Bnr. 1 Negarden

 

I rekneskapet til erkebiskopen i Trondheim vart det i 1520-21 nemnd ein Halsten Ymelem, som «viij d sølff sat», og ein Botolff Ymelem, som «ij lod sølff j mark oc j mark ffor iorde gotz sat». Ein veit dessverre ikkje kva bruk desse brukarane dreiv, men det er nok snakk om to bruk, og leige for erkebiskopen sin part i desse eigedomane. Kanskje dreiv ein av brukarane i Negarden. Det kan ha vore Halsten. Sidan vi ikkje veit dette sikkert, har desse brukarane heller ikkje fått bruksnummer.

 

Lars er den første ein finn namnet på. Han var brukar frå 1603 til 1606. På denne tida var garden dobbelt så stor som dei fire andre bruka under matrikkelgarden Emblem.

 

Oluf var brukar frå 1606 til 1611. Meir veit ein ikkje om han.

 

Siver dreiv bruket frå 1614 til 1623. Han tok over saga til Rasmus i Auregarden, og dreiv sagbruk nokre år. Siver betalte skatt for 15 tylfter skorne bord. Ei tylft er eit gamalt mål for for 12 einingar i skogbruket, gjerne nytta om tømmerstokkar. Det er mogleg at saga stod i Emblemsvågen og nærare sjøen.

 

Peder Pålson var brukar frå 1623 til om lag 1660. Han skatta for hest, ukse og 10 kyr 1658.

 

Ole Pålson var kanskje bror til Peder ovanfor. Han vart fødd kring 1614, og registrert som 87 år i 1701-teljinga. Det var ein respektabel alder på den tida. Med han finn ein også namn på nokre av borna.

a) Anne  tok over bruket.

b) Knud Olsen  f.ca.1677  nemnd som tenar på bruket 1701. Kan ha vore heimehøyrande der.

 

Svigersonen Didrik Willumson (ca.1655-1718) kan han ha vore frå Slyngstad på Vatne. Han gifta seg med Anne Olsdotter Emblem(1). (ca.1655-1718). Sjå også Ystebøen.

a) Ane  f. ca.1695?  1719 g.m. Ole Pouls. Reiakvam(2), brukar Reiakvam(2).

b) Peder  1697-1768    tok over halve bruket, som seinare fekk namnet Negaren, Emblem(1).

c) Elin  dp.1698-1698   døydde 14 veker og 2 dagar gamal.

d) Ole  dp.1699-1732   ungkar, døydde på Giske.

e) Elen  1702-1703   døydde 1 år og 9 veker gamal.

f) Anne d.y.  dp.1705-1767  1742 g.m. Amund Knuds. Valde(2), brukar Johangarden, Valle(2).

g) Jens  dp.1708-1755    tok over den andre halvdelen av farsgarden. Den fekk seinare namnet Ystebøen, (Emblem(5).

 

Halvdelen av det opphavelege bruk I

 

Sonen Peder Didrichson Emblem(I) (1697-1768) gifta seg 1722, med Ingeborg Pedersdotter Glomset(Ø,2) (dp.1700-1729). Ho var søster til Anne, som var gift med 432 Rasmus Povelson Østrem(2), i Larsgarden på Østrem, og Margrethe, som gifta seg med Erich Erichson Hesseberg(2) i Nerigar på Hesseberg. Peder tok over den eine halvdelen av garden frå faren i 1714, og var brukar heilt til Ingeborg døydde, 29 år gamal i 1729. Peder kan ha vore om lag 17 år når han vart gardbrukar. Han gifta seg om att med ei Synnøve Larsdotter (ca.1702-1777), ein gong mellom 1730 og 1732. Meir veit ein ikkje om henne.

a) Didrich   dp.1723-1788 1752   g.m. Birthe Knudsd. Frøysa, brukar Hanken(1).

b) Aniche   1725-1785   tok over bruket.
c) Ingebor   dp.1733-1792 1763    g.m. Nils Peders. Rødset(II), brukar Rødset(II).

d) Olle  dp.1736   døydde før arveskiftet i 1768.

e) N.N.  f.1740   dødfødd? Finn ingen registrert dåp.

f) Sidsele  dp.1742   døydde før arveskiftet i 1768.

 

 

Svigersonen Lars Olson Vatne(9) (dp.1727-1765) gifta seg 1753, med Aniche Pedersdotter Emblem(1) (1725-1785). Dei tok over garden, og dreiv den til Lars døydde i 1765. Skiftebuet etter han var på 152 riksdalar i formue, og berre 17 riksdalar i gjeld. Dei hadde hest, 6 kyr og eit ukjent tal småfe. Husa tilhøyrde gardeigaren, men Lars hadde sjølv sett opp naust, og eigde del av ein seksrøring. Aniche gifta seg på ny med neste brukar.

a) N.N.   ca.1753    dødfødd? Ikkje nemnd i arveskiftet 1765.

b) Olava f.1754 Døydde før arveskiftet 1786.

c) Ole  dp.1756  døydde før arveskiftet 1765.

d) Karen  dp.1759   døydde før arveskiftet 1765.

e) Ingeborg  1760-1827   1781 g.m. Tyge Knuds. Røssevoll(3), brukar Røssevoll(3).

f) Peder  1763-1777  dreng Emblem.

 

Enka Aniche Pedersdotter Emblem(1) (1725-1785) gifta seg om att i 1766, med Ingebrigt Knudson Nedregotten(II) (dp.1742-1816). Med heile 17 års aldersforskjell, enda det med at Ingebrigt overlevde Aniche og gifta seg på nytt med Elen Nilsdotter Grytten(1) (dp.1760-1809) i 1787. Skiftebuet etter Aniche var på 175 riksdaler, og gjelda på 37. Dei hadde hest, 7 kyr, 3 kviger, 7 sauer, 6 geiter, kvern, seksrøring og part i ein åttring. Han gifta seg for tredje gong 1811, etter eit par år som enkemann, med Marie Knutsdotter Mork(3) (dp.1759-1831), frå Hjørundfjorden. Ho budde allereie på Emblem i 1810, og var truleg tenar i Negarden. Dei fekk ingen born. Ingebrigt var då 69 år gamal. Dei fekk berre fem år i lag. Marie døydde som vilkårskone på husmannsplassen Høydal, under garden Store Standal i Hjørundfjorden. Det skal ha vore ein av dei eldste husmannsplassane langs denne fjorden, og nemnd allereie i 1606.

a) Laurentze    1767-1767  døydde 14 veker gamal.

b) Anne   dp.1770-1770  døydde 14 dagar gamal.

c) Annike  1787-1863   1815 g.m. Jens Ols. Tafjord(511b), brukar 709 Emblemsvåg(1). Begge døydde på Hjelme i Valldal.

d) Nille Cathrina   1790-1878   tok over bruket.

e) Knud   f.1793   1820 g.m. Giertrud Anne Jonsdtr. Kipperstue, Molde. Busette seg som husmann, og rydda «Ole Matias plassen» på Bjørset ved Molde etter å ha vore matros. Emigrerte til Wisconsin og garden til sonen Ingebrigt i 1853.

f) Ingebor Kathrine  dp.1796-1895  1829 g.m. Johannes Peders. Kaldhusdal(70b), Norddal, plassefolk Kaldhusdal.

g) dotter  1800-1800  dødfødd.

h) Henninge  1801-1802  døydde 19 veker gamal.

i) Ingebrigt Andreas  1803-1899   1826 g.m. Karen Olsdotter, Molde. Busette seg som husmann, rydda «Ingebrigtplassen» på Bjørset ved Molde. Nabo med broren Knud, kalla «Sunnmørs-Ingebrigt». Nemnd i 1865- teljinga. Skal ha vore matros og seinere skipper, på skutene til gardeigar Peter Møller på Bjørset. Ein gong segla han så hardt over Hustadvika, att masta knakk. Då fann han nytt masteemne i skogen, og segla vidare.

j) Niels  dp.1806   registrert ved arveskifteoppgjeret 1821.

 

Svigersonen Ole Olsen Kaldhusdal(27e) (1790-1866) gifta seg 18. juni 1815 i Norddal, med (Nille) Cathrina Ingebrigsdotter Emblem(1) (dp.1790-1878). Ole vart første sjølveigaren, når han kjøpte Negarden for 215 Speciedaler i 1834. Catharina døydde som enke i Ålesund. Ho budde truleg hos eit av barna sine det siste leveåret. I deira tid var bruket framleis del av eit felles tun for alle bruka under matrikkelgarden Emblem. Negardstunet låg mellom dagens tun, bnr. 12 Skillingen, og gamlehuset i Steffågarden, litt lenger vest. Husa vart flytta lenger aust etter utskiftinga nokre år seinare.

a) Ingebrigt Elias  dp.1816    1) 1839 g.m. Anne Hendriksd. Morkve frå Kjerringøy. Døydde som strandsitjarkone.

                                                  2) 1844 g.m. Henriette Marie Fjelde, busett i Ålesund. Han var husmann og matros.

b) Ole Elias  1818-1896   tok over bruket.

c) Claus Ingebrigt Gullach  1820-1907  1845 g.m. 122 enke Olave Marie Jetmundsd. Lade(2), brukar Magerholm(1). Vart der ein rik gardeigar.

d) Agnethe  1824-1824  døydde 21 veker gamal.

e) Johanne f.1825  1848 g.m. jakteførar Peder J. Anderss. Sandvik frå Ørsta, busett Skuggen 1849, og i Ålesund frå 1850. Registrert som «ølhandlersk»e i 1885. Ho var då enke.

f) Nille Cathrine Marie  f.1828  1855 g.m. Arne Nilsen Monge frå Grytten i Haram, busett i Molde frå om lag 1862. «Logiværtinde» der 1900. Fekk dotter 1847 med skreddersvenn Gjert Christian Petersen, Bergen.

g) Ingebor  1834-1834  døydde 2 dagar gamal.

h) Oline  1836-1836  døydde 3 dagar gamal.

 

 

Sonen Ole Elias Olson Emblem(1) (1818-1896) gifta seg 1841, med Agnete Olave Bergithe Ebbesdotter Hatlehol(1) (1823-1853). I 1854 gifta han seg på ny, med Agnete Olave Georgina Kristoffersdotter Sperre(IV) (1828-1921). Ho var søster til Steveline i Jakobgarden, Emblem(7). Det vert fortalt at han drog til Amerika før 1860, kjøpte seg jord, og vart eigar av ein skofabrikk i Philadelphia. Eldstesonen kom etter i 1860 og gifta seg visst der, men Agnete ville ikkje flytte til Amerika, så Ole Elias kom etter kvart heim att, medan sonen Fredrik busette seg der borte i staden. Fredrik verva seg under borgarkrigen i St. Paul og døydde kort tid etter krigen, men rakk å få jord i løn for deltakinga. Faren, Ole, reiste attende til Amerika, for å sjå kor det gjekk med eigelutane til eldstesonen. Han vart verande der borte i nokre år. Ole Elias sette opp ny stove i gråstein i Negarden, men den vart rive når sonen, Lars, tok over bruket i 1862. Han meinte at huset var for fuktig. Ole Elias er nemnd som busett med familien i Ålesund 1865. Han livnærte seg då som sjømann og skipper. Sonen Ole Martinus starta eit større bakeri i Molovegen i Ålesund, og fleire av søskena busette seg der. Faren, Ole, budde dei siste åra hos broren, Klaus, på Magerholm og døydde der. Agnete døydde 1921 hos dottera, Caroline på Selje.

a) Fredrik Elias Olavius  1842-ca.1865  til USA 1860. Han skal ha vore med i borgarkrigen, og fått eigedom i løn. Han døydde kort tid etter krigen.

b) Lars Karolus Johannes  1844-1925  neste brukar, og seinare handelsmann 6140 på Elvarum.

c) Ole Martinus Carolus  f.1847    1) 1868 g.m. Anna C. Schjeldrup von der Fehr frå Bergen. Bakermeister i Molovegen,                                          Ålesund.         2) gift opp att 1879 med Marit Larsd. Ødegård, frå Nesset. Dei emigrerte til Durban,                                            august 1882, i eit følge på 229 personar frå Sunnmøre. Vart verande der livet ut. Dei to yngste borna,                                    Trine og Lauritz Olaf vart med dei.

d) Ingeborg Marie Karoline  1849-1891  1878 g.m. Lars Andreas Karolus Hanss. Flisnes(1), brukar Hansgarden Flisnes(1). Det er han som seinare fortalde om svigerfarens turar til Amerika.

e) Andreas Olaus Christopher  1854-1916   1879 g.m. Anne Gurine Andersd. Velle, Ørsta. Han var Jekteskipper, og seinare handelsbetjent, busett i Moloveien 1 i Ålesund 1910. Hadde vore på oppfostring hos besteforeldra i 1865.

f) (Stina) Kristine Oline Katharine  f.1857  g.m. bokbindersvenn Rasmus Cornelius Raffelsen frå Ørsta. Nemnd som ugift «butikpige» i bakeriet til broren 1875. Busett i Bergen frå ca.1892.

g) Caroline Nicoline Helene  1859-1948  1880 g.m. lensmann Hans Peter Kristian Juliuss. Hartmann, Daviken. Brukar Nedre Berge(5), Selje.

h) Fredrikke Anna  f.1862   fekk dottera Klarine Fredrikke 1898 med Restaurantør Karl Andresen på «S/S Kong Sverre» i Bergen.

i) Christian Lauritz  1865-1917?  skipper. 1890 g.m. Ingeborg Marie Heggem, Kristiansund.

j) Oline Christine Jørgine  1868-1945   ugift husjomfru på Nedre Berge(5) hos søstera i 1900 og 1910.

 

 

Sonen Lars Karolus Johannes Olson Emblem(1) (1844-1925), tok over bygselskontrakta på garden etter far sin 1862. Han var aktivt med i politikken i Borgund ei tid. Ole sa frå seg delar av garden til sonen, og selde halve bruket til Ågne Sjurson Roald, for 300 speciedaler. Nokre år etter vart resten av garden seld til søskenbornet Knut Olson Magerholm for 500 speciedaler. 1868 hadde han hest, 10 kyr, 18 sauer, 12 tønner bygg, 30 tønner havre, 24 tønner potet og 66 skippund høy. 1889 tok han hyre til sjøs nokre år, før han kom heim att og kjøpte eit stykke frå farsgarden. Der starta han som handelsmann på «Elvarum», Emblem(15), under T. Berli i Ålesund. Han gifta seg 1862 med Severine Petrine Knutsdotter Roald(6) (1836-1916), og på ny i 1917, med husbestyrerinne (Thora) Margrethe Knudsdotter Kulø (1870-1948), frå Edøy. Ho døydde i Trondheim. Butikken står framleis i restaurert utgåve, men no kun som bustadhus.

a) Fredrik Andreas  1863-1938   tok over bruket.

b) Ole Elias Andreas  1865-1954   1892 g.m. Hanna Petrine Vaagsø Sande. Skomakarmeister i Grimmergata, Ålesund. Leigde ut møtelokale til avholdslaget i mange år.

c) Oline Caroline Johanne  1868-1946   1893 g.m Knud Peder Lauritz Carls. Vegsund, brukar Tunheim Vegsund(8), etter ei tid i Amerika. Oline vart skilt før 1910, då busett i Skaregata 11, Ålesund. Ho heitte Vegsund ved gravferda også, og gifte seg nok ikkje opp att.

d) Andreas Carolus  1873-1957  smed og etter kvart kaptein. 1895 g.m. jordmor Ingeborg Maria Olsd. Mølsæter, busett på Sjøholt.

e) Lars Severin  f.1875  til Dakota, USA 1893. Reiste kanskje samstundes som søstera Oline og svogeren Knud. Han studerte ei tid i Chicago, der også Oline budde.

f) Olaf Severin  1880-1938  g.m. Lillian Gildersleeve. Sjømann. «Hoppa av» i USA før 1900, busette seg etter ei tid i Santa Fe. Hadde kunnskaper som smed og erfaring med dampmaskin. Fekk arbeid på sagbruk, men vart etter kvart bilselgar i Flagstaff , Arizona og er nok mest kjend som «amerikansk» flypionér. Balanseroret er eit av hans patent, og framleis i bruk.

 

Sonen Fredrik Andreas Larsen Emblem(1) (1863-1938) tok gradvis over bruket etter faren frå 1864. Då var halve garden på bygsel. Etter eit par års samdrift med faren, vart han bygselsmann under Knut Olson på Magerholm. Fredrik gifta seg 1885, med Anna Eline Jørgensdotter Eikroll(I,1) (1856- 1897). Han gifta seg opp att 1898, med Lovise Olave Marie Jensdotter Hovden(4) (1869-1940), frå Hundeivik. Dei kjøpte i 1920 Nygjerdet, Røssevoll(4), som tilleggsjord. Det kan verke som om garden hadde kome attende i Fredriks eige før 1924. Då tok han frå nokre kårstykke, kalla «Lunberg» og «Lundberg», ved salget av garden til dei nye brukarane.

a) Lars Ingvald  1885-1900   ugift, døydde av tæring.

b) Severine Andrine  1887-1906   ugift tenar. Pleiedotter på Elvarum, Emblem(15) 1900.

c) Inga Karoline Emilie  1889-1958   emigrerte til Amerika 1910. 1911 g.m. Carl Albert Nelson i Tacoma. Busett Santa Fe.

d) Jørgen Olavius  1892-1960  emigrerte til Amerika 1911. Gifta seg med Carmen, og busette seg i Santa Fe der onkelen, Olaf, budde.

e) Fredrik «Frikken» Anton  1894-1969   1955 g.m Kristine Olefine Olsd. Torvik(4) frå Herøy. Dei leigde hus på Kristenplassen, og dreiv med høns. Materialar til hønsehus, fekk han som «løn», etter å ha vore med på flytting og ombygginga av gamlebedehuset på Emblem.

f) Olivie Elise Larsd.  f.1895-1971    1918 g.m. Ole Nikolai Olsen Folkestad, busett i Volda. Dotter til Lovise Hovden og Lars Karl Joakim Ols. Emblem(11) frå Sjursgarden, før han gifta seg, og tok over Larsgarden, Østrem(2)

g) Klara Elise Josefine  1896-1995   1935 g.m. Paulus Theodor Larss. Hatlebø(2), brukar Rødsethatlen(2).

h) Anton Lorentz   1898-1939    1) 1920 g.m. Borghild Olivie Eltne.

                                                        2) 1927 g.m. med Emma Hansd. Røsok, frå Sandøy. Budde på Harøya. Var målar.

i) Olga Kaspara   1899-1929  1921 g.m. Edvard Gustav Severins. Eikenosvåg(2). Budde i Spjelkavik, og seinare i Olevågen, Eikenosvåg(2).

j) Lars Leonhard   1901-1903   døydde av kolera.

k) Laura Jenny Katrine  1903-1988    g.m. Andreas J. Frøland(N,3), busett fleire stader. Tok over Nedre Frøland br. 6. Ho døydde som enke på Stranda.

l) Lars Bernhard  1905-1990  1931 g.m. Malene Nilsd. Ona, Sandøy. Busett ved Hatlebakken i bygda. 

m) Severine Agnete   1906-1995   1927 g.m. 862 Harald Henriks. Bjørkavåg(8), brukar Nygjerdet, Røssevollen(4).

n) Jensine Josefine  1908-2003    1930 g.m. stuert Olger Matiasen Røvik, Veøy, busett Eidsnes.

o) Olav Karl  1910-1987   1934 g.m. Kari Andersd. Mæland. Entrepenør i «Emblem Maskinlag». Bygde eige hus i Emblemsvågen.

p) Lorentz  1912-1993  1935 g.m. Anna Marie Monsd. Hundeide, Nordfjordeid. Ho var i slekt med Myrstadfamilien, som starta bakeri i Spjelkavika. Myrstad dreiv «Akslabuda» på Emblem til 1946. Ho fekk jobb som bestyrar der. Bygde seinare eige hus på Aksla.

q) Fridtjof  1913-1988   1937 g.m. Selma Henriksd. Bjørkavåg(8). Han fekk delt frå to stykke av farsgarden, kalla «Lundberg» og «Lunberg». Tomtene er i dag eigd av sonen, Fredrik Herman Emblem, som har bygd seg nytt hus der det gamle huset stod. Den gamle løa frå den nedlagde «Magnusplassen», vart kjøpt og flytta hit. Den står her framleis, om enn i litt utvida utgåve med «grønlandstømmer». Han var ein svært dyktig musiker.

 

1924 selde Fredrik garden til Johan Hovrud og Fritjof Aspesæter. Han delte frå parsellen «Lundberg», Emblem(21), og busette seg der. Dei nye eigarane forsøkte seg med frilandsgartneri, men det enda med utpanting, og fleire rettstvister, før banken kjøpte bruket frå dei to gartnarane i 1928. Etter kort tid vart bruket seld vidare frå banken, til Ole Nicolai Larsson Emblem(9) i Auregarden. Han kjøpte det på vegne av dotter si, som vart neste brukar på garden.

 

Martinus Jakobus Knutson Emblem(6) (1881-1949) frå Steffågarden, og Thea Hansine Karoline Olsdotter Emblem(9) (1886-1979), frå Auregarden, flytta inn 1928. Med dette kom ei ny slekt til Negarden. Far til Thea, Ole Martinus Nikkolai Emblem(9), kjøpte bruket for dei, og selde til Martinus for kr. 3000,- i 1936. Martinus engasjerte seg i det nystifta «Emblemsbygda Billag», og satt i styret der i fleire periodar. Han bygde nytt hus på garden, like ved det gamle. Tomta grov han ut for hand, og huset stod heilt til det vart reve i 2017.

a) Aslaug Kristine   1918-1999  1943 g.m. steinarb. Harald Hansen Øyen(121a), frå Norddal. Busett i eige hus ved tunet.

b) Inge Louis  1919-2015   1945 g.m. Johnne Petrine Akslen, Nedregotten(1), busett på Skaret, Nedregotten(1). Bussjåfør i Emblemsruta. Sjå meir om han der.

c) Karsten Ola Marvin  1921-1997   1948 g.m. 247e Jofrid Klara Mary Akslen(4), busett i eige hus ved tunet.

d) Martin Trygve  1923-2012  1948 g.m. Ruth Johanne Rønnestad, Vanylven, busett ved tunet. Var snikkar.

e) Trygve Laurits  1927-2012  tok over bruket.

f) Erling Olai Kåre   f.1929   1956 g.m. Kjellaug Høistakli. Bussjåfør, seinare kalla Erling Olav. Busett i eige hus ved tunet,

g) Gunnvor  1931-1993   ugift.

 

Sonen Trygve Emblem(1) (1927-2012) var ugift. Han tok over garden i 1958 etter mor si, for ein kjøpesum på kr. 12 000,-. Av denne summen var kr. 2 000,- for dyra og reiskapen på bruket. Thea fekk samstundes kår. Ved sida av gardsdrifta var Trygve engasjert i mange lag og foreiningar. Han var med i Musikklaget Gjallarhorn frå starten av i 1954, speiderleiar, og ei tid styremedlem i Emblemsbygda Billag. På sine eldre dagar var det mest sauedrift han satsa på. I Trygve si tid som brukar, vart det sett opp ny driftsbygning på garden.

 

Bruket vart i 2013 overført til attlevande søsken, eller nieser og nevøar der søskena til Trygve hadde gått bort. Bruket er no eit sameige mellom desse. I 2017 vart hovudhuset på garden reve.