Matrikkelgarden Magerholm
Garden var, før 1916, den garden som låg lengst aust i gamle Borgund kommune, og fekk dermed gardsnummer 1. Det er ingen tvil om at det har budd folk på Magerholm i svært lang tid. Arkeologiske funn omfattar både ein bronsedolk, og enda eldre verktøy av flint. Det fører oss attende til den nordiske steinalderen, og garden vart truleg rydda før vikingtida. Magerholm er eit av dei største bruka i området, men vart likevel liggande øyde etter Svartedauden. Det er ikkje sikkert at gardsfolket vart ramma av sjølve pesten, for mange gardar vart ledige, og kanskje var andre bruk meir freistande å ta over. Bruk nummer 2, Magerholmvika, vart rydda frå hovedbruket rundt 1730.
I tida etter 1603 har der som regel vore to brukarar på Magerholm til 1830, om ein ser bort frå ein kortare periode på 1600-talet der dei var tre. I tillegg har det vore fleire husmannsplasser i denne lune vika, som i nyare tid har gjeve grobotn for både frukt og bær. Vika, og sjølve Magerholmen, gav ly for den som kom med båt på fjorden. Berga ikring gav både arbeidsplassar og varme til tandre vekstar. Fleire av husmennene på Magerholm har truleg vore jordlause. Dei har hatt ei enkel fjordstove, og livnært seg av fiske. Gardeigarane har hatt laksevarp her sidan tidleg på 1600-tal. Det verkar ikkje som om garden har vore teigbytt, men husa kan ha vore samla til eit tun. ikring dagens hovudbruk.
Eldre opplysningar om gardsrifta
1667: «Brendeskov og ringe laxeverp»
1714: «Sperreskov og brendefang»
1723: Brenneved, tilstrekkeleg skog. 1 lita kvern. Ligg høgt, «tungt til hø, ringe til korn».
1803: Garden har ein del skog til husreparasjon, nok til ved. Rikeleg beite.
1868: Godt beite, fureskog til sal og husbruk, nok til ved. Tungbrukt, litt frostlendt. Laksevarp
med årleg inntekt på 10 spd. Dyrka jord 30 mål, natureng 70 mål, 55 våger høy i utslått.
Det er mogeleg at Magerholm har hatt felles utmark med resten av Emblemsbygda, men Magerholm fekk tidleg delt frå eigne område. Beite hadde garden saman med nabobruka Aksla og Østremsreiten. Det var også beitemark mellom matrikkelgardane nede i bygda. Her var det god slåttemark, torvteigar, og faste opplagsplassar for tømmer frå Nakkane. Dette tok slutt då delar av utmarka vart delt frå til husmannsplassar, som seinare vart sjølvstendige småbruk. Magerholm hadde setrene sine i Magerholmdalen, med både sel, fjøsar, og ein inngjerda setervoll. Høyet vart kjørt heim med slede på vinterføre. Garden hadde tidlegare seter nærare hovudbruket. Den siste av desse låg ved inngangen til Magerholmdalen, på det som seinare vart innmarka til husmannsplassen «Daleplassen». Sela stod der når Knut Tjugen kom dit i 1830-åra. Han budde visst i eit av sela den første tida. Brukarane på Magerholm rydda seg ein ny støl lenger oppe i dalen, og tok med seg minst to av dei gamle sela sine dit. I dag er det berre Pe-haugselet som står att på denne nye Magerholmsetra. Det vert fortalt at eit av sela frå gamlesetra vart ståande att ved Daleplassen, og nytta til kvernhus. Det vart seinare seld til telefonstyrar Karl Nedregotten og flytta ned til tunet hans på Myrvang 10, under Nedregotten. Det vart seinare flytta lenger vest, og står framleis ved staden der sonen583Konrad og Olga Nedregotten hadde huset sitt. Det vart brukt som hønsehus på småbruket Myrvang 10.
Det har nesten alltid vore godt med skog til hustømmer, men sag ser det ikkje ut til at ein har hatt på garden. Det var tungt å frakte tømmeret ned til bygda, noko som kan forklare at garden ikkje vart like hardt ramma av skogsøydingane på 16- og 1700-talet. Tømmeret vart enten saga for hand, eller frakta til næraste sag. Plassemennene på Magerholm fekk også rettar i utmarka. Her vart det brent mykje kol og tjøre som attåtnæring. Ved eitt høve gjekk det gale. I 1853 tok skogen fyr vestover mot Nakkane og nabobruket Aksla. Alle som kunne krype og gå i Borgund og Skodje preste- gjeld vart tilkalla med bodstikke til sløkkingsarbeidet, men brannen lét seg ikkje sløkke. Den fekk eit omfang på 1/12 mil i bredde og 1/8 mil i lengde, før ei voldsom flodbyge kom og berga bygda. I nyare tid har det vorte enklare å frakte tømmer frå Magerholmdalen, etter ein ny køyreveg for moderne hogstmaskiner vart bygd opp gjennom dalen.
Magerholm har også hatt skysstasjon med skyssplikt på både land og fjord i lang tid. Ein finn spor etter dette i minst 200 år. Der var til og med eige overnattingstilbud på sjølve holmen i nokre år kring 1850. Området var ein populær stoppestad for den som rodde utover fjorden. Det vert fortalt at eitt båtlag blei verande der i nesten to veker, utan at det var véret som stogga dei. Det er i dag ingen spor etter herberget i to etasjar. Steinen vart nytta om att når kaféen til Johanne vart bygd seinare.
Engeseth sette opp kafé ved den første fergekaia. Frå Magerholm kunne ein kjøpe seg båtskyss til mellom anna Glomset, Solnør, Sykkylven, Tussvika og Festøya. I tillegg har garden hatt skysshestar og poståpnarrett. Ein starta bygging av postveg til Borgensund ikring 1809. I våre dagar er nok Magerholm best kjend som fergestad. Det heile starta med ei privat ferge, betalt av doktor Bastian Weiberg-Aurdal. Han hadde legepraksis i Ålesund og gardsbruk i Velledalen. I dag er Magerholm eit av dei travlaste fergeleia i regionen.
Der har vore ei rekke gründerverksemder på Magerholm som bør nemnast. Utvinning og bearbeiding av kalk er den eldste av desse. Alt i Hans Strøm sitt verk, «Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør», frå 1762, vart den lett tilgjengelege kalksteinen på svaberga langs Storfjorden nemnd. I 1867 gjekk gardeigaren Klaus Magerholm i kompaniskap med «Aksla-Anders» og husmannen Kristen Magerholm for å bygge to kalkomnar, lager, og kai, med eigen fraktebåt. Det heile vart finansiert av sakførar og stortingsmann Ludvig Daae på Solnør gard, på Skodje. Drifta vart kortvarig, for heile anlegget vart totalt rasert i ein orkan få år seinare. Årstalet er ikkje kjend, men det kan ha vore i 1885. Ei anna bedrift var «Ludvig Berntsen Glassdiskfabrikk», som finsnikkaren, Ludvig, dreiv i kjellaren sin. Huset låg omtrent der dagens parkeringsplass, nærmast fergeleiet, ligg i dag. Den første kaféen på Magerholm hadde glassdisk som han hadde bygd. Ludvig dreiv fabrikken til han døydde i 1955. Etter andre verds- krigen, og særleg etter omlegginga av hovudvegen i 1966, vart eit større trelastlager med namnet «P&K Nedregotten», bygd på Magerholm. P- og k-en står for Per og Knut Nedregotten. Dei var gründarane bak bedrifta, og sysselsette mange frå bygda. I dag er alle desse verksemdene og bygningane vekke.
Eigarar
Garden har vore del av større godssamlingar så lenge ein veit av, og fram mot 1790-åra. Som regel var garden delt på to eigarar. Desse har i tillegg eigd fleire av dei andre gardane i bygda. Magerholm var del av både Rosenkrantzgodset og Giskegodset. I tillegg har borgundpresten Christopher Hiermann, Castberg-familien, amtmennene Lillienskiold og Hagerup vore deleigarar. Til slutt fekk handelsmann Johan Heide eigedomsrett på heile Magerholm i 1790. Han eigde etter kvart dei aller fleste bruka i Emblemsbygda. I etterkant av arveskiftet etter Heide vart mange av bruka selde direkte til brukarane. 1814 kjøpte sogningen Jens Jensen Heltne bruket. Han vart den første kjende sjølveigaren i moderne tid.