Hovudhuset på Bøen/ Paraten med påbygget mot vest 2007. Foto: Svein Ove Østrem
Bnr. 6 Ytrebø
Plassebruk, etter kvart delt frå bnr. 1 som kårbruk for Lars Danielsen Magerholm , også kalla «Bøen» og "Paraten"
Ole Martinus Knutson Magerholm(II) (dp.1804-1880) gifta seg 1829 med Christi Halvorsdotter Magerholm(1) (1809-1887), frå hovudbruket, i Ørskog kirke. Han oppretta fleire av husmannsplassane ved Magerholmvika. Christi fekk mellom anna Magerholmvika frå far sin, så dei sat rimelig godt i det reint økonomisk. Ytrebøen vart rydda kring 1840. Vi veit ikkje sikkert kva plassen vart kalla på det tidspunktet, men truleg var det nettopp «Ytrebøen», fordi det var den delen av slåttemarka på hovedbruket som låg lengst vest. Sjølv kalla han seg «Parat-Ole», og plassen hadde ei tid namnet «Paraten», etter han. To av sønene vart husmenn på Magerholmneset og Krissenplassen, medan tre av borna etter kvart vart brukarar i Magerholmvika. Ole og Christi overlot plassen til den eldste sonen. Du kan også finne han som brukar 151 i Magerholmvika, og 159 på Krissenplassen, lenger bak i denne boka.
a) Berthe Johanne f.1822 1848 g.m. matros Jørgen Olaus Jons. Valderhaug(29). Budde i Ålesund. Dette var Ole si dotter med (Tørri) Tyri Olave Jørgensd. Klokkehaug(myra lnr.228) og døypt i Ørskog prestegjeld.
b) Anna Severine 1829-1898 tok over Magerholmvika seinare.
d) Halvor 1833-1867 tok over bruket
e) Siri f.1834 Ein veit ikkje meir om henne.
h) Martinus Severin 1839-1846 døydde 7 1/2 år gamal.
i) Knut Andreas 1841-1886 tok over Magerholmvika seinare.
l) Lovise Marie 1848-1850 døydde 2 1/2 år gamal.
m) Martinus Nikolai 1850-1912 tok over bruket.
c) Karen Andrine Berte 1831-1906 1857 g.m. Bastian Martinus Eliass. Myrset(2), Sykkylven. Han var busett på bnr. 5 Halvargarden Apalset, Ørskog. Søstera hans, Berte, vart brukar 161 på Krissenplassen.
f) Ole Severin 1835-1912 1865 g.m. Kristi Andersd. Vestnes, husmann Løkke- teigen(1), Vestnes. Fekk ei dotter i 1863 med Andrine Lassesd. Vestnes. Nemnd som smed på Vestnes.
g) Siver 1837-1876 1862 g.m. 130c Anna Johanne, Joakimsd. Magerholm- nes, brukar Magerholmsnes. Han døydde som spedalsk.
j) Kristen Johan 1843-1932 brukar 1«Krissenplassen» på Magerholm. Sjå bnr. 9
k) Tomasine . f.1845 1866 g.m. Iver Karolus Torkels. Moldvær, busett V oldsdal.
n) Peder Laurits 1853-1885 1879 g.m. Marie Pauline Jonsd. Mosenden frå Vefsen, konfirmert på Lesja. Budde i Ålesund. Peder Drukna.
Sonen Martinus Nikolai Olson Magerholm(2) (1850-1912) gifta seg 1879 med (Inger) Marta Gabrielsdotter Lillestølen (1845-1908). Han tok over plassen i 1878. Når han gjekk bort, kan det verke som om plassen gjekk attende til hovudbruket igjen. Den låg i alle fall under bruksnummer 1 før 1924. Det er også usikkert om der stod att hus etter dei, men salgskontrakta på hovudbruket, i 1924, kan tolkast slik at der anten stod eit hus og stabbur på Ytrebøen, som plassefolket i Magerholmdalen skulle få disponere delar av, eller så er det ei forveksling med tunet i Magerholm- dalen. Husmannen Knut Andreas Knutsen Magerholm(dal) (1860-1949) og Petrine Caroline Andreas-dotter Apalset(14) budde som kjent i Magerholmdalen nokre år til. Du kan lese meir om dei lenger bak i denne boka.
a) Ole Sevrin Gabriel 1884-1890 døydde av difteri 6 år gamal.
Svigersonen Lars Carl Peter Danielsen Honningdal(1) (1856-1929) var son til 010d (Peter) Daniel Hesseberg(1), og dreiv hovudbruket på Magerholm frå 1877 til 1924. Han gifta seg 1876 med 123c (Ingeborg) Jensine Clausdotter Magerholm(1) (1851-1935). Ingen av borna tok over garden, så på sine eldre dagar valde dei difor å selge bnr. 1 på Magerholm, mot å få kår. Salget inkluderte Magerholmdalen. Lars var bror til 536 Petrine Christofa, gift på Skaret, Nedregotten(1). Onkelen til Jensine, 6011 Ole Elias Olson Emblem(1), frå Negarden, levde også sine siste år på Magerholm. Lars og Jensine delte frå Ytrebøen, og brukte det som kårbruk resten av livet. I kontrakta fekk dei rett til å bu i delar av sitt gamle hus på hovudbruket, og benytte seg av kjøkken, i tillegg til alle etasjar i husets vestre halvdel. Dei fekk rett til å sette opp seterfjøs og sel i Magerholmdalen, men stell av dyra og bruk av driftsbygningar vart ikkje nemnd. Det kan bety at der stod slike att på Ytrebøen etter 133 Martinus. Dagens hovedhus og løe vart sett opp av Lars. Kjøparen, Karl Engeset, fekk forkjøpsrett på Ytrebøen, dersom ingen av borna ynskte å ta over, men småbruket vart verande i familien ei stund til. 1931 selde Jensine nausttomt ved Berntsenhuset, på Gasseneset, til naboen Andreas Hesseberg på Brennhaugen. Han var ivrig kveitefiskar og fekk dermed kortare veg til dei beste fiskeplassane sine.
a) Karl Olavius 1877-1883 drukna 13. mars, 6 år gamal.
b) Karl Olavius 1883-1956 tok over bruket.
c) Kristofa Olave 1885-1909 ugift. Tenar på Tynes(5) i Sykkylven 1900, hos slekta der. Seinare busett på Magerholm(1). Døydde tidleg av Tuberkulose.
d) Daniel Kristoffer 1888-1962 fiskar. Arbeidde i USA som bror sin ei tid frå 1911. Hadde dottera, Dagny, med Kristofa Olivia Johannesd. Heggebakk(1), som også budde ei tid på Magerholm. Han busette seg i Vancouver, Canada, og døydde der.
Sonen Karl Olavius Larsson Magerholm(1) (1883-1956) var ugift. Han var registrert som sjømann i USA 1911, og trivdes aller best på sjøen. Gardsdrift var han mindre interessert i. Karl tok likevel over småbruket i 1935. Naboar minnes han som ein lun og triveleg kar, som var godt likt av arbeidskameratane sine på sjøen, men avisa Sunnmørsposten hadde han lite til overs for. Der finst mange historier om han. Ein gong han fekk servert torskehovud på ein kafé i Ålesund, sette han opp ei alvorleg mine og spurte servitøren: «Tror de jeg er en guanomølle!?» I 1944 fekk han pålegg frå Vegvesenet om å flytte naustet i forbindelse med utviding og forbedring av bilvegen, ved den vanskelege bakken frå Kristenbrauta. Dette vart ein av dei siste vanskelege kneikane på den eldste bilvegen frå Blindheim til Magerholm. Etterpå vart det enklare å køyre denne ruta med buss og bil. Naustet vart sett opp att mot trelastlageret like ved gamletomta. Karl hadde ingen born, så dei siste leveåra fekk han kår og stell hos dei neste eigarane på Ytrebøen. Karl var då mest sengeliggande, og hadde sitt eige kammers. I Karl si tid vart det seld hyttetomter vest for bruket, mot Krissenplassen.
Ansgard Livius Indresæter(1) (1918-2004) var ein dyktig langrennsløpar og skihoppar i ungdomen. Han kom frå frå Dyrkorn, og gifta seg på Magerholm 1942 med Tora Petra Magerholm (1919-1998), frå Spjelkavika. Foreldra til Tora kom frå Emblemsbygda. Faren var 155d Peter frå Magerholmvika, og mora var 6029a Klara Emblem, oppvaksen på Ystebøen, Emblem(5). Tora hadde dermed nær tilknytning til Magerholm, der ho ofte var på besøk hos besteforeldra sine. Ansgard og Tora kjøpte Ytrebøen i 1947. Med dei vart bruket oftare kalla «Bøen» på folkemunne. Prisen var 10 000 kroner og inkluderte gardsreiskap, fiskevegn og færing. I tillegg tok dei seg av 135 Karl dei siste åra han levde. På 1960-talet vart det seld hyttetomter mot grensa til hovudbruket på Magerholm. I 1970 fekk bruket rett til å sette opp nytt naust aust for trelastlageret. Dei flytte til dei nye eldrebustadane på Garsendhaugen, Emblem(2) i 1992, og overlot garden til bornebornet. Ha vaks opp i Berntsenhuset, like nedanfor tunet.
a) Gerd Johanne 1948-1989 1970 g.m. Einar Nedregotten(5) frå Steffagaren. Kjøpte og busette seg i Berntsenhuset ovanfor Gasseneset, Magerholm(4). Huset er no reve og erstatta av oppstillingsplass til dagens fergekai frå 1997. Sjå også bnr. 4 Skogly under Magerholm.
Bornebornet Per Atle Nedregotten (f.1970) er sambuar med Lise Bjølverud (f.1972) frå Lesja. Han vaks opp i «Berntsenhuset», ovanfor Gasseneset, på Magerholm. Dei tok over bruket etter besteforeldra til Per Atle i 1994. Per Atle og Lise bur framleis på bruket, og er dagens grunneigarar. Sjå også 144 bnr.4 Skogly, også kalla Berntsenhuset, under Magerholm.
a) Iren f.1994 Saman med Erik Kippernes, busett Ålesund.
b) Einar f.1998 saman med Ina Marie Gresdal, busett i Ålesund.