14/2 for 2 650 000 kroner, for å byggje ut bruket til byggefelt. Gatenamna «Havnevikvegen», «Øllsvikvegen» og «Mikkelines veg», er i dag vitne om det som ein gong har vore. Øllsvika er det opphavelege namnet på vika, før tunet først vart flytta dit frå Flisholmen. Tunet vart seinare flytta lenger vest til «Havnevika».