Bnr. 8 Elvemyr/Syvergarden

Delt frå bnr. 2 Guttormgarden, også kalla «Syvergarden».

 

Trykk her for å finne kvar garden låg

 

Guttorm Knutson Nedregotten(2) (dp.1816-1866) frå Guttormgarden, Nedregotten(2) fekk delt frå denne plassen som kårbruk for seg sjølv, før han tok kår i 1857. Det året vart det halde utskiftingsforretning over Nedregotten innmark. Frå dette dokumentet kan ein lese at Elvemyr opphaveleg var Guttormgarden sin teig, i vestre ende av torvmyra. Det er nok årsaka til at så mange av desse nye småbruka fekk slike myr-namn. Han hadde kome til bygda som tenar, men gifta seg året etter, i 1836, med Oline Johanne Sivertsdotter Grebstad(1) (dp.1801-1856), frå Sykkylven. Det er mogeleg at det var når han vart enkemann, at tankane om kårbruk for alvor kom på tale. I 1857, når plassen vart utskild, var han berre 41 år gamal. Dette vart den andre plassen som fekk samme namn. Soleis valde han om lag den samme løysinga som fleire andre brukarar i bygda. På Magerholm vart husmannsplassen Ytrebøen omgjort til kårbruk, i Auregarden delte ein frå eit nytt stykke til kårbruket «Myrane», og andre gjorde som den velståande Lars Kristan Viddal i Sjursgarden. Han flytta sjølv til husmannsplassen Skorene, og fortsette med småskalajordbruk der, medan stesonen, «Sjurs-Ole», fekk garden. Guttorm vart ikkje særleg gammal, og fekk ein ublid skjebne. 50 år gamal vart han funne død utandørs. Det var i mars, og ein meinte at han hadde frose i hel. Guttorm hadde då nettopp kome heim frå doktoren i Ålesund, og slikt gjorde ein ikkje ofte på den tida. Det er usikkert kvifor han drog til lege.

a) Karen Helene 1838-1910 Neste brukar. Lovise

 

 

Svigersonen (Carl) Sevrin Larsson Fremmerhus (1836-1905), frå Stranda, gifta seg 1864 med Karen Helene Guttormsdotter Nedregotten(8) (1838-1910). Det var kanskje slik at dei traff kvarandre, då han besøkte, eller hjalp halvbror sin med å bryte jord på Elvemyr 4. Det vert fortalt at ho var den finaste jenta innom Flisneset, men døydde som spedalsk. Det er interessant å merke seg at det var Karen som tok over bruket og signerte papira i 1864. Dei fekk bygsle kårbruket av Guttorm mot 1 speciedaler, og fire arbeidsdagar per år. Sevrin var sjuk på slutten, og overlot difor garden til sonen. 1891 vart bruket skylddelt til 37 øre. Han er halvbroren til naboen Carl Elias Sivertson Framhus på Elvemyr 4. 

a) (Carl) Johan  1864-1902  1892 g.m. Ingeborg Petrine Laurenze Johansd. Skjong(7). Flytte til Ålesund same året. Arbeidde som fiskar og bryggearbeidar. Omkom i ei arbeidsulykke i ung alder.

b) (Lovise) Gurine Juliane  1866-1949  ugift, busett på bruket 1910. Fekk 1896 ei dotter med 550h Karl Andreas Karls. Nedregotten(4), seinare brukar 582 på Myrvang(10), oftast kalla «Reset». Han var næraste nabo. Ho døydde på Aalesunds Gamlehjem.

c) Andrine Caroline Agnethe  1869-1869  13 veker, døydde av kikhoste.

d) Sivert Elias Martinus  1871-1952  tok over bruket.

e) Berntine Andrine Severine  f.1873  1898 g.m. Anders Knuds. Sollid frå Tingvoll, busett Ålesund. Var «strygerske» 1910, og han tidl. fiskar. Ho nemnd som 75 år i Ålesund 1948.

 

Sonen Sivert Elias Martinus Severinson Nedregotten(8) (1871-1952) gifta seg 1899, med Marie Eline Thomasine Johansdotter Gamlem(7) (1873-1952), frå Haram. Familien budde først i Ålesund, men dei flytta allereie 1900 til Emblem. Det er truleg han som kjøpte det gamle hovudhuset på Øvste-Aksla, og sette det opp att her i 1914. På den tida vart bruket kalla «Syvergarden», etter han.

a) Klara Johanne  1899-1982  ugift. Fødd i Røysegata, Ålesund. Ho budde på loftet på farsgarden når broren, John, dreiv bruket.

b) Anna Ragna  1901-1920  ugift, døydde av tæring.

c) Johan Hjalmar  1903-1990  tok over bruket.

d) Karl Sigvard Marius  1905-1924  ugift, døydde av tæring.

e) Jenny Agnes  1908-1941  1932 g.m. Nikolai Peters. Sortevik(4), brukar Sortevik(4), Skodje. Ho døydde tidleg frå mann og tre små born.

f) Sverre Martin  1911-1994     1) 1938 g.m. Olga Edvarda Karoline Skogvik frå Sekken, Veøy. Han var då matros.

                                                      2) g.m. enka Evelyn Kristoffersen, f. Aurdal. Bygde seg hus på garden.

g) John Louis  1914-1998  tok over bruket seinare.

h) Martin Kåre  1918-2002  1945 g.m. Solveig Helene Skogvik frå Sekken, Romsdal, bygde hus på garden.

 

 

Sonen Johan Hjalmar Nedregotten(8) (1903-1990) var styrmann, og etter kvart kaptein. Han gifta seg 1926 med Edel Helene Nyborg (1903-1955), frå Nyborg, Aure(20), i Sykkylven. Familien budde i Sykkylven, før dei kjøpte bruket 1929. Han gifta seg opp att 1959 med Helga Alme Ytterdal(1912- 2015) frå Ålesund. I 1948 overlot han garden til broren, John Louis, og bygde seg hus på garden Parsellen fekk namnet «Bergseth» 5/31.

a) Karsten Arne  1926-2014  1954 g.m. Randi Johanne Lied, busett Ålesund.

b) Erling Kåre  f.1928  1959 g.m. Josefine «Jossa» Marie Tunheim frå Fiskåbygd, Vanylven. Bygde hus på garden. Ho arbeidde i mange år på S- laget i bygda

c) Magnhild Solveig  f.1931  1952 g.m Arne Matias Storeide frå Syvde. Dei flytta frå Stranda til Emblem i vaksen alder, og bygde hus på Emblem.

d) Kari Reidun f.1940  1962 g.m. Svend Anthon Kousgaard Snerling, Danmark, busett i Stordalen.

 

Broren John Louis Nedregotten(8) (1914-1998) gifta seg med Aslaug Petrine Stafsnes (1922-2017), og tok over bruket i 1948. Dei selde det gamle hovudhuset til 576 Arne Liaklev, og bygde seg nytt hus i den gamle frukthagen. Yngstesonen vart nemleg avhengig av rullestol, etter ei ulukke, og kunne dermed flytte heim att. John bygde eigen verkstad på garden, slik at han kunne vere meir heime og følge sonen på skulen. Aslaug eigde i alle år det vesle stykket som var attende av det opprinnelege bruket. Mesteparten er no delt frå til bustadar, inkludert den gamle tunstaden ved bedehuset.

a) Marie  f.1955   1977 g.m. Jan Inge Sørbø, busett i Volda.

b) Jan-Asle  f.1957  tok over bruket seinare.

c) Sigbjørn  1962-2013  først busett i eige hus på garden. Flytte til Volda 1993.

 

 

S-lags bestyrar Arne Liaklev (1925-1994), frå Skaun i Trøndelag, gifta seg med Sigrun Haldis Hoem (1932-2015) frå Eresfjord. Han var bestyrer på S-Laget i bygda frå 1960 til 1987, og hadde tidlegare budd i andre etasje på S-Laget, og på nabobruket Vestby, før han kjøpte hovedhuset på Elvemyr 8 i 1973. Sigrun selde huset, etter at Arne døydde, og flytta til Aspehaugen i Spjelkavik. Ho busette seg etterkvart på Giske.

a) Stein Arne  1954-2008   1980 g.m. Rigmor Merete Myklebust, Vanylven, busett Vegsund.

b) Randi  f.1958  1983 g.m. Hugo Kalvø frå Giske, busett Giske.

c) Heidi Synnøve  f.1967  1992 g.m. Terje Søvikhagen, busett Vegsund.

 

Huset vart kjøpt attende i familiens eige av Jan-Asle Nedregotten(8), og har hatt same eigar frå 1994 til det vart seld i 2013. Han var tidlegare gift med Helene Engeseth frå Magerholm(1). Jan-Asle kjøpte også Jakobgarden, Emblem(7), og er framleis busett der. 

 

Huset vart reve av Bolig Prosjekt a/s, som har bygd to nye hus på det gamle tunet, Dei har fått gateadressene Dagerskrybba 2a og 2b. 2a er sidan 2017 eigd av Roy Nesse (f.1983), frå Ålesund, og Anita Halsen Skaret (f.1987), frå Brekstad.

a) Nicholas  2010

 

 

Dagerskrybba 2b er sidan 2017 eigd av Stian Flisnes Hoel (f.1989) og Linn Malen Halstensen Strøm Hoel (f.1989), som gifta seg 2016. Stian er sonen til Runar N. Hoel frå Emblem og Heidi Flisnes. Han har farslekta si frå nabobruket Myrvang 10, og er borneborn til 583b Rønnaug Nedregotten frå Myrvang 10, og Svein Arne Hoel. Dei er busett like ved.

a) Leo f.2009

b) Rebecca f.2012